4


--- BREVKOPI, - brev datert 05.06. 2007 som ankom med posten torsdag 07.06. 2007, poststemplet 05.06. 2007 ---

---------- Herværende brevkopiering: Rune L. Hansen pr. 10.06. 2007:


Til:

Trude og Rune Hansen,

Tindeland,

5568 Vikebygd

Ikkje offentleg

Fra:

Vindafjord kommune,

Barneverntenesta,

Besøksadresse: Kommunehuset, Vikedal.

Postadresse: Postboks 70, 5586 Vikedal.

Telefon: 53 65 56 00. Telefaks: 53 65 56 01.

Bankgiro: 3240.17.27271.

Org.nr.: 988.893.226.



Arkiv: 06/37 - 44. Sakshandsamar: INY. Dato: 05.06. 2007.


Referat frå møte m. foreldre. steinerskulen, bv.tenesta

Ang. Gudmund Hansen


Til stades på møte:

Frå skulen Danielle Reistad,

lærer ..........,

Foreldra: Trude og Rune Hansen

Barna: Gudmund, Balder og Idun Hansen

Bv. tenesta: Ingeborg Nyland


Møtet kom i stand for å få på plass elementer som må til for at Gudmund skal få skuleplass på Steinerskulen, høsten -07.


Mor la en opptager på bordet og spurte om det var greit at ho tok opp samtalen på band? Danielle sa at det var ho ikkje samd i då dette ikkje var avtalt på forhånd. Mor sa det var greit og at opptakeren ikkje stod på.


Tema for møtet var kva skulen krevde av bu-situasjonen og oppfølging rundt Gudmund for at skulen skulle sjå at Gudmund kunne klare å gjennomføre 3-årig videregåande skule.

Skulen ynskjer at barneverntenesta skal ver ein samarbeidspartnar rundt oppfølginga av Gudmund då dei ikkje trur Gudmund vil klare dette utan stabile rammer rundt seg på fritida. Skulen kjenner til at forholda heime er slik at Gudmund ikkje føler støtte på sitt valg der.


Mor og far til Gudmund møtte begge på møte, men med ulikt syn på om dei ønskte skuleplass for Gudmund på Steinerskolen. Mor ynskte at Gudmund skulle få gå på Steinerskolen og sa at det var ein god skole. Ho ynskte å støtte han i dette.

Far ynskte ikkje at Gudmund skulle gå på Steinerskolen og begrunna dette med at det var eit alt for dårleg skuletilbod for han, far kalla skulen ein institusjon og anstallt. Lærarne var i følge han inkompetente. Han samanlikna å sende barna på skule var like uansvarleg som å ikkje hindre dei p å ta gift. Han sa at Gudmund gjekk i ein bedre skule heime og at med realkompetansen han dekk der kunne han bli akkurat kva han ville.


På bakgrunn av konfliktane foreldra hadde mht. å støtte barna som var flytta ut, skulle dei skiljast. Balder og Idun var av far uønska heime då han meinte dei skapte splid i familien. Far sa at dei hadde lokka Gudmund til Haugesund. Mor sa ho ynskte at dei eldsta barna skulle ver velkommen heime til å besøka syskna og mor si om dei ville, ho kunne ikkje velje dei vekk for å redda ekteskapet. Mor fortalte at Gudmund ikkje var direkte uønska heime av far, men at far behandla han som luft.


Ingeborg N sa at ho var bekymra for at Gudmund skulle føle skyld i det som skjedde då dette skjedde då han flytta ut. Gudmund sa at han ikkje følte skyld i det men det var ikkje berre lett.


Om busituasjonen sa Gudmund at han ynskte å kunne komme heim når han ville men han ynskte og å ha ein plass i Haugesund han kunne trekke seg tilbake når han hadde det for travelt på skulen og trong ro.

Mor og far var begge imot at Gudmund skulle flytte til, og bu i Haugesund til høsten. Barneverntenesta deler oppfattinga av at det kan ver tidleg for Gudmund å klare seg åleine i Haugesund. Det har vert eit tema som barneverntenesta og Gudmund har snakka om tidlegare. Skule har sett krav til Gudmund om at han må ha oppfølging og gode rammer på fritida si for å klare å gjennomføre skulegangen. Har dei ikkje tru på at han skal klare skulen vil dei heller ikkje ta han inn i skulen. Derfor ynskjer dei eit samarbeid med barneverntenesta i tillegg til foreldra då dei veit at heimen er splitta rundt dette temaet. Dei har erfart kva utfordringar syskna deira har hatt. Sjølv om Balder og Idun har mykje kunnskap er der og store faglege gap som må fyllast. Steinerskulen har ikkje kapasitet til å ta ansvaret for fritida til Gudmund, om han kjem seg opp om morgonen, innleveringar av oppgåver, kva som skjer i helger osv.


Danielle R minner om at Gudmund no berre er gjest på skulen. Men at han ynskjer å gå på skulen til høsten. Skule ynskjer eit samarbeid med barneverntenesta rundt dette. Mor seier ho vert litt mistenksom når ho seier dette, er dette ein konspirasjon? Er Ingeborg N frå barneverntenesta og Danielle R frå skulen to feministar som slår seg saman mot mor fordi mor ikkje er utdanna, eller har skulen teke kontakt med barneverntenesta grunna ueinigheita mellom heimen og skulen? Foreldra føler seg forbigått.

Danielle R og Ingeborg N tilbakeviser dette og Danielle R fortel at då ho vart kontakta av Gudmund tok ho kontakt med oppfølgingtenesta slik prosedyrene er når nokon ikkje søkjer på vanleg måte. Oppfølgingtenesta tok så kontakt med barneverntenesta på bakgrunn av opplysningar ho fekk av Gudmund rundt hans livssituasjon.


Far sa at han ikkje visste stort om at Gudmund ville gå på Steinerskolen. Gudmund sa at det hadde han prøvd å sei sidan i vinter. Mor sa at ho visste han ynskte dette. Men ho trudde han bare skulle på besøk til syskna sine då han dro til Haugesund, han kom ikkje attende dagen etter slik ho trudde. Barneverntenesta er uroa for at Gudmund bur hjå syskna sine og at dei forsørger han. Mor seier at ho ikkje er uroa over at han er hjå syskna nokre veker men at ho ikkje ynskjer at han skal bu der til hausten.

Far seier at han er uroa over at han ikkje no har tilsyn med Gudmund og at han føler seg makteslaus i situasjonen. Men er det slik at han etter lova har rett på å gå på skule ser far at han må rette seg etter det. Far etterspør råd om kva han skal gjere i situasjonen. Ingeborg N seier det er vanskeleg å gje konkrete råd då foreldra er splitta i kva dei ynskjer råd om.

Får Gudmund lov å flytte mot foreldras vilje?


Om busituasjonen seier mor at frå hausten av vil Gudmund ver velkommen til å bu hjå ho for då er foreldra flytta i kvar sin heim.

Ingeborg N seier at foreløpig er busituasjonen til Gudmund så uavklart at det vil verta ynskjeleg at foreldra, skulen og barneverntenesta møtes igjen før ferien. Til den tid vert det avtalt at Gudmund skal gå på skulen i veke 23, reise heim i veke 24 då skulen r på tur, og komme tilbake til skulen veke 25.


Økonomisk seier far at han ikkje har råd til å betale husleige for Gudmund i Haugesund. Barneverntenesta seier at dei kan støtte Gudmund økonomisk om han treng det til mat, husleige og anna. Balder seier at husverten hadde vert glad om eg tok kontakt og tilbaud han husleige for Gudmund som hadde flytta inn på eige rom i huset. Mor seier at ho håpar at Gudmund kjem heim om han treng mat framfor å kontakta barneverntenesta.


Det vert avtala nytt møte på Steinerskulen 15 juni kl. 13.30




Med helsing


Ingeborg Nyland,

Barnevernkonsulent.

Underskrevet.


---