--- Denne side: 20071210ca-Svar-brev_fra_Vindafjord_kulturskole-til_BAS.html
Fra:
Vindafjord kulturskule,Til:
Ottar Krakk, Barnevernkurator,Alfredo Ao Hansen, fiolin
Stauda Sofie Hansen, keyboard,
Frøydis Hansen, fiolin
Gudmund Hansen, gitar.
Det var i vår noko usemje om kor vidt Gudmund skulle behalda plassen sin i kulturskulen eller ikkje. Kva usemja bestod av og kvifor, er ikkje kjend for kulturskulen. Ved skulestart var det likevel sagt at han skulle få behalde plassen. Han har nytta plassen svært lite, og vi har fått tilbakemelding om at det skal vera av praktiske årsaker.
Dei andre barna, Alfredo, Stauda og Frøydis har møtt regelmessig til undervisning og ved sjukdomsfravær el.l. Har mor ringt kulturskulen på førehand og gjeve melding om dette. Borna har undervisning på to stader, Skjold og Ølen. Far køyrer til og frå alle timane. Barna møter stort sett vel førebudd til undervisninga og gjev inntrykk av å trivast både i undervisnings-situasjonen saman med lærar og saman med andre born i samband med samspel o.l.
Når det gjeld arrangement, så er alltid minst ein av dei føresette med. Dersom nokre av besteforeldra er på vitjung, er også dei med. Mormor, har i særleg grad synt interesse for undervisninga, og er og den som betalar kontigenten for elevane.
Når det gjeld familien sitt forhold til barneverntenesta, er det aldri tema i samband med undervisninga og borna nemner heller aldri noko om dette. Underteikna har ved andre høve i foreldresamtale på skulen og i telefonsamtale fått inntrykk av at foreldra er lite nøgd med barneverntenesta og far meiner vel og at dette har ført til ein splittelse i familien. Slik vi opplever foreldra i høve til barna, er dei båe opptekne av og engasjerte i borna sine på ulike måtar. Medan far er den som stiller krav og forventar at borna skal innrette seg etter dei reglar og rammer han set for at dei skal kunne ha kontakt med heimen, er mor den som betingelsesløst ønsker å ta i mot og ha kontakt med borna sine. Dette har vi drøfta nokre gonger, og foreldra er samde om at på dette punktet er dei fundamentalt usamde.
Utover dette må vi gjenta det som vi uttalte i 2006, at vi har eit generelt godt samarbeid med heimen, og at borna syner gode evner og har ei fin utvikling i høve til utøvinga på sine respektive instrument.
Med helsing
Vindafjord kulturskule
Anne Kristine L.Andersen
(+ underskrift)
---