-- 20071213-IKHebnes-Heksebok-2008.html                                   --- BREVENE ( ekstern ) -

RLH: Dette skriv ankom i midten av januar 2008 ( ekstern ).                    

Side: 01 - 02 (Innhold) - 03 - 04 - 05 - 06 - 07 - 08 - 09 - 10 - 11 - 12 - 13 - 14 - 15 - 16 - 17 - 18 - 19 - 20 - 21 - 22 - 23 - 24 - 25 - 26 - 27 - 28 - 29 - 30 - 31 - 32 - 33 - 34 - 35 - 36 - 37 - 38 - 39 - 40 - 41 - 42 -


Side 1 av 42:

Utskrift: 05.12. 2007                      


SAKSFRAMLEGG

TIL

FYLKESNEMNDA

FOR SOSIALE SAKER

I ROGALAND



Private parter:

Foreldre:

          Rune Leander Hansen og Trude Monica Hansen, Tindeland 5568 Vikebygd

          Prosessfullmektig:

Barn med partsrettar:

          Gudmund Cusanus Hansen, f. 100591

          Prosessfullmektig: Adv. Odd Arild Helland, Haraldsgata 94, 5528 Haugesund

Barn utan partsrettar:

          Solborg Sera Hansen, f. 280206
          Urda Lilje Hansen f. 140603
          Mariel Rose Hansen f. 211201
          Alfredo Ao Hansen f. 170899
          (Stauda) Sofie Hansen f. 240597
          Frøydis Hansen f. 251293


Offentleg part:

Vindafjord Kommune v/barneverntenesta, pb 70, 5586 Vikedal

           Partsrepresentant: Iren K. Hebnes

           Prosessfullmektig: Advokat Bjørn Vikse, pb 10, 5501 Haugesund

_______________________________________________________________

Saka gjeld:
* Omsorgsovertaking i samsvar med lov om barneverntjenester § 4-12 a, c og d
* Plassering i fosterheim i samsvar med lov om barneverntjenester § 4-22
* Samvær i sarnsvar med lov om barneverntjenester § 4-19
* Oppfostringsbidrag i samnsvar med lov om barneverntjenester § 9-2



Side 2 av 42:


INNHALD:

-  Prosessualia --------------------------------------------------------------------------------> Side 3
-  Utfordring knytt til utforming og oppbygging av saksframlegge --------------------> Side 3
-  Bakgrunn for saka -------------------------------------------------------------------------> Side 4
-  Familien sin historie -----------------------------------------------------------------------> Side 7
-  Far -------------------------------------------------------------------------------------------> Side 8
-  Mor ------------------------------------------------------------------------------------------> Side 10
-  Barna ----------------------------------------------------------------------------------------> Side 11
                Balder -----------------------------------------------------------------------------> Side 13
                Idun -------------------------------------------------------------------------------> Side 14
                Gudmund -------------------------------------------------------------------------> Side 14
                Frøydis ----------------------------------------------------------------------------> Side 15
                Stauda Sofie ----------------------------------------------------------------------> Side 16
                Alfredo ----------------------------------------------------------------------------> Side 16
                Mariel Rose -----------------------------------------------------------------------> Side 16
                Urda Lilje -------------------------------------------------------------------------> Side 17
                Solborg Sera --------------------------------------------------------------------->  Side 17
-  Barneverntenesta sitt arbeid med saka -------------------------------------------------->  Side 17
                Hjelpetiltak ----------------------------------------------------------------------->  Side 22
-  Far sine dagboksnotat --------------------------------------------------------------------->  Side 23
-  Sakkyndig si utgreiing --------------------------------------------------------------------->  Side 25
-  Vurderingar --------------------------------------------------------------------------------->  Side 28
                Vurderingar knytt meir konkret opp mot fam. Hansen ---------------------> Side 29
                Fysisk og psykisk vold ----------------------------------------------------------> Side 29
                Opplmring og sosialisering ----------------------------------------------------->  Side 30
                Rutinar ----------------------------------------------------------------------------> Side 31
                Far ---------------------------------------------------------------------------------> Side 32
                Mor ------------------------------------------------------------------------------->  Side 33
-  Barna sin situasjon vurdert opp mot lova ---------------------------------------------->  Side 34
               Nødvendighetskriteriet --------------------------------------------------------->   Side 35
               Barnet sitt beste ----------------------------------------------------------------->   Side 35
               Samvær --------------------------------------------------------------------------->  Side 36
-  Heimel/lovgrunnlag ----------------------------------------------------------------------->   Side 37
-  Konklusjon -------------------------------------------------------------------------------->   Side 37
-  Plan for framtidig omsorgssituasjon --------------------------------------------------->   Side 37
-  Forslag til vedtak ------------------------------------------------------------------------->   Side 40
-  Vitneliste  ---------------------------------------------------------------------------------->   Side 42 




Side 3 av 42:


PROSESSUALIA

Bama denne saka gjeld er Gudmund på 16 år, Frøydis på 14, Sofie(også omtalt som Stauda) på 10, Alfredo på 8, Mariel Rose på 6, Urda Lilje på 4 og Solborg Sera på 1,5 år. Alle bama er felles barn av Rune Leander Hansen og Trude Monica Hansen. Foreldra er gift.

Gudmund Cusanus Hansen er 16 år og har eigne partsrettar i saka i den delen av saka som vedkjem han.

Barneverntenesta vil be om at det vert oppnemnd eigen talsperson for Frøydis, Sofie og Alfredo Hansen.

Det føreligg ikkje samtykke frå foreldra til dei tiltak som her er foreslått.

Barneverntenesta ser det som naudsynt at saka vert behandla i fulltalig nemnd. Saka omhandlar 7 barn, kor av det eine har eigne partsrettar. Det vil vidare bli naudsynt med å føra ei rekkje vitne i saka i tillegg til skriftleg dokumentasjon. Barneverntenesta ber om at det blir sett av 3 - 4 dagar til saka.

Frå barneverntenesta si side ser ein ikkje at det er naudsynt med ytterlegare sakkyndig utgreiing utover det som er giort frå barneverntenesta si side, inkludert foreliggande sakkyndig utgreiing. Skulle nemnda eller dei private partar ha ein annan oppfatning av dette spørsmålet vil barneverntenesta påpeika at det eventuelt er naudsynt med ein sakkyndig som har naudsynt kompetanse til å utgreie konsekvensar for barn som veks opp under forhold prega av at foreldre har alvorleg og ubehandla psykisk sjukdom. Jfr oppdraget til Westlye; "Barneverntenesta ber sakkyndig væra særskild merksam på far sin psykiske helse på bakgrunn av diagnose og far sin tolkning av situasjonen med bakgrunn i hans utspel i undersøkinga. " "Ynskjer og ei vurdering om kva skadeverknader barna kan få ved å leva under dei forholda dei lever under"

Vi vil gjera nemnda merksam på at Westlye ikkje har oppnådd direkte kontakt med foreldra og derfor har fått utført sitt mandat i noko avgrensa grad.

UTFORDRINGAR KNYTT TIL UTFORMING OG OPPBYGGING AV
 SAKSFRAMLEGGET. BARNEVERNTENESTA SINE OPPGÅVER.



”§ 1-1 Lovens formål
          Formålet med denne loven er
          -  Å sikre at barn og unge som lever underforhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid,
          -  Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.”

Barneverntenesta skal i samråd med foreldra setja i gang naudsynte hjelpetiltak når det er behov for det, slik at barn fortrinnsvis kan vekse opp saman med sine foreldre. Når hjelpetiltak vert sett på som nyttelaust er det barneverntenesta si plikt og fremja sak for Fylkesnemnda.

Barneverntenesta i Vindafjord fekk først kontakt med familien Hansen gjennom melding frå Mattilsynet i februar 2006. Etter ein første samtale med far og nokre av barna har

 
Side 4 av 42:

barneverntenesta i svært liten grad oppnådd direkte kontakt med familien. Dette har samanheng med at foreldra i stor grad har motsett seg kontakt med barneverntenesta. Saka må derfor byggast på den avgrensa kontakten ein har hatt med foreldra samt dei 3 eldste bama, (Gudmund + dei vaksne barna Idun og Balder) samt på opplysningar frå andre personar og instansar som har hatt kontakt med familien. Sidan våren 2007 har det vore nokre møter mellom Gudmund, foreldre, barneverntenesta og Steinerskulen i samband med Gudmund sin skulegang der. Dette har gitt bamevemtenesta noko direkte kontakt med omsorgspersonane. Vidare må den byggast på dokument frå tidlegare kommunar der barneverntenesta har hatt kontakt med familien. Heller ikkje sakkyndig har fått kome i direkte kontakt med familien forutan samtale med Gudmund og Balder.

Barneverntenesta meiner at ein har tilstrekkeleg grunnlag for å fremja sak for nemnda til trass for at familien har unndratt seg kontakt med familien. Forvaltningslova sine krav om at ei sak skal vera fullt opplyst for avgjerd er derfor berre delvis oppfylt i denne saka. Vi finn det likevel rett å fremja sak på bakgrunn av føreliggande opplysningar då barneverntenesta er av den oppfatning at det ikkje kan vera slik at eit foreldrepar kan hindra barneverntenesta i å føreslå nødvendige tiltak for barna ved å trekkja seg frå kontakt med barneverntenesta. Barneverntenesta har ikkje funne det hensiktsmessig å be om politibistand til å få gjennomført heimebesøk og/eller einesamtalar med barna. Barneverntenesta har vurdert saka slik at å be om politibistand til å oppnå kontakt med barna ville gjort barna sin livssituasjon ytterlegare vanskeleg. Jamfør likevel at ein såg det som naudsynt med politibistand i ein samband med far sin innlegging i januar 2007.

Far har i periodar produsert omfattande dagboksnotat ( ekstern ). Desse har han distribuert til fleire forskjellige personar og instansar. Barneverntenesta har mottatt ein del av desse notata og vil i noko grad bruka dei i saksframstillinga.

Ved eit høve i januar møtte mor på barneverntenesta med advokat. Advokaten rådde mor til å takka nei til førebyggande tiltak. Men ville be foreldra tenkje på om det var aktuelt å be barneverntenesta stilla opp økonomisk slik at dei kunne bygga seg nytt hus. Advokat Kvilhaug har opplyst til sakkyndig at han har råda familien til å ikkje samarbeida ("stilla opp") i denne undersøkinga.

Barneverntenesta har brukt lang tid med denne saka. Fylkesmann og Bufetat har blitt orientert og bedt om råd korleis ein skulle arbeida med saka. Dei har ikkje hatt gode rid å koma med då heller ikkje dei har hatt erfaring med denne type sak. Sakkyndig har gjort ein rekkje forsøk på å koma i kontakt med familien utan å lukkast. Dette har og medført at det har tatt lang tid.


BAKGRUNN FOR SAKA

Dette er ei sak som dreier seg om 7 barn som lever i ein svært spesiell omsorgsituasjon, der dei har hatt mange flyttingar og ingen skulegang, med den betydning det har for fagleg og sosial utvikling. I tillegg har dei levd i ein situasjon med ein far som har alvorleg psykisk sjukdom, diagnostisert schizofreni, og med ei mor som aksepterer denne situasjonen og til dels støttar opp om den.

Barneverntenesta mottok melding frå mattilsynet på Haugalandet datert 22. februar 2006 ( ekstern ). Av meldinga går det fram at ungane verka tynne og tynnkledde. Våningshuset vart oppfatta til å vera lite til å romme 11 personar. Vidare uttalar meldar at barna verka høflege men openbart kua av faren. Vidare uttrykkjer dei bekymring for Rune Hansen si haldning til dei som

 
Side 5 av 42:

offentlege personar og at han viste liten vilje til å følgja pålegg om dyrehald. Og vidare "Han oppførte seg som han var hevet over i gjeldene regler og normer i samfunnet" Bakgrunnen for heimebesøket til mattilsynet var familien sitt dyrehald og evt. tiltak mot fugleinfluensa.

Dokumentasjon:      220206 Melding frå mattilsynet ( ekstern )


Barneverntenesta kalla foreldra inn til samtale. I samtalen møter far saman med Balder og dottera Sofie. I samtalen legg far fram korleis dei lever og grunngir kvifor dei har valt sin livsform. Samtalen vert tatt opp med ein Mp3 opptakar som vart lagt på bordet. Denne opptakaren hadde far opplyst om på førehand. Ved avslutning av samtalen viste far fram at han i tillegg hadde hatt ein opptakar til under genseren. Sonen Balder har seinare skrive ut referat frå dette opptaket. Når barneverntenesta i samtalen var klar på at undersøkinga må gjennomførast evt. og mot deira vilje endrar samtalen karakter. Far avviste at barneverntenesta hadde grunnlag til å gjennomføra undersøkinga og var ikkje villig til å gå inn i samtale då barneverntenesta kom med spørsmal som kunne oppfattas som kritikk av familien sin måte å leva livet på.

Barneverntenesta prøvde å få avtale om å koma på heimebesøk men vart avvist. Utover våren 2006 vart det gjort ei rekkje forsøk å få koma i dialog med familien. Barneverntenesta tok ei avgjerd om å innhenta opplysningar frå andre instansar utan samtykke frå foreldra. I brev frå foreldra, og ved eit høve og frå dei to eldste barna, vart det opplyst at dei ikkje ønska at nokon papir som vedkjem dei vart halden vekke frå offentligheten. Barneverntenesta påpeikte skriftleg at den ikkje kunne forholda seg til dette av omsyn til barna. Opplysningar vart innhenta og barneverntenesta konkluderte i rapport av 5.9.2006 med at saka sendes over til sakkyndig for å vurdera omsorgssituasjonen til barna. Barneverntenesta ber særskilt sakkyndig vera merksam på far si psykiske helse, jfr diagnose og far sin tolking av situasjonen, jfr utspel i samband med undersøkinga samt dagboksnotat.

Dokumentasjon:      200306 Brev frå fam. Hansen
                                030706 Oppklaringsbrev frå barneverntenesta
                                050906 Administrativt vedtak - barneverntenesta

I løpet av 2006 valgte både Balder og Idun å flytta frå heimen. Dette førte til konfliktar i heimen då far ønska å avvisa dei heilt etter dette, medan mor ønska å oppretthalda kontakt med desse barna. Særleg var dette tilspissa rundt jul 2006 då mor og budde utafor heimen ein kort periode.

Dette er ei sak der barneverntenesta har mottatt ei lang rekkje med bekymringsmeldingar sidan den første kom i februar 2006. Bekymringane dreier seg om korleis foreldra avsondrar seg frå samfunnet utafor, korleis dei skaper eit fiendebilete av samfunnet utafor, korleis barna vert tatt med inn i konfliktane i heimen og mellom foteldra og andre t.d. offentlege instansar.

Barneverntenesta har sett med bekymring på korleis far bl.a. i sine dagboksnotat ( ekstern ) omtalar Balder som Satan, at Idun er død, at det var betre at dei hadde blitt fysisk voldtatt enn at dei flytta ut av heimen og at han er villig til å ofra barna i sin kamp mot barneverntenesta. Barneverntenesta si bekymring vart etterkvart så sterk at ein fekk far framstilt for vurdering hjå lege for vurdering av hans psykiske tilstand i januar 2007. Far vart vurdert til å ha klare psykotiske forestillingar og fekk stilt diagnose Paranoid Schizofreni. Både frå allmennlege og frå lege ved Haugesund sjukehus kom det fram klar bekymring for barna sin omsorgssituasjon. I samband med far sin innlegging prøvde barneverntenesta å koma i dialog


Side 6 av 42:

med mor om evt. hjelpetiltak. Mor viste seg å ikkje vera mottakeleg for å ein gong drøfte hjelpetiltak. Barneverntenesta fekk auka bekymring for og mor sin omsorgsevne Bekymringsmeldingane som barneverntenesta har mottatt har gått på voldsbruk overfor mor og delvis overfor barna, hindring av kontakt mellom dei eldste utflytta barna og dei yngre, at mor skal vera totalt avhengig av sin mann samt førestillingane som far formidlar til barna om verden utafor, t.d. at barneverntenesta har tent på storbrannen i Vikebygd samt hatt gift i maten deira.

I tillegg er det ein familie som over tid har levd under fysiske forhold som klart er uhaldbare. Dette viser seg frå tidleg på 1990 talet der det vert beskrive at dei et same mat som grisene til nå i nyare tid der besøkande uttalar at dei ikkje vil ta av seg skorne når dei kom på besøk fordi det er så skittent.

Meldingar kjem frå ei rekkje privatpersonar som på ulike måtar kjenner familien gjennom slektskap eller på andre måtar, og som der ved har hatt eit visst direkte innsyn i barna sin situasjon.
 
Dokumentasjon:        020695 Melding frå Lensmannen i Skaun
                                  091095 Journalnotat Skaun
                                  180706 Dagboksnotat
                                  020806 Dagboksnotat
                                  311006 Melding
                                  211206 Journalnotat
                                  271206 Journalnotat/Melding
                                  080107 Journalnotat
                                  150207 Uttale Haugesund Sjukehus
                                  241007 Journalnotat/melding
                                  261007 Journalnotat/melding
                                  281007 Journalnotat/melding

Sakkyndig har heller ikkje lukkast i å koma i dialog med foreldra. Ho har kun hatt ein samtale med Balder og Gudmund.

Dokumentasjon:         07.09.07 Sakkyndig utredning - Kirsten Westlye

Saka dreier seg og om barn som vert nekta skulegang og slik sett naudsynt opplæring og sosial omgang med andre barn. Tilsyn med heimeundervisninga er i svært liten grad utført og tilsynsrapportar kan ikkje gje svar på korleis bama ligg ann i forhold til jamaldringar. Og skulefolk har meldt si bekymring til skulemyndigheter og til barneverntenesta

Dokumentasjon:         310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg
                                   140607 Melding, Skjold skule

Våren 2006 flytta og Gudmund ut ein periode og budde hjå søskena i Haugesund. Han bur nå heime igjen og har i haust fylgt undervisninga ved Steinerskolen i Haugesund. Han har ikkje vore fullverdig elev då skulen ikkje har mottatt naudsynt stadfesting frå foreldra på at dei vil samarbeida med skule og barneverntenesta om Gudmund sin skulegang. Det har samtidig vore nokre møter rundt dette tema med deltaking fri skule, foreldre, Gudmund og barneverntenesta.


Side 7 av 42:

Dokumentasjon:          270607 Brev fri Steinerskulen
                                    260907 Kontrakt, barneverntenesta i Vindafjord

FAMILIEN SIN HISTORIE

Begge foreldre er opprinneleg frå Trøndelag, Trondheim. Det er 13 år i aldersforskjell mellom ektefellane. Eldste guten, Balder, vart fødd når mor var 17 og eit halvt år. Dei har budd ein rekkje stader i landet. I folkeregisteret er det registrert at dei på siste del av 1980 talet har vore busett i Tustna i Møre og Romsdal. Dei flytta vidare til Skaun i Sør Trøndelag rundt 1990. Her budde dei fram til 1995 då dei flytta ein kort periode til Amli i Aust Agder, for dei flytta vidare til Rindal i More og Romsdal. I 1996 flytta dei til Sveio i Sunnhordland for dei i 1998 flytta til Høylandet i Nord-Trøndelag. I 2002 kom dei til Ølen kommune som sidan 2006 har vore ein del av Vindafjord kommune. Rune Hansen har på sine nettsider gjort greie for flyttingane til familien. Her vert det blant anna vist til "kommunal terror og trakkasering" som grunnlag for flytting frå nokre av kommunane.

Dokumentasjon:          Desember 2001 Vedr. flyttingar & biografi etc, Rune Hansen

I Skaun kommune var det store konfliktar mellom Rune Hansen og den kommunale administrasjonen både i forhold til skulefaglege spørsmål og relatert til omsorgssituasjonen. Dyrevernmyndigheter var og involvert. I avisomtale i Adresseavisa 22. mai 1995 vert det referert at to av barna går rundt og et på same mat som grisene får.

Familien busette seg på eit småbruk på Tindeland i bygda Vikebygd i Ølen / Vindafjord kommune i 2002. Dei har her til like med tidlegare kommunar ikkje sendt barna sine på skulen. Dei to yngste barna er fødd etter flytting hit. Dei barna som har vore over grunnskulealder har ikkje gått på vidaregåande skule. Dei to eldste barna, Balder og Idun flytta i løpet av 2006 ut av heimen og har etter den tid prøvd seg i vidaregåande skule. Jfr elles om Gudmund sin skulegang nedanfor.

Barna har blitt fødd i heimen med far som "jordmor".

På eigedomen i Vikebygd har dei ikkje gardsdrift i tradisjonell forstand. Dei sel ikkje vekstar eller husdyrprodukt. Dei dyrkar imidlertid ein del bær og andre vekstar til eige bruk. Barneverntenesta oppfattar det slik at det er ein relativt liten produksjon. Det same gjeld produkt frå fjørfe.

Familien lever av far si uforetrygd, netto ca 24.000,-/månad samt barnetrygd som mor mottar med om lag kr 6800,-/månad

Dokumentasjon:           200706 Vindafjord Trygdekontor, informasjon Rune Hansen
                                     200706 Vindafjord Trygdekontor, inforrnasjon Trude M. Hansen

Familien bur nå på eit gardsbruk i Vikebygd i Vindafjord kommune. Dei bur i ein utkant av bygda som har nokre hundre innbyggjarar. Det er ikkje tradisjonell gardsdrift på eigedomen. Familien har noko fjørfe, bier samt at far har fortalt at dei ønskjer å gjera eigedomen om til eit arboret. Bustaden er liten i forhold til den store familien. Det er ikkje vatn eller toalett i bustaden. Dei har eit eldhus på eigedomen der dei opplyser at dei vaskar kler, badar og varmar opp vatn. Når Idun budde heime hadde ho rom i eit uthus som vert kalla ”snekkerbua”. Dei skal ha hatt innlagt vatn i bustaden tidlegare, men vasken skal ha gått tett og dette er ikkje blitt ordna.

 
Side 8 av 42:

Dokumentasjon:         150306 Journalnotat
                                   070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye


FAR:

Rune Hansen er fødd i Trondheim. Han var eldst av 3 barn. Mor lever framleis og er busett i Trondheim. Far døde i 1997-98. I oppveksten var Rune alltid på "hogget" etter den 2 år yngre broren. Mora beskriv han som skuleflink. Etter ein situasjon der han skulle bytta klasse slutta han å gjera lekser. Han flytta tidleg på hybel, hadde nokre kortvarige arbeidsforhold. Far hadde eit forhold med ei jente som han fekk eit barn med. Far var då 17 år. Han skal ha hatt lite kontakt med denne dottera, visst nok etter ønske frå hennar mor. Dottera har nå igjen ein gut på 13 år.


Dokumentasjon:            070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

Rune Hansen mottek uføretrygd som vart tilstått frå 1979. Trygdekontoret oppgir at grunnlaget for uføretrygd er oppgitt med diagnose betydeleg personlighetsavvik og schizofreni. I epikrise frå Haugesund sjukehus etter ei 4 dagars innlegging i januar 2007 er det sett diagnose Paranoid Schizofreni. Sjukehuset grunngir dette blant arma med "vedvarande bisarre vrangførestillingar ", "sosial tilbaketrekking”. Han er ikkje medisinert og har heller ikkje hatt noko ønske om det. Pasienten er ikkje vurdert som "direkte farleg for seg sjølv eller andre". Men "Ein finn imidlertid grunnlag for bekymring for pasientens omsorgsevne". I uttale frå Haugesund Sjukehus vert det vist til at det ”fremkommer klare psykotiske førestillingar, blant annet mener pasienten å kunne kommunisere med sine barn på fosterstadiet, og dessuten under fødselen, sånn at han har full kontroll over hvordan fødselen forløper. Mener også at offentlige myndigheter har myrdet en veterinær som tidligere..... skal ha støttet familien”.

Hans mistenksomhet overfor ulike instansar kjem og fram t.d. ved at han har uttrykt at barnevernet kan stå bak ein større skogbrann som blant anna trua familien sin eigedom våren 2006. Allereie første samtale med barneverntenesta vart tatt opp med to Mp3 spelarar og Balder skreiv ut detaljert referat frå samtalen.

Dokumentasjon:       150306 Utskrift frå samtale
                                 240706 Uttale Vindafjord Trygdekontor
                                 080207 Uttale Dr. Kleiven
                                 150207 Uttale Haugesund sjukehus
                                 070907 Sakkyndig uttale Westlye

Far har gjennom ein årrekkje vist at han ikkje ønskjer offentleg innblanding i forhold som vedkjem han eller familien. Særleg klart vert dette dersom det gjeld "pålegg" frå det offentlege. Dette viser seg allereie frå bardomen når det var tema å skifte klasse. Det har vist seg ved tema heimeundervisning i fleire kommunar, det har vist seg ved kontakt med mattilsynet og det har særleg vist seg i samband med kontakt med barneverntenesta.
 
Far har og vist at han ikkje likar at andre set seg opp mot hans synspunkt. Dette gjeld innanfor familien, noko vi vil koma tilbake til seinare, men det gjeld og i forhold til andre privatpersonar. Dette gjer han sjølv greie for i sine dagboknotat, ved nokre høve


Side 9 av 42:

mistenkeleggjer han andre sine motiv for å seie han imot. Dette gjeld til domes i forhold til om bama skal kunne arbeida for andre og ta i mot løn.
 
Dokumentasjon:          240806 Dagboksnotat
                                    220206 Melding - Mattilsynet
                                    150306 Joumalnotat

Far har gjennom år skriftleggjort og tilgjengeleggjort deler av eigen og familien sin situasjon. Saksdokumentasjon i den såkalla Skaun saka, barnevernet sin kontakt med familien når dei budde i Sveio etc er alt lagt tilgjengeleg på internettsider. Dette gjeld både taushetsbelagt informasjon og omtale i presse etc. Hansen har og skreve ein del dikt som og er gjort tilgjengeleg på internett. I samband med bamevemet sin kontakt med familien i 2006/2007 har han uttrykkeleg gjort til kjenne at han ønskjer at ingen papir vert haldt unna offentlegheten. Sjølv har han lagt inn avskrift av dokument, eigne dokument samt dagboksnotat på ein cd som han har gitt tittelen "Menneskeverd i Vindafjord kommune". Denne har han distribuert til ein rekkje personar og instansar, blant anna media. Familien var og omtalt i Haugesunds Avis over framsida og ei dobbelside i samband med at barnevernet starta undersøking i forhold til familien. Omtalen skjedde med utgangspunkt at Hansen tok kontakt med avisa. Hansen har og meldt barneverntenesta til politiet for ærekrenking etc. Denne saka vart henlagt av politiet. Far klaga og saka vart handsama av Rogaland statsadvokatembete som på ny henla saka med grunngjeving "Forholdet henlagtfordi det ikke er straffbart".

Dokumentasjon:           070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye
                                    151106 Rogaland Statsadvokatembete, underretning om saksavgjørelse

Samtidig som far ønskjer å offentleggjera ulike dokument viser han og eit klart ønske om å ha kontroll. Dette viser seg på ulike måtar. Det er gjort lydopptak av ulike samtalar t.d. med barneverntenesta. Han skal og ha opplyst at han har opptakar i heimen slik at han kan vita kva som vert sagt når han ikkje er tilstades. Det viser seg vidare i samband med kontroll av lærebøker. Han skal og bruke "skilsmisse" som ein trusser ovanfor mor. Dette viser seg og ved at han blant anna i sine dagboksnotat ved fleire høve avviser at barna kan ta seg lønna arbeid evt under bestemte føresetnader som at han skal ha hand om inntekta etc.

Dokumentasjon:           Dagboksnota 240806
                                     070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

Barneverntenesta har opplysningar som klart tyder på at far nyttar vold overfor dei andre i familien. Trude skal rundt juletider ha blitt slått slik at ho var "gul og bli" i følgje fleire. Dette er det gitt melding om til barneverntenesta om blant anna av mormor. Dette kjem og fram i sakkyndig sin samtale med ein nabo. I følgje venninna som mor søkte til hadde mor eit svært svart merke på baken. Mor flytta etter dette ut fri bustaden for ei tid. Farmor har observert at far ved eit tilfelle har gitt Balder ein øyrefik. Ho har og høyrt frå andre at far skal ha slått barna. I følgje Gudmund og Balder har far utøvd vold mot alle i familien. Dei fortel at far klaskar til barna og at han og har bete dei. Dette skjer når dei gjer noko gale. Dei opplever at han brukar vald mot dei mindre bama som ein måte å oppdra dei på. Far skal i diskusjonar med Balder ha forsvara bruk av vald/fysisk avstraffing.

Dokumentasjon:           271206 Journalnotat
                                     080107 Journalnotat
                                     070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

Side 10 av 42:

                                     260107 Uttale Politiet

Far har i følgje farmor vokse opp i ein heim der (dei) ikkje har vore opptatt av religion. Far har etterkvart blitt meir og meir opptatt av ulike religiøse tema. Mykje kan knytast til det vi kan lesa i det gamle testamentet i Bibelen. Men han trekkjer og inn den norrøne gudstru samt religiøse forestillingar frå Asia. Dette gjeld i samtalar med andre og i hans dagboksnotat. Eit tema går særleg igjen og det er det fjerde bodet; "Du skal hedra din far og din mor". Dette har vore særleg aktualisert i samband med at Balder og Idun har flytta ut frå resten av familien.

Dokumentasjon:            070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

Det viser seg og ved Gudmund sin skulegang ved Steinerskulen hausten 2007. Far argumenterer her for at § 32 i barneloven, barn over 15 år sin rett til val av skule, er i strid med det fjerde bodet.
 
Dokumentasjon:            081007 Rune Hansen, avskrift av møtereferat m/kommentarar


MOR

Det føreligg mindre opplysningar om mor. Mor har i kontakt med barneverntenesta og andre offentlege instanser hatt ein meir tilbaketrukken rolle. Mor er og frå Trøndelag. Ho har ein del kontakt med si mor. Mormor har og vore ein del på besøk hjå mor og hennar familie. Mor har og ein halvbror. Det er ukjent om mor har kontakt med han og sin far.

Mor har fødd 9 barn. Balder vart fødd før ho fyllte 18 år. Siste barn er fødd i 2006. Det er ikkje kjent at mor har hatt arbeid utafor heimen. Mor har i møte uttalt at ho kjenner seg sett ned på fordi ho ikkje har nokon utdanning. Ho har og uttalt at ho ikkje kjenner seg akseptert av si eiga mor fordi ho ikkje har tatt utdanning. Fødslane skal ha skjedd heime med far som fødselshjelpar. Så langt vi kjenner til utan profesjonell hjelp. Vi er heller ikkje kjent med om mor har hatt legeoppfølging i svangerskapa. Vi kjenner til at ho har hatt nokre besøk hjå jordmor ved siste svangerskap. Mor skal ha hatt blødningar ved fødsel. Ho er derfor blitt råda til å fø på sjukehus, på ny nå ved siste fødsel i 2006. I følgje melding mottatt i oktober 2007 skal mor vera gravid på ny i 3. månad.


Dokumentasjon:         020806 Uttale Jordmor
                                   050607 Referat mote v/Steinerskulen
                                   070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye
                                   261007 Melding

Det er slik at begge foreldre er ansvarleg for den omsorga barna får. Det har vist seg at ved dei høva mor møter barneverntenesta aleine går ho på mange måtar inn i far sin rolle. Dette gjeld t.d. i januar 2007 der ho viser ein svært aggressiv haldning overfor barneverntenesta. Ho står fram som einig med far i dei fleste spørsmål. Unntaket er om det skal vera kontakt med Balder og Idun samt om Gudmund skal få gå på Steinerskulen. I samtalar/møter kan ho framstå som ganske hektisk og opphissa. Det vert ikkje tatt omsyn til om det er barn i nærleiken. Dette kjem særleg tilsyne ved den situasjonen i januar der far vart innlagt ved psykiatrisk avdeling og ein prøvde å få mor i tale. Barneverntenesta var så bekymra for mor og hennar evne til å ivareta seg sjølv og barna at dei fekk henne vurdert av lege.

Dokumentasjon:         080107 Journalnotat

 
Side 11 av 42:

Mor står som avsendar saman med mannen, og har ved ein del høve underteikna ulike skriv som mannen har skrive. I nokre samanhengar har ho motsagt mannen, ho har imidlertid fleire gonger gått tilbake på sine uttalelsar eller blitt stille dersom mannen har sagt henne imot.

Mor skal ha blitt utsatt for vold av far. Ho skal rundt juletider 2006 har blitt sparka "gul og blå" av far. I følgje mormor skal grunnen vera at ho hadde spist for mykje leverpostei. Denne valdsepisoden har mor i ettertid bagatellisert. Det skal på ny ha blitt utøvd vold mot mor i oktober 2007.

I samband med hendinga ved juletider 2006 flytta Trude ut av heimen ei kort tid. Ho tok då tilflukt hjå ei tidlegare nabo/kjenning som på det tidspunktet budde i Tysvær kommune. Denne kvinna hadde tidlegare vore nabo med familien. Barneverntenesta blei gjort kjent med at ho budde ute av heimen. Ho vart tilbydt økonomisk hjelp. Mor ville ikkje ha hjelp frå barneverntenesta. Ein valte då å formidla kontakt med sosialtenesta slik at ho ved dette høve fekk økonomisk hjelp gjennom julehelga. Vi er ikkje kjent med at mor deltek på noko sæleg med sosiale aktivitetar eller at ho har særleg kontakt utafor heimen.

Ho har og tidlegare budd ute av heimen i både 1992 og i 1995.

Dokumentasjon:           211206 Journalnotat
                                     271206 Journalnotat
                                     130893 Sakyndig utredning, Psykologisk barnevernteam S.Tr
                                     261007 Melding/Journalnotat

Frå fleire som står familien nær har det blitt uttrykt bekymring for far sin påverknad overfor mor. Det er uttalt at ho er hjernevaska av Rune. Fleire som står familien nær har rådd familien til å ta imot veiledning eller prøvd å gje veiledning sjølv. Dei har ikkje nådd inn med dette.
 
Dokumentasjon:           070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye
                                     241007 Journalnotat/melding
                                     261007 Journalnotat/melding
                                     281007 Journalnotat/melding.


BARNA:

I denne saka føreligg det lite opplysningar om det einskilde barn. Ufordringa vår vil derfor vera at vi vanskeleg kan beskriva det einskilde barn godt, då med unntak av Gudmund som barneverntenesta har hatt noko kontakt med. Vi vil derfor her først beskriva nokre av dei fellesforholda som barna har vokse opp under. Vi vil seinare spesifisera opplysningar om dei barna vi har konkrete opplysningar om.

Ingen av barna har gått i barnehage eller i grunnskulen. Så langt vi kjenner til har dei heller ikkje deltatt i helsestasjonen sitt vaksinasjonsprogram eller fått anna oppfølging derfrå.

Med unntak av dei to yngste barna har alle barna opplevd ein eller fleire flyttingar. Flyttingar som i stor grad synes å ha vore lite planlagt samt at dei ber preg av at familien vil flytta vekk frå noko, jfr konfliktar med skulemyndigheter og barnevern.

Side 12 av 42:

 Dokumentasjon:          Desember 2001 Vedr. flyttingar &  biografi etc, Rune Hansen

Alle barna har blitt fødd heime. Vi kjenner vidare ikkje til at det skal ha vore spesielle helseproblem hjå barna. I følgje melding mottatt i oktober 2007 skal barna nyleg ha vore sjuke. Far skal ha forklart dette med at barneverntenesta har hatt gift i maten deira.

Dokumentasjon:          241007 Melding /Journalnotat

Dei barna som er kome i vanleg skulealder har ikkje blitt oppmeldt som elevar i Grunnskulen. Foreldra har ønska å undervisa dei heime. Opplæringa vert gitt etter dei prinsippa som føreligg i den sakalla "Sveio-modellen". Læring skal skje naturleg utan noko fast oppsett timeplan. Læring skal i følgje tilsynsførar for heimeundervisninga skje ved at "borna deltek med vaksne og barn i arbeid og kvardagsliv ". Gjennomgåande vert det rapportert at barna har lært seg å lesa, og les mykje. Dei eldste bama har og lært seg å spela eit eller fleire instrument. Dei har gått på kulturskulen for å læra dette.

Tilsyn med heimeundervisning har etter flytting til Ølen/Vindafjord kommune blitt gjennomført av ein person som familien ønska. Skulemyndighetene har ved fleire høve bedt om meir utfyllande rapportar. Rapportane som føreligg er knappe og gjev ikkje tilstrekkeleg svar på dei spørsmålstillingane som ein tilsynsrapport skal innehalda. Rapport av 21.05.03 viser til nokre læreboker som vert nytta. Seinare rapportar viser ikkje til at det vert nytta læreverk som er brukt i skulen. Skulemyndighetene har vist til at bøker kan hentast ved skulen i Vikebygd/ ungdomsskulen i Ølen. Det har ikkje vore utført tilsyn sidan September 2005, jfr at tilsynsførar har sagt frå seg tilsynsansvaret. Rapportane gjev i liten grad svar på korleis barna fungerar i forhold til fagplanar etc for aktuelle alderstrinn. Dei seier heller ikkje noko om den sosiale utviklinga for barna. Skulemyndighetene har og fått henvendingar om bekymring for barna i familien. Det er hausten 2007 planlagt eit tilsynsbesøk frå skulemyndighetene si side.

Dei to eldste bama i familien som nå er over 18 år har ikkje gått på vidaregåande skule før etter at dei flytta ut av heimen. Foreldra har blitt informert om retten deira til å få vidaregåande opplæing. Idun og Balder vart informert om og byrja på vidaregåande opplæring etter at dei tok kontakt med sosialtenesta.

Dokumentasjon:        310706 Brev frå stabsrådgjevar, Arne Borgemyr m/undervedlegg
                                  - 260902 Momentliste for tilsyn med heimeundervisning, Ølen kommune
                                  - 210503 Martha Straume, tilsynsrapport
                                  - 060905 Martha Straume, tilsynsbrev
                                  191107 Brev frfi stabsradgjevar, Ame Borgemyr

I forhold til alle barna vert det opplyst at dei deltek i forskjellig arbeid på garden. Dette gjeld til dømes planting av buskar og tre. Mange av barna har og vore aktive i å gå på fjellturar, dei har og deltatt på ein del fellesturar i bygda. Dei har då ofte vore dårleg kledd og ikkje hatt pengar til å betala for fellesutgifter. Dei har ikkje blitt henta etter slike arrangement sjølv om det gjerne har vore langt frå heimen. Ein del gonger er dei blitt kjørt heim av andre foreldre, eller dei har gått heim, ofte distansar på mange kilometer.


Dokumentasjon:           180107 Melding/Jurnalnotat


Side 13 av 42:

Nokre av barna har deltatt på orienteringstrening gjennom Vikebygd Idrettslag. Dei er ikkje medlemmer i laget, men har fatt lov til å delta likevel. Idun skal ha fortalt at dei ikkje får lov til å delta i speidaren.

Barna er svært kontaktsøkande overfor andre vaksne. Dei skal vanlegvis ikkje visa teikn på skepsis eller utrygghet. Ein nabo observerte imidlertid i mai 2007 at dette hadde endra seg slik at barna sprang på kjøkkenet og gøymde seg når han kom, dette i motsetning til tidlegare.

Når barneverntenesta var ved heimen i januar 2007 opptrådde barna heilt roleg og utan teikn på redsel. Dette i motsetnad til mor som var svært uroleg. Dei eldre barna helste på dei som kom frå barneverntenesta, presenterte seg og spurte kva barneverntenesta ville.
 
Barna står fram som høflege, men kan og oppfattast som underdanige og kua. Det vert sett i samband med far si oppførsel overfor barna. Med unntak av dei yngste barna skal alle barna ha opplevd vold frå faren si side. Far skal og ha sett dei opp mot mora.

Dokumentasjon:         220206 Melding, Mattilsynet
                                   070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

Sjølv om Balder og Idun ikkje omfattas av denne saka vel vi og ta med litt inforrnasjon og om dei då det er viktig for å kasta lys over omsorgssituasjonen til søskena.

Balder

Balder er 21 år og har inntil han fylte 20 budd saman med familien. Han har vore med på alle flyttingar som familien har hatt gjennom hans oppvekst. I tillegg har han og dei eldste søskena vore berørt av at mor og barna har budd i "dekning" ein periode i 1995.

Han skal ha opplevd vold frå far allereie i tidleg alder. I følgje melding frå 1995 skal Balder ha fortalt til naboar at far sparkar barna. Seinast i mai 2007 har Balder opplevd vold og truslar frå far i samband med at far ville ha han ut av heimen etter at han kom på besøk dit. Vi kjenner ikkje til at Balder sjølv skal ha vore voldeleg mot andre. Han skal kun ha vist passiv motstand mot far. Balder flytta frå heimen i mai 2006 etter påtrykk frå far. Faren kjørte han då til kommunehuset der han sleppte han av. Balder har etter den tid blitt totalt avvist av far enten ved at far overser han eller aktivt ber han halda seg vekke frå heimen. Far har heller ikkje tillate andre i familien å ha kontakt med han. Balder vert av far omtalt som Satan, han er i ”dødsriket” og han skal ikkje få gjera ”vondt på søskena”. Ein kort periode etter at far var innlagt ved psykiatrisk avdeling var det noko kontakt mellom Balder og Idun og resten av familien, inkludert far.

Gjennom den kontakten barneverntenesta har hatt med Gudmund har ein og blitt kjent med Balder sin situasjon. Det viser seg at Balder har store problem med å tilpassa seg samfunnet sine krav, t.d. dette å møta på skulen, levera ting inn i rett tid, mat etc. Han har mista både skuleplass ved Steinerskulen og bustaden han har hatt i Haugesund. Barneverntenesta har stor bekymring for Balder sin vidare utvikling.

Balder har uttalt til barneverntenesta at han tidlegare trudde at alle var hans venner. Det har vist seg at det ikkje er slik. Han var ute av stand til å skilja mellom "gode". og "dårlege" venner. Han har etterkvart rusa seg mykje, og på anna enn alkohol. Han har i følgje Gudmund


Side 14 av 42:

ein periode budd saman med ein alkoholikar. Har i periodar budd hjå tilfeldige venner og kjente. Fekk økonomiske problem, hadde ikkje rett til sosialhjelp. Har pådratt seg gjeld og inkassosaker. Har ikkje hatt erfaring med pengar før han flytta ut. Skal ha mottatt løn ein gong. Denne tok faren straks han hadde mottatt den.

Sommaren 2007 skifta Balder etternamn til Skjærvik-Hansen. Skjærvik er mor sitt fødenamn.

Tidleg i november 07 flyttar Balder til Trondheim. Bestemødrene skal vera involvert i flyttinga.

Dokumentasjon:           020695 Melding frå lensmannen i Skaun
                                    180507 Journalnotat
                                    230507 Journalnotat


Idun

Idun er nå 19 og eit halvt år. Ho flytta og ut av heimen sommaren 2006. Har vore elev ved Steinerskulen i Haugesund førre skuleår. Er nå elev ved økologisk landbruksskule i Aurland. Og Idun har klare ting å ta fatt i når det gjeld livet sitt. Ho har fortalt at ho slit med strukturane i kvardagen. Har tidlegare "levd om natta". Har vore vanskeleg å koma seg opp om morgonen og vidare på skule. Ho sov gjerne 4-5 timar etter skulen, og var så våken om natta igjen. Ho er til like med broren totalt avvist av far. I sine dagboksnotat siterar far hennar avskjedsbrev der ho er tydleg på at forholdet til eldstebroren som då er ute av familien er så viktig at ho og vel å reisa. Til søskena hennar seier far at ho er "død", jfr reaksjonar hjå mindre søsken. Når ho kom heim frå skulen i Aurland i haust og oppsøkte familien vart far rasande og stakk av frå heimen. Idun vart redd og ville ligga ute.

Dokumentasjon:           Dagboksnotat 120706
                                     271206 Journalnotat
                                     241007 Melding/ Journalnotat
 

Gudmund Cusanus

Gudmund er den eldste av barna som denne saka omfattar. Han er nå 16 år. Han har vist seg å ha ein eigen sterk vilje til å starta i vidaregåande utdanning. I mai 2007 tok Gudmund sjølv kontakt med Steinerskulen med ønskje om å delta i undervisninga der. Han har sidan hospitert der. Skulen har kravd at foreldra underteiknar ein kontrakt om at dei vil samarbeida med skulen og barneverntenesta for at dei vil gje han tilbod om å halda fram der. Den er framleis ikkje underteikna. Bakgrunnen for at skulen stiller eit slikt krav er dei erfaringane dei har gjort med dei eldre søskena sin skulegang. Far har vist klar uvilje mot at han går der og har trua med at han ikkje får sjå sine søsken. Han overser han og har i periodar heller ikkje snakka med Gudmund. Han set søskena opp mot Gudmund i forhold til hans val om å gi på skule. Søskena "mobbar" Gudmund på bakgrann av hans val om å gå på skule. Far prøver å presse Gudmund vekk frå å gå på skulen. Gudmund møter framleis.

Gudmund har eit klart ønske om å gå på skule. Han er redd for å mista skuleplassen og har sjølv tatt kontakt med barneverntenesta for hjelp i forhold til dette. Han ønskjer heller ikkje å mista kontakten med familien, men skulegang betyr mykje.


Side 15 av 42:


Barneverntenesta har gitt Gudmund noko økonomisk hjelp ved å betala skulepengar, bøker og ungdomskort.  Foreldra er kjent med dette. Han vart og hjelpen med pengar til mat og kler i ein situasjon i mai der han opphaldt seg i Haugesund. Han får hjelp av mormor til dekning av mobiltelefon.

Gudmund ønskjer å søkja stipend. Dette krev underskrift frå foreldra. Dei vil ikkje underskriva søknadspapira. Mor uttalar i møte at ho ikkje vil at han skal ha så mykje pengar. Meiner at mange unge berre går på skulen for pengane sin del. Dei ønskjer heller ikkje at han har ungdomskort som gjev han høve til å reisa med bussen og etter skuletid. Dei arbeidar derfor for at han skal ha fri skuleskyss. Barneverntenesta oppfattar dette som eit forsøk på å halda meir kontroll over Gudmund.

Far har i møte bedt om at barneverntenesta betalar vederlag for tapt arbeidsforteneste til familien. Jamfor den arbeidskraft dei nå taper når Gudmund går på skule. Gudmund hadde i sommar tilbod om arbeid. Dette vart det ikkje noko av då far motsette seg dette.

Gudmund skal ha 1ært å spela hom og gitar. Han har og tidlegare gått i korps. Kulturskulen fortel om ivrig og talentfull elev.

Vi kjenner til at Gudmund har ein kamerat i nabolaget i Vikebygd. Han har hatt kontakt med han nokre år.

Gudmund skal ein periode våren 2007 ha "festa" med andre ungdommar i Haugesund. Han tar nå avstand fri rusing. Han har nyleg engasjert seg i Natur og Ungdom i Haugesund. Dette skal far vera negativ til.

Gudmund er forsiktig i kontakten med barneverntenesta, sæleg var han det i starten av kontakten. Nå tek han kontakt om han treng bistand, t.d. påfyll av ungdomskort etc. Verkar særleg lojal mot mor. Han veie sine ord. Spør ein konkret får ein svar. Stiller ein opne spørsmål få ein liten tilbakemelding.

Dokumentasjon:          310706 Brev frå stabsradgievar, Arne Borgemyr m/undervedlegg
                                    120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon
                                    070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye
                                    260907 Kontrakt/brev frå barneverntenesta
                                    081007 Kopi/avskrift av møteref. med kommentarar frå Rune Hansen


Frøydis

Frøydis er nærare 14 år. Ho har ikkje gått i skule utafor heimen. Rapportar frå tilsynsførar i forhold til heimeundervisning kan ikkje gje ein peikepinn på korleis ho ligg ann fagleg.

Vi kjenner til at og ho deltek ved Kulturskulen. Har fått opplæring i fiolin. Og ho skal vera flink og visa stor framgong og engasjement.

Når barneverntenesta var ved heimen i januar var det Frøydis som tok seg av dei mindre søskena.

Frøydis er i ein alder der ho nå går inn i ei ungdomstid. I ungdomstida skal barn bli gjort i stand til å i større grad stå på eigne bein. I denne familien har det vist seg at det har blitt ei vanskeleg tid for dei eldre søskena.

 
Side 16 av 42:

Dokumentasjon:           310706 Brev frå stabsrådgjevar, Arne Borgemyr m/undervedlegg
                                    120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon


(Stauda) Sofie

Stauda Sofie på 10 år skal til like med mange av sine søsken ha lært å lesa tidleg. Men og for henne gjeld det at rapportar frå tilsynsførar ikkje kan gje noko bilde av korleis ho ligg ann fagleg.

Stauda Sofie går og på kulturskulen og lærer å spela instrument der.

Stauda Sofie skal ha blitt ein alliert med far. I følgje brørne kjeftar ho på Gudmund, og seier at han er dum som går på skule. Ho rapporterer og til far om mora snakkar med Balder.

Stauda Sofie er og med far på første møte med barneverntenesta. Til like med søskena vert og ho tatt med i situasjonar der far drøftar barneverntenesta med andre eller når han oppsøkjer mor i samband med at mor er reist frå heimen, jula 2006, saman med blant anna Stauda Sofie. Ved dette høve er Mariel og Urda Lilje som vert tatt med i bilen. Ved eit høve er det beskrive at far sit og gret over situasjonen sin medan eit av barna, sannsynlegvis Stauda Sofie sit ved sida av.

Barn på 10 år er vanlegvis opptatt av kontakt med jamaldringar. Dei er i ein aktiv læringsfase der både sosiale og faglege ferdighetar skal koma på plass.

Dokumentasjon:

310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg
120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye


Alfredo

Alfredo som nå er blitt 8 år skal og ha lært seg å lesa tidleg. Han deltek til like med sine eldre søsken på kulturskulen og har der gått i oppltring på eit instrument.

Barn på 8 år er i ferd med å få dei grunnleggande faglege ferdighetar på plass. I tillegg vil dei vera i ferd med å orientera seg ut mot verden gjennom skule og fritidsaktivitetar.

Dokumentasjon:

310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg
120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon


Mariel Rose

Mariel vert i 2007 6 år. Alderen tilseier at ho er klar for skulestart. Heller ikkje ho har starta på skulen. Vi er ikkje kjent med vidare opplysningar rundt henne.


Side 17 av 42:

Barn står i 6 årsalderen klar til å ta steg ut i verden på eigehand. Dersom dei ikkje har vore i barnehage vil møte med skulekvardagen vera den situasjonen der dei erfarer sosial omgang med andre og at dei får dei første møta med skulefag.


Urda Lillje

Ho er nå 4 år. Det føreligg lite opplysningar om henne. Når ho saman med mor var ute av heimen rundt jul 2006 trefte ho Idun. Mormor beskriv at Urda Lilja er sterkt knytt til henne. Ho nekta blant anna å gå ut av fanget til Idun for at andre skal få sitja der. Far seier til Urda Lilje at Idun er død.

Ho er i ein alder der ho byrjar å forstå den nære verden utafor heimen. Verden treng gjerast forståeleg for barn gjennom bekreftelsar frå dei nære omsorgspersonane dei har rundt seg.

Dokumentasjon:         271206 Journalnotat


Solborg Sera


Solborg Sera er fødd våren 2006. Helsesøster var saman med mor på heimebesøk kort tid etter fødsel. Dei uttalar at jenta "var fin i huden, virket frisk og velbefinnende. Hun gåt friskt og tok brystet fint". Under heimebesøket vart det observert sikker blikkontakt. Samspel mellom mor og barn var fint.

Solborg Sera har vore med foreldra på møter vedkomande Gudmund sin skulegang. Det er då observert at Solborg Sera sit på armen til mor, ho er blid, er i samspel med mor, utforskar rommet og søkjer tilbake til mor. Det er ikkje observert samspel mellom far og Solborg Sera.

Til like, men kanskje enda meir enn dei eldre søskena vil barn på denne alderen vera avhengige av dei vaksne rundt seg. Ho står på trappa til å oppdaga verden rundt seg.

Dokumentasjon:          

020806 Uttale Helsesøster


BARNEVERNTENESTA SITT ARBEID MED SAKA

Barneverntenesta i Vindafjord kom først i kontakt med denne familien i mars 2006. Familien har imidlertid vore i kontakt med barneverntenesta i andre kommunar tidlegare. Vi er kjent med kontakt med barneverntenesta i Sveio i 1997-98 og I Skaun kommune i Sør Trøndelag i perioden 1991-1993 og på ny i 1995.

Si langt vi kjenner til var første kontakt mellom barneverntenesta og familien rundt Gudmund sin fødsel. Kontakten mellom familien og barneverntenesta/ sosialkontoret i Skaun vart etterkvart vanskeleg og Sør Trøndelag fylkeskommune, psykologisk barnevernteam blei bedt om å gi inn i saka. Det vart sommaren 1993 utarbeid ein rapport om familien sin situasjon frå psykologisk barnevernteam. Den gang gjaldt det dei tre eldste barna, Balder, Idun og Gudmund. I rapporten vert det konkludert med at ungane sin totale omsorgssituasjon er tilfredstillande. Samtidig vert det peika på nokre områder som det må arbeidast med frå familien og hjelpeapparatet si side. Den eine gjeld å koma asjour økonomisk og få lagt inn vatn og bad, i tillegg gjeld det kommunikasjonsproblem foreldra i mellom samt at det vert


Side 18 av 42:

påpeika; "Ungene har imidlertid noen særlige utfordringer p.g.a. familiens særegne livsstil, som handler om å mestre sosial omgang med andre unger og voksne".

Dokumentasjon:        130893, rapport, Psykologisk barnevernteam, Sør Trøndelag

Våren 1995 oppstod det ny bekymring rundt barna sin situasjon. Blant anna kontakta dyrevernmyndighetene barneverntenesta etter at dei hadde vore på garden. Dyr skal ha lidd overiast, eit griskadaver skal ha lege like utafor fjøsdøra i fleire månader. Barna gjekk og gnog på brødskorper, same mat som grisene fekk. I tilegg til at det var henvendingar frå offentlege myndigheter vart både barneverntenesta og andre offentlege instansar kontakta av ulike privatpersonar som var urolege for situasjonen. Ganske raskt etter at saka kom opp gjekk Trude i "dekning" på ukjent adresse. Bekymringane gjeld tema som at far skal mishandle barna ved å sparka dei og at han luggar mor. Uverdige sanitære forhold etc. Vi kan ikkje sjå at barneverntenesta i Skaun kom i posisjon til å setje inn tiltak for familien hausten 2005 flytta til Åmli kommune der dei budde eit par månader for dei flytta vidare. Forholda i Skaun er omtalt i lokalavisene i Trøndelag. Reportasjar er gjort tilgjengelege av far. Det ligg utskrift av desse på internettsider som far er ansvarleg for.

Dokumentasjon:          120595 Journalnotat, Skaun
                                   160595 Journalnotat, Skaun
                                    020695 Melding frA Lensmannen i Skaun
                                    091095 Journalnotat, Skaun
                                    220595 Reportasje i Adresseavisa

Barneverntenesta i Åmli, Rindal og seinare i Høylandet har ikkje registrert kontakt med familien i sine arkiver. Vi er derfor ikkje kjent med omsorgssituasjonen hjå familien under opphald i desse kommunane. Vi er kjent med at det og her var kontakt med skulemyndighetene i forhold til manglande skulegang for bama.

Hausten 1997 er familien busett i Sveio. Her kjem det inn melding som om bekymring for bama. I meldinga vert det peika på at barna har lite kontakt med andre barn i nabolaget samt at dei går på sjølvstyr. Barneverntenesta giennomforte ei mindre undersøking gjennom to heimebesøk. Undersøkingsrapporten konkluderer med at det ikkje er grunnlag for pålegg om hjelpetiltak etter kapittel 4 i barnevernlova. Det vert imidlertid uttrykt uro for at ikkje far skal få lagt ting bak seg (dvs å få gjennomført rettssak mot Skaun kommune) samt at det kunne vore aktuelt med samtalar mellom foreldra og barneverntenesta.

Dokumentasjon:   080198 Sveio barnevern, undersøkelserapport

Barneverntenesta i Vindafjord kom i kontakt med familien først i mars 2006. Det har størstedelen av tida vore lite direkte kontakt då foreldra har motsett seg det. Direkte kontakt avgrensar seg til ein kontorsamtale, ein situasjon i januar 2007 som blir beskriven nærare nedanfor, samt ved deltaking i nokre samarbeidsmøte rundt Gudmund sin skulesituasjon frå våren 2007. I tillegg har det vore noko telefonkontakt samt ein omfattande skriftleg produksjon frå far si side. Noko av dette er kome til barneverntenesta, dels frå han direkte, dels frå andre.

I første samtale møter far saman med sonen Balder og dottera Sofie. Mor møtte ikkje då ho var sliten etter å ha fått minste barnet kort tid på førehand. Som annonsert på førehand vart samtalen tatt opp på band med ein mp3 spelar. Etter at samtalen var avslutta viste far at samtalen og var tatt opp med ein mp3 spelar til som var skjult under genseren. Det vart


Side 19 av 42:

seinare skreve eit detaljert referat frå samtalen. Referatet vart skreve av Balder. Samtalen gjekk greitt så lenge far fekk fortelja om sin livsførsel og sitt familieliv. Når det under samtalen vart stilt ein del spørsmål med vala dei gjorde på vegne av barna og seg sjølv, utvikla samtalen seg til å bli vanskeleg.
 
Eit av tema som raskt kom opp like etter denne samtalen var om dokument i saka skulle vera unntatt offentleg innsyn. Foreldra og dei to eldste barna bad skriftleg om at ingen papir som vedgjekk dei eller familien skulle vera under nokon form for taushetsplikt.

Dokumentasjon:         150306 Utskrift frå samtale
                                   200306 Fam. Hansen, brev

Rune Hansen kjem i brevs form med ei klage på at det er sett i gang undersøking i forhold til familien. Her beskriv han bl.a. meldinga frå Mattilsynet som "løgnaktig, trakaserende og krenkende". Han uttalar at det vil vera ein kriminell handling om barnevernet på dette grunnlag set i gang ei undersøking. Brevet er og signert av mor. Det er i tillegg lagt ved ein data-cd som inneheld avskrift av diverse brev samt dagboksnotat frå Rune Hansen. Dette er ein cd som og seinare er komplettert og distribuert. Barneverntenesta har og mottatt nyare utgiver av same cd, og via andre personar.

Dokumentasjon:          270306 Rune Hansen, brev

Det vart prøvd å avtala heimebesøk. Det vart klart avvist frå familien ved far fleire gonger, jfr bl.a. brev av 12. mai 2006. Etter eit nytt forsøk på å oppklare situasjonen for familien gjennom brev får barneverntenesta på nytt brev frå Hansen datert 12. juli. Her avviser Hansen på ny barneverntenesta sin rett til å gjennomføra undersøkinga.

Dokumentasjon:            120506 Rune Hansen, brev
                                     120706 Rune Hansen, brev

Då det viste seg vanskeleg å få til eit samarbeid med familien for saman å få gjennomført undersøkinga vart det likevel gått til innhenting av informasjon slik at undersøking kunne gjennomførast. Det vart innhenta informasjon frå barneverntenesta i Skaun og Sveio kommunar, jfr ovanfor. Det vart og innhenta informasjon frå Trygdekontor vedkomande økonomiske ytingar, jfr ovanfor. Det vart vidare innhenta informasjon frå skuleansvarleg i kommunen samt frå helsesøster, jordmor og kulturskulen. Desse opplysningane er gjennomgått under dei avsnitta som omhandlar barn og foreldre.
 
Barneverntenesta konkluderte i sin undersøkelsesrapport, datert 041006 om at ein ville senda saka til sakkyndig for utgreiing med sikte på å finna ut om barna var i § 4-12 situasjon. Det vart her lagt vekt på at det gjennom ein periode på over 10 år har kome inn mange bekymringsmeldingar omkring familien. Mange av desse har kome frå personar som kjenner familien godt. Barneverntenesta vurderar far som mentalt ustabil, jamfør blant anna tilsendt skriftleg informasjon frå far. Jamfør og diagnose i følgje Trygdekontoret; "betydeleg personlighetsavvik" og "Schizofreni". Det går og fram gjennom det skriftleg tilsendt materialet at far brukar all sin energi på å få framstilt sitt syn på saka. Det vart vidare lagt vekt på at foreldra held barna vekke frå alt som strir mot deira overbevisning t.d.; vanleg skulegang og kulturskulekonsertar med inngangspengar. Det vart vidare lagt vekt på at far synes å ikkje kunne takla å bli kritisert eller motsagt. Det vert her vist til at så lenge ein yter ønska hjelp eller ikkje stiller dei kritiske spørsmåla så samarbeidar familien/foreldra og med

Side 20 av 42:

offentlege instansar. Vert det derimot stilt kritiske spørsmål eller sett fram krav vert desse instansane stempla som farlege for familien.
 
Dokumentasjon:         041006 Adm.vedtak Konklusjon på undersøking

Spesialist i psykiatri, Kirsten Westlye vart engasjert som sakkyndig i oktober 2006 for å vurdera omsorgskompetansen til foreldra med utgangspunkt i føreliggande dokumenter. Det vart spesielt vist til far sin psykiske helse. Sakkyndig vart og bedt om å prøva å koma i kontakt med familien om det kunne la seg gjera. Sakkyndig gjorde ei rekkje forsøk på å koma i kontakt med familien men lukkast i liten grad med å koma i kontakt med familien. Rapport førelåg derfor først 7. September i 2007. Rapporten vert nærare beskriven nedanfor.


Dokumentasjon:           041006 Mandat til sakkyndigrapport

Barneverntenesta mottok ny bekyrnringsmelding i saka i månadsskiftet oktober/november 2006. Meldar hadde frå Hansen mottatt cd som omhandla barnevernsaka. Ho hadde lese gjennom deler av innhaldet og uttrykt stor bekymring for barna i familien.

Dokumentasjon:             311006 Melding, B. N. Tveit

Rundt juletider 2006 tok mor barna med seg til ein tidlegare nabokvinne som då hadde flytta til Førland i Tysvær. Barneverntenesta vart kjent med dette og tok kontakt med mor. Mor tilbydt økonomisk hjelp av barneverntenesta. Ho ville ikkje ta imot hjelp av barneverntenesta. Barneverntenesta valte då å formidla kontakt med sosialtenesta som gav tilbod om hjelp, som mor tok imot.
 
Dokumentasjon:             221206 Journalnotat

Ved dette høve vart og politiet tilkalla av kvinna mor hadde tatt tilflukt hjå då far kom tilstaden. Politiet rykka ut og situasjonen løyste seg ved at far reiste frå staden. Far hadde to av dei mindre barna, Mariel og Urda Lilje, med seg i bilen ved dette høve. Dei vart tatt inn i huset der mor opphaldt seg medan far samtalte med mor og hennar venninne.

Dokumentasjon:             260107 Uttale Politiet

Mor flytta heim igjen like over jul. Barneverntenesta fekk aukande bekymring for saka på bakgrunn av ulike henvendingar ein fekk om familien sin situasjon samt dagboksnotata til far som ein oppfatta som bekymringsfulle. Ein valte derfor i samråd med lege og politi og be om at far vart framstilt for psykiatrisk vurdering. Ein var svært usikker på korleis far ville reagera på dette. Han vart imidlertid med politiet til legekontoret og vidare til sjukehus utan dramatikk. Barneverntenesta oppsøkte mor like etter at far var dratt. Vil gjer eit forsøk på å drøfta situasjonen med mor. Det er umulig å koma i dialog med henne, ho spring rundt på tunet, skrik til barneverntenesta og barna, jagar barna inn i huset, vil gå frå staden med nokre av dei minste barna. Barneverntenesta ser at ho ikkje "ser" barna sine, og ber henne legen om å vurdera henne. Han vurderar henne til å ikkje vera psykotisk. Barneverntenesta vurderar å gjera eit akuttvedtak og ber politiet om bistand. Ein vurderar det som farleg å aksjonera på kveldstid då ein er redd for at mor og barn kan rømma til skogs. Det er mørkt og det er og ei elv like ved heimen. Barneverntenesta vel å trekkja seg tilbake. Det kjem og ein nabo til som mor har ringt og bedt om å koma. Han blir først bedt om å gå igjen av politiet. Når han kjem tilbake seinare på kvelden går han inn til mor og barna. Dette skjer i forståing med
 
Side 21 av 42:

barneverntenesta. Neste dag tek barneverntenesta på ny kontakt med politiet. Dei vil/kan ikkje bistå barneverntenesta denne dagen og viser til den belastninga dette er for deira tilsette.

Barneverntenesta vert gjort kjent med at mor i etterkant bad om hjelp til å bli kjørt vekk. Ein prøvde å roe ned situasjonen ved å trygga dei på at advokaten ville bli kontakta for ein foretok seg noko meir i saka. 17. januar var det eit fleire timar langt møte med mor og advokat Kvilhaug. Advokaten rådar mor til å ikkje ta imot hjelpetiltak, utover evt om barneverntenesta vil byggje nytt hus til familien.

Dokumentasjon:          080107 Journalnotat
                                    090107 Journalnotat
                                   100107 Journalnotat
                                   170107 Journalnotat

I etterkant av far sin innlegging ved Haugesund sjukehus mottar barneverntenesta bekymringsmelding frå overlege Jan Nocon i forhold til bama sin situasjon med utgangspunktet i far sin psykiske tilstand.

Dokumentasjon:          150107 Melding

Med utgangspunkt i tvangsinnlegging av far for undersøking vart det innhenta informasjon frå Dr. Kleiven. Han viser til epikrise frå Haugesund sjukehus der det er sett diagnose; paranoid schizofreni. Frå legen si side vert det ikkje vurdert som aktuelt med tvunge psykisk helsevern då det vil vera "ei vesentleg inngripen i pasientens sitt liv som ikkje kan seiast å gie vesentleg betring av hans tilstand. Ein vurderar pasienten heller ikkje som direkte farleg for seg sjølv eller andre. Ein finn imidlertid grunnlag for bekymring for pasientens omsorgsevne "

Dokumentasjon:            080207 Dr. Teje E. Kleiven, Helseopplysningar til bamevemtenesta

I uttale frå Haugesund Sjukehus framkjem det at far har klare psykotiske forestillingar; bl.a. at han har vore i stand til å kommunisera med barna sine på fosterstadiet samt at offentlege myndigheter skal ha myrda ein veterinær som tidlegare skal ha støtta familien. Sjukehuset uttalar vidare at dei ønska å halda han lenger på sjukehuset med eit ønske om å få vurdert om ein ved eventuell medisinsk behandling kunne betra far sin omsorgsevne, og "om man eventuelt med medisinsk behandling kunne bedre pasientens funksjonsnivå som grunnleggende foregår på grunnlag av paranoid tolkning, spesielt rettet mot offentlig myndigheter". Det vert vist til at situasjonen hadde vore ein annan om han ikkje hadde omsorgsansvar. "Problemet er at barna må leve under vilkår som pasienten bestemmer utfra en psykopatologisk bakgrunn".

Dokumentasjon:            150207 Hgsd Sjukehus, Vedrørende Rune Hansen

I juni 2007 mottok barneverntenesta eit notat frå rektor ved ungdomsskulen som barna i utgangspunktet høyrer til vedkomande manglande skulegang. Meldinga gjeld i første rekkje Frøydis som nå er i ungdomskulealder. Jamfør både skulefaglege aspekt samt uro rundt manglande høve til å møta jamnaldrande.

Dokumentasjon:             140607 Skjold Skule.

I midten av mai 2007 vart barneverntenesta kontakta av oppfølgingstenesta. Bakgrunnen var at rektor ved Steinerskulen i Haugesund hadde tatt kontakt med dei då Gudmund hadde dukka

Side 22 av 41:

opp ved Steinerskulen saman med søskena sine. Barneverntenesta hadde raskt ein samtale med Gudmund og det kom her fram at han ønska å gå på Steinerskulen og at han hadde gjort dette mot foreldra sin vilje. Han opphaldt seg på hybelen til Balder. Barneverntenesta hjelpte Gudmund å handla inn noko nye kler til 17.mai då han ikkje hadde meir kler enn det han gjekk i. Det vart vidare gjennomført møte med Steinerskulen der Gudmund og dei to eldre søskena deltok. Det kom her fram at det hadde blitt vanskeleg heime dagen før. Dei hadde alle dratt heim då far ikkje var heime. Far hadde kome heim. Det hadde oppstått ein konflikt der far hadde dels trua og dels vore fysisk mot Balder. Politiet var og blitt tilkalla. Far behandla Gudmund som luft.
 
Dokumentasjon:              Journalnotat 160507
                                       Journalnotat 180507
                                       Journainotat 230507
                                       Journalnotat 240507

Mor gav snart uttrykk for at ho var positiv til at Gudmund skulle starta på Steinerskulen. Det viser seg etterkvart at ho er utsett for press frå far og i denne samanhengen. Far truar igjen med skilsmisse og seier at han har papir liggande klare til innsending.

Dokumentasjon:              Journalnotat 010607

Gudmund deltok som hospitant ved Steinerskulen varen 2007. Steinerskulen stilte som vilkår for å ta inn Gudmund som elev frå hausten 2007 at foreldra skreiv under ein avtale på at dei ville samarbeida med skule og barnevernteneste. Dette vart presentert frå foreldra ein rekkje gonger. Dei har enda ikkje skrive under på eit slikt samtykke. Mor har i nokre samanhengar uttrykt seg positivt til å skriva under, men har ikkje gjort det. Far har ved ein rekkje høve motsett seg det, seinast ved eit skriv datert 081007 der han kommenterer referat fra eit møte ved Steinerskulen 140907. Barneverntenesta har i desse møta ved skulen vore tydeleg på at Gudmund har eit fritt skuleval og at dersom foreldra tar frå han høve til å gå på skule vil det bli tatt med i vurderinga av deira evne til å dra omsorg for Gudmund.
 
Dokumentasjon:              090707 Referat frå ansvarsgruppe, Steinerskulen 15.06.07
                                     270607 Steinerskulen, ang. opptak for skoleåret 2007/08
                                     081007 Brev frå Rune Hansen, kommentarar til ref frå ansvarsgruppe.

I oktober 2007 får barneverntenesta på ny meldingar om bekymring frå både ein nabo og frå mor sin familie. Bekymringane går blant anna på vold mot mor, far sine utsegn om at barneverntenesta skal ha forgifta maten deira samt korleis Idun vart tatt imot ved eit besøk. Situasjonen vart på ny vurdert som bekymringsfult, men ikkje som akutt.

Dokumentasjon:             241007 Melding/ Journalnotat
                                     261007 Melding/ Journalnotat
                                     281007 Melding/ Journalnotat

Hjelpetiltak

Det er avgrensa kor mykje hjelpetiltak som har vore inne i denne saka. Det har vore hjelpetiltak inne i forhold til å dekka diverse utgifter for Gudmund i samband med skulegang. Foreldra har vist motstand mot at barneverntenesta har ytt denne hjelpa til Gudmund. Følgjande vedtak om hjelpetiltak er likevel gjort i forhold til Gudmund:

Side 23 av 42:

     - 01.06.07 Vedtak 140/07 Innkjøp av klede, pengar til livsopphald,
                                           Tidsperiode 160507- 200607
     - 05.09.07 Vedtak 107/07 Betaling av skolepenger og skuleutstyr og evt. Skuleturar.
                                           Tidsperiode 150807 - 150708
     - 30.09.07 Vedtak 125/07 Betaling av skyss til skule/ungdomskort
                                         Tidsperiode 300907 - 300608

Hjelpetiltak utover dette har blitt heilt avvist av familien. Dette var og gjeldande ved barneverntenesta i Sveio sin kontakt med familien. Det har og frå første kontakt med barneverntenesta i Vindafjord vore klart at foreldra ikkje onska kontakt med barneverntenesta. Når hjelpetiltak var tema i møte med advokat og mor vart evt. hjelpetiltak avvist.

I samband med far sin innlegging vart det gjort eit forsøk på å få til eit tiltak for mor og barna i samarbeid med Bufetat. Ein kom ikkje i posisjon til å få dette reelt drøfta med mor.

Like før denne situasjonen i januar 2007 var det drøfta med Bufetat om kva tiltak som kunne vera aktuelle då ein såg for seg at situasjonen kunne bli akuttprega med behov for akuttplassering av barna.


FAR SINE DAGBOKNOTAT

Det er ikkje vanleg å ta med denne type dokument som grunnlag for ei Fylkesnemndssak. Når barneverntenesta finn det rett å gjera det i denne saka er det lagt vekt på at far sjolv har spreidd denne informasjonen ved blant anna å levera deler av innhaldet direkte til barnevetenesta og ved å levera den til ei rekkje einskildpersonar der nokre igien har levert cd-en vidare til barneverntenesta. Det er og lagt vekt på at far og mor skriftleg har bedt om at ingen papir i denne saka skal unntas offentlighet. Då finn vi det lite inngripande å sitera desse dokumenta i denne samanhengen.

I tillegg til dette aspektet finn vi det viktig å ta med nokre opplysningar fri desse dagboksnotata, då far her gjer grei for sin tenking rundt sentrale emne i denne saka. Vi meiner at dei derfor vil vera med å gje eit bilete av korleis barna har det. Det vil berre vera nokre få utdrag som blir behandla då den totale mengda notat i perioden mars - desember 2006 dreier seg om fleire hundre sider. Vi har ikkje hand om notat frå 2007 og veit heller ikkje om det er skrive notat i denne perioden eller tidlegare.

Rune Hansen beskriv fleire plassar at han tek opp samtalar, blant anna samtalen med Haugesunds Avis i forkant av avisoppslaget der. "Saksframstillingen i Haugesunds Avis blir muligens svært mangelfull - og kanskje også feilfokuserende. Jeg gjorde MP3-opptak av alt som skjedde og ble sagt mens de var her, for sikkerhets skyld, med to MP-3 opptagere, den ene hadde jeg under genseren hengende i en snor rundt halsen, den andre på en hylle i stuen”.

Dokumentasjon:            220306 Dagboksnotat
 
Hans skepsis til offentlege instansar er godt belyst i andre samanhengar, men eg vil og vise til at han og her i sine notat beskriv kor mykje tid han må bruka til å forsømma familie og andre arbeidsoppgiver pga sitt arbeid med "Saksdokumentasjonen", dvs dokumentering av det offentlege sin inngripen i familien. I sine papir vert ein av dei tilsette ved barneverntenesta sitt namn konsekvent dreidd til Molbo..... Og i andre samanhengar vert offentlege instansar sine

Side 24 av 42:

namn og instansar fordreidd eller sett andre namn på som t.d. "Heksetie i Vikedar” og ”den verste sorten innanfor Arbeiderparti-ideologien og dens lavtstående etterfølgere. " Han viser fleire plasser til at det er barneverntenesta som har manipulert Balder til halls handlingar. Han har og gitt uttrykk for at han mistenke barneverntenesta for å stå bak skogbrannen i Vikebygd våren 2006.

Dokumentasjon:            220306 Dagboksnotat
                                      240806 Dagboksnotat
 
Han viser ved fleire høve klar motvilje når han blir sagt imot frå andre personar han har kontakt med. Forutan i forhold til barna gjeld dette og mor. I tillegg viser det seg overfor andre personar som han har kontakt med t.d. ei kvinne som han uttalar seg i forhold til å ha egne bein å stå på, jfr Balder sin situasjon. Hansen avviser etterkvart denne kvinna heilt og når ho ber nokre av barna med på hyttetur etc.

Dokumentasjon:            260406 Dagboksnotat
                                     240806 Dagboksnotat

Dagboksnotata omhandlar og forhold rundt Balder og Idun sin utflytting frå familien. Vi ser at far er den som oppfordrar Balder til å ta skrittet fulit ut og "avsondre seg heit og på alvor ifra familien heller enn i være ødeleggende overfor familien". Ved eit hove seinare i mai siterer Rune Hansen kva han har sagt til Idun. ”Kanskje jeg skal kjøre deg til barnevernet med det samme sa jeg skarpt og provoserende til Idun i det vi satte oss i bilen… Kanskje jeg skal kjøre alle ungene dit med det samme så er viferdig med det.” Det kjem ikkje fram kva foranledningen er her. Eit av dei mindre barna var og tilstades. Same dag er dei og på konsert der og Balder deltek. Far beskriv at han ikkje snakka med han, hadde ikkje interesse av det. Om fløytespelet til Balder skriv han at det ikkje lenger er prega av uskyld, jfr flytting. I etterkant av at og Idun har reist frå heimen skriv han "Jeg tenker ofte på dette som hendte med Balder og Idun, - at det ville vært bedre om de var blittfysisk voldtatt og mishandlet heller enn det som egentlig skjedde ". Han legg og her skulda på barnevernet -" Vindafjord kommune Administrasjonen ". I eit seinare notat skriv han "Hogganvik fikk Balder og Idun i dødsriket "

Når far så får vita at mor og Gudmund har møtt Balder i skjul har han sterke reaksjonar på det. Ved eit tilfelle der far treff Idun og hun ber om å få treffa sine søsken og familie igjen uttalar far; "Jeg sa at hun har sviktet og forlatt sine foreldre.....Hun har sviktet sin fars tillit for en billig og dårlig penge! Har hun ikke noe bedre å si, så angrer hun ikke sitt svik…”

Far omtalar i sine dagboksnotat Balder som Satan, han beskriv at Balder og Idun er i dødsriket, han snakkar om å ofre barna i kampen mot barneverntenesta for å visa kor grufull barneverntenesta er.

Dokumentasjon:          140506 Dagboksnotat
                                    230506 Dagboksnotat
                                    180706 Dagboksnotat
                                    270806 Dagboksnotat
                                    090906 Dagboksnotat

Far har heilt klart styring med det som føregår i heimen, eit eksempel her er når Gudmund får jobba for ein nabo så skal all lønn inn på far sin konto slik at "Gudmunds motiv på ingen måte skal være penger og egoisme ".

Side 25 av 42:

Dokumentasjon:          280806 Dagboksnotat

I samband med at mor forlet bustaden rundt jul 2006 skriv far om dette; ”At Trude gjorde og gjør det hun nå gjør, er vel å betrakte som hor? Eller hva? Hun går på sett og vis, også sin ektemann til tross, til selveste skjøgen Babylon - og at med seg noen av barna. Og forsøker å få med seg hele familien?! Er det Antikrist som har besatt henne? Og som har vunnet slaget om henne? Og er det definitivt og endelig?”
Beskrivingane i notata er til dels enkle beskrivingar av kva som vart sagt og kva som skjedde. Dei er vidare i spedd ein del bibelsitat som vidare blir dradd inn i den aktuelle situasjon; "Kanskje først straks når alle i omgivelsene har giennomskuet de onde gjerningane til Balder i dødsriket, og gråter over skammen, - Kanskje først da skjønner og fatter Balder selv hva forferdelig han har gjort for galt?” . "Den, lek med liv og død som Trude, og Balder, nu driver med, - er slikt noe tilgivelig?" Balder er den som saman med mor får skuld for det som har skjedd.

Desse ulike utsegnene til far i desse notata var noko av grunnlaget for at ein bad om at han vart framstilt for vurdering av sin psykiske helse i januar 2007.

Dokumentasjon:           201206 Dagboksnotat
                                   231206 Dagboksnotat


SAKYNDIG SI UTGREIING


Barneverntenesta engasjerte hausten 2006 Kirsten Westlye som sakkyndig i saka. Westlye fekk aldri direkte kontakt med foreldra i denne saka. Jamfør blant anna at advokaten til foreldra frårådde foreldra å ha kontakt. Advokaten stilte og spørsmål med nødvendigheten av å få gjennomført ei sakkyndig utredning. Utredninga er derfor basert på dokument som er vist til ovanfor samt til samtalar sakkyndig har hatt med ulike personar som kjenner eller har hatt noko å gjera med familien.

Mandatet til Westlye var:
Barneverntenesta ber om ei vurdering av foreldra sin omsorgskompetanse basert på opplysningar som kjem fram av papira dykk får tilsendt. Ynskjer og ei vurdering om kva skadeverknader barna kan få ved å leva under dei forholda dei lever under. Barneverntenesta ber sakkyndig vera særskild merksam på far sin psykiske helse på bakgrunn av diagnose og far sin tolking av situasjonen med bakgrunn i hans utspel i undersøkinga. Korleis kan far sin psykiske helse påverka barnas kvardag?
Barneverntenesta ber sakkyndig om å prøve å komme i kontakt med familien for å få til ein samtale med far, mor og barna saman for å sjå på samspelet i familien.
Om sakkyndige ikkje kjem i direkte kontakt med familien må sakkyndighetsvurderinga baserast på bakgrunn av tilsendt materiell.

Sakkyndig har hatt samtale med Jens Tveit, ein pensjonert mann, som tidlegare blant anna har arbeida som rektor. Han har gjennom nokre år mott Hansen og familien ved nokre høve. Hansen tok kontakt med Tveit etter at barnevernsaka kom opp for å be om hjelp. Tveit har hatt ein del samtalar med Hansen i perioden frå våren 2006. Tveit beskriv ein mann som ønskjer å diskutera, særleg rundt barnevernet, men og religion og politikk. Religiøst blandar Hansen saman "Åsatru", indisk religion og forhold frå det gamle testamentet. Tveit beskriv

Side 26 av 42:

Hansen som ein drømmar som svært ofte ikkje får utført sine planar, t.d. planting av planter og utnytting av tømmer som var felt for fleire år sidan. Tveit har ikkje registrert at det er faste rutinar i heimen til familien Hansen, jfr måltider eller leggetider etc. Tveit opplever Hansen som mistenksam, også overfor Tveit. Han kjenner til at Hansen har mistrudd han for å stå i "ledtog" med barnevernet. Tveit opplever mor som sterkt avhengig av mannen.

Sakkyndig har vidare hatt samtale med Tveit sin son og svigerdotter, Arne og Brit Nelly Tveit som og er busett i Vikebygd. Dei har møtt barna i familien ved ein del høve. Dels gjennom trening i idrettslaget og dels gjennom fellesarrangement i bygda som t.d. fjellttirar etc. Dei har opplevd barna som kontaktsøkande til vaksne. Familien Tveit har gitt familien Hansen ein del brukte kler. Dei har ikkje registrert at dei vaksne er delaktige i sosiale aktivitetar. Dei har mottatt cd-en som Rune Hansen har distribuert. Dei er sterkt bekymra for hans oppfatning av verden som eit "oss og dei verden" der barneverntenesta står i spissen for dei farlege. Dei kjenner og til at Hansen skal ha gitt uttrykk for at den store skogbrannen som trua familien sin bustad våren 2006 var sett på av barneverntenesta.

Sakkyndig har hatt samtale med Sigve Bøe, ein kjenning av Rune Hansen. Han tok sjølv kontakt med sakkyndig og ønska samtale. Bøe har hatt noko kontakt med Rune Hansen, hovudsakleg med utgangspunkt i heimeundervisning. Bøe meiner at barnevernet sin intervensjon i denne saka er uberettiga. Samtidig er det slik at "han selv aldri ville sendt sine barn dit hvis det ikke hadde vært for at Trude var der " (Dvs familien Hansen sin heim)

Sakkyndig har og hatt samtalar med skulefagleg rådgjevar i Vindafjord kommune, Arne Borgemyr som har gjort greie for utfordringane knytt til familien, blant anna gjennomføring av tilsyn. Sakkyndig har og prøvd å få til samtale med tilsynsførar utan å få til samtale med henne.

Per Schnabel er ein nabo av familien Hansen. Sonen hans er kamerat med Gudmund og dei har på bakgrunn av dette hatt ein del kontakt med familien. Særleg då med Gudmund, men han har etterkvart og fitt kontakt med far. Eit tema som far har tatt opp i samtalar med Schnabel er forholdet rundt dei eldste barna som har flytta ut. Om Balder skal far ha uttalt at ikkje skal ” sette vondt på sine søsken" og at han derfor ikkje får koma heim. Far skal overfor Schnabel ha gitt uttrykk for at han ønskjer at barna skal slå seg ned med eigne gardar og at han skal styra over dei alle. Schnabel kjenner til at far har slått mor "gul og blå" rundt juletider i 2006. Dette skal mor seinare ha bagatellisert. Han opplevera at far våren 2007 stadig truar med skilsmisse, noko mor ikkje ønskjer samtidig som han "trykker henne ned i skiten". Han kjenner vidare til at far har ein opptakar liggande på når han ikkje er heime slik at han kan følgja med på kva som vert sagt. Far skal og ha sagt at han har tatt opp samtalar som Schnabel har hatt med han. Schnabel uttrykkjer og at dei ikkje har orden på leggetider. Viser til at han ved eit høve vart sitjande hjå Hansen til klokka to på natta. Barna var framleis oppe. Han har heller aldri sett eit bord som var dekka, han finne det lite sannsynleg at dei har faste måltider. Schnabel seier at han ikkje har sett tydeleg teikn på omsorg heime hjå familien som t.d. fysisk kontakt gjennom klemming etc.

Sakkyndig har og hatt samtale med Balder og Gudmund i august 2007. I samtale med dei kjem det fram at alt som barna skal lesast først må sensurerast og godkjennast av faren. Dei har ikkje hatt faste tider til undervisning eller andre gjeremål heime. Dei fortel at faren har utøvd vold mot alle i familien, kanskje med unntak av dei aller yngste. Det skjer ved at han klaskar dei og han skal og ha bitt. Dette skjer om dei har gjort noe galt. Nå brukar han og vald mot dei små barna som ein måte å oppdra dei på. I samtalen fortel dei om lite oppfølging t.d. i form av kjøring til aktivitetar etc. Gudmund må nå sykla til Vikebygd sentr-um om morgonen

Side 27 av 42:

for å nå skulebussen til Haugesund. Ein distanse på om lag 5 kilometer. Dei fortel og at dei ikkje har faste måltid, et sjeldan saman.

Farmor har i telefonsamtale med sakkyndig fortalt at ho har observert at far har slått Balder samt at ho har høyrt om voldsbruk gjennom andre. Ho uttrykkjer bekymring for barna sin situasjon, der ho opplever det slik at Rune vil ha barna hjå seg alltid.

Sakkyndig konstaterer at ho på bakgrunn av sine hovudsaklege indirekte opplysningar har fatt eit godt (dvs tydeleg) inntrykk av foreldras væremåte, tenking og verdisyn. Ho oppfattar det slik at det er Rune Hansen sine haldningar og meiningar som pregar heimesituasjonen. Gjennom alle år synes det klart at foreldra har vist ein sterk aversjon mot "det offentlige" og har eit fiendebilde av offentlege instansar. Det synes som familien på den måten vil hindra barna i skadeleg påverknad, det er uklart for sakkyndig kva paverknad dette dreier seg om. Sakkyndig påpeikar vidare det paradoks at Rune Hansen til trass for sin aversjon mot det offentlege mottek uføretrygd pga "schizofreni" samtidig som han hevdar seg kompetent til å undervise barna både i grunnskulealder og på vidaregåande skule sitt nivå.

Heimeundervisninga synes ikkje å vera strukturert og det er store manglar i tilsynsrapportane.

Avvising av dei barna som har valt å flytta ut samt store manglar ved oppfølging av barna i form av transport til arrangement, struktur på måltider og legging samt sensurerring av songtekster etc er andre bekymringsfulle element i omsorgssituasjonen til barna.

Andre forhold som sakkyndig trekkjer fram er far sine sterke og fastlaste meiningar der det vert lagt stor vekt på at barn skal adlyda sine foreldre og at kvinna skal vera mannen underdaning. Ulydige eller ueinige barn vert straffa av far og gjennom fysisk straff. Dette bar og vist seg i forhold til mor. Far tale ikkje uenighet frå dei andre i familien i forhold til sitt livssyn og det viser seg at far har eit ekstremt behov for kontroll. Når nokre så ikkje underordnar seg vert dei totalt avvist.

Sakkyndig oppsumerar sin undersøking slik:

"Konklusjon
     *   Gudmund f-91, Frøydis f-93, Sofie f-97, Alfredo f-99, Mauriel Rose-01, Urda Lilje f­03 og Solborg Hansen f-06 lever alle i en omsorgssituasjon som innebarer mangel pd struktur, forutsigbarhet og følelsemessig trygghet.
     *   Barna oppdras med fysisk straff som sanksjonsmåte. Dette er skadelig og ikke minst ulovlig.
     *   Barnas far har en sterkt avvikende personlighet preset av storhets ideer om seg selv, et ekstremt kontrollbehov, paranoiditet overfor andre og især "det offentlige" og liten evne til innlevelse i barnas (andres) tanker og følelser. Han evner også i liten grad å ta hensyn til barnas behov og sette egne behov til side.
     *   Mye tyder på at barnas mor underkaster seg sin ektefelle, og at hennes muligheter for eventuelt å kompenserer for farens skadelige påvirkning er liten.
     *   Foreldrene vil være ute av stand til å samarbeide med barneverntjenesten om evt. hjelpetiltak. For øvrig kan jeg heller ikke se hjelpetiltak som kan være egnet til å bedre barnas mangelfulle omsorgssituasjon."


Side 28 av 42:


VURDERINGAR

Denne saka har ein klar svakhet i at det er i avgrensa grad barneverntenesta har kome i direkte kontakt med barna i familien. Dette gjeld i sæleg grad barneverntenesta i Vindafjord, men det gjeld og andre barneverntenester tidlegare. Det kan likevel ikkje vera slik at foreldre kan hindre at barna får naudsynt hjelp ved at dei dreg seg unna kontakt med barneverntenesta. Denne saka gjeld ein familie som gjennom omtrent 20 år har hatt bustad i ei lang rekkje med kommunar over eit større geografisk område. Felles for situasjonen i alle kommunane er at andre har hatt avgrensa innsyn i barna sin situasjon. Det har vore avgrensa kontakt med helsestasjon, barna har ikkje gått i barnehage eller skule. Og i den grad barneverntenesta har vore inne har det vore avgrensa til nokre få heimebesøk i 93 og 98.

Gjennom den kontakten som familien, og då særleg far, har hatt med offentlege instansar samt gjennom andre privatpersonar som familien har hatt kontakt med har ein etterkvart fått danna seg eit klarare bilde av barna sin situasjon. Barneverntenesta meiner at ein nå har eit klart bilde av kva situasjon barna i denne familien lever under.

Begge foreldre har ansvaret for dei forholda barna lever under. Mor er like ansvarleg som far for at barna forblir i ein situasjon som er klart skadeleg for dei. Ho har levd i eit samliv med far i over 20 år dvs langt over halve livet hennar og det er grunnlag for å fastslå at ho er prega av den livssituasjonen familien har hatt i alle desse åra.

Barna i denne familien er i alderen eit og eit halvt år og opp til 16 år. Dei er i ulike fasar i livet, der dei minste er heilt avhengig av dei vaksne dei har rundt seg. Dei eldste er i ein fase der dei skal tilpassa seg eit storsamfunn dei i liten grad er kjent med. Barn som lever i omsorgsvikt situasjonar kan sjeldan gje uttrykk for korleis dei har det. Barn som veks opp i omsorgsvikt opplever dette som ein normal situasjon og har lite samanlikningsgrunnlag. Det er først når andre barn og vaksne viser reaksjonar på t.d. kler, hygiene, deira væremåte eller på mangel på oppfølging frå dei vaksne at barna kjenner seg annleis enn andre. Barn kan lett oppleve dette som at andre vaksne tar avstand og avviser. Men til og med litt større barn har små høve til å forstå samanhengar.

Barn som lever under varig omsorgsvikt vil ofte få større problem enn barn som opplever meir kortvarig foreldresvikt. Det varige vil setja spør i barna sin utvikling. Det som er av ytre forhold som t.d. manglar ved kler, reinhald og bustad kan i mange tilfelle forbetrast, i alle fall på kort sikt. Det er ofte verre å få til varige forbetringar.

Det som imidlertid er langt meir alvorleg er barn som ikkje får den naudsynte stimulering, opplæring og sosialisering med andre bam og vaksne.

Erfaringsmessig viser barn sine problem seg i samhandling med andre vaksne og bam. Den tydlegaste arenaen er då skulen, evt og barnehagen. I denne saka er det berre Gudmund som deltek på ein slik arena. Vi kan imidlertid og dra erfaringar frå dei eldre søskena.

Menneske fødes med ulik konstitusjon, slik er det og innan ein søskenflokk. Nokre tåle det andre ikkje tåler. Det at barn som lever i familiar med omsorgssvikt ikkje viser tydelege teikn på skade gjennom helseproblem etc kan vi ikkje ta som bevis på at den problemstillinga ikkje er tilstades i den familien.

 
Side 29 av 42:

Vurderingar knytt meir konkret opp mot familien Hansen.

Vi vil nedanfor prøva å knyta dei generelle skildringane av omsorgsvikt ovanfor til situasjonen til dei barna denne saka omhandlar. Vi vil først sjå på dei felles oppvekstvilkåra barna har hatt.

Barna i denne familien har heilt klart opplevd å ha fysiske oppvekstvilkår som er utafor det vi i dag tenkjer at barn treng. Barna har siste åra budd i eit hus som er svært lite sett i forhold til den store familien. Bustaden har i utgangspunktet innlagt vatn, men dette har ikkje vore i orden på lang tid. Vask etc må derfor skje i eit uthus. Det synes som at barna har hatt ei hygiene som stort sett har vore tilfredstillande, men likevel slik at andre har reagert på det ved fleire høve. Det same kan seiast om kler. Barna har stort sett vore tilfredstillande kledd, men ved nokre tilfeller slik at andre har reagert på skitne kler. Dei er ofte og kledd slik at dei vil bli oppfatta som "annleis" enn dei andre i bygda.

I tidlegare periodar er det og heilt klart at familien har levd under forhold som heller ikkje er tilfredstillande hygienisk. Dette kom særleg klart fram når dei budde i Skaun der barna måtte skritte over eit fleire månader gammalt grisekadaver og vidare over eit fjøsgolv dekka av skitt for dei kom til utedoen. Det skal og ha vore totalt utilfredstillande hygieniske forhold for dette. Vi kjenner lite til korleis forholda skal ha vore slik etter flytting til Vindafjord men melding mottatt i oktober 2007 tyder på at det framleis er uttilfredstilland forhold til tider då det vert rapportert om at besøkande ikkje ønskjer å ta av seg skorne ved besøk i heimen.

Det er ikkje, og det skal ikkje vera slik, at trangboddhet og bevisste val i forhold til å leva alternativt gjer folk uskikka til å ha omsorg for barn. I denne saka er det imidlertid eit fakta at over lang tid har barna levd under fysiske forhold som har vesentlege avvik i forhold til det andre barn veks opp under og som og kan vera problematiske i forhold til omgang med andre barn. Det synes og som det snarare er eit resultat av familien sin manglande evne til å ordna opp i desse forholda, enn eit bevisst val i forhold til å leva alternativ. Det å ikkje ha innlagt vatn eller ordna toalettforhold skaper avstand i forhold til det som vert sett på som vanleg i dagens samfunn. Sett i samanheng med andre forhold som vert vist til nedanfor vert dette derfor relevant i ei total vurdering av omsorgssituasjonen.

Fysisk og psykisk vald

Barneverntenesta vil nedanfor visa til at barna vert utsett for vald både aktivt og passivt. Aktivt i form av at dei sjølv vert utsett for fysisk eller psykisk vald, passivt i form av at dei er vitne til at mor og/eller søsken vert utsett for fysisk eller psykisk vald.

Barneverntenesta finn det sannsynleggjort og så langt som mulig bevist at barna i denne familien er utsett for fysisk vold frå far som ein del av oppdraginga. Om mulig med unntak av dei aller minste har alle opplevd slag og spark. Det å vera ulydig eller ueinig med far utløyser fysisk straff. Han skal og ha bete barna som ein mite å utøva kontroll på.

Barna har etter all sannsynlighet og vore vitne til at det er uført fysisk vold av far overfor mor. Det er ein kjensgjerning at mor er blitt slått av far. Det er vidare kjent at det har innverknad på barn når dei opplever vold mellom foreldra. Foreldre skal trygge barna sine. Når den eine forelderen utøve vold mot den andre er det ikkje lenger trygt for barna.

Den psykiske volden barna er utsett for i denne familien er klart skadeleg for barna. Dersom dei ikkje viser total lydighet til foreldra risikerer dei total avvising. Dei to eldste, og nå

Side 30 av 42:

utflytta barna, har blitt totalt avvist av far. Gudmund har opplevd noko av det same når han har valt å starta på Steinerskulen utan far sin godkjenning. Avvisinga har vi sett gjennom at han ikkje snakkar til dei, at han nektar dei å treffa andre i familien og at han og reint fysisk går til angrep på Balder for å få han frå eigedommen når Balder har kome heim på besøk. Vi veit heller ikkje kva bilete dei andre barna får når far omtalar Balder som Satan.

I tillegg til at dette er alvorleg for dei barna dette gjeld, er det og alvorleg for dei yngre søskena. Korleis bama opplever å ikkje få ha kontakt med sine eldre søsken er vanskeleg å forestille seg utover at det må opplevast traumatisk. Vi kjenner til at for Idun sitt vedkomande var det å bli nekta kontakt med Balder utløysande for at ho sjølv flytta. Dei yngre barna har ikkje den muligheten. Vi kjenner til at Urda Lilje klamrar seg til Idun når dei treffes ved juletider. Ho skal ha blitt fortalt av far at Idun var død. Den sært ulike og usanne informasjonen barna får vil heilt klart vera skadeleg for deira uvikling.

Når far forinidlar til barna at barnevernet har gift i maten deira samt at det er barneverntenesta som har sett på storbrannen i Vikebygd våren 2006 vil dette vera ein stor psykisk påkjenning for barna og gjera dei utrygge. Denne frykta som far skaper veit vi ikkje kva mor gjer med. Ved heimebesøk i januar 2007 opplevde barneverntenesta at mor overtok far sin rolle. Ho skjelte og banna, ordra barna "som hundar". Barna er ofte med når far snakkar negativt om offentlege instansar. Dette må me og rekna med at skaper ein mistillit hjå barna.

Far og mor har heilt klart ulik haldning til kva kontakt dei og familien skal ha med dei utflytta barna. Mor har ved nokre høve trossa far sin vilje og oppretthalde kontakt med barna. Når far så har oppdaga dette har det ført til store konfliktar. Konfliktar som har ført til både fysisk mishandling av mor samt og at ho har flytta ut av heimen. Ein del av mønsteret har vore at mor etter ei tid har innretta seg etter far sin vilje og flytta heim igjen ved dei høve ho har vore ute av heimen.
 
Mor godtek slik valden ved å ikkje ta borna vekk frå situasjonen. Ho vel å ikkje ta ut skilsmisse og krevja dagleg omsorg for barna. Slik sett bidreg og mor til at barna vert verande i ein situasjon der dei vert utsett for fysisk og psykisk vald, både aktivt og passivt. Ho er av mor og naboar/vener råda til å søkja hjelp t.d. ved krisesenter utan at ho har fylgt desse råda.

Far knyter både det at barna skal lya sine foreldre samt at kvinna skal underordna seg mannen til religiøse førestillingar, blant anna det fjerde bod. Far sine førestillingar rundt dette er imidlertid av ei fastlåst art som ein ikkje berre kan forstå ut frå religiøse dimensjonar. Dette har lite med religion å gjera og må setjast i samanheng med far sin psyke og personlegdom. Far prøver etter barneverntenesta si oppfatning å gje si oppførsel legitimitet ved å knyta den opp mot den kristne religion.

Opplæring og sosialisering
 
Barna i familien Hansen har aldri fått oppretta noko nettverk utafor familien. På den måten vert omsorgsvikten i denne saka sæskilt alvorleg. Dei har berre sine foreldre og søsken.

Barna har aldri gått på skule, då bortsett frå Gudmund dei siste månadane. Dette må sjåast på i samanheng med foreldra, og då særleg far sitt ønske om å skjerma dei mot "uheldig påverknad". I forhold til skule har det blitt ført ein lang kamp for å få lov til å driva heimeundervisning for barna. Dette er etterkvart blitt godkjent. Det er ikkje barneverntenesta si oppgåve å vurdera om vilkåra for heimeundervisning er fylgt opp. Vi vil imidlertid stille spørsmål med om vilkåra er fylgt opp så lenge vi ikkje kjenner til at det er noko plan for

Side 31 av 42:

opplæringa, vi kjenner ikkje til at det vert nytta læreverk som er i bruk i skuleverket utover det som er rapportert i ein tilsynsrapport frå 2003. Vi kjenner ikkje til at barna er vurdert opp mot forventa fagleg utvikling for sitt alderstrinn etc. Barneverntenesta konstaterer og at det ikkje er ført tilsyn med heimeundervisninga siste åra samt at det frå skulemyndighetene er stilt ei rekkje kritiske spørsmål til tilsynsførar sitt tilsyn og tidlegare. Barneverntenesta vil samtidig understreka at ein ikkje tvilar på at fleire av barna har framifrå evner på det musikalske omradet samt at dei tidleg har lært seg å lese. Barneverntenesta får eit bilete av at nokre av barna har tilegna seg mykje kunnskap innanfor musikken trass at dei har vore i ein uheldig omsorgssituasjon og hatt manglande skulegang.

Barneverntenesta oppfattar at det å hindre barna i å gå på vanleg skule er eit resultat av far sitt kontrollbehov like mykje som eit bevisst val om heimeskule. Dette viser seg blant anna gjennom far sin gjennomlesing av skulebøker etc før barna før nytta dei.

Når barna ikkje får arenaer der dei omgås andre barn mister dei heilt klart ein sosial læringsarena. Barna mister verdifull læring på vegen fram mot sin eigen identitet. Det at nokre av dei eldre barna har deltatt på trening saman med andre fri bygda kan ikkje kompensera den sosiale treninga ein får gjennom skule og barnehage. Når vi i tillegg veit at barna ved fleire høve er blitt nekta kontakt med andre barn er dette bekyrnringsfullt.

Barna vert omtalt som sterkt kontaktsøkande når dei er i kontakt med andre vaksne. Dei oppfører seg høfleg. Det at barna er høflege og oppfører seg ordentleg må imidlertid og sjåst i samanheng med at far forlangar total lydighet frå barna. At dei slik vert kua vil naturlegvis prega dei og i samvær med andre vaksne. Det kan og stillast sporsmål om vi som møter dei har forventningar til "normal" oppførsel eller om vi legg forventningane lågare.

For Gudmund sin del blir han skadelidande då foreldra ikkje vil bidra til at han får halda fram på vidaregåande skule. Det er forståeleg at Steinerskulen krev at det er vaksne ansvarlege å samarbeida med rundt Gudmund sin skulesituasjon. Det er derfor særs uheldig at foreldra nektar å samarbeida rundt dette i form av blant anna å underskriva ein samarbeidserklæring.

Det ein fryktar i denne familien er at barna skal bli "hjelpelause vaksne". Dette gjeld i forhold til å omgås andre, i forhold til skule og arbeid, det å bli sjølvberga/sjølvhjelpen. Balder sin situasjon har vist tydeleg kor hjelpelause barn som veks opp i ein slik situasjon kan bli som vaksne. Han har ingen vaksenstøtte, og har ikkje erfaringsgrunnlag frå eit vanleg oppvekstmiljø.
 
Rutinar

Barna lever i ein kvardag som manglar rutinar. Det er ikkje faste måltider, leggetider eller tider for skulearbeid. Ein slik kvardag med total mangel av denne type knaggar til å strukturera kvardagen gjer barna i liten grad klar for å møta samfunnet sine krav. Dette har kome tydlegast til syne hjå Balder som har vist seg å ha store problem med å forholda seg til krav frå skule, husvert og samfunnet elles. Og Idun rapporterar at ho slit med å fylgja "normalkrav". At familien ved ein del heimebesøk frå ulike offentlege instansar har greidd å framstå som ”ein samla familie i stova” er dessverre ikkje regelen, men heller unntaket frå det som pregar kvardagen.

Side 32 av 42:

 Far

Far er den personen som etter barneverntenesta sitt syn heilt klart pregar denne familien mest. Det vil derfor vera heilt naudsynt at det kjem fram korleis hans personlegdom er og korleis dette pregar familien sitt liv.

Far har fått diagnose schizofreni. Det er samtidig slik at han synes å ha storhetstankar om seg sjølv samt at han klare paranoids trekk. Han vert ikkje oppfatta som farleg for seg sjølv, men langt fleire enn barneverntenesta har stilt spørsmål med hans omsorgsevne.

Far sine paranoids trekk har gitt seg utslag i at han tar opp samtalar han har med ulike offentlege og private personar ved hjelp av mp3-spelar. Om dette er spesielt, og kanskje til dels tvilsamt når det ikkje er avtalt på førehand, er det imidlertid langt meir alvorleg at han og avlyttar sin eigen familie når han er ute av heimen. Kva band dette legg på dei andre familiemedlemmene er usikkert, men det er klart bekymringsfullt.

Far sine storhetstankar om nærast å bli ein leiar for sitt eige familiedynasti er klart prega av hans ønske om å ha kontroll og om å skapa seg ein verden for sin familie som ligg på sida av resten av samfunnet. I praktisk kvardag synes det imidlertid som far får lite gjort. Vasken går tett og vert ikkje reparert, planter vert kjøpt og langt frå alle kjem i jorda, tømmeret til husbygging er felt, men ligg og rotnar ned før det kjem på saga. Det som opptar tida hans eg kampen mot offentlege myndigheter. Nå er det barneverntenesta i Vindafjord som er hovudmotstandar, tidlegare var det kommunal myndigheter i Skaun. Dette bruker han svært mykje tid på. Han oppgir og sjølv at det er grunnen til at han ikkje kjem i gang med andre oppgåver.

Samtidig som far er ufor av psykiske årsaker kan vi ikkje sjå at han nokon stad stiller spørsmål med sin kompetanse til å følgje barna opp med undervisning eller på andre måtar.

Far skaper heilt klart eit bilde av "oss og dei". Familien sin kamp mot offentleg myndighet. Dei som er igjen i familien på den eine sida og på andre sida Balder og Idun som har gått ut og ikkje lenger høyrer til i familien. For han blir det svært sterke skilje her. Det er rimeleg klart at det å skapa så klare skiljelinjer i forholdet til samfunnet og i forhold til andre privatpersonar som far vert ueinig med må ha negativ verknad for barna dersom ein forutset at dei treng nærma seg samfunnet. Det å setje Idun og Balder så klart utafor familien må og få verknader for dei andre bama. Først i forhold til å mista kontakten med dei eldste søskena, men og i forhold til korleis dette kan skapa ein frykt hjå dei andre barna om at det og kan skje dei.

Barna får grunnleggande mistillit til alle. Far mistenke alle for å ha ein skjult agenda. T.d. viser dette seg når Balder får hjelp av sosialtenesta til å skaffe seg mobil og lurer på om denne er avlytta. Og når han lurer på kva gjenytingar han må gje for å ta i mot økonomisk sosialhjelp.

At far ved nokre høve kan framstå som roleg t.d. i møter med offentlege instansar som helsesøster må sjåast på ut frå at dette er ein situasjon der han ikkje vert pressa eller motsagt. Det finnes solid dokumentasjon på at han oppfører seg annarleis om han blir motsagt eller kjenner seg pressa av offentlege myndighetar og av dei eldre barna.


Side 33 av 42:

Mor

Mor viser ved nokre høve at ho møter minste barnet ved blikkontakt etc. Vi veit mindre om korleis ho møter dei i andre situasjonar. I krisesituasjonar synes ho å ha lite syn for barna sin situasjon, jfr situasjonen i januar der barneverntenesta er tilstades og situasjonen ved julehelga 2006 der ho reiser frå fleire av barna. Vi kan ikkje sjå at ho greier å skjerma barna for det som skjer.

Mor kan i denne familien bli noko utydeleg. Til dels tar ho del i far sitt syn på omverda, i hans fiende bilete av offentlege instansar, t.d. i forhold til skule og kontakt med barnevern. Ved nokre høve som ved møte med barneverntenesta i januar 2007 overtek ho far sin rolle og er viser skepsis og angrip barneverntenesta. Dette har og vist seg i andre møter.

Til dels gjer ho mot far sin vilje, som ved å treffa dei eldste barna. Ho kan og seia i mot han. Det har og skjedd at ho har forlate heimen ved nokre høve, nå sist ved jul 2006 og i oktober 2007. Det som imidlertid gjentek seg er ho søkjer tilbake til mannen, ho flyttar tilbake etter kort tid, eller ho teier og seier ikkje lenger mot han. Barneverntenesta oppfattar det slik at mor klart er prega av å leva saman med ein mann som har dominert heile hennar vaksne liv, ein periode på over 20 år. Vi kjenner og til at far skal ha vore voldeleg mot henne.

Hersketeknikkar vert nytta til å ha kontroll over mor. Far seier at han får omsorga for barna dersom det vert skilsmisse. Det verkar som mor trur på dette.

Mor verkar ute av stand til å ta ansvar for sitt og barna sitt liv. Ho synes ikkje i stand til å bryte ut av det avhengighetsforholdet ho har til far. Historia viser og at det er lite sannsynleg at ho vil leve utan i samliv med far. Mor tek nokre av barna med seg og forlet heimen på nattetid nokre dagar for jul i 2006. Andre barn vert tatt ut av bilen til far utan hans viten. Dette er hendingar må opplevast traumatisk for barna. Nokre dagar seinare flyttar ho heim igjen.

Barneverntenesta kan ikkje sjå at mor ville vera i stand til å ta seg av barna om ho hadde den daglege omsorg for dei åleine.

Mor gøymer seg i skogen saman med barna dagen etter at barneverntenesta var ved heimen i januar. Dette sjølv om ho er blitt lova at kontakt med barneverntenesta skal skje gjennom advokat. Ho viser tydeleg mistillit til hjelpeinstansar. Familiemeldlemmar fortel at ho heller ikkje tek imot rettleiing frå familien sin.

Mor har ingen diagnose og er etter barneverntenesta sitt kjennskap ikkje vurdert av lege i forhold til psykisk helse ut frå ein kort samtale i samband med episoden i januar 2007. Vi kan imidlertid ikkje sjå at mor er betre i stand til å ta seg av barna enn far. Ho er like ansvarleg for at barna lever i den situasjonen dei har vore i ein periode på over 20 år. Ho hindrar dei like mykje som far frå å ta del i ein normal opplæringssituasjon. Ho tek ikkje eit steg ut av eit øydeleggjande samliv som og er skadeleg for barna. Ho viser aggresjon i møter med offentlege instansar. Vi veit lite om dette og skjer i forhold til barna, utover den aggresjon som vart vist ved situasjonen i januar.

Barna fortel lite om mor sin rolle i familien. Det kan synast som om dei prøver å beskytta mor, og vi kan ikkje ta det at dei fortel lite om mor som eit bevis på at ho kan gje dei tilfredstillande omsorg.

Side 34 av 42:

Vanlegvis til vi og i alvorlege omsorgssvikt saker ha foreldre som og har sterke sider. I denne saka har barneverntenesta ikkje på vanleg møte fått høve til å bli kjent med foreldra. Det er derfor vanskeleg å beskriva foreldra sine sterke sider.

BARNA SIN SITUASJON VURDERT OPP MOT LOVA

Barna i denne saka er i ein slik situasjon som beskrive i § 4-12. Barna har "alvorlige mangler i forhold til den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter sin alder og utvikling" slik beskrive i § 4-12 a. Barneverntenesta vil visa til at foreldra ikkje greier å gje bama ein trygg oppvekstsituasjon. Barna har ein utrygg oppvekst i form av at foreldra har skapt eit fiendebilde av verda omkring, far avviser eldre søsken samt at far avlyttar familien når han ikkje er tilstades. Far sin voldsbruk overfor barna vil og undergrava den trygghet dei treng. Den same kan ein seia i forhold til far sin avvisning og til dels ignorering av dei eldste barna. Jamfør og verknader for dei yngre barna.

Sjølv om ein kan finne manglar ved korleis dei fysiske behova vert ivaretatt er ikkje dette kriteriet aleine grunnlag for å overta omsorga for desse barna. Men det er openbart svakheter ved både fysisk omsorg i form av plassmangel og manglande sanitærforhold samt og manglar i forhold til klær og hygiene.

Etter barneverntenesta si vurdering bør og nemnda ta opp til vurdering om vilkåra i 4-12 c er tilstades. Barneverntenesta finn det sannsynleggjort at far nyttar fysisk vold samt psykisk sjikane i oppdraginga av barna. Dei er vidare vitne til at mor vert utsett for både fysisk og psykisk vold. Dvs at barna vert utsett for vald både i direkte og indirekte forstand.

Vi kjenner ikkje til at mor nyttar fysisk vold. Ho er likevel delaktig i omsorgsvikten då ho let dette skje og ikkje får barna vekk frå far.

Det barneverntenesta i tillegg finn sannsynleggjort er at kriteria i 4-12 d er oppfylt. Det er dessverre slik at barna i denne familien står i fare for at deira helse og utvikling vil bli skada. Barneverntenesta finn dette gannsynleggjort gjennom å ha peika på korleis far sin psyke pregar oppvekstsituasjonen til barna. Barneverntenesta vil her peike på at det ikkje er hans diagnose, men det er korleis hans psykiske tilstand påverkar den daglege omsorg barna får som vert lagt til grunn.

Mor har vist at ho overtek mange av far sine vrangførestillingar. Ho dreg på den måten saman med mannen barna inn i ein verden som er full av vrangforestillingar.

Det vil alltid vera vanskeleg å foreta ei prognosevurdering i barnevernet. 4-12 d tilseier at ein må foreta ei slik vurdering. I denne saka er dei eldste barna blitt vaksne. Vi kjenner til deira situasjon. Korleis deira utvikling har vore vil i stor grad kunne vera ein peikepinn på korleis det kan gå med barna som denne saka gjeld. Individuelle forskjellar vil sjølvsagt spela inn, men det er grunn til å peika på korleis Balder har vist seg å vera ein "hjelpelaus" vaksen. Det er og grunn til å peika på Idun sine store utfrodringar i forhold til å forholda seg til "normalkrav" frå skule og øvrig samfunn.

Sjølv om myndighetene har godkjent at dei skal ha heimeundervisning finn vi ikkje at barna får tilfredstillande opplæring eller undervisning. Dei får heller ikkje tilstrekkeleg sosial trening i å omgås andre barn og vaksne. For Gudmund sin del vil det og dreia seg om at han ikkje får tatt vidaregåande utdanning pga manglande vilje til samarbeid frå foreldra si side. Dette i kombinasjon med far sin bruk av fysisk og psykisk vold, samt hans klare "oss og dei"

Side 35 av 42:

haldning til verda utanfor vil på sikt klart gjera skade på barna. Mor deler fleire av desse haldningane og er heller ikkje i stand til å bryta ut av samlivet. Det viser seg dessverre at dei eldste barna i til dels stor grad viser tydelege skader, skader som må setjast i samanheng med oppveksten deira.

"Nødvendighetskriteriet"

Barneverntenesta registrerer at den situasjonen barna finn seg i nå er ein situasjon dei har hatt over lang tid. Barneverntenesta finn det dokumentert at allereie dei eldste barna sine småbarnsår var prega av omsorgsvikt. Barneverntenesta ser ikkje at det i nokon særleg grad er muligheter til å endra barna sin situasjon i heimen. Vi kan vanskeleg sjå for oss kva hjelpetiltak som kunne verka tilfredstillande i denne familien. Når vi i tillegg kjenner til korleis foreldra stiller seg til samarbeid med barneverntenesta eller andre offentlege instansar finn vi det utelukka å setje inn hjelpetiltak. For at ein skal setja inn hjelpetiltak i ein familie må det vera slik at det er mogleg å samarbeida med foreldra om tiltaka. Tiltaka må vera friviljuge, og det må og vera slik at familien må forstå kvifor ein set inn tiltak. Dersom dette er tiltak som skal gå på det einskilde barn er det viktig at foreldra gir barnet "tillatelse" til å delta i tiltaket. I denne familien er det mistenksame og paranoide foreldre som det er lite sannsynleg at vil gi barna slik "tillatelse". Å setje inn tiltak i ein slik situasjon kan gjera barna sin situasjon enda vanskelegare. Ein kan her peike på Gudmund sin situasjon når han vel å gå på skule mot foreldra sin vilje. Den som evt. faktisk skulle utføre hjelpetiltak inn i heimen ville vera i ein svært vanskeleg situasjon, dette må og tas med i vurderingane om det er grunn til å tru at barneverntenesta vil nå fram ved å setja inn hjelpetiltak. Lova sitt krav om at hjelpetiltak er vurdert er etter barneverntenesta sitt syn oppfylt. Vi ser imidlertid ikkje at det er ein situasjon der det må prøvast utover det som er gjort på tidlegare tidspunkt.

"Barnet sitt beste"

Sjølv om vilkåra i 4-12 er oppfylt skal dette vurderast opp mot ordlyden i § 4-1; "Ved anvendelse av bestemmelsene i dette kapitlet skal det legges avgjørende vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Herunder skal legges vekt på å gi barnet stabil og god voksenkontakt og kontinuitet i omsorgen "

Ei kvar omsorgsovertaking medfører i prinsippet brot i stabiliteten for barnet. Det vil i ein del høve likevel vera behov for å bryta denne stabiliteten. Det gjeld i dei tilfella barna sine omsorgspersonar ikkje kan gje stabil og god omsorg. Vi finn det slik i denne familien. Det som kunne tala mot ei omsorgsovertaking er at det og vil medføra at barneflokken vert splitta opp. Dei vil derfor kunne mista noko av sin felles identitet. Samtidig er det slik at dette vil kunne letta på dei eldste barna sitt ansvar for dei andre søskena. Det er og slik at omsorgsovertaking vil medføra andre endringar i desse barna sitt liv. Dei vil få sin oppvekst i ein annan type heim der dagleglivet vil skilja seg vesentleg frå det dei er vant til. Det vil og vera aktuelt å starta i vanleg skule. Sjølv om dette er vesentlege endringar som vil vera utfordrande for barna, er det likevel slik at dette vil vera naudsynte endringar for å sikra deira vidare utvikling.

Barneverntenesta vil derfor konkludera med at ei omsorgsovertaking er til "barnas beste".


Side 36 av 42:


Samvær

Fylkesnemnda skal her ta stilling til samvær mellom barn og foreldre. I tillegg er det ein viktig problemstilling korleis kontakten mellom søsken skal ivaretas.

Barna i denne saka er i ulik alder. Dette vil og ha betydning for samværsspørsmålet. Det vil og vera naudsynt å ta stilling til om det er behov for tilsyn under samvær. Og her vil det vera av betydning kva alder barna er i.

Barneverntenesta går inn for å plassera barna i fosterheim utafor biologisk familie. Vi ser ikkje aktuelle altemativ i familie eller nettverk. Barneverntenesta legg og til grunn at det vil væra vanskeleg for biologisk familie og ev stå som fosterforeldre i denne saka.

Utgangspunktet for plasseringa er at den skal vera varig, dvs at dei skal veksa opp i fosterheimen. For dei mindre barna vil det bety at det skal opparbeidast ein ny foreldretilknyting til fosterforeldra. I barnevernsaker vert det ofte vist til i vedtak og tiltak skal vara til vaksen alder, dvs til dei er 18 år og i nokre høve opp mot 23 år. Formelt er dette rett då fosterbarnet kan velja sjølv kva tilknyting det vil ha til fosterfamilien etter passerte 18 år. Spørsmålet er om slik tenking er tilstrekkeleg eller om ein i nokre høve bør tenkja i eit lengre perspektiv, livet ut. Dersom ein tenkjer i desse banar vil grunngjevinga for samværet med biologiske foreldre vera at dei skal ha kjennskap til sine foreldre. Samværet vil då vera av kortare varighet enn om dei skal oppretthalda ei tilknyting til sine biologiske foreldre.

Barneverntenesta vurderar det som viktig at barna kan ha kjennskap til sine biologiske søsken og så langt som mulig behalda ei tilknyting her. Ved plassering av barna vil og dette elementet bli tillagt vekt.

Barneverntenesta vil derfor tilrå at det vert sett ei ramme for samla samvær mellom foreldre og alle barna på 6 gonger pr år og at samvtr varer inntil 4 timar. Dette er ei ramme som er slik at den bør kunne fyllast med aktivitetar som kan vera reiskap til å oppretthalda kontakt mellom søsken og mellom barn og foreldre.

For Gudmund sitt vedkomande kan det vera aktuelt å opna for meir samvær i samråd med han og foreldra. Det vert her lagt til grunn at har er i ein alder der han sjølv vil kunne ta sjølvstendige avgjerder meir uavhengig av press frå foreldre noko han allereie har vist seg i stand til å gjera. Vi finn imidlertid ikkje rett å fremja forslag til nenmda om dette. Frøydis er og i ein alder der det vil vera naturleg å leggja meir vekt på hennar ønskjer. Vi vil derfor vurdera omfanget av samvær med henne etter plassering og leggja vekt på kva som kjem fram i samtalar med henne.

Barneverntenesta vil samtidig be Fylkesnemnda om høve til å føra tilsyn. Barneverntenesta er kjent med far sin adferd overfor barna der han har utøvd på fysisk og psykisk vold mot barna. Barneverntenesta er og uroleg for om foreldra kan ta barna med seg dersom dei har samvær utan tilsyn, jfr at dei tidlegare har flytta unna vanskar samt levd i skjul. Vi finn det derfor rett at barneverntenesta skal ha høve til å utføra tilsyn om ein finn det naudsynt.

Om det skulle visa seg at nokre av barna ikkje har noko ønskje om å ha samvær med sine foreldre vil det bli prøvd lagt til rette at dei likevel kan ha samvær med sine andre søsken. Det er og ein kjensgjerning at far ikkje ønskjer å treffe dei eldste barna. Barneverntenesta finn det rett å arbeida for at kontakten mellom dei og dei yngre søskena vert ivaretatt. Vi finn det rimeleg at dette likevel ikkje vert tatt med som eit eige vedtakspunkt i nemnda. Det same vil vi anføra overfor mormor som synes som ein viktig person for barna.

Side 37 av 42:

Barneverntenesta vil gjera merksam på at det nemnda vedtek er eit minimumssamvær. Barneverntenesta kan ut fra eige vurderingar gje foreldre og barn meir samvær enn det nemnda har fastset på eit seinare tidspunkt. Slike vurderingar vil bli gjort og det vil bli lagt til rette for samvær dersom det blir vurdert til det beste for bama/det einskilde barn å utvide samværet.
 
Det same gjeld for høve til å føra tilsyn under samvær. Barneverntenesta ser det som viktig at barneverntenesta har høve til å føra tilsyn. Slikt tilsyn må og vil bli utført med naudsynt varsemd. Det betyr at det ikkje er sikkert at alle samvær for desse barna nødvendigvis må utøvas med tilsyn. Det vil bli lagt vekt på dei erfaringar ein haustar undervegs.
 
HEIMEL / Lovgrunnlag:

Fylkesnemnda vert bedt om å treffa vedtak etter lov om barneverntjenester § 4-12 som lyder slik:
 
§ 4-12. Vedtak om å overta omsorgen for et barn.
Vedtak om å overta omsorgen for et barn kan treffes
         a) dersom det er alvorlige mangler ved den daglige omsorg som barnet får, eller alvorlige mangler iforhold til den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter sin alder og utvikling,
         b) dersom foreldrene ikke sørger for at et sykt, funksjonshemmet eller spesielt hjelpetrengende barn fir dekket sitt scerlige behovfor behandling og opplæring,
         c) dersom barnet blir mishandlet eller utsatt for andre alvorlige overgrep i hjemmet, eller
         d) dersom det er overveiende sannsynlig at barnets helse eller utvikling kan bli alvorlig skadd fordi foreldrene er ute av stand til å ta tilstrekkelig ansvar for barnet
   Et vedtak etter første ledd kan bare treffes når det er nødvendig utfra den situasjon barnet befinner seg i. Et slikt vedtak kan derfor ikke treffes dersom det kan skapes tilfredsstillende forhold for barnet ved hjelpetiltak etter § 4-4 eller ved tiltak etter § 4-10 eller § 4-11.
   Et vedtak etter første ledd skal treffes avfylkesnemnda etter reglene i kapittel 7.


KONKLUSJON:

Barneverntenesta i Vindafjord ber om at Fylkesnemnda for Rogaland fattar vedtak om omsorgsovertaking og plassering utafor heimen for barna Gudmund Cusanus, Frøydis, Sofie, Alfredo Ao, Mariel Rose, Urda Lilja og Solborg Sera Hansen jfr lov om barneverntenester §4-12, a, c og d.

PLAN FOR FRAMTIDIG OMSORGSSITUASJON

Det vil bli utarbeida fullstendige tiltaksplanar når nemnda sitt vedtak og grunngjeving foreligg. Slike planar må og utarbeidast i samrad med dei som skal utova den daglege omsorg for barnet, jamfør lov om barneverntjenester § 4-18. Her vil vi gje nokre hovudpunkt for korleis ein ser for seg at omsorga for barna vert ivaretatt etter omsorgsovertakinga.

Plasseringa si lengde

Grunnlaget for å fremja denne saka er at dokument og den barnevernfaglege vurdering tilseier at foreldra sine omsorgsevner er varig svekka. Ein kan ikkje sjå at det er utsikt til endring her

Side 38 av 42:

innan desse barna sitt tidsperspektiv. Skulle forhold over ein 10 årsperiode likevel endra seg vil det vera slik at dei mindre barna då har opparbeida seg ny tilknyting og det tilseier heller ikkje tilbakeføring for dei.

Plasseringsstad
 
Dette er ein stor barneflokk på 7 barn. Ein plassering i fosterheim vil medføra at søskenflokken vert delt. Det er derfor og vurdert om ein kan finna alternative løysingar til tradisjonell fosterheim. Vi har imidlertid lagt dette altemativet bort då det framleis vil medføra at barna i for liten grad vert ført inn i ein vanleg oppvekstsituasjon.

Ved val av fosterheim står vi og ovafor fleire val. Det er ønskeleg at barna skal plasserast slik at dei framleis kan ha noko kontakt med kvarandre. Det tilseier at barna burde plasserast nært kvarandre geografisk og om mulig fleire barn i same heim. Det er imidlertid utfordrande å få dette til. Det vil og vera krevjande å overta dagleg omsorg for barn som har levd under omsorgsvikt over lengretid. I denne samanhengen kan vi og snakka om kulturforskjellar i tillegg til det som er rein omsorgssvikt.

Det viktigaste vil derfor her vera at barna vert plassert i heimar som kan gje dei ein god oppvekst snarare enn at det vert sett krav om kor mange av barna som skal bu i same heim.

Det bør saman med Bufetat arbeidast for å organisera dei ulike heimane i ein "fosterforeldrering" som t.d. og kan ha felles veiledning og gjerne og gjer det lettare å organisera treffpunkt for barna. Det må og vurderast om det kan knytast opp ein ekstrafamilie til tiltaket som kan ta oppdrag med avlastning samt organisera og føra tilsyn ved samvær.

Det vil vera ei krevjande oppgåve å finna egna heimar til desse barna. Det kan derfor vera aktuelt å ha ei midlertidig plassering i institusjonsliknande tiltak for eit eller fleire av barna.

Fosterheimane bør vera forsterka den første tida. Første 6-12 månader vil det vera behov for at ein av dei vaksne ikkje er i full jobb. I kor stor grad heimen skal forsterkast på denne måten vil vera avhengig av om heimen tek i mot eit eller fleire barn. Det vil og vera naudsynt å hausta erfaringar med det einskilde barn då barneverntenesta ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å vurdera det einskilde barn sine spesielle omsorgsbehov. Behovet for forsterkning i form av frikjøp vil derfor måtta vurderast undervegs.

Oppfølging av fosterheimane

Oppfølging av fosterheimane vil gå fram av dei fosterheimsavtalane som vert inngått mellom fosterheim og barnevernteneste. Her vil spesielle forhold rundt det einskilde barn samt evt forsterkningar bli regulert. Når vedtaket i nemnda er kjent vil det og bli utarbeida ein detaljert tiltaksplan der oppfølging og veiledning til fosterheimen vil bli tatt med.

Oppfølging av barna

Barna vil bli fylgt opp slik lova krev med besøk i fosterheim, ved samtalar med barn og fosterforeldre samt ved samarbeidsmøte og anna samarbeid med skule osv. Barna vil få oppnemnd tilsynsførar.

Side 39 av 42:

Oppfølging av kontakt mellom barn og foreldre.

Kontakten vil bli fylgt opp ved samværsavtalar og ved at foreldre vert invitert til samtalar om barna og deira situasjon og utvikling. Foreldre vil ha tilgang til dokument som vedkjem barna. Barneverntenesta vil og sørgja for at det er ein person tilstades ved samvær som barna kjenner og som kan føra tilsyn. At dette er ein person barna kjenner vil vera særleg viktig for dei mindre barna. Barneverntenesta vil hevde at det er behov for å kunne føre tilsyn, særleg den første tida. Dette vil bli vurdert på ny seinare.

Oppfølging av kontakt mellom søsken og andre i familienettverket

Barneverntenesta har ansvar for å laga søskentreff. Det vert lagt til grunn at barna i denne familien kan ha ein sterkare gjensidig tilknyting til kvarandre enn dei faktisk har til sine foreldre. Det vert lagt til grunn at barna gjennom oppveksten har hatt kvarandre og deler erfaringar. Ein vil som nemnt og prøva å få til at barna vert plassert slik at dei kan ha tettare kontakt med nokre av sine søsken. I tillegg vil det bli lagt til rette for at barna og kan treffa sine søsken ved samvær med foreldra. Det kan og vera naturleg å invitera t.d. mormor og farmor til nokre av søskentreffa.

Oppfølging av foreldre

Foreldre vil bli invitert til møter med barneverntenesta. Barneverntenesta vil og bidra til at andre aktuelle instansar evt kan setja inn tiltak som kan avhjelpa eller lindra foreldra sin situasjon.

Foreløpig omsorgsplan

Barna er under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune

     *   Barna vert plassert i godkjent fosterheim
     *   Fosterheimane skal vera forsterka første 6-12 månader
     *   Det vert halde ope at det kan vera naudsynt med midlertidig plassering i institusjonsliknande tiltak.
     *   Plasseringa skal vera langsiktig.
     *   Barn og foreldre skal ha samvær
     *   Barneverntenesta skal ha høve til å føra tilsyn under samvær
     *   Barna sine meir konkrete omsorgsbehov skal utgreiast og ein skal leggja dei til grunn for meir langsiktig omsorgsplan.
     *   Barna skal ha kontakt med sine søsken.

Krav om utgiftsdekning

Det vert kravd utgiftsdekning etter § 9-2, i barnetillegget i far si uføretrygd.
Det vert sett som rimeleg at det vert kravd dekning i dette, då det er eit tillegg far har til å dekka utgifter til barna sitt underhand. Når barneverntenesta nå overtar omsorga for barna vil, ikkje far lenger ha denne utgifla. Dersom det ikkje vert kravd refusjon i dette vil dette tillegget falla vekk i far si trygd når barna er flytta ut av heimen. Det vert sett som rimeleg at lova vert fylgt og på dette punktet sjølv om at dette berre medfører at ein liten bit av kommunen sine totale utgifter vert dekka og slik sett har liten betydning for kommunen sine totale framtidige utgifter i denne saka. Barnetrygda føl som kjent barna.


Side 40 av 42:


FORSLAG TIL VEDTAK:


1. a)  Gudmund Cusanus Hansen, født 100591 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfor lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfor lov om barneverntjenester § 4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år,
4 timar kvar gong.

   d)  Bamevemtenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.

2. a)  Frøydis Hansen, født 251293 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om barneverntjenester § 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfor lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

   d)  Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.

3. a)  (Stauda) Sofie Hansen, f 240591 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfor lov om barneverntjenester § 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfor lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

   d)  Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær

4. a)  Alfredo Ao Hansen f 170899 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfor lov om barneverntjenester
§ 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

   d)  Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.

5. a)  Mariel Rose Hansen f 211201 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om barneverntjenester
§ 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

Side 41 av 42:

   d)  Barneverntenesta vert gitt hove til å føra tilsyn under samvær.

   6. a)  Urda Lilje Hansen, født 140603 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jamfør lov om barneverntjenester § 4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

   d)  Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.

   7. a)  Solborg Sera Hansen, fodt 280206 skal vera under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d

   b)  Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.

   c)  Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre, jarnfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.

e)  Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.

8.  Det vert kravd utgiftsdekning for alle bama i samsvar med det far får utbetalt i si uføretrygd, pr. juli 2007 kr.14675,-/månad. Beløpet vert regulert i samsvar med utviklinga i barnetillegget i uføretrygda. Jamfør lov om barneverntjenester § 9-2



Iren Konstanse Hebnes   13. 12. 2007
(underskrevet)

Iren K. Hebnes
Barnevernleiar


 



Side 42 av 42:




VITNELISTE:


1. Barnevernkonsulent Ingeborg Nyland.  ( ekstern ).

2. Psykiater Kirsten Westlye ( ekstern ) - sakkyndig.

3. Daniele Reistad, ( ekstern ), Videregående koordinator v/Steinerskolen i Haugesund.

4. Terje Egil Kleiven, ( ekstern ), lege Vindafjord legekontor.

5. Brit Nelly Tveit ( ekstern ) - "nabo" til familien Hansen.

6. Per Schnabel ( ekstern ) - bosatt i Vikebygd, bekjent av Rune Hansen.



---