--
20071213-IKHebnes-Heksebok-2008.html
--- BREVENE ( ekstern ) -
Kopi / avskrift RLH og TEG pr. 17.03. 2010: Dette skriv ankom fam. Hansen i midten av januar 2008 ( ekstern ) i Hekseboken 2008 ( ekstern ).
RLH: Enda noen små-feil og mangler her i oppsett og linker etc.
Side: 01 - 02 (Innhold) - 03 - 04 - 05 - 06 - 07 - 08 - 09 - 10 - 11 - 12 - 13 - 14 - 15 - 16 - 17 - 18 - 19 - 20 - 21 - 22 - 23 - 24 - 25 - 26 - 27 - 28 - 29 - 30 - 31 - 32 - 33 - 34 - 35 - 36 - 37 - 38 - 39 - 40 - 41 - 42 --- SE EVT. OGSÅ EN INN-SCANNET VERSJON, SIDE FOR SIDE, MED VEDLEGG ( ekstern ). ---
Side 1 av 42:
Utskrift: 05.12. 2007
SAKSFRAMLEGG
TIL
FYLKESNEMNDA
FOR SOSIALE SAKER
I ROGALAND
Private parter:
Foreldre:
Rune Leander Hansen og Trude Monica Hansen, Tindeland 5568 Vikebygd
Prosessfullmektig:
Barn med partsrettar:
Gudmund Cusanus Hansen, f. 100591
Prosessfullmektig: Adv. Odd Arild Helland, Haraldsgata 94, 5528 Haugesund
Barn utan partsrettar:
Solborg Sera Hansen, f. 280206
Urda Lilje Hansen f. 140603
Mariel Rose Hansen f. 211201
Alfredo Ao Hansen f. 170899
(Stauda) Sofie Hansen f. 240597
Frøydis Hansen f. 251293
Offentleg part:
Vindafjord Kommune v/barneverntenesta, pb 70, 5586 Vikedal
Partsrepresentant: Iren K. Hebnes
Prosessfullmektig: Advokat Bjørn Vikse, pb 10, 5501 Haugesund
_______________________________________________________________
Saka gjeld:
* Omsorgsovertaking i samsvar med lov om barneverntjenester § 4-12 a, c og d
* Plassering i fosterheim i samsvar med lov om barneverntjenester § 4-22
* Samvær i sarnsvar med lov om barneverntjenester § 4-19
* Oppfostringsbidrag i samnsvar med lov om barneverntjenester § 9-2
Side 2 av 42:
INNHALD:
- Prosessualia
--------------------------------------------------------------------------------> Side 3
- Utfordring knytt til utforming og oppbygging av
saksframlegge --------------------> Side 3
- Bakgrunn for saka
-------------------------------------------------------------------------> Side 4
- Familien sin historie
-----------------------------------------------------------------------> Side 7
- Far
-------------------------------------------------------------------------------------------> Side 8
- Mor
------------------------------------------------------------------------------------------> Side 10
- Barna
----------------------------------------------------------------------------------------> Side 11
Balder
-----------------------------------------------------------------------------> Side 13
Idun
-------------------------------------------------------------------------------> Side 14
Gudmund
-------------------------------------------------------------------------> Side 14
Frøydis
----------------------------------------------------------------------------> Side 15
Stauda Sofie
----------------------------------------------------------------------> Side 16
Alfredo
----------------------------------------------------------------------------> Side 16
Mariel Rose
-----------------------------------------------------------------------> Side 16
Urda Lilje
-------------------------------------------------------------------------> Side 17
Solborg Sera
---------------------------------------------------------------------> Side 17
- Barneverntenesta sitt arbeid med saka
--------------------------------------------------> Side 17
Hjelpetiltak
-----------------------------------------------------------------------> Side 22
- Far sine dagboksnotat
---------------------------------------------------------------------> Side 23
- Sakkyndig si utgreiing
---------------------------------------------------------------------> Side 25
- Vurderingar
---------------------------------------------------------------------------------> Side 28
Vurderingar knytt meir konkret opp mot fam. Hansen ---------------------> Side 29
Fysisk og psykisk vold
----------------------------------------------------------> Side 29
Opplæring og sosialisering
-----------------------------------------------------> Side 30
Rutinar
----------------------------------------------------------------------------> Side 31
Far
---------------------------------------------------------------------------------> Side 32
Mor
-------------------------------------------------------------------------------> Side 33
- Barna sin situasjon vurdert opp mot lova
----------------------------------------------> Side 34
Nødvendighetskriteriet
---------------------------------------------------------> Side 35
Barnet sitt beste
-----------------------------------------------------------------> Side 35
Samvær
---------------------------------------------------------------------------> Side 36
- Heimel/lovgrunnlag
-----------------------------------------------------------------------> Side 37
- Konklusjon
--------------------------------------------------------------------------------> Side 37
- Plan for framtidig omsorgssituasjon
---------------------------------------------------> Side 37
- Forslag til vedtak
-------------------------------------------------------------------------> Side 40
- Vitneliste ----------------------------------------------------------------------------------> Side 42
Side 3 av 42:
PROSESSUALIA
Bama
denne saka gjeld er Gudmund på 16 år, Frøydis
på 14, Sofie(også omtalt som Stauda) på 10, Alfredo
på 8, Mariel Rose på 6, Urda Lilje på 4 og Solborg
Sera på 1,5 år. Alle bama er felles barn av Rune Leander
Hansen og Trude Monica Hansen. Foreldra er gift.
Gudmund Cusanus Hansen er 16 år og har eigne partsrettar i saka i den delen av saka som vedkjem han.
Barneverntenesta vil be om at det vert oppnemnd eigen talsperson for Frøydis, Sofie og Alfredo Hansen.
Det føreligg ikkje samtykke frå foreldra til dei tiltak som her er foreslått.
Barneverntenesta
ser det som naudsynt at saka vert behandla i fulltalig nemnd. Saka
omhandlar 7 barn, kor av det eine har eigne partsrettar. Det vil vidare
bli naudsynt med å føra ei rekkje vitne i saka i tillegg
til skriftleg dokumentasjon. Barneverntenesta ber om at det blir sett
av 3 - 4 dagar til saka.
Frå barneverntenesta si side ser
ein ikkje at det er naudsynt med ytterlegare sakkyndig utgreiing utover
det som er giort frå barneverntenesta si side, inkludert
foreliggande sakkyndig utgreiing. Skulle nemnda eller dei private
partar ha ein annan oppfatning av dette spørsmålet vil
barneverntenesta påpeika at det eventuelt er naudsynt med ein
sakkyndig som har naudsynt kompetanse til å utgreie konsekvensar
for barn som veks opp under forhold prega av at foreldre har alvorleg
og ubehandla psykisk sjukdom. Jfr oppdraget til Westlye;
"Barneverntenesta ber sakkyndig væra særskild merksam
på far sin psykiske helse på bakgrunn av diagnose og far
sin tolkning av situasjonen med bakgrunn i hans utspel i
undersøkinga. " "Ynskjer og ei vurdering om kva skadeverknader
barna kan få ved å leva under dei forholda dei lever under"
Vi
vil gjera nemnda merksam på at Westlye ikkje har oppnådd
direkte kontakt med foreldra og derfor har fått utført
sitt mandat i noko avgrensa grad.
UTFORDRINGAR KNYTT TIL UTFORMING OG OPPBYGGING AV
SAKSFRAMLEGGET. BARNEVERNTENESTA SINE OPPGÅVER.
”§ 1-1 Lovens formål
Formålet med denne loven er
- Å sikre at barn og unge som
lever underforhold som kan skade deres helse og utvikling, får
nødvendig hjelp og omsorg til rett tid,
- Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.”
Barneverntenesta
skal i samråd med foreldra setja i gang naudsynte hjelpetiltak
når det er behov for det, slik at barn fortrinnsvis kan vekse opp
saman med sine foreldre. Når hjelpetiltak vert sett på som
nyttelaust er det barneverntenesta si plikt og fremja sak for
Fylkesnemnda.
Barneverntenesta i Vindafjord fekk først
kontakt med familien Hansen gjennom melding frå Mattilsynet i
februar 2006. Etter ein første samtale med far og nokre av barna
har
Side 4 av 42:
barneverntenesta
i svært liten grad oppnådd direkte kontakt med familien.
Dette har samanheng med at foreldra i stor grad har motsett seg kontakt
med barneverntenesta. Saka må derfor byggast på den
avgrensa kontakten ein har hatt med foreldra samt dei 3 eldste bama,
(Gudmund + dei vaksne barna Idun og Balder) samt på opplysningar
frå andre personar og instansar som har hatt kontakt med
familien. Sidan våren 2007 har det vore nokre møter mellom
Gudmund, foreldre, barneverntenesta og Steinerskulen i samband med
Gudmund sin skulegang der. Dette har gitt bamevemtenesta noko direkte
kontakt med omsorgspersonane. Vidare må den byggast på
dokument frå tidlegare kommunar der barneverntenesta har hatt
kontakt med familien. Heller ikkje sakkyndig har fått kome i
direkte kontakt med familien forutan samtale med Gudmund og Balder.
Barneverntenesta
meiner at ein har tilstrekkeleg grunnlag for å fremja sak for
nemnda til trass for at familien har unndratt seg kontakt med familien.
Forvaltningslova sine krav om at ei sak skal vera fullt opplyst for
avgjerd er derfor berre delvis oppfylt i denne saka. Vi finn det
likevel rett å fremja sak på bakgrunn av
føreliggande opplysningar då barneverntenesta er av den
oppfatning at det ikkje kan vera slik at eit foreldrepar kan hindra
barneverntenesta i å føreslå nødvendige
tiltak for barna ved å trekkja seg frå kontakt med
barneverntenesta. Barneverntenesta har ikkje funne det hensiktsmessig
å be om politibistand til å få gjennomført
heimebesøk og/eller einesamtalar med barna. Barneverntenesta har
vurdert saka slik at å be om politibistand til å
oppnå kontakt med barna ville gjort barna sin livssituasjon
ytterlegare vanskeleg. Jamfør likevel at ein såg det som
naudsynt med politibistand i ein samband med far sin innlegging i
januar 2007.
Far har i periodar produsert omfattande dagboksnotat ( ekstern ).
Desse har han distribuert til fleire forskjellige personar og
instansar. Barneverntenesta har mottatt ein del av desse notata og vil
i noko grad bruka dei i saksframstillinga.
Ved eit høve
i januar møtte mor på barneverntenesta med advokat.
Advokaten rådde mor til å takka nei til førebyggande
tiltak. Men ville be foreldra tenkje på om det var aktuelt
å be barneverntenesta stilla opp økonomisk slik at dei
kunne bygga seg nytt hus. Advokat Kvilhaug har opplyst til sakkyndig at
han har råda familien til å ikkje samarbeida ("stilla opp")
i denne undersøkinga.
Barneverntenesta har brukt lang tid
med denne saka. Fylkesmann og Bufetat har blitt orientert og bedt om
råd korleis ein skulle arbeida med saka. Dei har ikkje hatt gode
rid å koma med då heller ikkje dei har hatt erfaring med
denne type sak. Sakkyndig har gjort ein rekkje forsøk på
å koma i kontakt med familien utan å lukkast. Dette har og
medført at det har tatt lang tid.
BAKGRUNN FOR SAKA
Dette
er ei sak som dreier seg om 7 barn som lever i ein svært spesiell
omsorgsituasjon, der dei har hatt mange flyttingar og ingen skulegang,
med den betydning det har for fagleg og sosial utvikling. I tillegg har
dei levd i ein situasjon med ein far som har alvorleg psykisk sjukdom,
diagnostisert schizofreni, og med ei mor som aksepterer denne
situasjonen og til dels støttar opp om den.
Barneverntenesta mottok melding frå mattilsynet på Haugalandet datert 22. februar 2006 ( ekstern ).
Av meldinga går det fram at ungane verka tynne og tynnkledde.
Våningshuset vart oppfatta til å vera lite til å
romme 11 personar. Vidare uttalar meldar at barna verka høflege
men openbart kua av faren. Vidare uttrykkjer dei bekymring for Rune
Hansen si haldning til dei som
Side 5 av 42:
offentlege
personar og at han viste liten vilje til å følgja
pålegg om dyrehald. Og vidare "Han oppførte seg som han
var hevet over i gjeldene regler og normer i samfunnet" Bakgrunnen for
heimebesøket til mattilsynet var familien sitt dyrehald og evt.
tiltak mot fugleinfluensa.
Dokumentasjon: 220206 Melding frå mattilsynet ( ekstern )
Barneverntenesta
kalla foreldra inn til samtale. I samtalen møter far saman med
Balder og dottera Sofie ( ekstern ). I samtalen legg far fram korleis dei lever og
grunngir kvifor dei har valt sin livsform. Samtalen vert tatt opp med
ein Mp3 opptakar som vart lagt på bordet. Denne opptakaren hadde
far opplyst om på førehand. Ved avslutning av samtalen
viste far fram at han i tillegg hadde hatt ein opptakar til under
genseren. Sonen Balder har seinare skrive ut referat frå dette
opptaket. Når barneverntenesta i samtalen var klar på at
undersøkinga må gjennomførast evt. og mot deira
vilje endrar samtalen karakter. Far avviste at barneverntenesta hadde
grunnlag til å gjennomføra undersøkinga og var
ikkje villig til å gå inn i samtale då
barneverntenesta kom med spørsmal som kunne oppfattas som
kritikk av familien sin måte å leva livet på.
Barneverntenesta
prøvde å få avtale om å koma på
heimebesøk men vart avvist. Utover våren 2006 vart det
gjort ei rekkje forsøk å få koma i dialog med
familien. Barneverntenesta tok ei avgjerd om å innhenta
opplysningar frå andre instansar utan samtykke frå
foreldra. I brev frå foreldra, og ved eit høve og
frå dei to eldste barna, vart det opplyst at dei ikkje
ønska at nokon papir som vedkjem dei vart halden vekke frå
offentligheten. Barneverntenesta påpeikte skriftleg at den ikkje
kunne forholda seg til dette av omsyn til barna. Opplysningar vart
innhenta og barneverntenesta konkluderte i rapport av 5.9.2006 ( ekstern ) med at
saka sendes over til sakkyndig for å vurdera omsorgssituasjonen
til barna. Barneverntenesta ber særskilt sakkyndig vera merksam
på far si psykiske helse, jfr diagnose og far sin tolking av
situasjonen, jfr utspel i samband med undersøkinga samt
dagboksnotat.
Dokumentasjon: 200306 Brev frå fam. Hansen ( ekstern )
030706 Oppklaringsbrev frå
barneverntenesta ( ekstern )
050906
Administrativt vedtak - barneverntenesta ( ekstern )
I løpet av 2006
valgte både Balder og Idun å flytta frå heimen. Dette
førte til konfliktar i heimen då far ønska å
avvisa dei heilt etter dette, medan mor ønska å
oppretthalda kontakt med desse bama. Særleg var dette tilspissa
rundt jul 2006 då mor og budde utafor heimen ein kort periode.
Dette
er ei sak der barneverntenesta har mottatt ei lang rekkje med
bekymringsmeldingar sidan den første kom i februar 2006.
Bekymringane dreier seg om korleis foreldra avsondrar seg frå
samfunnet utafor, korleis dei skaper eit fiendebilete av samfunnet
utafor, korleis barna vert tatt med inn i konfliktane i heimen og
mellom foteldra og andre t.d. offentlege instansar.
Barneverntenesta
har sett med bekymring på korleis far bl.a. i sine dagboksnotat (
ekstern ) omtalar Balder som Satan, at Idun er død, at det var
betre at dei hadde blitt fysisk voldtatt enn at dei flytta ut av heimen
og at han er villig til å ofra barna i sin kamp mot
barneverntenesta. Barneverntenesta si bekymring vart etterkvart
så sterk at ein fekk far framstilt for vurdering hjå lege
for vurdering av hans psykiske tilstand i januar 2007. Far vart vurdert
til å ha klare psykotiske forestillingar og fekk stilt diagnose
Paranoid Schizofreni. Både frå allmennlege og frå
lege ved Haugesund sjukehus kom det fram klar bekymring for barna sin
omsorgssituasjon. I samband med far sin innlegging prøvde
barneverntenesta å koma i dialog
Side 6 av 42:
med
mor om evt. hjelpetiltak. Mor viste seg å ikkje vera mottakeleg
for å ein gong drøfte hjelpetiltak. Barneverntenesta fekk
auka bekymring for og mor sin omsorgsevne Bekymringsmeldingane som
barneverntenesta har mottatt har gått på voldsbruk overfor
mor og delvis overfor barna, hindring av kontakt mellom dei eldste
utflytta barna og dei yngre, at mor skal vera totalt avhengig av sin
mann samt førestillingane som far formidlar til barna om verden
utafor, t.d. at barneverntenesta har tent på storbrannen i
Vikebygd samt hatt gift i maten deira.
I tillegg er det ein
familie som over tid har levd under fysiske forhold som klart er
uhaldbare. Dette viser seg frå tidleg på 1990 talet der det
vert beskrive at dei et same mat som grisene til nå i nyare tid
der besøkande uttalar at dei ikkje vil ta av seg skorne
når dei kom på besøk fordi det er så skittent.
Meldingar
kjem frå ei rekkje privatpersonar som på ulike måtar
kjenner familien gjennom slektskap eller på andre måtar, og
som der ved har hatt eit visst direkte innsyn i barna sin situasjon.
Dokumentasjon: 020695 Melding frå Lensmannen i Skaun ( ekstern )
091095 Journalnotat Skaun
( ekstern )
180706 Dagboksnotat ( ekstern )
020806 Dagboksnotat ( ekstern )
311006 Melding ( ekstern )
211206 Journalnotat ( ekstern )
271206 Journalnotat/Melding
( ekstern )
080107 Journalnotat ( ekstern )
150207 Uttale Haugesund
Sjukehus ( ekstern )
241007 Journalnotat/melding
( ekstern )
261007 Journalnotat/melding
( ekstern )
281007 Journalnotat/melding
( ekstern )
Sakkyndig har heller ikkje lukkast i å koma i dialog med foreldra. Ho har kun hatt ein samtale med Balder og Gudmund.
Dokumentasjon: 07.09.07 Sakkyndig utredning - Kirsten Westlye ( ekstern )
Saka
dreier seg og om barn som vert nekta skulegang og slik sett naudsynt
opplæring og sosial omgang med andre barn. Tilsyn med
heimeundervisninga er i svært liten grad utført og
tilsynsrapportar kan ikkje gje svar på korleis bama ligg ann i
forhold til jamaldringar. Og skulefolk har meldt si bekymring til
skulemyndigheter og til barneverntenesta
Dokumentasjon: 310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
140607 Melding, Skjold
skule ( ekstern )
Våren
2006 flytta og Gudmund ut ein periode og budde hjå søskena
i Haugesund. Han bur nå heime igjen og har i haust fylgt
undervisninga ved Steinerskolen i Haugesund. Han har ikkje vore
fullverdig elev då skulen ikkje har mottatt naudsynt stadfesting
frå foreldra på at dei vil samarbeida med skule og
barneverntenesta om Gudmund sin skulegang. Det har samtidig vore nokre
møter rundt dette tema med deltaking fri skule, foreldre,
Gudmund og barneverntenesta.
Side 7 av 42:
Dokumentasjon: 270607 Brev fra Steinerskulen ( ekstern )
260907 Kontrakt,
barneverntenesta i Vindafjord ( ekstern )
FAMILIEN SIN HISTORIE
Begge
foreldre er opprinneleg fri Trøndelag, Trondheim. Det er 13
år i aldersforskjell mellom ektefellane. Eldste guten, Balder,
vart fødd når mor var 17 og eit halvt år. Dei har
budd ein rekkje stader i landet. I folkeregisteret er det registrert at
dei på siste del av 1980 talet har vore usett i Tustna i
Møre og Romsdal. Dei flytta vidare til Skaun i Sør
Trøndelag rundt 1990. Her budde dei fram til 1995 då dei
flytta ein kort periode til Amli i Aust Agder, for dei flytta vidare
til Rindal i More og Romsdal. I 1996 flytta dei til Sveio i
Sunnhordland for dei i 1998 flytta til Høylandet i
Nord-Trøndelag. I 2002 kom dei til Ølen kommune som sidan
2006 har vore ein del av Vindafjord kommune. Rune Hansen har på
sine nettsider gjort greie for flyttingane til familien. Her vert det
blant anna vist til "kommunal terror og trakkasering" som grunnlag for
flytting frå nokre av kommunane.
Dokumentasjon: Desember 2001 Vedr. flyttingar & biografi etc, Rune Hansen ( ekstern )
I
Skaun kommune var det store konfliktar mellom Rune Hansen og den
kommunale administrasjonen både i forhold til skulefaglege
spørsmål og relatert til omsorgssituasjonen.
Dyrevenimyndigheter var og involvert. I avisomtale i Adresseavisa 22.
mai 1995 ( ekstern ) vert det referert at to av barna går rundt og et
på same mat som grisene får.
Familien busefte seg
på eit småbruk på Tindeland i bygda Vikebygd i
Ølen/ Vindafjord kommune i 2002. Dei har her til like med
tidlegare kommunar ikkje sendt barna sine på skulen. Dei to
yngste barna er fødd etter flytting hit. Dei barna som har vore
over grunnskulealder har ikkje gått på vidaregåande
skule. Dei to eldste barna, Balder og Idun flytta i løpet av
2006 ut av heimen og har etter den tid prøvd seg i
vidaregåande skule. Jfr elles om Gudmund sin skulegang nedanfor.
Barna har blitt fødd i heimen med far som "jordmor".
På
eigedomen i Vikebygd har dei ikkje gardsdrift i tradisjonell forstand.
Dei sel ikkje vekstar eller husdyrprodukt. Dei dyrkar imidlertid ein
del bær og andre vekstar til eige bruk. Barneverntenesta
oppfattar det slik at det er ein relativt liten produksjon. Det same
gjeld produkt fri fjørfe.
Familien lever av far si
uforetrygd, netto ca 24.000,-/månad samt barnetrygd som mor
mottar med om lag kr 6800,-/månad
Dokumentasjon: 200706 Vindafjord Trygdekontor, informasjon Rune Hansen ( ekstern )
200706
Vindafjord Trygdekontor, inforrnasjon Trude M. Hansen ( ekstern )
Familien
bur nå på eit gardsbruk i Vikebygd i Vindafjord kommune.
Dei bur i ein utkant av bygda som har nokre hundre innbyggjarar. Det er
ikkje tradisjonell gardsdrift på eigedomen. Familien har noko
fjørfe, bier samt at far har fortalt at dei ønskjer
å gjera eigedomen om til eit arboret. Bustaden er liten i forhold
til den store familien. Det er ikkje vatn eller toalett i bustaden. Dei
har eit eldhus på eigedomen der dei opplyser at dei vaskar kler,
badar og varmar opp vatn. Når Idun budde heime hadde ho rom i eit
uthus som vert kalla ”snekkerbua”. Dei skal ha hatt innlagt
vatn i bustaden tidlegare, men vasken skal ha gått tett og dette
er ikkje blitt ordna.
Side 8 av 42:
Dokumentasjon: 150306 Journalnotat ( ekstern )
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
FAR:
Rune
Hansen er fødd i Trondheim. Han var eldst av 3 barn. Mor lever
framleis og er busett i Trondheim. Far døde i 1997-98. I
oppveksten var Rune alltid på "hogget" etter den 2 år yngre
broren. Mora beskriv han som skuleflink. Etter ein situasjon der han
skulle bytta klasse sfutta han å gjera lekser. Han flytta tidleg
på hybel, hadde nokre kortvarige arbeidsforhold. Far hadde eit
forhold med ei jente som han fekk eit barn med. Far var då 17
år. Han skal ha hatt lite kontakt med denne dottera, visst nok
etter ønske frå hennar mor. Dottera har nå igjen ein
gut på 13 år.
Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Rune
Hansen mottek uføretrygd som vart tilstått frå 1979.
Trygdekontoret oppgir at grunnlaget for uføretrygd er oppgitt
med diagnose betydeleg personlighetsavvik og schizofreni. I epikrise
frå Haugesund sjukehus etter ei 4 dagars innlegging i januar 2007
er det sett diagnose Paranoid Schizofreni. Sjukehuset grunngir dette
blant arma med "vedvarande bisarre vrangførestillingar ",
"sosial tilbaketrekking”. Han er ikkje medisinert og har heller
ikkje hatt noko ønske om det. Pasienten er ikkje vurdert som
"direkte farleg for seg sjølv eller andre". Men "Ein finn
imidlertid grunnlag for bekymring for pasientens omsorgsevne". I uttale
frå Haugesund Sjukehus vert det vist til at det ”fremkommer
klare psykotiske førestillingar, blant annet mener pasienten
å kunne kommunisere med sine barn på fosterstadiet, og
dessuten under fødselen, sånn at han har full kontroll
over hvordan fødselen forløper. Mener også at
offentlige myndigheter har myrdet en veterinær som tidligere.....
skal ha støttet familien”.
Hans mistenksomhet
overfor ulike instansar kjem og fram t.d. ved at han har uttrykt at
barnevernet kan stå bak ein større skogbrann som blant
anna trua familien sin eigedom våren 2006. Allereie første
samtale med barneverntenesta vart tatt opp med to Mp3 spelarar og
Balder skreiv ut detaljert referat frå samtalen.
Dokumentasjon: 150306 Utskrift frå samtale ( ekstern )
240706 Uttale Vindafjord
Trygdekontor ( ekstern )
080207 Uttale Dr. Kleiven
( ekstern )
150207 Uttale Haugesund
sjukehus ( ekstern )
070907 Sakkyndig uttale Westlye ( ekstern )
Far
har gjennom ein årrekkje vist at han ikkje ønskjer
offentleg innblanding i forhold som vedkjem han eller familien.
Særleg klart vert dette dersom det gjeld "pfilegg" frå det
offentlege. Dette viser seg allereie frå bardomen når det
var tema å skifte klasse. Det har vist seg ved tema
heimeundervisning i fleire kommunar, det har vist seg ved kontakt med
mattilsynet og det har særleg vist seg i samband med kontakt med
barneverntenesta.
Far har og vist at han ikkje likar at
andre set seg opp mot hans synspunkt. Dette gjeld innanfor familien,
noko vi vil koma tilbake til seinare, men det gjeld og i forhold til
andre privatpersonar. Dette gjer han sjølv greie for i sine
dagboknotat, ved nokre høve
Side 9 av 42:
mistenkeleggjer
han andre sine motiv for A seie han imot. Dette gjeld til domes i
forhold til om bama skal kunne arbeida for andre og ta i mot Ion.
Dokumentasjon: 240806 Dagboksnotat ( ekstern )
220206 Melding -
Mattilsynet ( ekstern )
150306 Joumalnotat
( ekstern )
Far
har gjennom år skriftlegegjort og tilgjengeleggjort deler av
eigen og familien sin situasjon. Saksdokumentasjon i den såkalla
Skaun saka, barnevernet sin kontakt med familien når dei budde i
Sveio etc er alt lagt tilgjengeleg på internettsider ( ekstern ). Dette gjeld
både taushetsbelagt informasjon og omtale i presse etc. Hansen
har og skreve ein del dikt som og er gjort tilgjengeleg på
internett ( ekstern ). I samband med bamevemet sin kontakt med familien i 2006/2007
har han uttrykkeleg gjort til kjenne at han ønskjer at ingen
papir vert haldt unna offentlegheten. Sjølv har han lagt inn
avskrift av dokument, eigne dokument samt dagboksnotat på ein cd
som han har gitt tittelen "Menneskeverd i Vindafjord kommune". Denne
har han distribuert til ein rekkje personar og instansar, blant anna
media. Familien var og omtalt i Haugesunds Avis over framsida og ei
dobbelside i samband med at barnevernet starta undersøking i
forhold til familien ( ekstern ). Omtalen skjedde med utgangspunkt at Hansen tok
kontakt med avisa. Hansen har og meldt barneverntenesta til politiet
for ærekrenking etc. Denne saka vart henlagt av politiet. Far
klaga og saka vart handsama av Rogaland statsadvokatembete som på
ny henla saka med grunngjeving "Forholdet henlagtfordi det ikke er
straffbart".
Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
151106 Rogaland
Statsadvokatembete, underretning om saksavgjørelse ( ekstern )
Samtidig
som far onskjer å offentleggjera ulike dokument viser han og eit
klart ønske om å ha kontroll. Dette viser seg på
ulike måtar. Det er gjort lydopptak av ulike samtalar t.d. med
barneverntenesta. Han skal og ha opplyst at han har opptakar i heimen
slik at han kan vita kva som vert sagt når han ikkje er
tilstades. Det viser seg vidare i samband med kontroll av
lærebøker. Han skal og bruke "skilsmisse" som ein trusser
ovanfor mor. Dette viser seg og ved at han blant anna i sine
dagboksnotat ved fleire høve avviser at barna kan ta seg
lønna arbeid evt under bestemte føresetnader som at han
skal ha hand om inntekta etc.
Dokumentasjon: Dagboksnota 240806 ( ekstern )
070907 Sakkyndig
utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Barneverntenesta har opplysningar som
klart tyder på at far nyttar vold overfor dei andre i familien.
Trude skal rundt juletider ha blitt slått slik at ho var "gul og
bli" i følgje fleire. Dette er det gitt melding om til
barneverntenesta om blant anna av mormor. Dette kjem og fram i
sakkyndig sin samtale med ein nabo. I følgje venninna som mor
søkte til hadde mor eit svært svart merke på baken.
Mor flytta etter dette ut fri bustaden for ei tid. Farmor har observert
at far ved eit tilfelle har gitt Balder ein øyrefik. Ho har og
høyrt frå andre at far skal ha slått barna. I
følgje Gudmund og Balder har far utøvd vold mot alle i
familien. Dei fortel at far klaskar til barna og at han og har bete
dei. Dette skjer når dei gjer noko gale. Dei opplever at han
brukar vald mot dei mindre bama som ein måte å oppdra dei
på. Far skal i diskusjonar med Balder ha forsvara bruk av
vald/fysisk avstraffing.
Dokumentasjon: 271206 Journalnotat ( ekstern )
080107 Journalnotat ( ekstern )
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Side 10 av 42:
260107
Uttale Politiet ( ekstern )
Far har i følgje farmor vokse opp i ein
heim der (dei) ikkje har vore opptatt av religion. Far har etterkvart
blitt meir og meir opptatt av ulike religiøse tema. Mykje kan
knytast til det vi kan lesa i det gamle testamentet i Bibelen. Men han
trekkjer og inn den norrøne gudstru samt religiøse
forestillingar frå Asia. Dette gjeld i samtalar med andre og i
hans dagboksnotat. Eit tema går særleg igjen og det er det
fjerde bodet; "Du skal hedra din far og din mor". Dette har vore
særleg aktualisert i samband med at Balder og Idun har flytta ut
frå resten av familien.
Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Det
viser seg og ved Gudmund sin skulegang ved Steinerskulen hausten 2007.
Far argumenterer her for at § 32 i barneloven, barn over 15
år sin rett til val av skule, er i strid med det fjerde bodet.
Dokumentasjon: 081007 Rune Hansen, avskrift av møtereferat m/kommentarar ( ekstern )
MOR
Det
føreligg mindre opplysningar om mor. Mor har i kontakt med
barneverntenesta og andre offentlege instanser hatt ein meir
tilbaketrukken rolle. Mor er og frå Trøndelag. Ho har ein
del kontakt med si mor. Mormor har og vore ein del på
besøk hjå mor og hennar familie. Mor har og ein halvbror.
Det er ukjent om mor har kontakt med han og sin far.
Mor har
fødd 9 barn. Balder vart fødd før ho fyllte 18
år. Siste barn er fødd i 2006. Det er ikkje kjent at mor
har hatt arbeid utafor heimen. Mor har i møte uttalt at ho
kjenner seg sett ned på fordi ho ikkje har nokon utdanning. Ho
har og uttalt at ho ikkje kjenner seg akseptert av si eiga mor fordi ho
ikkje har tatt utdanning. Fødslane skal ha skjedd heime med far
som fødselshjelpar. Så langt vi kjenner til utan
profesjonell hjelp. Vi er heller ikkje kjent med om mor har hatt
legeoppfølging i svangerskapa. Vi kjenner til at ho har hatt
nokre besøk hjå jordmor ved siste svangerskap. Mor skal ha
hatt blødningar ved fødsel. Ho er derfor blitt råda
til å fø på sjukehus, på ny nå ved siste
fødsel i 2006. I følgje melding mottatt i oktober 2007
skal mor vera gravid på ny i 3. månad.
Dokumentasjon: 020806 Uttale Jordmor ( ekstern )
050607 Referat mote
v/Steinerskulen ( ekstern )
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
261007 Melding ( ekstern )
Det
er slik at begge foreldre er ansvarleg for den omsorga barna får.
Det har vist seg at ved dei høva mor møter
barneverntenesta aleine går ho på mange måtar inn i
far sin rolle. Dette gjeld t.d. i januar 2006 der ho viser ein
svært aggressiv haldning overfor barneverntenesta. Ho står
fram som einig med far i dei fleste spørsmål. Unntaket er
om det skal vera kontakt med Balder og Idun samt om Gudmund skal
få gå på Steinerskulen. I samtalar/møter kan
ho framstå som ganske hektisk og opphissa. Det vert ikkje tatt
omsyn til om det er barn i nærleiken. Dette kjem særleg
tilsyne ved den situasjonen i januar der far vart innlagt ved
psykiatrisk avdeling og ein prøvde å få mor i tale.
Barneverntenesta var så bekymra for mor og hennar evne til
å ivareta seg sjølv og barna at dei fekk henne vurdert av
lege.
Dokumentasjon: 080107 Journalnotat ( ekstern )
Side 11 av 42:
Mor
står som avsendar saman med mannen, og har ved ein del
høve underteikna ulike skriv som mannen har skrive. I nokre
samanhengar har ho motsagt mannen, ho har imidlertid fleire gonger
gått tilbake på sine uttalelsar eller blitt stille dersom
mannen har sagt henne imot.
Mor skal ha blitt utsatt for vold av
far. Ho skal rundt juletider 2006 har blitt sparka "gul og blå"
av far. I følgje mormor skal grunnen vera at ho hadde spist for
mykje leverpostei. Denne valdsepisoden har mor i ettertid
bagatellisert. Det skal på ny ha blitt utøvd vold mot mor
i oktober 2007.
I samband med hendinga ved juletider 2006 flytta
Trude ut av heimen ei kort tid. Ho tok då tilflukt hjå ei
tidlegare nabo/kjenning som på det tidspunktet budde i
Tysvær kommune. Denne kvinna hadde tidlegare vore nabo med
familien. Barneverntenesta blei gjort kjent med at ho budde ute av
heimen. Ho vart tilbydt økonomisk hjelp. Mor ville ikkje ha
hjelp frå barneverntenesta. Ein valte då å formidla
kontakt med sosialtenesta slik at ho ved dette høve fekk
økonomisk hjelp gjennom julehelga. Vi er ikkje kjent med at mor
deltek på noko sæleg med sosiale aktivitetar eller at ho
har særleg kontakt utafor heimen.
Ho har og tidlegare budd ute av heimen i både 1992 og i 1995.
Dokumentasjon: 211206 Journalnotat ( ekstern )
271206 Journalnotat ( ekstern )
130893 Sakyndig utredning, Psykologisk barnevernteam S.Tr ( ekstern )
261007 Melding/Journalnotat ( ekstern )
Frå
fleire som står familien nær har det blitt uttrykt
bekymring for far sin påverknad overfor mor. Det er uttalt at ho
er hjernevaska av Rune. Fleire som står familien nær har
rådd familien til å ta imot veiledning eller prøvd
å gje veiledning sjølv. Dei har ikkje nådd inn med
dette.
Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
241007 Journalnotat/melding ( ekstern )
261007 Journalnotat/melding ( ekstern )
281007 Journalnotat/melding ( ekstern )
BARNA:
I
denne saka føreligg det lite opplysningar om det einskilde barn.
Ufordringa vår vil derfor vera at vi vanskeleg kan beskriva det
einskilde barn godt, då med unntak av Gudmund som
barneverntenesta har hatt noko kontakt med. Vi vil derfor her
først beskriva nokre av dei fellesforholda som barna har vokse
opp under. Vi vil seinare spesifisera opplysningar om dei barna vi har
konkrete opplysningar om.
Ingen av barna har gått i
barnehage eller i grunnskulen. Så langt vi kjenner til har dei
heller ikkje deltatt i helsestasjonen sitt vaksinasjonsprogram eller
fått anna oppfølging derfrå.
Med unntak av
dei to yngste barna har alle barna opplevd ein eller fleire flyttingar.
Flyttingar som i stor grad synes å ha vore lite planlagt samt at
dei ber preg av at familien vil flytta vekk frå noko, jfr
konfliktar med skulemyndigheter og barnevern.
Side 12 av 42:
Dokumentasjon: Desember 2001 Vedr. flyttingar & biografi etc, Rune Hansen ( ekstern )
Alle
barna har blitt fødd heime. Vi kjenner vidare ikkje til at det
skal ha vore spesielle helseproblem hjå barna. I følgje
melding mottatt i oktober 2001 skal barna nyleg ha vore sjuke. Far skal
ha forklart dette med at barneverntenesta har hatt gift i maten deira.
Dokumentasjon: 241007 Melding /Journalnotat ( ekstern )
Dei
barna som er kome i vanleg skulealder har ikkje blitt oppmeldt som
elevar i Grunnskulen. Foreldra har ønska å undervisa dei
heime. Opplæringa vert gitt etter dei prinsippa som
føreligg i den sakalla "Sveio-modellen" ( ekstern ). Læring skal skje
naturleg utan noko fast oppsett timeplan. Læring skal i
følgje tilsynsførar for heimeundervisninga skje ved at
"borna deltek med vaksne og barn i arbeid og kvardagsliv ".
Gjennomgåande vert det rapportert at barna har lært seg
å lesa, og les mykje. Dei eldste bama har og lært seg
å spela eit eller fleire instrument. Dei har gått på
kulturskulen for å læra dette.
Tilsyn med
heimeundervisning har etter flytting til Ølen/Vindafjord kommune
blitt gjennomført av ein person som familien ønska.
Skulemyndighetene har ved fleire høve bedt om meir utfyllande
rapportar. Rapportane som føreligg er knappe og gjev ikkje
tilstrekkeleg svar på dei spørsmålstillingane som
ein tilsynsrapport skal innehalda. Rapport av 21.05.03 viser til nokre
læreboker som vert nytta. Seinare rapportar viser ikkje til at
det vert nytta læreverk som er brukt i skulen. Skulemyndighetene
har vist til at bøker kan hentast ved skulen i Vikebygd/
ungdomsskulen i Ølen. Det har ikkje vore utført tilsyn
sidan September 2005, jfr at tilsynsførar har sagt frå seg
tilsynsansvaret. Rapportane gjev i liten grad svar på korleis
barna fungerar i forhold til fagplanar etc for aktuelle alderstrinn.
Dei seier heller ikkje noko om den sosiale utviklinga for barna.
Skulemyndighetene har og fått henvendingar om bekymring for barna
i familien. Det er hausten 2007 planlagt eit tilsynsbesøk
frå skulemyndighetene si side.
Dei to eldste bama i
familien som nå er over 18 år har ikkje gått på
vidaregåande skule før etter at dei flytta ut av heimen.
Foreldra har blitt informert om retten deira til å få
vidaregåande opplæing. Idun og Balder vart informert om og
byrja på vidaregåande opplæring etter at dei tok
kontakt med sosialtenesta.
Dokumentasjon: 310706 Brev frå stabsrådgjevar, Arne Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
- 260902 Momentliste for
tilsyn med heimeundervisning, Ølen kommune ( ekstern )
- 210503 Martha Straume,
tilsynsrapport ( ekstern )
- 060905 Martha Straume,
tilsynsbrev ( ekstern )
191107 Brev frfi
stabsradgjevar, Ame Borgemyr ( ekstern )
I
forhold til alle barna vert det opplyst at dei deltek i forskjellig
arbeid på garden. Dette gjeld til dømes planting av buskar
og tre. Mange av barna har og vore aktive i å gå på
fjellturar, dei har og deltatt pi ein del fellesturar i bygda. Dei har
då ofte vore dårleg kledd og ikkje hatt pengar til å
betala for fellesutgifter. Dei har ikkje blitt henta etter slike
arrangement sjølv om det gjerne har vore langt frå heimen.
Ein del gonger er dei blitt kjørt heim av andre foreldre, eller
dei har gått heim, ofte distansar på mange kilometer.
Dokumentasjon: 180107 Melding/Jurnalnotat ( ekstern )
Side 13 av 42:
Nokre
av barna har deltatt på orienteringstrening gjennom Vikebygd
Idrettslag. Dei er ikkje medlemmer i laget, men har fatt lov til
å delta likevel. Idun skal ha fortalt at dei ikkje får lov
til å delta i speidaren.
Barna er svært
kontaktsøkande overfor andre vaksne. Dei skal vanlegvis ikkje
visa teikn på skepsis eller utrygghet. Ein nabo observerte
imidlertid i mai 2007 at dette hadde endra seg slik at barna sprang
på kjøkkenet og gøymde seg når han kom, dette
i motsetning til tidlegare.
Når barneverntenesta var ved
heimen i januar 2007 opptrådde barna heilt roleg og utan teikn
på redsel. Dette i motsetnad til mor som var svært uroleg.
Dei eldre barna helste på dei som kom frå barneverntenesta,
presenterte seg og spurte kva barneverntenesta ville.
Barna
står fram som høflege, men kan og oppfattast som
underdanige og kua. Det vert sett i samband med far si oppførsel
overfor barna. Med unntak av dei yngste barna skal alle barna ha
opplevd vold frå faren si side. Far skal og ha sett dei opp mot
mora.
Dokumentasjon: 220206 Melding, Mattilsynet ( ekstern )
070907 Sakkyndig
utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Sjølv
om Balder og Idun ikkje omfattas av denne saka vel vi og ta med litt
inforrnasjon og om dei då det er viktig for å kasta lys
over omsorgssituasjonen til søskena.
Balder
Balder
er 21 år og har inntil han fylte 20 budd saman med familien. Han
har vore med på alle flyttingar som familien har hatt gjennom
hans oppvekst. I tillegg har han og dei eldste søskena vore
berørt av at mor og barna har budd i "dekning" ein periode i
1995.
Han skal ha opplevd vold frå far allereie i tidleg
alder. I følgje melding frå 1995 skal Balder ha fortalt
til naboar at far sparkar barna. Seinast i mai 2007 har Balder opplevd
vold og truslar frå far i samband med at far ville ha han ut av
heimen etter at han kom på besøk dit. Vi kjenner ikkje til
at Balder sjølv skal ha vore voldeleg mot andre. Han skal kun ha
vist passiv motstand mot far. Balder flytta frå heimen i mai 2006
etter påtrykk frå far. Faren kjørte han då til
kommunehuset der han sleppte han av. Balder har etter den tid blitt
totalt avvist av far enten ved at far overser han eller aktivt ber han
halda seg vekke frå heimen. Far har heller ikkje tillate andre i
familien å ha kontakt med han. Balder vert av far omtalt som
Satan, han er i ”dødsriket” og han skal ikkje
få gjera ”vondt på søskena”. Ein kort
periode etter at far var innlagt ved psykiatrisk avdeling var det noko
kontakt mellom Balder og Idun og resten av familien, inkludert far.
Gjennom
den kontakten barneverntenesta har hatt med Gudmund har ein og blitt
kjent med Balder sin situasjon. Det viser seg at Balder har store
problem med å tilpassa seg samfunnet sine krav, t.d. dette
å møta på skulen, levera ting inn i rett tid, mat
etc. Han har mista både skuleplass ved Steinerskulen og bustaden
han har hatt i Haugesund. Barneverntenesta har stor bekymring for
Balder sin vidare utvikling.
Balder har uttalt til
barneverntenesta at han tidlegare trudde at alle var hans venner. Det
har vist seg at det ikkje er slik. Han var ute av stand til å
skilja mellom "gode". og "dårlege" venner. Han har etterkvart
rusa seg mykje, og på anna enn alkohol. Han har i følgje
Gudmund
Side 14 av 42:
ein
periode budd saman med ein alkoholikar. Har i periodar budd hjå
tilfeldige venner og kjente. Fekk økonomiske problem, hadde
ikkje rett til sosialhjelp. Har pådratt seg gjeld og
inkassosaker. Har ikkje hatt erfaring med pengar før han flytta
ut. Skal ha mottatt løn ein gong. Denne tok faren straks han
hadde mottatt den.
Sommaren 2007 skifta Balder etternamn til Skjærvik-Hansen. Skjærvik er mor sitt fødenamn.
Tidleg i november 07 flyttar Balder til Trondheim. Bestemødrene skal vera involvert i flyttinga.
Dokumentasjon: 020695 Melding frå lensmannen i Skaun ( ekstern )
180507 Journalnotat ( ekstern )
230507 Journalnotat ( ekstern )
Idun
Idun
er nå 19 og eit halvt år. Ho flytta og ut av heimen
sommaren 2006. Har vore elev ved Steinerskulen i Haugesund førre
skuleår. Er nå elev ved økologisk landbruksskule i
Aurland. Og Idun har klare ting å ta fatt i når det gjeld
livet sitt. Ho har fortalt at ho slit med strukturane i kvardagen. Har
tidlegare "levd om natta". Har vore vanskeleg å koma seg opp om
morgonen og vidare på skule. Ho sov gjerne 4-5 timar etter
skulen, og var så våken om natta igjen. Ho er til like med
broren totalt avvist av far. I sine dagboksnotat siterar far hennar
avskjedsbrev der ho er tydleg på at forholdet til eldstebroren
som då er ute av familien er så viktig at ho og vel å
reisa. Til søskena hennar seier far at ho er "død", jfr
reaksjonar hjå mindre søsken. Når ho kom heim
frå skulen i Aurland i haust og oppsøkte familien vart far
rasande og stakk av frå heimen. Idun vart redd og ville ligga
ute.
Dokumentasjon: Dagboksnotat 120706 ( ekstern )
271206 Journalnotat ( ekstern )
241007 Melding/ Journalnotat ( ekstern )
Gudmund Cusanus
Gudmund
er den eldste av barna som denne saka omfattar. Han er nå 16
år. Han har vist seg å ha ein eigen sterk vilje til å
starta i vidaregåande utdanning. I mai 2007 tok Gudmund
sjølv kontakt med Steinerskulen med ønskje om å
delta i undervisninga der. Han har sidan hospitert der. Skulen har
kravd at foreldra underteiknar ein kontrakt om at dei vil samarbeida
med skulen og barneverntenesta for at dei vil gje han tilbod om å
halda fram der. Den er framleis ikkje underteikna. Bakgrunnen for at
skulen stiller eit slikt krav er dei erfaringane dei har gjort med dei
eldre søskena sin skulegang. Far har vist klar uvilje mot at han
går der og har trua med at han ikkje får sjå sine
søsken. Han overser han og har i periodar heller ikkje snakka
med Gudmund. Han set søskena opp mot Gudmund i forhold til hans
val om å gi på skule. Søskena "mobbar" Gudmund
på bakgrann av hans val om å gå på skule. Far
prøver å presse Gudmund vekk frå å gå
på skulen. Gudmund møter framleis.
Gudmund har eit
klart ønske om å gå på skule. Han er redd for
å mista skuleplassen og har sjølv tatt kontakt med
barneverntenesta for hjelp i forhold til dette. Han ønskjer
heller ikkje å mista kontakten med familien, men skulegang betyr
mykje.
Side 15 av 42:
Barneverntenesta
har gitt Gudmund noko økonomisk hjelp ved å betala
skulepengar, bøker og ungdomskort. Foreldra er kjent med
dette. Han vart og hjelpen med pengar til mat og kler i ein situasjon i
mai der han opphaldt seg i Haugesund. Han får hjelp av mormor til
dekning av mobiltelefon.
Gudmund ønskjer å
søkja stipend. Dette krev underskrift frå foreldra. Dei
vil ikkje underskriva søknadspapira. Mor uttalar i møte
at ho ikkje vil at han skal ha så mykje pengar. Meiner at mange
unge berre går på skulen for pengane sin del. Dei
ønskjer heller ikkje at han har ungdomskort som gjev han
høve til å reisa med bussen og etter skuletid. Dei
arbeidar derfor for at han skal ha fri skuleskyss. Barneverntenesta
oppfattar dette som eit forsøk på å halda meir
kontroll over Gudmund.
Far har i møte bedt om at
barneverntenesta betalar vederlag for tapt arbeidsforteneste til
familien. Jamfor den arbeidskraft dei nå taper når Gudmund
går på skule. Gudmund hadde i sommar tilbod om arbeid.
Dette vart det ikkje noko av då far motsette seg dette.
Gudmund
skal ha 1ært å spela hom og gitar. Han har og tidlegare
gått i korps. Kulturskulen fortel om ivrig og talentfull elev.
Vi kjenner til at Gudmund har ein kamerat i nabolaget i Vikebygd. Han har hatt kontakt med han nokre år.
Gudmund
skal ein periode våren 2007 ha "festa" med andre ungdommar i
Haugesund. Han tar nå avstand fri rusing. Han har nyleg engasjert
seg i Natur og Ungdom i Haugesund. Dette skal far vera negativ til.
Gudmund
er forsiktig i kontakten med barneverntenesta, sæleg var han det
i starten av kontakten. Nå tek han kontakt om han treng bistand,
t.d. påfyll av ungdomskort etc. Verkar særleg lojal mot
mor. Han veie sine ord. Spør ein konkret får ein svar.
Stiller ein opne spørsmål få ein liten
tilbakemelding.
Dokumentasjon: 310706 Brev frå stabsradgievar, Arne Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
120906 Vindafjord
kulturskule, pålegg om informasjon ( ekstern )
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
260907 Kontrakt/brev
frå barneverntenesta ( ekstern )
081007 Kopi/avskrift
av møteref. med kommentarar frå Rune Hansen ( ekstern )
Frøydis
Frøydis
er nærare 14 år. Ho har ikkje gått i skule utafor
heimen. Rapportar frå tilsynsførar i forhold til
heimeundervisning kan ikkje gje ein peikepinn på korleis ho ligg
ann fagleg.
Vi kjenner til at og ho deltek ved Kulturskulen.
Har fått opplæring i fiolin. Og ho skal vera flink og visa
stor framgong og engasjement.
Når barneverntenesta var ved heimen i januar var det Frøydis som tok seg av dei mindre søskena.
Frøydis
er i ein alder der ho nh går inn i ei ungdomstid. I ungdomstida
skal barn bli gjort i stand til å i større grad stå
på eigne bein. I denne familien har det vist seg at det har blitt
ei vanskeleg tid for dei eldre søskena.
Side 16 av 42:
Dokumentasjon: 310706 Brev frå stabsrådgjevar, Arne Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
120906
Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon ( ekstern )
(Stauda) Sofie
Stauda
Sofie på 10 år skal til like med mange av sine
søsken ha lært å lesa tidleg. Men og for henne gjeld
det at rapportar frå tilsynsførar ikkje kan gje noko bilde
av korleis ho ligg ann fagleg.
Stauda Sofie går og på kulturskulen og lærer å spela instrument der.
Stauda
Sofie skal ha blitt ein alliert med far. I følgje brørne
kjeflar ho på Gudmund, og seier at han er dum som går
på skule. Ho rapporterer og til far om mora snakkar med Balder.
Stauda
Sofie er og med far på første møte med
barneverntenesta. Til like med søskena vert og ho tatt med i
situasjonar der far drøftar barneverntenesta med andre eller
når han oppsøkjer mor i samband med at mor er reist
frå heimen, jula 2006, saman med blant anna Stauda Sofie. Ved
dette høve er Mariel og Urda Lilje som vert tatt med i bilen.
Ved eit høve er det beskrive at far sit og gret over situasjonen
sin medan eit av barna, sannsynlegvis Stauda Sofie sit ved sida av.
Barn
på 10 år er vanlegvis opptatt av kontakt med jamaldringar.
Dei er i ein aktiv læringsfase der både sosiale og faglege
ferdighetar skal koma på plass.
Dokumentasjon:
310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon ( ekstern )
070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye ( ekstern )
Alfredo
Alfredo
som nå er blitt 8 år skal og ha lært seg å lesa
tidleg. Han deltek til like med sine eldre søsken på
kulturskulen og har der gått i oppltring på eit instrument.
Barn
på 8 år er i ferd med å få dei grunnleggande
faglege ferdighetar på plass. I tillegg vil dei vera i ferd med
å orientera seg ut mot verden gjennom skule og fritidsaktivitetar.
Dokumentasjon:
310706 Brev frå stabsrådgjevar, Ame Borgemyr m/undervedlegg ( ekstern )
120906 Vindafjord kulturskule, pålegg om informasjon ( ekstern )
Mariel Rose
Mariel
vert i 2007 6 år. Alderen tilseier at ho er klar for skulestart.
Heller ikkje ho har starta på skulen. Vi er ikkje kjent med
vidare opplysningar rundt henne.
Side 17 av 42:
Barn
står i 6 årsalderen klar til å ta steg ut i verden
på eigehand. Dersom dei ikkje har vore i barnehage vil
møte med skulekvardagen vera den situasjonen der dei erfarer
sosial omgang med andre og at dei får dei første
møta med skulefag.
Urda Lillje
Ho
er nå 4 år. Det føreligg lite opplysningar om henne.
Når ho saman med mor var ute av heimen rundtjul 2006 trefte ho
Idun. Mormor beskriv at Urda Lilja er sterkt knytt til henne. Ho nekta
blant anna å gå ut av fanget til Idun for at andre skal fa
sitja der. Far seier til Urda Lilje at Idun er død.
Ho
er i ein alder der ho byrjar å forstå den nære verden
utafor heimen. Verden treng gjerast forståeleg for barn gjennom
bekreftelsar frå dei nære omsorgspersonane dei har rundt
seg.
Dokumentasjon: 271206 Journalnotat ( ekstern )
Solborg Sera
Solborg
Sera er fødd våren 2006. Helsesøster var saman med
mor på heimebesøk kort tid etter fødsel. Dei
uttalar at jenta "var fin i huden, virket frisk og velbefinnende. Hun
gåt friskt og tok brystet fint". Under heimebesøket vart
det observert sikker blikkontakt. Samspel mellom mor og barn var fint.
Solborg
Sera har vore med foreldra på møter vedkomande Gudmund sin
skulegang. Det er då observert at Solborg Sera sit på armen
til mor, ho er blid, er i samspel med mor, utforskar rommet og
søkjer tilbake til mor. Det er ikkje observert samspel mellom
far og Solborg Sera.
Til like, men kanskje enda meir enn dei
eldre søskena vil barn på denne alderen vera avhengige av
dei vaksne rundt seg. Ho står på trappa til å oppdaga
verden rundt seg.
Dokumentasjon:
020806 Uttale Helsesøster ( ekstern )
BARNEVERNTENESTA SITT ARBEID MED SAKA
Barneverntenesta
i Vindafjord kom først i kontakt med denne familien i mars 2006.
Familien har imidlertid vore i kontakt med barneverntenesta i andre
kommunar tidlegare. Vi er kjent med kontakt med barneverntenesta i
Sveio i 1997-98 og i Skaun kommune i Sør Trøndelag i
perioden 1991-1993 og på ny i 1995.
Si langt vi kjenner
til var første kontakt mellom barneverntenesta og familien rundt
Gudmund sin fødsel. Kontakten mellom familien og
barneverntenesta/ sosialkontoret i Skaun vart etterkvart vanskeleg og
Sør Trøndelag fylkeskommune, psykologisk barnevernteam
blei bedt om å gi inn i saka. Det vart sommaren 1993 utarbeid ein
rapport om familien sin situasjon frå psykologisk barnevernteam.
Den gang gjaldt det dei tre eldste barna, Balder, Idun og Gudmund. I
rapporten vert det konkludert med at ungane sin totale omsorgssituasjon
er tilfredstillande. Samtidig vert det peika på nokre
områder som det må arbeidast med frå familien og
hjelpeapparatet si side. Den eine gjeld å koma asjour
økonomisk og få lagt inn vatn og bad, i tillegg gjeld det
kommunikasjonsproblem foreldra i mellom samt at det vert
Side 18 av 42:
påpeika;
"Ungene har imidlertid noen særlige utfordringer p.g.a. familiens
særegne livsstil, som handler om å mestre sosial omgang med
andre unger og voksne".
Dokumentasjon: 130893, rapport, Psykologisk barnevernteam, Sør Trøndelag ( ekstern )
Våren
1995 oppstod det ny bekymring rundt barna sin situasjon. Blant anna
kontakta dyrevernmyndighetene barneverntenesta etter at dei hadde vore
på garden. Dyr skal ha lidd overiast, eit griskadaver skal ha
lege like utafor fjøsdøra i fleire månader. Barna
gjekk og gnog på brødskorper, same mat som grisene fekk. I
tilegg til at det var henvendingar frå offentlege myndigheter
vart både barneverntenesta og andre offentlege instansar kontakta
av ulike privatpersonar som var urolege for situasjonen. Ganske raskt
etter at saka kom opp gjekk Trude i "dekning" på ukjent adresse.
Bekymringane gjeld tema som at far skal mishandle barna ved å
sparka dei og at han luggar mor. Uverdige sanitære forhold etc.
Vi kan ikkje sjå at barneverntenesta i Skaun kom i posisjon til
å setje inn tiltak for familien hausten 2005 flytta til
Åmli kommune der dei budde eit par månader for dei flytta
vidare. Forholda i Skaun er omtalt i lokalavisene i Trøndelag.
Reportasjar er gjort tilgjengelege av far. Det ligg utskrift av desse
på internettsider som far er ansvarleg for.
Dokumentasjon: 120595 Journalnotat, Skaun ( ekstern )
160595 Journalnotat,
Skaun ( ekstern )
020695 Melding frA
Lensmannen i Skaun ( ekstern )
091095 Journalnotat,
Skaun ( ekstern )
220595 Reportasje i
Adresseavisa ( ekstern )
Barneverntenesta
i Åmli, Rindal og seinare i Høylandet har ikkje registrert
kontakt med familien i sine arkiver. Vi er derfor ikkje kjent med
omsorgssituasjonen hjå familien under opphald i desse kommunane.
Vi er kjent med at det og her var kontakt med skulemyndighetene i
forhold til manglande skulegang for bama.
Hausten 1997 er
familien busett i Sveio. Her kjem det inn melding som om bekymring for
bama. I meldinga vert det peika på at barna har lite kontakt med
andre barn i nabolaget samt at dei går på sjølvstyr.
Barneverntenesta giennomforte ei mindre undersøking gjennom to
heimebesøk. Undersøkingsrapporten konkluderer med at det
ikkje er grunnlag for pålegg om hjelpetiltak etter kapittel 4 i
barnevernlova. Det vert imidlertid uttrykt uro for at ikkje far skal
få lagt ting bak seg (dvs å få gjennomført
rettssak mot Skaun kommune) samt at det kunne vore aktuelt med samtalar
mellom foreldra og barneverntenesta.
Dokumentasjon: 080198 Sveio barnevern, undersøkelserapport ( ekstern )
Barneverntenesta
i Vindafjord kom i kontakt med familien først i mars 2006 ( ekstern ). Det
har størstedelen av tida vore lite direkte kontakt då
foreldra har motsett seg det. Direkte kontakt avgrensar seg til ein
kontorsamtale, ein situasjon i januar 2007 som blir beskriven
nærare nedanfor, samt ved deltaking i nokre samarbeidsmøte
rundt Gudmund sin skulesituasjon frå våren 2007. I tillegg
har det vore noko telefonkontakt samt ein omfattande skriftleg
produksjon frå far si side ( ekstern ). Noko av dette er kome til
barneverntenesta, dels frå han direkte, dels frå andre.
I
første samtale møter far saman med sonen Balder og
dottera Sofie ( ekstern ). Mor møtte ikkje då ho var sliten etter
å ha fått minste barnet kort tid på førehand.
Som annonsert på førehand vart samtalen tatt opp på
band med ein mp3 spelar. Etter at samtalen var avslutta viste far at
samtalen og var tatt opp med ein mp3 spelar til som var skjult under
genseren. Det vart
Side 19 av 42:
seinare
skreve eit detaljert referat frå samtalen. Referatet vart skreve
av Balder. Samtalen gjekk greitt så lenge far fekk fortelja om
sin livsførsel og sitt familieliv. Når det under samtalen
vart stilt ein del spørsmål med vala dei gjorde på
vegne av barna og seg sjølv, utvikla samtalen seg til å
bli vanskeleg.
Eit av tema som raskt kom opp like etter
denne samtalen var om dokument i saka skulle vera unntatt offentleg
innsyn. Foreldra og dei to eldste barna bad skriftleg om at ingen papir
som vedgjekk dei eller familien skulle vera under nokon form for
taushetsplikt.
Dokumentasjon: 150306 Utskrift frå samtale ( ekstern )
200306 Fam. Hansen,
brev ( ekstern )
Rune
Hansen kjem i brevs form med ei klage på at det er sett i gang
undersøking i forhold til familien. Her beskriv han bl.a.
meldinga frå Mattilsynet som "løgnaktig, trakeserende og
krenkende". Han uttalar at det vil vera ein kriminell handling om
barnevernet på dette grunnlag set i gang ei undersøking.
Brevet er og signert av mor. Det er i tillegg lagt ved ein data-cd som
inneheld avskrift av diverse brev samt dagboksnotat frå Rune
Hansen. Dette er ein cd som og seinare er komplettert og distribuert.
Barneverntenesta har og mottatt nyare utgiver av same cd, og via andre
personar.
Dokumentasjon: 270306 Rune Hansen, brev ( ekstern )
Det
vart prøvd å avtala heimebesøk. Det vart klart
avvist frå familien ved far fleire gonger, jfr bl.a. brev av 12.
mai 2006. Etter eit nytt forsøk på å oppklare
situasjonen for familien gjennom brev får barneverntenesta
på nytt brev frå Hansen datert 12. juli. Her avviser Hansen
på ny barneverntenesta sin rett til å gjennomføra
undersøkinga.
Dokumentasjon: 120506 Rune Hansen, brev ( ekstern )
120706 Rune Hansen, brev ( ekstern )
Då
det viste seg vanskeleg å få til eit samarbeid med familien
for saman å få gjennomført undersøkinga vart
det likevel gått til innhenting av infonnasjon slik at
undersøking kunne gjennomførast. Det vart innhenta
inforinasjon frå barneverntenesta i Skaun og Sveio kommunar, jfr
ovanfor. Det vart og innhenta informasjon frå Trygdekontor
vedkomande økonomiske ytingar, jfr ovanfor. Det vart vidare
innhenta informasjon frå skuleansvarleg i kommunen samt frå
helsesøster, jordmor og kulturskulen. Desse opplysningane er
gjennomgått under dei avsnitta som omhandlar barn og foreldre.
Barneverntenesta
konkluderte i sin undersøkelsesrapport, datert 041006 ( ekstern ) om at ein
ville senda saka til sakkyndig for utgreiing med sikte på å
finna ut om barna var i § 4-12 situasjon. Det vart her lagt vekt
på at det gjennom ein periode på over 10 år har kome
inn mange bekymringsmeldingar omkring familien. Mange av desse har kome
frå personar som kjenner familien godt. Barneverntenesta vurderar
far som mentalt ustabil, jamfør blant anna tilsendt skriftleg
infonnasjon frå far. Jamfør og diagnose i følgje
Trygdekontoret; "betydeleg personlighetsavvik" og "Schizofreni". Det
går og fram gjennom det skriftleg tilsendt materialet at far
brukar all sin energi på å få framstilt sitt syn
på saka. Det vart vidare lagt vekt på at foreldra held
barna vekke frå alt som strir mot deira overbevisning t.d.;
vanleg skulegang og kulturskulekonsertar med inngangspengar. Det vart
vidare lagt vekt på at far synes å ikkje kunne takla
å bli kritisert eller motsagt. Det vert her vist til at så
lenge ein yter ønska hjelp eller ikkje stiller dei kritiske
spørsmåla så samarbeidar familien/foreldra og med
Side 20 av 42:
offentlege
instansar. Vert det derimot stilt kritiske spørsmål eller
sett fram krav vert desse instansane stempla som farlege for familien.
Dokumentasjon: 041006 Adm.vedtak Konklusjon på undersøking ( ekstern )
Spesialist
i psykiatri, Kirsten Westlye vart engasjert som sakkyndig i oktober
2006 for å vurdera omsorgskompetansen til foreldra med
utgangspunkt i føreliggande dokumenter. Det vart spesielt vist
til far sin psykiske helse. Sakkyndig vart og bedt om å
prøva å koma i kontakt med familien om det kunne la seg
gjera. Sakkyndig gjorde ei rekkje forsøk på å koma i
kontakt med familien men lukkast i liten grad med å koma i
kontakt med familien. Rapport førelåg derfor først
7. September i 2007. Rapporten vert nærare beskriven nedanfor.
Dokumentasjon: 041006 Mandat til sakkyndigrapport ( ekstern )
Barneverntenesta
mottok ny bekyrnringsmelding i saka i månadsskiftet
oktober/november 2006. Meldar hadde frå Hansen mottatt cd som
omhandla barnevernsaka. Ho hadde lese gjennom deler av innhaldet og
uttrykt stor bekymring for barna i familien.
Dokumentasjon: 311006 Melding, B. N. Tveit ( ekstern )
Rundt
juletider 2006 tok mor barna med seg til ein tidlegare nabokvinne som
då hadde flytta til Førland i Tysvær.
Barneverntenesta vart kjent med dette og tok kontakt med mor. Mor
tilbydt økonomisk hjelp av barneverntenesta. Ho ville ikkje ta
imot hjelp av barneverntenesta. Barneverntenesta valte då å
formidla kontakt med sosialtenesta som gav tilbod om hjelp, som mor tok
imot.
Dokumentasjon: 221206 Journalnotat ( ekstern )
Ved
dette høve vart og politiet tilkalla av kvinna mor hadde tatt
tilflukt hjå då far kom tilstaden. Politiet rykka ut og
situasjonen løyste seg ved at far reiste frå staden. Far
hadde to av dei mindre barna, Mariel og Urda Lilje, med seg i bilen ved
dette høve. Dei vart tatt inn i huset der mor opphaldt seg medan
far samtalte med mor og hennar venninne.
Dokumentasjon: 260107 Uttale Politiet ( ekstern )
Mor
flytta heim igjen like over jul ( ekstern ). Barneverntenesta fekk aukande
bekymring for saka på bakgrunn av ulike henvendingar ein fekk om
familien sin situasjon samt dagboksnotata til far som ein oppfatta som
bekymringsfulle. Ein valte derfor i samråd med lege og politi og
be om at far vart framstilt for psykiatrisk vurdering. Ein var
svært usikker på korleis far ville reagera på dette.
Han vart imidlertid med politiet til legekontoret og vidare til
sjukehus utan dramatikk. Barneverntenesta oppsøkte mor like
etter at far var dratt. Vil gjer eit forsøk på å
drøfta situasjonen med mor. Det er umulig å koma i dialog
med henne, ho spring rundt på tunet, skrik til barneverntenesta
og barna, jagar barna inn i huset, vil gå frå staden med
nokre av dei minste barna. Barneverntenesta ser at ho ikkje "ser" barna
sine, og ber henne legen om å vurdera henne. Han vurderar henne
til å ikkje vera psykotisk. Barneverntenesta vurderar å
gjera eit akuttvedtak og ber politiet om bistand. Ein vurderar det som
farleg å aksjonera på kveldstid då ein er redd for at
mor og barn kan rømma til skogs. Det er mørkt og det er
og ei elv like ved heimen. Barneverntenesta vel å trekkja seg
tilbake. Det kjem og ein nabo til som mor har ringt og bedt om å
koma. Han blir først bedt om å gå igjen av politiet.
Når han kjem tilbake seinare på kvelden går han inn
til mor og barna. Dette skjer i forståing med
Side 21 av 42:
barneverntenesta.
Neste dag tek barneverntenesta på ny kontakt med politiet. Dei
vil/kan ikkje bistå barneverntenesta denne dagen og viser til den
belastninga dette er for deira tilsette.
Barneverntenesta vert
gjort kjent med at mor i etterkant bad om hjelp til å bli
kjørt vekk. Ein prøvde å roe ned situasjonen ved
å trygga dei på at advokaten ville bli kontakta for ein
foretok seg noko meir i saka. 17. januar var det eit fleire timar langt
møte med mor og advokat Kvilhaug. Advokaten radar mor til
å ikkje ta imot hjelpetiltak, utover evt om barneverntenesta vil
byggje nytt hus til familien.
Dokumentasjon: 080107 Journalnotat ( ekstern )
090107 Journalnotat
( ekstern )
100107 Journalnotat ( ekstern )
170107 Journalnotat
( ekstern )
I
etterkant av far sin innlegging ved Haugesund sjukehus mottar
barneverntenesta bekymringsmelding frå overlege Jan Nocon i
forhold til bama sin situasjon med utgangspunktet i far sin psykiske
tilstand.
Dokumentasjon: 150107 Melding ( ekstern )
Med
utgangspunkt i tvangsinnlegging av far for undersøking vart det
innhenta informasjon frå Dr. Kleiven. Han viser til epikrise
frå Haugesund sjukehus der det er sett diagnose; paranoid
schizofreni. Frå legen si side vert det ikkje vurdert som aktuelt
med tvunge psykisk helsevem då det vil vera "ei vesentleg
inngripen i pasientens sitt liv som ikkje kan seiast å gie
vesentleg betring av hans tilstand. Ein vurderar pasienten heller ikkje
som direkte farleg for seg sjølv eller andre. Ein finn
imidlertid grunnlag for bekymring for pasientens omsorgsevne "
Dokumentasjon: 080207 Dr. Teje E. Kleiven, Helseopplysningar til bamevemtenesta ( ekstern )
I
uttale frå Haugesund Sjukehus framkjem det at far har klare
psykotiske forestillingar; bl.a. at han har vore i stand til å
kommunisera med barna sine på fosterstadiet samt at offentlege
myndigheter skal ha myrda ein veterinær som tidlegare skal ha
støtta familien. Sjukehuset uttalar vidare at dei ønska
å halda han lenger på sjukehuset med eit ønske om
å få vurdert om ein ved eventuell medisinsk behandling
kunne betra far sin omsorgsevne, og "om man eventuelt med medisinsk
behandling kunne bedre pasientens funksjonsnivå som grunnleggende
foregår på grunnlag av paranoid tolkning, spesielt rettet
mot offentlig myndigheter". Det vert vist til at situasjonen hadde vore
ein annan om han ikkje hadde omsorgsansvar. "Problemet er at barna
må leve under vilkår som pasienten bestemmer utfra en
psykopatologisk bakgrunn".
Dokumentasjon: 150207 Hgsd Sjukehus, Vedrørende Rune Hansen ( ekstern )
I
juni 2007 mottok barneverntenesta eit notat frå rektor ved
ungdomsskulen som barna i utgangspunktet høyrer til vedkomande
manglande skulegang. Meldinga gjeld i første rekkje
Frøydis som nå er i ungdomskulealder. Jamfør
både skulefaglege aspekt samt uro rundt manglande høve til
å møta jamnaldrande.
Dokumentasjon: 140607 Skjold Skule ( ekstern )
I
midten av mai 2007 vart barneverntenesta kontakta av
oppfølgingstenesta. Bakgrunnen var at rektor ved Steinerskulen i
Haugesund hadde tatt kontakt med dei då Gudmund hadde dukka
Side 22 av 41:
opp
ved Steinerskulen saman med søskena sine. Barneverntenesta hadde
raskt ein samtale med Gudmund og det kom her fram at han ønska
å gå på Steinerskulen og at han hadde gjort dette mot
foreldra sin vilje. Han opphaldt seg på hybelen til Balder.
Barneverntenesta hjelpte Gudmund å handla inn noko nye kler til
17.mai då han ikkje hadde meir kler enn det han gjekk i. Det vart
vidare gjennomført møte med Steinerskulen der Gudmund og
dei to eldre søskena deltok. Det kom her fram at det hadde blitt
vanskeleg heime dagen før. Dei hadde alle dratt heim då
far ikkje var heime. Far hadde kome heim. Det hadde oppstått ein
konflikt der far hadde dels trua og dels vore fysisk mot Balder.
Politiet var og blitt tilkalla. Far behandla Gudmund som luft.
Dokumentasjon: Journalnotat 160507 ( ekstern )
Journalnotat 180507 ( ekstern )
Journainotat 230507 ( ekstern )
Journalnotat 240507 ( ekstern )
Mor
gav snart uttrykk for at ho var positiv til at Gudmund skulle starta
på Steinerskulen. Det viser seg etterkvart at ho er utsett for
press frå far og i denne samanhengen. Far truar igjen med
skilsmisse og seier at han har papir liggande klare til innsending.
Dokumentasjon: Joumalnotat 010607 ( ekstern )
Gudmund
deltok som hospitant ved Steinerskulen varen 2007. Steinerskulen stilte
som vilkår for å ta inn Gudmund som elev frå hausten
2007 at foreldra skreiv under ein avtale på at dei ville
samarbeida med skule og barnevernteneste. Dette vart presentert
frå foreldra ein rekkje gonger. Dei har enda ikkje skrive under
på eit slikt samtykke. Mor har i nokre samanhengar uttrykt seg
positivt til å skriva under, men har ikkje gjort det. Far har ved
ein rekkje høve motsett seg det, seinast ved eit skriv datert
081007 der han kommenterer referat fra eit møte ved
Steinerskulen 140907. Barneverntenesta har i desse møta ved
skulen vore tydeleg på at Gudmund har eit fritt skuleval og at
dersom foreldra tar frå han høve til å gå
på skule vil det bli tatt med i vurderinga av deira evne til
å dra omsorg for Gudmund.
Dokumentasjon: 090707 Referat frå ansvarsgruppe, Steinerskulen 15.06.07 ( ekstern )
270607 Steinerskulen, ang. opptak for skoleåret 2007/08 ( ekstern )
081007 Brev frå Rune Hansen, kommentarar til ref frå ansvarsgruppe ( ekstern )
I
oktober 2007 får barneverntenesta på ny meldingar om
bekymring frå både ein nabo og frå mor sin familie.
Bekymringane går blant anna på vold mot mor, far sine
utsegn om at barneverntenesta skal ha forgifta maten deira samt korleis
Idun vart tatt imot ved eit besøk. Situasjonen vart på ny
vurdert som bekymringsfult, men ikkje som akutt.
Dokumentasjon: 241007 Melding/ Journainotat ( ekstern )
261007 Melding/ Journalnotat ( ekstern )
281007 Melding/ Journalnotat ( ekstern )
Hjelpetiltak
Det
er avgrensa kor mykje hjelpetiltak som har vore inne i denne saka. Det
har vore hjelpetiltak inne i forhold til å dekka diverse utgifter
for Gudmund i samband med skulegang. Foreldra har vist motstand mot at
barneverntenesta har ytt denne hjelpa til Gudmund. Følgjande
vedtak om hjelpetiltak er likevel gjort i forhold til Gudmund:
Side 23 av 42:
- 01.06.07 Vedtak 140/07 Innkjøp av klede, pengar til livsopphald, ( ekstern )
Tidsperiode 160507- 200607
- 05.09.07 Vedtak 107/07 Betaling av skolepenger og skuleutstyr og evt. Skuleturar ( ekstern ).
Tidsperiode 150807 - 150708
- 30.09.07 Vedtak 125/07 Betaling av skyss til skule/ungdomskort ( ekstern )
Tidsperiode 300907 - 300608
Hjelpetiltak
utover dette har blitt heilt avvist av familien. Dette var og gjeldande
ved barneverntenesta i Sveio sin kontakt med familien. Det har og
frå første kontakt med barneverntenesta i Vindafjord vore
klart at foreldra ikkje onska kontakt med barneverntenesta. Når
hjelpetiltak var tema i møte med advokat og mor vart evt.
hjelpetiltak avvist.
I samband med far sin innlegging vart det
gjort eit forsøk på å få til eit tiltak for
mor og barna i samarbeid med Bufetat. Ein kom ikkje i posisjon til
å få dette reelt drøfta med mor.
Like for
denne situasjonen i januar 2007 var det drøfta med Bufetat om
kva tiltak som kunne vera aktuelle då ein såg for seg at
situasjonen kunne bli akuttprega med behov for akuttplassering av barna.
FAR SINE DAGBOKNOTAT ( ekstern )
Det
er ikkje vanleg å ta med denne type dokument som grunnlag for ei
Fylkesnemndssak. Når barneverntenesta finn det rett å gjera
det i denne saka er det lagt vekt på at far sjolv har spreidd
denne informasjonen ved blant anna å levera deler av innhaldet
direkte til barnevetenesta og ved å levera den til ei rekkje
einskildpersonar der nokre igien har levert cd-en vidare til
barneverntenesta. Det er og lagt vekt på at far og mor skriftleg
har bedt om at ingen papir i denne saka skal unntas offentlighet.
Då finn vi det lite inngripande å sitera desse dokumenta i
denne samanhengen.
I tillegg til dette aspektet finn vi det
viktig å ta med nokre opplysningar fri desse dagboksnotata,
då far her gjer grei for sin tenking rundt sentrale emne i denne
saka. Vi meiner at dei derfor vil vera med å gje eit bilete av
korleis barna har det. Det vil berre vera nokre få utdrag som
blir behandla då den totale mengda notat i perioden mars -
desember 2006 dreier seg om fleire hundre sider. Vi har ikkje hand om
notat frå 2007 og veit heller ikkje om det er skrive notat i
denne perioden eller tidlegare.
Rune Hansen beskriv fleire
plassar at han tek opp samtalar, blant anna samtalen med Haugesunds
Avis i forkant av avisoppslaget der ( ekstern ). "Saksframstillingen i Haugesunds
Avis blir muligens svært mangelfull - og kanskje også
feilfokuserende. Jeg gjorde MP3-opptak av alt som skjedde og ble sagt
mens de var her, for sikkerhets skyld, med to MP-3 opptagere, den ene
hadde jeg under genseren hengende i en snor rundt halsen, den andre
på en hylle i stuen”.
Dokumentasjon: 220306 Dagboksnotat ( ekstern )
Hans
skepsis til offentlege instansar er godt belyst i andre samanhengar,
men eg vil og vise til at han og her i sine notat beskriv kor mykje tid
han må bruka til å forsømma familie og andre
arbeidsoppgiver pga sitt arbeid med "Saksdokumentasjonen", dvs
dokumentering av det offentlege sin inngripen i familien. I sine papir
vert ein av dei tilsette ved barneverntenesta sitt namn konsekvent
dreidd til Molbo..... Og i andre samanhengar vert offentlege instansar
sine
Side 24 av 42:
namn
og instansar fordreidd eller sett andre namn på som t.d.
"Heksene i Vikedal” og ”den verste sorten innanfor
Arbeiderparti-ideologien og dens lavtstående etterfølgere.
" Han viser fleire plasser til at det er barneverntenesta som har
manipulert Balder til halls handlingar. Han har og gitt uttrykk for at
han mistenke barneverntenesta for å stå bak skogbrannen i
Vikebygd våren 2006.
Dokumentasjon: 220306 Dagboksnotat ( ekstern )
240806
Dagboksnotat ( ekstern )
Han
viser ved fleire høve klar motvilje når han blir sagt imot
frå andre personar han har kontakt med. Forutan i forhold til
barna gjeld dette og mor. I tillegg viser det seg overfor andre
personar som han har kontakt med t.d. ei kvinne som han uttalar seg i
forhold til å ha egne bein å stå på, jfr Balder
sin situasjon. Hansen avviser etterkvart denne kvinna heilt og
når ho ber nokre av barna med på hyttetur etc.
Dokumentasjon: 260406 Dagboksnotat ( ekstern )
240806 Dagboksnotat ( ekstern )
Dagboksnotata
omhandlar og forhold rundt Balder og Idun sin utflytting frå
familien. Vi ser at far er den som oppfordrar Balder til å ta
skrittet fulit ut og "avsondre seg heit og på alvor ifra familien
heller enn i være ødeleggende overfor familien". Ved eit
hove seinare i mai siterer Rune Hansen kva han har sagt til Idun.
”Kanskje jeg skal kjøre deg til barnevernet med det samme
sa jeg skarpt og provoserende til Idun i det vi satte oss i
bilen… Kanskje jeg skal kjøre alle ungene dit med det
samme så er viferdig med det.” Det kjem ikkje fram kva
foranledningen er her. Eit av dei mindre barna var og tilstades. Same
dag er dei og på konsert der og Balder deltek. Far beskriv at han
ikkje snakka med han, hadde ikkje interesse av det. Om
fløytespelet til Balder skriv han at det ikkje lenger er prega
av uskyld, jfr flytting. I etterkant av at og Idun har reist frå
heimen skriv han "Jeg tenker ofte på dette som hendte med Balder
og Idun, - at det ville vært bedre om de var blittfysisk voldtatt
og mishandlet heller enn det som egentlig skjedde ". Han legg og her
skulda på barnevernet -" Vindafjord kommune Administrasjonen ". I
eit seinare notat skriv han "Hogganvik fikk Balder og Idun i
dødsriket "
Når far så får vita at mor
og Gudmund har møtt Balder i skjul har han sterke reaksjonar
på det. Ved eit tilfelle der far treff Idun og hun ber om å
få treffa sine søsken og familie igjen uttalar far; "Jeg
sa at hun har sviktet og forlatt sine foreldre.....Hun har sviktet sin
fars tillit for en billig og dårlig penge! Har hun ikke noe bedre
å si, så angrer hun ikke sitt svik…”
Far
omtalar i sine dagboksnotat Balder som Satan, han beskriv at Balder og
Idun er i dødsriket, han snakkar om å ofre barna i kampen
mot barneverntenesta for å visa kor grufull barneverntenesta er.
Dokumentasjon: 140506 Dagboksnotat ( ekstern )
230506 Dagboksnotat
( ekstern )
180706 Dagboksnotat
( ekstern )
270806 Dagboksnotat
( ekstern )
090906 Dagboksnotat
( ekstern )
Far
har heilt klart styring med det som føregår i heimen, eit
eksempel her er når Gudmund får jobba for ein nabo så
skal all lønn inn på far sin konto slik at "Gudmunds motiv
på ingen måte skal være penger og egoisme ".
Side 25 av 42:
Dokumentasjon: 280806 Dagboksnotat ( ekstern )
I
samband med at mor forlet bustaden rundt jul 2006 skriv far om dette;
”At Trude gjorde og gjør det hun nå gjør, er
vel å betrakte som hor? Eller hva? Hun går på sett og
vis, også sin ektemann til tross, til selveste skjøgen
Babylon - og at med seg noen av barna. Og forsøker å
få med seg hele familien?! Er det Antikrist som har besatt henne?
Og som har vunnet slaget om henne? Og er det definitivt og
endelig?”
Beskrivingane i notata er til dels enkle
beskrivingar av kva som vart sagt og kva som skjedde. Dei er vidare i
spedd ein del bibelsitat som vidare blir dradd inn i den aktuelle
situasjon; "Kanskje først straks når alle i omgivelsene
har giennomskuet de onde gjerningane til Balder i dødsriket, og
gråter over skammen, - Kanskje først da skjønner og
fatter Balder selv hva forferdelig han har gjort for galt?” .
"Den, lek med liv og død som Trude, og Balder, nu driver med, -
er slikt noe tilgivelig?" Balder er den som saman med mor får
skuld for det som har skjedd.
Desse ulike utsegnene til far i
desse notata var noko av grunnlaget for at ein bad om at han vart
framstilt for vurdering av sin psykiske helse i januar 2007.
Dokumentasjon: 201206 Dagboksnotat ( ekstern )
231206 Dagboksnotat
( ekstern )
SAKYNDIG SI UTGREIING
Barneverntenesta
engasjerte hausten 2006 Kirsten Westlye som sakkyndig i saka. Westlye
fekk aldri direkte kontakt med foreldra i denne saka. Jamfør
blant anna at advokaten til foreldra frårådde foreldra
å ha kontakt. Advokaten stilte og spørsmål med
nødvendigheten av å få gjennomført ei
sakkyndig utredning. Utredninga er derfor basert på dokument som
er vist til ovanfor samt til samtalar sakkyndig har hatt med ulike
personar som kjenner eller har hatt noko å gjera med familien.
Mandatet til Westlye var:
Barneverntenesta
ber om ei vurdering av foreldra sin omsorgskompetanse basert på
opplysningar som kjem fram av papira dykk får tilsendt. Ynskjer
og ei vurdering om kva skadeverknader barna kan få ved å
leva under dei forholda dei lever under. Barneverntenesta ber sakkyndig
vera særskild merksam på far sin psykiske helse på
bakgrunn av diagnose og far sin tolking av situasjonen med bakgrunn i
hans utspel i undersøkinga. Korleis kan far sin psykiske helse
påverka barnas kvardag?
Barneverntenesta ber sakkyndig om
å prøve å komme i kontakt med familien for å
få til ein samtale med far, mor og barna saman for å
sjå på samspelet i familien.
Om sakkyndige ikkje kjem i
direkte kontakt med familien må sakkyndighetsvurderinga baserast
på bakgrunn av tilsendt materiell.
Sakkyndig har hatt
samtale med Jens Tveit, ein pensjonert mann, som tidlegare blant anna
har arbeida som rektor. Han har gjennom nokre år møtt Hansen og
familien ved nokre høve. Hansen tok kontakt med Tveit etter at
barnevernsaka kom opp for å be om hjelp. Tveit har hatt ein del
samtalar med Hansen i perioden frå våren 2006. Tveit
beskriv ein mann som ønskjer å diskutera, særleg
rundt barnevernet, men og religion og politikk. Religiøst
blandar Hansen saman "Åsatru", indisk religion og forhold
frå det gamle testamentet. Tveit beskriv
Side 26 av 42:
Hansen
som ein drømmar som svært ofte ikkje får
utført sine planar, t.d. planting av planter og utnytting av
tømmer som var felt for fleire år sidan. Tveit har ikkje
registrert at det er faste rutinar i heimen til familien Hansen, jfr
måltider eller leggetider etc. Tveit opplever Hansen som
mistenksam, også overfor Tveit. Han kjenner til at Hansen har
mistrudd han for å stå i "ledtog" med barnevernet. Tveit
opplever mor som sterkt avhengig av mannen.
Sakkyndig har vidare
hatt samtale med Tveit sin son og svigerdotter, Arne og Brit Nelly
Tveit som og er busett i Vikebygd. Dei har møtt barna i familien
ved ein del høve. Dels gjennom trening i idrettslaget og dels
gjennom fellesarrangement i bygda som t.d. fjellttirar etc. Dei har
opplevd barna som kontaktsøkande til vaksne. Familien Tveit har
gitt familien Hansen ein del brukte kler. Dei har ikkje registrert at
dei vaksne er delaktige i sosiale aktivitetar. Dei har mottatt cd-en
som Rune Hansen har distribuert. Dei er sterkt bekymra for hans
oppfatning av verden som eit "oss og dei verden" der barneverntenesta
står i spissen for dei farlege. Dei kjenner og til at Hansen skal
ha gitt uttrykk for at den store skogbrannen som trua familien sin
bustad våren 2006 var sett på av barneverntenesta.
Sakkyndig
har hatt samtale med Sigve Bøe, ein kjenning av Rune Hansen. Han
tok sjølv kontakt med sakkyndig og ønska samtale.
Bøe har hatt noko kontakt med Rune Hansen, hovudsakleg med
utgangspunkt i heimeundervisning. Bøe meiner at barnevernet sin
intervensjon i denne saka er uberettiga. Samtidig er det slik at "han
selv aldri ville sendt sine barn dit hvis det ikke hadde vært for
at Trude var der " (Dvs familien Hansen sin heim)
Sakkyndig har
og hatt samtalar med skulefagleg rådgjevar i Vindafjord kommune,
Arne Borgemyr som har gjort greie for utfordringane knytt til familien,
blant anna gjennomføring av tilsyn. Sakkyndig har og
prøvd å få til samtale med tilsynsførar utan
å få til samtale med henne.
Per Schnabel er ein nabo
av familien Hansen. Sonen hans er kamerat med Gudmund og dei har
på bakgrunn av dette hatt ein del kontakt med familien.
Særleg då med Gudmund, men han har etterkvart og fitt
kontakt med far. Eit tema som far har tatt opp i samtalar med Schnabel
er forholdet rundt dei eldste barna som har flytta ut. Om Balder skal
far ha uttalt at ikkje skal ” sette vondt på sine
søsken" og at han derfor ikkje får koma heim. Far skal
overfor Schnabel ha gitt uttrykk for at han ønskjer at barna
skal slå seg ned med eigne gardar og at han skal styra over dei
alle. Schnabel kjenner til at far har slått mor "gul og
blå" rundt juletider i 2006. Dette skal mor seinare ha
bagatellisert. Han opplevera at far våren 2007 stadig truar med
skilsmisse, noko mor ikkje ønskjer samtidig som han "trykker
henne ned i skiten". Han kjenner vidare til at far har ein opptakar
liggande på når han ikkje er heime slik at han kan
følgja med på kva som vert sagt. Far skal og ha sagt at
han har tatt opp samtalar som Schnabel har hatt med han. Schnabel
uttrykkjer og at dei ikkje har orden på leggetider. Viser til at
han ved eit høve vart sitjande hjå Hansen til klokka to
på natta. Barna var framleis oppe. Han har heller aldri sett eit
bord som var dekka, han finne det lite sannsynleg at dei har faste
måltider. Schnabel seier at han ikkje har sett tydeleg teikn
på omsorg heime hjå familien som t.d. fysisk kontakt
gjennom klemming etc.
Sakkyndig har og hatt samtale med Balder
og Gudmund i august 2007. I samtale med dei kjem det fram at alt som
barna skal lesast først må sensurerast og godkjennast av
faren. Dei har ikkje hatt faste tider til undervisning eller andre
gjeremål heime. Dei fortel at faren har utøvd vold mot
alle i familien, kanskje med unntak av dei aller yngste. Det skjer ved
at han klaskar dei og han skal og ha bitt. Dette skjer om dei har gjort
noe galt. Nå brukar han og vald mot dei små barna som ein
måte å oppdra dei på. I samtalen fortel dei om lite
oppfølging t.d. i form av kjøring til aktivitetar etc.
Gudmund må nå sykla til Vikebygd sentr-um om morgonen
Side 27 av 42:
for
å nå skulebussen til Haugesund. Ein distanse på om
lag 5 kilometer. Dei fortel og at dei ikkje har faste måltid, et
sjeldan saman.
Farmor har i telefonsamtale med sakkyndig fortalt
at ho har observert at far har slått Balder samt at ho har
høyrt om voldsbruk gjennom andre. Ho uttrykkjer bekymring for
barna sin situasjon, der ho opplever det slik at Rune vil ha barna
hjå seg alltid.
Sakkyndig konstaterer at ho på
bakgrunn av sine hovudsaklege indirekte opplysningar har fatt eit godt
(dvs tydeleg) inntrykk av foreldras væremåte, tenking og
verdisyn. Ho oppfattar det slik at det er Rune Hansen sine haldningar
og meiningar som pregar heimesituasjonen. Gjennom alle år synes
det klart at foreldra har vist ein sterk aversjon mot "det offentlige"
og har eit fiendebilde av offentlege instansar. Det synes som familien
på den måten vil hindra barna i skadeleg påverknad,
det er uklart for sakkyndig kva paverknad dette dreier seg om.
Sakkyndig påpeikar vidare det paradoks at Rune Hansen til trass
for sin aversjon mot det offentlege mottek uføretrygd pga
"schizofreni" samtidig som han hevdar seg kompetent til å
undervise barna både i grunnskulealder og på
vidaregåande skule sitt nivå.
Heimeundervisninga synes ikkje å vera strukturert og det er store manglar i tilsynsrapportane.
Avvising
av dei barna som har valt å flytta ut samt store manglar ved
oppfølging av barna i form av transport til arrangement,
struktur på måltider og legging samt sensurerring av
songtekster etc er andre bekymringsfulle element i omsorgssituasjonen
til barna.
Andre forhold som sakkyndig trekkjer fram er far sine
sterke og fastlaste meiningar der det vert lagt stor vekt på at
barn skal adlyda sine foreldre og at kvinna skal vera mannen
underdaning. Ulydige eller ueinige barn vert straffa av far og gjennom
fysisk straff. Dette bar og vist seg i forhold til mor. Far tale ikkje
uenighet frå dei andre i familien i forhold til sitt livssyn og
det viser seg at far har eit ekstremt behov for kontroll. Når
nokre så ikkje underordnar seg vert dei totalt avvist.
Sakkyndig oppsumerar sin undersøking slik:
"Konklusjon
* Gudmund f-91, Frøydis f-93, Sofie f-97,
Alfredo f-99, Mauriel Rose-01, Urda Lilje f03 og Solborg
Hansen f-06 lever alle i en omsorgssituasjon som innebarer mangel
pd struktur, forutsigbarhet og følelsemessig trygghet.
* Barna oppdras med fysisk straff som
sanksjonsmåte. Dette er skadelig og ikke minst ulovlig.
* Barnas far har en sterkt avvikende personlighet
preset av storhets ideer om seg selv, et ekstremt kontrollbehov,
paranoiditet overfor andre og især "det offentlige" og liten
evne til innlevelse i barnas (andres) tanker og
følelser. Han evner også i liten grad å ta
hensyn til barnas behov og sette egne behov til side.
* Mye tyder på at barnas mor underkaster
seg sin ektefelle, og at hennes muligheter for eventuelt å
kompenserer for farens skadelige påvirkning er liten.
* Foreldrene vil være ute av stand til
å samarbeide med barneverntjenesten om evt. hjelpetiltak.
For øvrig kan jeg heller ikke se hjelpetiltak som
kan være egnet til å bedre barnas mangelfulle
omsorgssituasjon."
Side 28 av 42:
VURDERINGAR
Denne
saka har ein klar svakhet i at det er i avgrensa grad barneverntenesta
har kome i direkte kontakt med barna i familien. Dette gjeld i
sæleg grad barneverntenesta i Vindafjord, men det gjeld og andre
barneverntenester tidlegare. Det kan likevel ikkje vera slik at
foreldre kan hindre at barna får naudsynt hjelp ved at dei dreg
seg unna kontakt med barneverntenesta. Denne saka gjeld ein familie som
gjennom omtrent 20 år har hatt bustad i ei lang rekkje med
kommunar over eit større geografisk område. Felles for
situasjonen i alle kommunane er at andre har hatt avgrensa innsyn i
barna sin situasjon. Det har vore avgrensa kontakt med helsestasjon,
barna har ikkje gått i barnehage eller skule. Og i den grad
barneverntenesta har vore inne har det vore avgrensa til nokre få
heimebesøk i 93 og 98.
Gjennom den kontakten som
familien, og då særleg far, har hatt med offentlege
instansar samt gjennom andre privatpersonar som familien har hatt
kontakt med har ein etterkvart fått danna seg eit klarare bilde
av barna sin situasjon. Barneverntenesta meiner at ein nå har eit
klart bilde av kva situasjon barna i denne familien lever under.
Begge
foreldre har ansvaret for dei forholda barna lever under. Mor er like
ansvarleg som far for at barna forblir i ein situasjon som er klart
skadeleg for dei. Ho har levd i eit samliv med far i over 20 år
dvs langt over halve livet hennar og det er grunnlag for å
fastslå at ho er prega av den livssituasjonen familien har hatt i
alle desse åra.
Barna i denne familien er i alderen eit og
eit halvt år og opp til 16 år. Dei er i ulike fasar i
livet, der dei minste er heilt avhengig av dei vaksne dei har rundt
seg. Dei eldste er i ein fase der dei skal tilpassa seg eit storsamfunn
dei i liten grad er kjent med. Barn som lever i omsorgsvikt situasjonar
kan sjeldan gje uttrykk for korleis dei har det. Barn som veks opp i
omsorgsvikt opplever dette som ein normal situasjon og har lite
samanlikningsgrunnlag. Det er først når andre barn og
vaksne viser reaksjonar på t.d. kler, hygiene, deira
væremåte eller på mangel på oppfølging
frå dei vaksne at barna kjenner seg annleis enn andre. Barn kan
lett oppleve dette som at andre vaksne tar avstand og avviser. Men til
og med litt større barn har små høve til å
forstå samanhengar.
Barn som lever under varig omsorgsvikt
vil ofte få større problem enn barn som opplever meir
kortvarig foreldresvikt. Det varige vil setja spør i barna sin
utvikling. Det som er av ytre forhold som t.d. manglar ved kler,
reinhald og bustad kan i mange tilfelle forbetrast, i alle fall
på kort sikt. Det er ofte verre å få til varige
forbetringar.
Det som imidlertid er langt meir alvorleg er barn
som ikkje får den naudsynte stimulering, opplæring og
sosialisering med andre bam og vaksne.
Erfaringsmessig viser
barn sine problem seg i samhandling med andre vaksne og bam. Den
tydlegaste arenaen er då skulen, evt og barnehagen. I denne saka
er det berre Gudmund som deltek på ein slik arena. Vi kan
imidlertid og dra erfaringar frå dei eldre søskena.
Menneske
fødes med ulik konstitusjon, slik er det og innan ein
søskenflokk. Nokre tåle det andre ikkje tåler. Det
at barn som lever i familiar med omsorgssvikt ikkje viser tydelege
teikn på skade gjennom helseproblem etc kan vi ikkje ta som bevis
på at den problemstillinga ikkje er tilstades i den familien.
Side 29 av 42:
Vurderingar knytt meir konkret opp mot familien Hansen.
Vi
vil nedanfor prøva å knyta dei generelle skildringane av
omsorgsvikt ovanfor til situasjonen til dei barna denne saka omhandlar.
Vi vil først sjå på dei felles oppvekstvilkåra
barna har hatt.
Barna i denne familien har heilt klart opplevd
å ha fysiske oppvekstvilkår som er utafor det vi i dag
tenkjer at barn treng. Barna har siste åra budd i eit hus som er
svært lite sett i forhold til den store familien. Bustaden har i
utgangspunktet innlagt vatn, men dette har ikkje vore i orden på
lang tid. Vask etc må derfor skje i eit uthus. Det synes som at
barna har hatt ei hygiene som stort sett har vore tilfredstillande, men
likevel slik at andre har reagert på det ved fleire høve.
Det same kan seiast om kler. Barna har stort sett vore tilfredstillande
kledd, men ved nokre tilfeller slik at andre har reagert på
skitne kler. Dei er ofte og kledd slik at dei vil bli oppfatta som
"annleis" enn dei andre i bygda.
I tidlegare periodar er det og
heilt klart at familien har levd under forhold som heller ikkje er
tilfredstillande hygienisk. Dette kom særleg klart fram når
dei budde i Skaun der barna måtte skritte over eit fleire
månader gammalt grisekadaver og vidare over eit fjøsgolv
dekka av skitt for dei kom til utedoen. Det skal og ha vore totalt
utilfredstillande hygieniske forhold for dette. Vi kjenner lite til
korleis forholda skal ha vore slik etter flytting til Vindafjord men
melding mottatt i oktober 2007 tyder på at det framleis er
uttilfredstilland forhold til tider då det vert rapportert om at
besøkande ikkje ønskjer å ta av seg skorne ved
besøk i heimen.
Det er ikkje, og det skal ikkje vera
slik, at trangboddhet og bevisste val i forhold til å leva
alternativt gjer folk uskikka til å ha omsorg for barn. I denne
saka er det imidlertid eit fakta at over lang tid har barna levd under
fysiske forhold som har vesentlege avvik i forhold til det andre barn
veks opp under og som og kan vera problematiske i forhold til omgang
med andre barn. Det synes og som det snarare er eit resultat av
familien sin manglande evne til å ordna opp i desse forholda, enn
eit bevisst val i forhold til å leva alternativ. Det å
ikkje ha innlagt vatn eller ordna toalettforhold skaper avstand i
forhold til det som vert sett på som vanleg i dagens samfunn.
Sett i samanheng med andre forhold som vert vist til nedanfor vert
dette derfor relevant i ei total vurdering av omsorgssituasjonen.
Fysisk og psykisk vald
Barneverntenesta
vil nedanfor visa til at barna vert utsett for vald både aktivt
og passivt. Aktivt i form av at dei sjølv vert utsett for fysisk
eller psykisk vald, passivt i form av at dei er vitne til at mor
og/eller søsken vert utsett for fysisk eller psykisk vald.
Barneverntenesta
finn det sannsynleggjort og så langt som mulig bevist at barna i
denne familien er utsett for fysisk vold frå far som ein del av
oppdraginga. Om mulig med unntak av dei aller minste har alle opplevd
slag og spark. Det å vera ulydig eller ueinig med far
utløyser fysisk straff. Han skal og ha bete barna som ein mite
å utøva kontroll på.
Barna har etter all
sannsynlighet og vore vitne til at det er uført fysisk vold av
far overfor mor. Det er ein kjensgjerning at mor er blitt slått
av far. Det er vidare kjent at det har innverknad på barn
når dei opplever vold mellom foreldra. Foreldre skal trygge barna
sine. Når den eine forelderen utøve vold mot den andre er
det ikkje lenger trygt for barna.
Den psykiske volden barna er
utsett for i denne familien er klart skadeleg for barna. Dersom dei
ikkje viser total lydighet til foreldra risikerer dei total avvising.
Dei to eldste, og nå
Side 30 av 42:
utflytta
barna, har blitt totalt avvist av far. Gudmund har opplevd noko av det
same når han har valt å starta på Steinerskulen utan
far sin godkjenning. Avvisinga har vi sett gjennom at han ikkje snakkar
til dei, at han nektar dei å treffa andre i familien og at han og
reint fysisk går til angrep på Balder for å få
han frå eigedommen når Balder har kome heim på
besøk. Vi veit heller ikkje kva bilete dei andre barna får
når far omtalar Balder som Satan.
I tillegg til at dette
er alvorleg for dei barna dette gjeld, er det og alvorleg for dei yngre
søskena. Korleis bama opplever å ikkje få ha kontakt
med sine eldre søsken er vanskeleg å forestille seg utover
at det må opplevast traumatisk. Vi kjenner til at for Idun sitt
vedkomande var det å bli nekta kontakt med Balder
utløysande for at ho sjølv flytta. Dei yngre barna har
ikkje den muligheten. Vi kjenner til at Urda Lilje klamrar seg til Idun
når dei treffes ved juletider. Ho skal ha blitt fortalt av far at
Idun var død. Den sært ulike og usanne informasjonen barna
får vil heilt klart vera skadeleg for deira uvikling.
Når
far forinidlar til barna at barnevernet har gift i maten deira samt at
det er barneverntenesta som har sett på storbrannen i Vikebygd
våren 2006 vil dette vera ein stor psykisk påkjenning for
barna og gjera dei utrygge. Denne frykta som far skaper veit vi ikkje
kva mor gjer med. Ved heimebesøk i januar 2007 opplevde
barneverntenesta at mor overtok far sin rolle. Ho skjelte og banna,
ordra barna "som hundar". Barna er ofte med når far snakkar
negativt om offentlege instansar. Dette må me og rekna med at
skaper ein mistillit hjå barna.
Far og mor har heilt klart
ulik haldning til kva kontakt dei og familien skal ha med dei utflytta
barna. Mor har ved nokre høve trossa far sin vilje og
oppretthalde kontakt med barna. Når far så har oppdaga
dette har det ført til store konfliktar. Konfliktar som har
ført til både fysisk mishandling av mor samt og at ho har
flytta ut av heimen. Ein del av mønsteret har vore at mor etter
ei tid har innretta seg etter far sin vilje og flytta heim igjen ved
dei høve ho har vore ute av heimen.
Mor godtek slik
valden ved å ikkje ta borna vekk frå situasjonen. Ho vel
å ikkje ta ut skilsmisse og krevja dagleg omsorg for barna. Slik
sett bidreg og mor til at barna vert verande i ein situasjon der dei
vert utsett for fysisk og psykisk vald, både aktivt og passivt.
Ho er av mor og naboar/vener råda til å søkja hjelp
t.d. ved krisesenter utan at ho har fylgt desse råda.
Far
knyter både det at barna skal lya sine foreldre samt at kvinna
skal underordna seg mannen til religiøse førestillingar,
blant anna det fjerde bod. Far sine førestillingar rundt dette
er imidlertid av ei fastlåst art som ein ikkje berre kan
forstå ut frå religiøse dimensjonar. Dette har lite
med religion å gjera og må setjast i samanheng med far sin
psyke og personlegdom. Far prøver etter barneverntenesta si
oppfatning å gje si oppførsel legitimitet ved å
knyta den opp mot den kristne religion.
Opplæring og sosialisering
Barna
i familien Hansen har aldri fått oppretta noko nettverk utafor
familien. På den måten vert omsorgsvikten i denne saka
sæskilt alvorleg. Dei har berre sine foreldre og søsken.
Barna
har aldri gått på skule, då bortsett frå
Gudmund dei siste månadane. Dette må sjåast på
i samanheng med foreldra, og då særleg far sitt
ønske om å skjerma dei mot "uheldig påverknad". I
forhold til skule har det blitt ført ein lang kamp for å
få lov til å driva heimeundervisning for barna. Dette er
etterkvart blitt godkjent. Det er ikkje barneverntenesta si
oppgåve å vurdera om vilkåra for heimeundervisning er
fylgt opp. Vi vil imidlertid stille spørsmål med om
vilkåra er fylgt opp så lenge vi ikkje kjenner til at det
er noko plan for
Side 31 av 42:
opplæringa,
vi kjenner ikkje til at det vert nytta læreverk som er i bruk i
skuleverket utover det som er rapportert i ein tilsynsrapport frå
2003. Vi kjenner ikkje til at barna er vurdert opp mot forventa fagleg
utvikling for sitt alderstrinn etc. Barneverntenesta konstaterer og at
det ikkje er ført tilsyn med heimeundervisninga siste åra
samt at det frå skulemyndighetene er stilt ei rekkje kritiske
spørsmål til tilsynsførar sitt tilsyn og tidlegare.
Barneverntenesta vil samtidig understreka at ein ikkje tvilar på
at fleire av barna har framifrå evner på det musikalske
omradet samt at dei tidleg har lært seg å lese.
Barneverntenesta får eit bilete av at nokre av barna har tilegna
seg mykje kunnskap innanfor musikken trass at dei har vore i ein
uheldig omsorgssituasjon og hatt manglande skulegang.
Barneverntenesta
oppfattar at det å hindre barna i å gå på
vanleg skule er eit resultat av far sitt kontrollbehov like mykje som
eit bevisst val om heimeskule. Dette viser seg blant anna gjennom far
sin gjennomlesing av skulebøker etc før barna før
nytta dei.
Når barna ikkje får arenaer der dei
omgås andre barn mister dei heilt klart ein sosial
læringsarena. Barna mister verdifull læring på vegen
fram mot sin eigen identitet. Det at nokre av dei eldre barna har
deltatt på trening saman med andre fri bygda kan ikkje kompensera
den sosiale treninga ein får gjennom skule og barnehage.
Når vi i tillegg veit at barna ved fleire høve er blitt
nekta kontakt med andre barn er dette bekyrnringsfullt.
Barna
vert omtalt som sterkt kontaktsøkande når dei er i kontakt
med andre vaksne. Dei oppfører seg høfleg. Det at barna
er høflege og oppfører seg ordentleg må imidlertid
og sjåst i samanheng med at far forlangar total lydighet
frå barna. At dei slik vert kua vil naturlegvis prega dei og i
samvær med andre vaksne. Det kan og stillast sporsmål om vi
som møter dei har forventningar til "normal" oppførsel
eller om vi legg forventningane lågare.
For Gudmund sin
del blir han skadelidande då foreldra ikkje vil bidra til at han
får halda fram på vidaregåande skule. Det er
forståeleg at Steinerskulen krev at det er vaksne ansvarlege
å samarbeida med rundt Gudmund sin skulesituasjon. Det er derfor
særs uheldig at foreldra nektar å samarbeida rundt dette i
form av blant anna å underskriva ein samarbeidserklæring.
Det
ein fryktar i denne familien er at barna skal bli "hjelpelause vaksne".
Dette gjeld i forhold til å omgås andre, i forhold til
skule og arbeid, det å bli sjølvberga/sjølvhjelpen.
Balder sin situasjon har vist tydeleg kor hjelpelause barn som veks opp
i ein slik situasjon kan bli som vaksne. Han har ingen
vaksenstøtte, og har ikkje erfaringsgrunnlag frå eit
vanleg oppvekstmiljø.
Rutinar
Barna
lever i ein kvardag som manglar rutinar. Det er ikkje faste
måltider, leggetider eller tider for skulearbeid. Ein slik
kvardag med total mangel av denne type knaggar til å strukturera
kvardagen gjer barna i liten grad klar for å møta
samfunnet sine krav. Dette har kome tydlegast til syne hjå Balder
som har vist seg å ha store problem med å forholda seg til
krav frå skule, husvert og samfunnet elles. Og Idun rapporterar
at ho slit med å fylgja "normalkrav". At familien ved ein del
heimebesøk frå ulike offentlege instansar har greidd
å framstå som ”ein samla familie i stova” er
dessverre ikkje regelen, men heller unntaket frå det som pregar
kvardagen.
Side 32 av 42:
Far
Far
er den personen som etter barneverntenesta sitt syn heilt klart pregar
denne familien mest. Det vil derfor vera heilt naudsynt at det kjem
fram korleis hans personlegdom er og korleis dette pregar familien sitt
liv.
Far har fått diagnose schizofreni. Det er samtidig
slik at han synes å ha storhetstankar om seg sjølv samt at
han klare paranoids trekk. Han vert ikkje oppfatta som farleg for seg
sjølv, men langt fleire enn barneverntenesta har stilt
spørsmål med hans omsorgsevne.
Far sine paranoids
trekk har gitt seg utslag i at han tar opp samtalar han har med ulike
offentlege og private personar ved hjelp av mp3-spelar. Om dette er
spesielt, og kanskje til dels tvilsamt når det ikkje er avtalt
på førehand, er det imidlertid langt meir alvorleg at han
og avlyttar sin eigen familie når han er ute av heimen. Kva band
dette legg på dei andre familiemedlemmene er usikkert, men det er
klart bekymringsfullt.
Far sine storhetstankar om nærast
å bli ein leiar for sitt eige familiedynasti er klart prega av
hans ønske om å ha kontroll og om å skapa seg ein
verden for sin familie som ligg på sida av resten av samfunnet. I
praktisk kvardag synes det imidlertid som far får lite gjort.
Vasken går tett og vert ikkje reparert, planter vert kjøpt
og langt frå alle kjem i jorda, tømmeret til husbygging er
felt, men ligg og rotnar ned før det kjem på saga. Det som
opptar tida hans eg kampen mot offentlege myndigheter. Nå er det
barneverntenesta i Vindafjord som er hovudmotstandar, tidlegare var det
kommunal myndigheter i Skaun. Dette bruker han svært mykje tid
på. Han oppgir og sjølv at det er grunnen til at han ikkje
kjem i gang med andre oppgåver.
Samtidig som far er ufør
av psykiske årsaker kan vi ikkje sjå at han nokon stad
stiller spørsmål med sin kompetanse til å
følgje barna opp med undervisning eller på andre
måtar.
Far skaper heilt klart eit bilde av "oss og dei".
Familien sin kamp mot offentleg myndighet. Dei som er igjen i familien
på den eine sida og på andre sida Balder og Idun som har
gått ut og ikkje lenger høyrer til i familien. For han
blir det svært sterke skilje her. Det er rimeleg klart at det
å skapa så klare skiljelinjer i forholdet til samfunnet og
i forhold til andre privatpersonar som far vert ueinig med må ha
negativ verknad for barna dersom ein forutset at dei treng nærma
seg samfunnet. Det å setje Idun og Balder så klart utafor
familien må og få verknader for dei andre bama.
Først i forhold til å mista kontakten med dei eldste
søskena, men og i forhold til korleis dette kan skapa ein frykt
hjå dei andre barna om at det og kan skje dei.
Barna
får grunnleggande mistillit til alle. Far mistenke alle for
å ha ein skjult agenda. T.d. viser dette seg når Balder
får hjelp av sosialtenesta til å skaffe seg mobil og lurer
på om denne er avlytta. Og når han lurer på kva
gjenytingar han må gje for å ta i mot økonomisk
sosialhjelp.
At far ved nokre høve kan framstå som
roleg t.d. i møter med offentlege instansar som
helsesøster må sjåast på ut frå at dette
er ein situasjon der han ikkje vert pressa eller motsagt. Det finnes
solid dokumentasjon på at han oppfører seg annarleis om
han blir motsagt eller kjenner seg pressa av offentlege myndighetar og
av dei eldre barna.
Side 33 av 42:
Mor
Mor
viser ved nokre høve at ho møter minste barnet ved
blikkontakt etc. Vi veit mindre om korleis ho møter dei i andre
situasjonar. I krisesituasjonar synes ho å ha lite syn for barna
sin situasjon, jfr situasjonen i januar der barneverntenesta er
tilstades og situasjonen ved julehelga 2006 der ho reiser frå
fleire av barna. Vi kan ikkje sjå at ho greier å skjerma
barna for det som skjer.
Mor kan i denne familien bli noko
utydeleg. Til dels tar ho del i far sitt syn på omverda, i hans
fiende bilete av offentlege instansar, t.d. i forhold til skule og
kontakt med barnevern. Ved nokre høve som ved møte med
barneverntenesta i januar 2007 overtek ho far sin rolle og er viser
skepsis og angrip barneverntenesta. Dette har og vist seg i andre
møter.
Til dels gjer ho mot far sin vilje, som ved
å treffa dei eldste barna. Ho kan og seia i mot han. Det har og
skjedd at ho har forlate heimen ved nokre høve, nå sist
ved jul 2006 og i oktober 2007. Det som imidlertid gjentek seg er ho
søkjer tilbake til mannen, ho flyttar tilbake etter kort tid,
eller ho teier og seier ikkje lenger mot han. Barneverntenesta
oppfattar det slik at mor klart er prega av å leva saman med ein
mann som har dominert heile hennar vaksne liv, ein periode på
over 20 år. Vi kjenner og til at far skal ha vore voldeleg mot
henne.
Hersketeknikkar vert nytta til å ha kontroll over
mor. Far seier at han får omsorga for barna dersom det vert
skilsmisse. Det verkar som mor trur på dette.
Mor verkar
ute av stand til å ta ansvar for sitt og barna sitt liv. Ho synes
ikkje i stand til å bryte ut av det avhengighetsforholdet ho har
til far. Historia viser og at det er lite sannsynleg at ho vil leve
utan i samliv med far. Mor tek nokre av barna med seg og forlet heimen
på nattetid nokre dagar for jul i 2006. Andre barn vert tatt ut
av bilen til far utan hans viten. Dette er hendingar må opplevast
traumatisk for barna. Nokre dagar seinare flyttar ho heim igjen.
Barneverntenesta
kan ikkje sjå at mor ville vera i stand til å ta seg av
barna om ho hadde den daglege omsorg for dei åleine.
Mor
gøymer seg i skogen saman med barna dagen etter at
barneverntenesta var ved heimen i januar. Dette sjølv om ho er
blitt lova at kontakt med barneverntenesta skal skje gjennom advokat.
Ho viser tydeleg mistillit til hjelpeinstansar. Familiemeldlemmar
fortel at ho heller ikkje tek imot rettleiing frå familien sin.
Mor
har ingen diagnose og er etter barneverntenesta sitt kjennskap ikkje
vurdert av lege i forhold til psykisk helse ut frå ein kort
samtale i samband med episoden i januar 2007. Vi kan imidlertid ikkje
sjå at mor er betre i stand til å ta seg av barna enn far.
Ho er like ansvarleg for at barna lever i den situasjonen dei har vore
i ein periode på over 20 år. Ho hindrar dei like mykje som
far frå å ta del i ein normal opplæringssituasjon. Ho
tek ikkje eit steg ut av eit øydeleggjande samliv som og er
skadeleg for barna. Ho viser aggresjon i møter med offentlege
instansar. Vi veit lite om dette og skjer i forhold til barna, utover
den aggresjon som vart vist ved situasjonen i januar.
Barna
fortel lite om mor sin rolle i familien. Det kan synast som om dei
prøver å beskytta mor, og vi kan ikkje ta det at dei
fortel lite om mor som eit bevis på at ho kan gje dei
tilfredstillande omsorg.
Side 34 av 42:
Vanlegvis
til vi og i alvorlege omsorgssvikt saker ha foreldre som og har sterke
sider. I denne saka har barneverntenesta ikkje på vanleg
møte fått høve til å bli kjent med foreldra.
Det er derfor vanskeleg å beskriva foreldra sine sterke sider.
BARNA SIN SITUASJON VURDERT OPP MOT LOVA
Barna
i denne saka er i ein slik situasjon som beskrive i § 4-12. Barna
har "alvorlige mangler i forhold til den personlige kontakt og trygghet
som det trenger etter sin alder og utvikling" slik beskrive i §
4-12 a. Barneverntenesta vil visa til at foreldra ikkje greier å
gje bama ein trygg oppvekstsituasjon. Barna har ein utrygg oppvekst i
form av at foreldra har skapt eit fiendebilde av verda omkring, far
avviser eldre søsken samt at far avlyttar familien når han
ikkje er tilstades. Far sin voldsbruk overfor barna vil og undergrava
den trygghet dei treng. Den same kan ein seia i forhold til far sin
avvisning og til dels ignorering av dei eldste barna. Jamfør og
verknader for dei yngre barna.
Sjølv om ein kan finne
manglar ved korleis dei fysiske behova vert ivaretatt er ikkje dette
kriteriet aleine grunnlag for å overta omsorga for desse barna.
Men det er openbart svakheter ved både fysisk omsorg i form av
plassmangel og manglande sanitærforhold samt og manglar i forhold
til klær og hygiene.
Etter barneverntenesta si vurdering
bør og nemnda ta opp til vurdering om vilkåra i 4-12 c er
tilstades. Barneverntenesta finn det sannsynleggjort at far nyttar
fysisk vold samt psykisk sjikane i oppdraginga av barna. Dei er vidare
vitne til at mor vert utsett for både fysisk og psykisk vold. Dvs
at barna vert utsett for vald både i direkte og indirekte
forstand.
Vi kjenner ikkje til at mor nyttar fysisk vold. Ho er
likevel delaktig i omsorgsvikten då ho let dette skje og ikkje
får barna vekk frå far.
Det barneverntenesta i
tillegg finn sannsynleggjort er at kriteria i 4-12 d er oppfylt. Det er
dessverre slik at barna i denne familien står i fare for at deira
helse og utvikling vil bli skada. Barneverntenesta finn dette
gannsynleggjort gjennom å ha peika på korleis far sin psyke
pregar oppvekstsituasjonen til barna. Barneverntenesta vil her peike
på at det ikkje er hans diagnose, men det er korleis hans
psykiske tilstand påverkar den daglege omsorg barna får som
vert lagt til grunn.
Mor har vist at ho overtek mange av far
sine vrangførestillingar. Ho dreg på den måten saman
med mannen barna inn i ein verden som er full av vrangforestillingar.
Det
vil alltid vera vanskeleg å foreta ei prognosevurdering i
barnevernet. 4-12 d tilseier at ein må foreta ei slik vurdering.
I denne saka er dei eldste barna blitt vaksne. Vi kjenner til deira
situasjon. Korleis deira utvikling har vore vil i stor grad kunne vera
ein peikepinn på korleis det kan gå med barna som denne
saka gjeld. Individuelle forskjellar vil sjølvsagt spela inn,
men det er grunn til å peika på korleis Balder har vist seg
å vera ein "hjelpelaus" vaksen. Det er og grunn til å peika
på Idun sine store utfrodringar i forhold til å forholda
seg til "normalkrav" frå skule og øvrig samfunn.
Sjølv
om myndighetene har godkjent at dei skal ha heimeundervisning finn vi
ikkje at barna får tilfredstillande opplæring eller
undervisning. Dei får heller ikkje tilstrekkeleg sosial trening i
å omgås andre barn og vaksne. For Gudmund sin del vil det
og dreia seg om at han ikkje får tatt vidaregåande
utdanning pga manglande vilje til samarbeid frå foreldra si side.
Dette i kombinasjon med far sin bruk av fysisk og psykisk vold, samt
hans klare "oss og dei"
Side 35 av 42:
haldning
til verda utanfor vil på sikt klart gjera skade på barna.
Mor deler fleire av desse haldningane og er heller ikkje i stand til
å bryta ut av samlivet. Det viser seg dessverre at dei eldste
barna i til dels stor grad viser tydelege skader, skader som må
setjast i samanheng med oppveksten deira.
"Nødvendighetskriteriet"
Barneverntenesta
registrerer at den situasjonen barna finn seg i nå er ein
situasjon dei har hatt over lang tid. Barneverntenesta finn det
dokumentert at allereie dei eldste barna sine småbarnsår
var prega av omsorgsvikt. Barneverntenesta ser ikkje at det i nokon
særleg grad er muligheter til å endra barna sin situasjon i
heimen. Vi kan vanskeleg sjå for oss kva hjelpetiltak som kunne
verka tilfredstillande i denne familien. Når vi i tillegg kjenner
til korleis foreldra stiller seg til samarbeid med barneverntenesta
eller andre offentlege instansar finn vi det utelukka å setje inn
hjelpetiltak. For at ein skal setja inn hjelpetiltak i ein familie
må det vera slik at det er mogleg å samarbeida med foreldra
om tiltaka. Tiltaka må vera friviljuge, og det må og vera
slik at familien må forstå kvifor ein set inn tiltak.
Dersom dette er tiltak som skal gå på det einskilde barn er
det viktig at foreldra gir barnet "tillatelse" til å delta i
tiltaket. I denne familien er det mistenksame og paranoide foreldre som
det er lite sannsynleg at vil gi barna slik "tillatelse". Å setje
inn tiltak i ein slik situasjon kan gjera barna sin situasjon enda
vanskelegare. Ein kan her peike på Gudmund sin situasjon
når han vel å gå på skule mot foreldra sin
vilje. Den som evt. faktisk skulle utføre hjelpetiltak inn i
heimen ville vera i ein svært vanskeleg situasjon, dette må
og tas med i vurderingane om det er grunn til å tru at
barneverntenesta vil nå fram ved å setja inn hjelpetiltak.
Lova sitt krav om at hjelpetiltak er vurdert er etter barneverntenesta
sitt syn oppfylt. Vi ser imidlertid ikkje at det er ein situasjon der
det må prøvast utover det som er gjort på tidlegare
tidspunkt.
"Barnet sitt beste"
Sjølv
om vilkåra i 4-12 er oppfylt skal dette vurderast opp mot
ordlyden i § 4-1; "Ved anvendelse av bestemmelsene i dette
kapitlet skal det legges avgjørende vekt på å finne
tiltak som er til beste for barnet. Herunder skal legges vekt på
å gi barnet stabil og god voksenkontakt og kontinuitet i omsorgen
"
Ei kvar omsorgsovertaking medfører i prinsippet brot i
stabiliteten for barnet. Det vil i ein del høve likevel vera
behov for å bryta denne stabiliteten. Det gjeld i dei tilfella
barna sine omsorgspersonar ikkje kan gje stabil og god omsorg. Vi finn
det slik i denne familien. Det som kunne tala mot ei omsorgsovertaking
er at det og vil medføra at barneflokken vert splitta opp. Dei
vil derfor kunne mista noko av sin felles identitet. Samtidig er det
slik at dette vil kunne letta på dei eldste barna sitt ansvar for
dei andre søskena. Det er og slik at omsorgsovertaking vil
medføra andre endringar i desse barna sitt liv. Dei vil få
sin oppvekst i ein annan type heim der dagleglivet vil skilja seg
vesentleg frå det dei er vant til. Det vil og vera aktuelt
å starta i vanleg skule. Sjølv om dette er vesentlege
endringar som vil vera utfordrande for barna, er det likevel slik at
dette vil vera naudsynte endringar for å sikra deira vidare
utvikling.
Barneverntenesta vil derfor konkludera med at ei omsorgsovertaking er til "barnas beste".
Side 36 av 42:
Samvær
Fylkesnemnda
skal her ta stilling til samvær mellom barn og foreldre. I
tillegg er det ein viktig problemstilling korleis kontakten mellom
søsken skal ivaretas.
Barna i denne saka er i ulik
alder. Dette vil og ha betydning for
samværsspørsmålet. Det vil og vera naudsynt å
ta stilling til om det er behov for tilsyn under samvær. Og her
vil det vera av betydning kva alder barna er i.
Barneverntenesta
går inn for å plassera barna i fosterheim utafor biologisk
familie. Vi ser ikkje aktuelle altemativ i familie eller nettverk.
Barneverntenesta legg og til grunn at det vil væra vanskeleg for
biologisk familie og ev stå som fosterforeldre i denne saka.
Utgangspunktet
for plasseringa er at den skal vera varig, dvs at dei skal veksa opp i
fosterheimen. For dei mindre barna vil det bety at det skal
opparbeidast ein ny foreldretilknyting til fosterforeldra. I
barnevernsaker vert det ofte vist til i vedtak og tiltak skal vara til
vaksen alder, dvs til dei er 18 år og i nokre høve opp mot
23 år. Formelt er dette rett då fosterbarnet kan velja
sjølv kva tilknyting det vil ha til fosterfamilien etter
passerte 18 år. Spørsmålet er om slik tenking er
tilstrekkeleg eller om ein i nokre høve bør tenkja i eit
lengre perspektiv, livet ut. Dersom ein tenkjer i desse banar vil
grunngjevinga for samværet med biologiske foreldre vera at dei
skal ha kjennskap til sine foreldre. Samværet vil då vera
av kortare varighet enn om dei skal oppretthalda ei tilknyting til sine
biologiske foreldre.
Barneverntenesta vurderar det som viktig at
barna kan ha kjennskap til sine biologiske søsken og så
langt som mulig behalda ei tilknyting her. Ved plassering av barna vil
og dette elementet bli tillagt vekt.
Barneverntenesta vil derfor
tilrå at det vert sett ei ramme for samla samvær mellom
foreldre og alle barna på 6 gonger pr år og at samvtr varer
inntil 4 timar. Dette er ei ramme som er slik at den bør kunne
fyllast med aktivitetar som kan vera reiskap til å oppretthalda
kontakt mellom søsken og mellom barn og foreldre.
For
Gudmund sitt vedkomande kan det vera aktuelt å opna for meir
samvær i samråd med han og foreldra. Det vert her lagt til
grunn at har er i ein alder der han sjølv vil kunne ta
sjølvstendige avgjerder meir uavhengig av press frå
foreldre noko han allereie har vist seg i stand til å gjera. Vi
finn imidlertid ikkje rett å fremja forslag til nenmda om dette.
Frøydis er og i ein alder der det vil vera naturleg å
leggja meir vekt på hennar ønskjer. Vi vil derfor vurdera
omfanget av samvær med henne etter plassering og leggja vekt
på kva som kjem fram i samtalar med henne.
Barneverntenesta
vil samtidig be Fylkesnemnda om høve til å føra
tilsyn. Barneverntenesta er kjent med far sin adferd overfor barna der
han har utøvd på fysisk og psykisk vold mot barna.
Barneverntenesta er og uroleg for om foreldra kan ta barna med seg
dersom dei har samvær utan tilsyn, jfr at dei tidlegare har
flytta unna vanskar samt levd i skjul. Vi finn det derfor rett at
barneverntenesta skal ha høve til å utføra tilsyn
om ein finn det naudsynt.
Om det skulle visa seg at nokre av
barna ikkje har noko ønskje om å ha samvær med sine
foreldre vil det bli prøvd lagt til rette at dei likevel kan ha
samvær med sine andre søsken. Det er og ein kjensgjerning
at far ikkje ønskjer å treffe dei eldste barna.
Barneverntenesta finn det rett å arbeida for at kontakten mellom
dei og dei yngre søskena vert ivaretatt. Vi finn det rimeleg at
dette likevel ikkje vert tatt med som eit eige vedtakspunkt i nemnda.
Det same vil vi anføra overfor mormor som synes som ein viktig
person for barna.
Side 37 av 42:
Barneverntenesta
vil gjera merksam på at det nemnda vedtek er eit
minimumssamvær. Barneverntenesta kan ut fra eige vurderingar gje
foreldre og barn meir samvær enn det nemnda har fastset på
eit seinare tidspunkt. Slike vurderingar vil bli gjort og det vil bli
lagt til rette for samvær dersom det blir vurdert til det beste
for bama/det einskilde barn å utvide samværet.
Det
same gjeld for høve til å føra tilsyn under
samvær. Barneverntenesta ser det som viktig at barneverntenesta
har høve til å føra tilsyn. Slikt tilsyn må
og vil bli utført med naudsynt varsemd. Det betyr at det ikkje
er sikkert at alle samvær for desse barna nødvendigvis
må utøvas med tilsyn. Det vil bli lagt vekt på dei
erfaringar ein haustar undervegs.
HEIMEL / Lovgrunnlag:
Fylkesnemnda vert bedt om å treffa vedtak etter lov om barneverntjenester § 4-12 som lyder slik:
§ 4-12. Vedtak om å overta omsorgen for et barn.
Vedtak om å overta omsorgen for et barn kan treffes
a) dersom det er alvorlige mangler ved den
daglige omsorg som barnet får, eller alvorlige mangler
iforhold til den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter
sin alder og utvikling,
b) dersom
foreldrene ikke sørger for at et sykt, funksjonshemmet eller
spesielt hjelpetrengende barn fir dekket sitt scerlige behovfor
behandling og opplæring,
c) dersom barnet blir mishandlet eller utsatt for andre alvorlige overgrep i hjemmet, eller
d) dersom det er overveiende sannsynlig at
barnets helse eller utvikling kan bli alvorlig skadd fordi foreldrene
er ute av stand til å ta tilstrekkelig ansvar for barnet
Et
vedtak etter første ledd kan bare treffes når det er
nødvendig utfra den situasjon barnet befinner seg i. Et slikt
vedtak kan derfor ikke treffes dersom det kan skapes tilfredsstillende
forhold for barnet ved hjelpetiltak etter § 4-4 eller ved tiltak
etter § 4-10 eller § 4-11.
Et vedtak etter første ledd skal treffes avfylkesnemnda etter reglene i kapittel 7.
KONKLUSJON:
Barneverntenesta
i Vindafjord ber om at Fylkesnemnda for Rogaland fattar vedtak om
omsorgsovertaking og plassering utafor heimen for barna Gudmund
Cusanus, Frøydis, Sofie, Alfredo Ao, Mariel Rose, Urda Lilja og
Solborg Sera Hansen jfr lov om barneverntenester §4-12, a, c og d.
PLAN FOR FRAMTIDIG OMSORGSSITUASJON
Det
vil bli utarbeida fullstendige tiltaksplanar når nemnda sitt
vedtak og grunngjeving foreligg. Slike planar må og utarbeidast i
samrad med dei som skal utova den daglege omsorg for barnet,
jamfør lov om barneverntjenester § 4-18. Her vil vi gje
nokre hovudpunkt for korleis ein ser for seg at omsorga for barna vert
ivaretatt etter omsorgsovertakinga.
Plasseringa si lengde
Grunnlaget
for å fremja denne saka er at dokument og den barnevernfaglege
vurdering tilseier at foreldra sine omsorgsevner er varig svekka. Ein
kan ikkje sjå at det er utsikt til endring her
Side 38 av 42:
innan
desse barna sitt tidsperspektiv. Skulle forhold over ein 10
årsperiode likevel endra seg vil det vera slik at dei mindre
barna då har opparbeida seg ny tilknyting og det tilseier heller
ikkje tilbakeføring for dei.
Plasseringsstad
Dette
er ein stor barneflokk på 7 barn. Ein plassering i fosterheim vil
medføra at søskenflokken vert delt. Det er derfor og
vurdert om ein kan finna alternative løysingar til tradisjonell
fosterheim. Vi har imidlertid lagt dette altemativet bort då det
framleis vil medføra at barna i for liten grad vert ført
inn i ein vanleg oppvekstsituasjon.
Ved val av fosterheim
står vi og ovafor fleire val. Det er ønskeleg at barna
skal plasserast slik at dei framleis kan ha noko kontakt med kvarandre.
Det tilseier at barna burde plasserast nært kvarandre geografisk
og om mulig fleire barn i same heim. Det er imidlertid utfordrande
å få dette til. Det vil og vera krevjande å overta
dagleg omsorg for barn som har levd under omsorgsvikt over lengretid. I
denne samanhengen kan vi og snakka om kulturforskjellar i tillegg til
det som er rein omsorgssvikt.
Det viktigaste vil derfor her vera
at barna vert plassert i heimar som kan gje dei ein god oppvekst
snarare enn at det vert sett krav om kor mange av barna som skal bu i
same heim.
Det bør saman med Bufetat arbeidast for
å organisera dei ulike heimane i ein "fosterforeldrering" som
t.d. og kan ha felles veiledning og gjerne og gjer det lettare å
organisera treffpunkt for barna. Det må og vurderast om det kan
knytast opp ein ekstrafamilie til tiltaket som kan ta oppdrag med
avlastning samt organisera og føra tilsyn ved samvær.
Det
vil vera ei krevjande oppgåve å finna egna heimar til desse
barna. Det kan derfor vera aktuelt å ha ei midlertidig plassering
i institusjonsliknande tiltak for eit eller fleire av barna.
Fosterheimane
bør vera forsterka den første tida. Første 6-12
månader vil det vera behov for at ein av dei vaksne ikkje er i
full jobb. I kor stor grad heimen skal forsterkast på denne
måten vil vera avhengig av om heimen tek i mot eit eller fleire
barn. Det vil og vera naudsynt å hausta erfaringar med det
einskilde barn då barneverntenesta ikkje har tilstrekkeleg
grunnlag til å vurdera det einskilde barn sine spesielle
omsorgsbehov. Behovet for forsterkning i form av frikjøp vil
derfor måtta vurderast undervegs.
Oppfølging av fosterheimane
Oppfølging
av fosterheimane vil gå fram av dei fosterheimsavtalane som vert
inngått mellom fosterheim og barnevernteneste. Her vil spesielle
forhold rundt det einskilde barn samt evt forsterkningar bli regulert.
Når vedtaket i nemnda er kjent vil det og bli utarbeida ein
detaljert tiltaksplan der oppfølging og veiledning til
fosterheimen vil bli tatt med.
Oppfølging av barna
Barna
vil bli fylgt opp slik lova krev med besøk i fosterheim, ved
samtalar med barn og fosterforeldre samt ved samarbeidsmøte og
anna samarbeid med skule osv. Barna vil få oppnemnd
tilsynsførar.
Side 39 av 42:
Oppfølging av kontakt mellom barn og foreldre.
Kontakten
vil bli fylgt opp ved samværsavtalar og ved at foreldre vert
invitert til samtalar om barna og deira situasjon og utvikling.
Foreldre vil ha tilgang til dokument som vedkjem barna.
Barneverntenesta vil og sørgja for at det er ein person
tilstades ved samvær som barna kjenner og som kan føra
tilsyn. At dette er ein person barna kjenner vil vera særleg
viktig for dei mindre barna. Barneverntenesta vil hevde at det er behov
for å kunne føre tilsyn, særleg den første
tida. Dette vil bli vurdert på ny seinare.
Oppfølging av kontakt mellom søsken og andre i familienettverket
Barneverntenesta
har ansvar for å laga søskentreff. Det vert lagt til grunn
at barna i denne familien kan ha ein sterkare gjensidig tilknyting til
kvarandre enn dei faktisk har til sine foreldre. Det vert lagt til
grunn at barna gjennom oppveksten har hatt kvarandre og deler
erfaringar. Ein vil som nemnt og prøva å få til at
barna vert plassert slik at dei kan ha tettare kontakt med nokre av
sine søsken. I tillegg vil det bli lagt til rette for at barna
og kan treffa sine søsken ved samvær med foreldra. Det kan
og vera naturleg å invitera t.d. mormor og farmor til nokre av
søskentreffa.
Oppfølging av foreldre
Foreldre
vil bli invitert til møter med barneverntenesta.
Barneverntenesta vil og bidra til at andre aktuelle instansar evt kan
setja inn tiltak som kan avhjelpa eller lindra foreldra sin situasjon.
Foreløpig omsorgsplan
Barna er under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune
* Barna vert plassert i godkjent fosterheim
* Fosterheimane skal vera forsterka første 6-12 månader
* Det vert halde ope at det kan vera naudsynt
med midlertidig plassering i institusjonsliknande tiltak.
* Plasseringa skal vera langsiktig.
* Barn og foreldre skal ha samvær
* Barneverntenesta skal ha høve til å føra tilsyn under samvær
* Barna sine meir konkrete omsorgsbehov skal
utgreiast og ein skal leggja dei til grunn for meir langsiktig
omsorgsplan.
* Barna skal ha kontakt med sine søsken.
Krav om utgiftsdekning
Det vert kravd utgiftsdekning etter § 9-2, i barnetillegget i far si uføretrygd.
Det
vert sett som rimeleg at det vert kravd dekning i dette, då det
er eit tillegg far har til å dekka utgifter til barna sitt
underhand. Når barneverntenesta nå overtar omsorga for
barna vil, ikkje far lenger ha denne utgifla. Dersom det ikkje vert
kravd refusjon i dette vil dette tillegget falla vekk i far si trygd
når barna er flytta ut av heimen. Det vert sett som rimeleg at
lova vert fylgt og på dette punktet sjølv om at dette
berre medfører at ein liten bit av kommunen sine totale utgifter
vert dekka og slik sett har liten betydning for kommunen sine totale
framtidige utgifter i denne saka. Barnetrygda føl som kjent
barna.
Side 40 av 42:
FORSLAG TIL VEDTAK:
1.
a) Gudmund Cusanus Hansen, født 100591 skal vera under
omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfor lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfor lov om barneverntjenester § 4-19. Samværet kan finna
stad 6 gonger pr år,
4 timar kvar gong.
d) Bamevemtenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.
2.
a) Frøydis Hansen, født 251293 skal vera under
omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfor lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna
stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
d) Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.
3.
a) (Stauda) Sofie Hansen, f 240591 skal vera under omsorg av
barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfor lov om barneverntjenester
§ 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfor lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan finna
stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
d) Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær
4.
a) Alfredo Ao Hansen f 170899 skal vera under omsorg av
barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfor lov om barneverntjenester
§ 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan
finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
d) Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.
5.
a) Mariel Rose Hansen f 211201 skal vera under omsorg av
barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester
§ 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan
finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
Side 41 av 42:
d) Barneverntenesta vert gitt hove til å føra tilsyn under samvær.
6. a) Urda Lilje Hansen, født 140603 skal vera under
omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jamfør lov om barneverntjenester § 4-19. Samværet kan
finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
d) Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.
7. a) Solborg Sera Hansen, fodt 280206 skal vera under
omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune, jamfør lov om
barneverntjenester § 4-12 a, c og d
b) Barnet vert plassert i fosterheim, jamfør lov om barneverntjenester § 4-22.
c) Barnet og foreldra kan ha samvær med kvarandre,
jarnfør lov om barneverntjenester §4-19. Samværet kan
finna stad 6 gonger pr år, 4 timar kvar gong.
e) Barneverntenesta vert gitt høve til å føra tilsyn under samvær.
8.
Det vert kravd utgiftsdekning for alle bama i samsvar med det far
får utbetalt i si uføretrygd, pr. juli 2007
kr.14675,-/månad. Beløpet vert regulert i samsvar med
utviklinga i barnetillegget i uføretrygda. Jamfør lov om
barneverntjenester § 9-2
Iren Konstanse Hebnes 13. 12. 2007
(underskrevet)
Iren K. Hebnes
Barnevernleiar
Side 42 av 42:
VITNELISTE:
1. Barnevernkonsulent Ingeborg Nyland ( ekstern ).
2. Psykiater Kirsten Westlye ( ekstern ) - sakkyndig.
3. Daniele Reistad, ( ekstern ), Videregående koordinator v/Steinerskolen i Haugesund.
4. Terje Egil Kleiven, ( ekstern ), lege Vindafjord legekontor.
5. Brit Nelly Tveit ( ekstern ) - "nabo" til familien Hansen.
6. Per Schnabel ( ekstern ) - bosatt i Vikebygd, bekjent av Rune Hansen.
---