--- Denne side:  Side-022-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 22 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

opp ved Steinerskulen saman med søskena sine. Barneverntenesta hadde raskt ein samtale med Gudmund og det kom her fram at han ønska å gå på Steinerskulen og at han hadde gjort dette mot foreldra sin vilje. Han opphaldt seg på hybelen til Balder. Barneverntenesta hjelpte Gudmund å handla inn noko nye kler til 17.mai då han ikkje hadde meir kler enn det han gjekk i. Det vart vidare gjennomført møte med Steinerskulen der Gudmund og dei to eldre søskena deltok. Det kom her fram at det hadde blitt vanskeleg heime dagen før. Dei hadde alle dratt heim då far ikkje var heime. Far hadde kome heim. Det hadde oppstått ein konflikt der far hadde dels trua og dels vore fysisk mot Balder. Politiet var og blitt tilkalla. Far behandla Gudmund som luft.


Dokumentasjon: Journalnotat 160507

Journalnotat 180507

Journainotat 230507

Journalnotat 240507



Mor gav snart uttrykk for at ho var positiv til at Gudmund skulle starta på Steinerskulen. Det viser seg etterkvart at ho er utsett for press frå far og i denne samanhengen. Far truar igjen med skilsmisse og seier at han har papir liggande klare til innsending.


Dokumentasjon: Joumalnotat 010607


Gudmund deltok som hospitant ved Steinerskulen varen 2007. Steinerskulen stilte som vilkår for å ta inn Gudmund som elev frå hausten 2007 at foreldra skreiv under ein avtale på at dei ville samarbeida med skule og barnevernteneste. Dette vart presentert frå foreldra ein rekkje gonger. Dei har enda ikkje skrive under på eit slikt samtykke. Mor har i nokre samanhengar uttrykt seg positivt til å skriva under, men har ikkje gjort det. Far har ved ein rekkje høve motsett seg det, seinast ved eit skriv datert 081007 der han kommenterer referat fra eit møte ved Steinerskulen 140907. Barneverntenesta har i desse møta ved skulen vore tydeleg på at Gudmund har eit fritt skuleval og at dersom foreldra tar frå han høve til å gå på skule vil det bli tatt med i vurderinga av deira evne til å dra omsorg for Gudmund.


Dokumentasjon: 090707 Referat frå ansvarsgruppe, Steinerskulen 15.06.07

270607 Steinerskulen, ang. opptak for skoleåret 2007/08

081007 Brev frå Rune Hansen, kommentarar til ref frå ansvarsgruppe.


I oktober 2007 får barneverntenesta på ny meldingar om bekymring frå både ein nabo og frå mor sin familie. Bekymringane går blant anna på vold mot mor, far sine utsegn om at barneverntenesta skal ha forgifta maten deira samt korleis Idun vart tatt imot ved eit besøk. Situasjonen vart på ny vurdert som bekymringsfult, men ikkje som akutt.


Dokumentasjon: 241007 Melding/ Journainotat

261007 Melding/ Journalnotat

281007 Melding/ Journalnotat

Hjelpetiltak


Det er avgrensa kor mykje hjelpetiltak som har vore inne i denne saka. Det har vore hjelpetiltak inne i forhold til å dekka diverse utgifter for Gudmund i samband med skulegang. Foreldra har vist motstand mot at barneverntenesta har ytt denne hjelpa til Gudmund. Følgjande vedtak om hjelpetiltak er likevel gjort i forhold til Gudmund:






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---