--- Denne side:  


--- KOPI / AVSKRIFT: rlh pr. 04.08. 2007.

Brevet (post-stemplet 03.08. 2007) ankom med posten lørdag 04.08. 2007.



Fra:

Staben,

Vindafjord kommune,

Saksh.: Arne J. Borgemyr,

Tlf: 53 65 65 37,

Postadr.: 5580 Ølen.



Til:

Rune Hansen,

5568 Vikebygd


Dato: 03.08.2007. – Vår ref: 07/9488. – Dykkar ref: - Arkiv: DATO. – Ikkje offentleg. Off.lova § 5a, fvl. § 13.



VIDAREFØRING AV KOMMUNALT TILSYN MED
HEIMEUNDERVISNINGA


Me viser til kontakten me har hatt med Dykk gjennom Marta Straume når det gjeld tilsyn med heimeundervisninga for borna Dykkar.


Som De kjenner til, har Marta Straume vore ein del sjuk, og ho informerte kommunen i vår om at ho inntil vidare ikkje kunne ta på seg tilsynet med undervisninga.


Som De veit er kommunen forplikta til å føre tilsyn med opplæringa (opplæringslova § 14-2). Kommunen vil føre dette tilsynet vidare med nye folk. I samråd med rådmannen vil lærar på Skjold skule dette året, Per Ivar Ertresvåg og stabsrådgjevar Arne Borgemyr i kommunen saman ta ansvaret for tilsynet.


Me ønskjer å få til eit tilsynsmøte heime hos Dykk i løpet av september 2007. De må gjerne kome med framlegg til dag for eit slikt møte, ev. nemne dagar som ikkje høver, innan 20. august. Dersom me ikkje høyrer noko innan denne datoen, vil me då fastsetje ein møtedato i september.


I dette første møtet vil me samtale med Dykk om korleis me skal vidareføre tilsynet. Me ønskjer og å høyre korleis De legg opp opplæringa. Det kan og bli høve for Dykk til å kome med ønskje om t.d. lån av lærebøker som kunne høve for Dykk.



Med helsing


Arne J Borgemyr,

Stabsrådgjevar – (Underskrevet.)

Dir. telefon 53 65 65 37 / Mobil 413 20 375

E-post: arne.borgemyr@vindafjord.kommune.no



Kopi til: Rådmannen

Per Ivar Ertresvåg



---

Vindafjord kommune,

Postadr.: 5580 Ølen,

Telefon: 53 65 65 65,

Telefax: 53 65 65 66,

http://www.vindafjord.kommune.no

postmottak@vindafjord.kommune.no


---



---