-- 20081022-tungesvik.html

Hansen, Rune Leander, f. 061255, adr.: 5568 Vikebygd             Vindafjord


02.07.08. kl. 1500
Han ringer og fortel at han har fått råd om å kontakta meg for å få hjelp i ein svært vanskeleg familiesituasjon. Han er far til 10, ektefelle har rømt med alle 10 borna til Finnskogen for 3 mndr. sidan. Han har fått skuldingar om mishandling av både kone og born og fått høyra at han var paranoid schizofren. Han vart tatt hand om og lagt inn Psykiatrisk avdeling i Haugesund, det gjekk 5 døger før han vart "slept laus", som han seier. Han har fått råd både av Svein Willy Sandnes og Trygve Einar Gjerde om å ta kontakt med meg, med spørsmål om eg kunne hjelpa. Det er ein familiekritisk situasjon som har gjort han sjølv svært fortvila og deprimert. Om det er formell separasjon, er ikkje blitt klårlagt. Imidlertid gjer eg det klårt at eg ikkje kan medverka i denne saka før i slutten av august, men at han eventuelt kunne koma til ein samtale då eller i månadsskiftet mot september. Eg rår han elles til å kontakta det lokale hjelpeapparatet, han fortel då at leiaren for Sosialvern og Barnevern i Vindafjord, Iren K. Hebnes, har sett fram horrible påstandar om han, han kan ikkje godta å ha henne som hjelpar. Han vil vurdera å koma tilbake i august.

15.10.08  kl. 0945-1100
Han er tilvist frå dr. Mark Ernst Amend ved Ølen Helsesenter, og bakgrunnen er eit ynskje om uavhengig vurdering av revisjon av gamal diagnose, som har gått ut på Schizofreni. Han har ringt på førehand og forsikra seg om at han får koma.
Han fortel at dei har vore trakasserte av barnevernet i Vindafjord og at kona har flykta til Finnskogen 03.04.08 med dei fleste av borna, dei har i alt 10.
Han fortel at kona flykta i naudverge av di ho var under trussel frå leiar for sosial- og barnevernet i Vindafjord, Iren K. Hebnes. Det skjedde etter langvarig terror, trakassering og tortur frå same dame. Det var truslar om å røva borna deira som var bakgrunnen og ho flykta i samråd med Rune. Det var ei rekkje sjikanerande utsegner som låg bak.
Det var ikkje kona sitt djupaste ynskje å flytta frå heim og ektefelle, det ho ynskte, var at dei kunne blitt verande saman. Han ville ho og borna skulle bli, medan ho sjølv meinte ho måtte flykta for å kome unna barnevernet. Han ante ikkje at det skulle skje den dagen det skjedde, ho berre vart borte. Ho har prøvd å røma 2 gonger før, og det har då kvar gong vore forårsaka av ytre omstende. Kona flykta 14 dagar før dei fekk det siste barnet, slik at dei hadde born i alderen frå 22 til 1 år då ho reiste. Barneflokken er som fylgjer:
   1. Balder, 22 år, går på Ølen Vidaregåande skule, bur i Skjold, tidlegare gått på Steinerskulen i Haugesund.
   2. Idun, 20 år, går på Øverland Landbruksskule, der ho har gått 1 år, har slutta og bur no hos far og står på avløysarliste og håpar å få slik jobb.
   3. Gudrun, 17 1/2 år, Steinerskulen i Haugesund, bur i leilighet i Haugesund og skulegangen er finansiert av kommunen. Far bidrar med mat, og kona betalar leiligheten.
   4. Frøydis, 15 år, bur heime med mor og far no, då mor er flytta tilbake. Ho vart for ein månad sidan meldt inn på Steinerskulen i Haugesund og går der fast, kjem rett nok ein time for tidleg p.g.a. bussane, og då blir ho verande ein time hos bror Gudmund før ho går på skulen.
   5. Stauda, 12 1/2 år, har starta på Steinerskulen saman med Frøydis og Rune har snakka med lærarar på skulen, der Stauda er svært populær og godt motteken.
   6. Alfredo, 9 år, han har berre heimeskule, der mor og far underviser med ei heilt anna vinkling enn den ordinære offentlege skulen. Borna har ulike talent, og på mange måtar skil dei seg frå andre born.

Side 2:

   7. Mariell, 7 år, har og heimeundervisning, får skule der frå dei blir fødde, slik har foreldra sitt val vore, og slik har det vore heile tida.
   8. Urda, 5 1/2 år,
   9. Solborg, 2 1/2 år
   10. Tormod, 1/2 år, fødd i april 08, etter mor var dradd til Finnskogen.
Alle borna utanom den siste er fødd i heimen.
Han seier først at kona nu bur på Skogland i Haugesund kommune, men etter som han får auka tillit, seier han at han vil like godt vera heilt open med meg og fortel då at kona flytta heim att til heimen i Vikebygd i september saman med borna. Men dette veit ikkje verkan barnevernet eller andre om, og dei bur relativt isolert og held seg for det meste heime.
Han fortel at han og kona i alle år har vore engasjert i det arbeidet som Børre Knudseb, Per Kørner og Strandebarm prosti driv, dei meinar dette er den rette lære og måte å gå fram på. Den offentlege skulen er for dårleg, med menneskefiendtlege holdningar og uansvarleg holdning i høve til borna. Han viser til at det var Martin Luther som i si tid ivra for den offentlege skulen for 500 år sidan. Det er så mykje negativt i den offentlege skulen at dei vil unngå den.
På spørsmål om kvifor han har tatt kontakt med HOT, seier han at han då må dela litt av sin personlege historie. Han gjekk på vidaregåande skule for litt over 30 år siden og vantreivst veldig og lukka seg inn i seg sjølv. Han gav seg i veg med klassisk litteratur: Goethe, Platon m.v., droppa undervisninga, heldt seg på rommet sitt, gjekk den gong på internatskule. Han fann at dette var ikkje noko for han, gjekk der nokre få månadar og slutta så. I staden tok han kontakt med ein psykiater i Trondheim, og etter nokre timar der fekk han diagnosen Schizofreni. Han vart uføretrygda frå han var ca. 20 år, og har satsa på Ung ufør. Han har aldri kjent seg som ufør. Han skreiv i den tida mykje og har prøvd ulike ting, m.a. starta butikk, men det mislukkast. Han har prøvd mangt men aldri fått det til, og då har det vore godt å ha uførepensjonen i bakhand. Han har ikkje hatt ein gard med ordinært inntektsgjevande arbeid, jamvel om han har tilbydd seg å arbeida, jamvel utan løn. Han har ikkje fått noko. Han har og starta eit eige tidsskrift, heller ikkje det gjekk. Dei første åra budde dei i Skaun kommune og ville der starta heimeskule, men møtte stor motstand. Det var umogeleg og vart sagt å vera ulovleg.
På dette stadium er den oppsette tid oppbrukt, ettersom det var dobbelt booka denne dagen. Me avtalar at han skal koma att alt om ei veke, og han skal ikkje betala meir enn eigendelen for den eine konsultasjonen.

22.10.08. kl.0900
Svarar på 2 ubesvarte anrop frå nr. 52 86 83 50. Det viser seg å vera politivakta i Haugesund, og dei kan melda at Rune Hansen ikkje kom til den avtalte samtale, då han for tida er i arrest i Haugesund. Dei rår meg til å finna noko anna å gjera i denne timen, og det er ikkje vanskeleg. Dei gir ikkje noko nærare forklaring på bakgrunnen for at han er i arresten, dei antyder at eg vel kjenner til familieforholda. Eg svarar at eg har bare hatt ein innleiande samtale på ein time og hadde venta han til ny time i dag kl. 1000.

























-