-- Denne side:  Utdrag_fra_norske_Barneloven.html  

--- 

Utdrag rlh pr. 06.07. 2007 fra

LOV 1981-04-08 nr 07: Lov om barn og foreldre ("Barneloven", eller Skilsmisseloven):

---

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.

Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998).

§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret.

       Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

       Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

       Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.

       Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3.

Endra med lov 6 feb 1987 nr. 11.

§ 30a. Avtale om ekteskap.

       Ein avtale foreldre eller andre gjer om ekteskap på vegner av barnet, er ikkje bindande.

Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 119 (i kraft 19 des 2003, etter res. 19 des 2003 nr. 1762).

§ 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd

       Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

       Når barnet er fylt 7 år, skal det få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet, mellom anna i sak om kven av foreldra det skal bu hos. Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar.

       Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

§ 33. Barnet sin sjølvråderett.

       Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det er myndig.

§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte

       Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

       Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det aleine. Inntil avtale eller avgjerd om foreldreansvaret ligg føre, har dei ansvaret saman.

Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

       Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

       Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

       Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregisteret om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

       Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 17 juni 2005 nr. 63 (i kraft 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), (etter Innst.O.nr.84 (2004-2005) med vedlegg gjeld føresegna i andre leden berre barn fødd etter 1 jan 2006).

§ 35a. (Opphevd med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)

§ 36. Kvar barnet skal bu fast

       Foreldra kan gjere avtale om kven av dei barnet skal bu hos fast. Dersom dei er samde om det, kan dei avtale at barnet skal bu fast hos begge.

       Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal bu fast hos ein av dei.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (i kraft 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (i kraft 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35 a (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 37. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.

       Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35 b (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).



---

Kapittel 6. Samværsrett m.m.

§ 42. Barnet sin rett til samvær.

       Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld.

       Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8 (i kraft 1 mai 1989, men slik at endringa i andre leden ikkje gjeld for barn fødd før 1 mai 1989), 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (i kraft 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 44 (i kraft 1 april 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 43. Omfanget av samværet mv.

       Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.


---

Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær

Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

I. Innleiande føresegner

Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 48. Det beste for barnet

       Avgjerder om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast og om samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.

       Ved avgjerda skal det takast omsyn til at barnet ikkje må bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa vert utsett for skade eller fare.

Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Sjå tidlegare §§ 34, 44 a og 37. Endra med lov 7 april 2006 nr. 6 (i kraft 7 april 2006, etter res. 7 april 2006 nr. 392).


---

Kapittel 8. Fostringsplikt.

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapitteltal frå « 7 » (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 66. Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet.

       Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.

       Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.

Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 51 (i kraft 1 april 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

§ 67. Fostringstilskot.

       Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.


---