--- Denne side: 20070412-Grannar-Barnevern.html  <----- saker-index.html ( ekstern )


----->> MERE OM DENNE SAKEN ( ekstern ) ----->>
- Ifra lokal-avisen Grannar torsdag 12. mars 2007, side 2:
(Kopi / avskrift pr. 12.04. 2007: Rune L. Hansen.)

Oppslag, leser-innlegg, side 2:
---

Barnevern

Kva skal dei verna barna mot? Mot å få vera hjå mor si? ”Til barnas beste” er favoritt-uttrykket. Å bli henta med politi-makt ut av heimen er ei dramatisk oppleving. ”Overgrep” har etterverknader naturlegvis.

Naboar og kjenningar har berre godt å seia om mora og hennar kjærlege omsorg for barna sine. Dei var vel-stelte, heimen var ryddig og dei treivst i heimen og nabolaget. Ville så gjerne få vera i fred og bu hjå mor si. Lese-vanskar skapte problem, fordi dei ikkje fekk den hjelp dei har rett på. Skulen svikta her. Rektor sender bekymringsmelding til barnevernet. Det har dei også fått frå faren. Kvifor? Er det hemn mot mora, eller omsorg for barna?

Dette bør klargjerast til framtidas beste. Hjarte-skjerande å sjå og høyra ”drama frå verkelegheita”. Eitt år er gått. Korleis har mor og barn det? Det kan dei fortelje sjølve, og dei bør bli høyrt i det offentlege rom.

Sanning og rettferd har gode langtids-verknader. ”Ærlegdom varer lengst”. Som gode medmenneske bør me alle reagera. Dei involverte bør møtast med respekt og likeverd. Dagens tema i radio-andakten var: ”Modige møter, til oppklaring”. Det bør me ta med. Lev vel. Ljos framtid.


Marit Bergheim


---


Adresser:


Grannar, avisen,

Pb 84,

N-5591 Etne,

Norge. Tlf. 53 77 11 00.

---