HUNs Studie Bibliotek, hefte nr. 004:                                                   Hsb004.htm

Norske Grunnskoleloven / Norsk Lov om grunnskolen -

Lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen - grunnskoleloven - med endringer, sist ved lov av 16. juni 1995 nr. 28, samt tilføyde endringer ved lov av 9. september 1994 nr. 58 (ikke i kraft).

HUNs Forlag, 1997. Hflogo1.gif


 INDEX | THE END ||   HUNs FRONT-SIDE / MENY

--- PS :

En oversettelse av norske Grunnskoleloven av 1969, til engelsk - kan du finne på Internett på adresse : http://www.ub.uio.no/ujur/text/utenllov/grunnskl.html - som
"ACT NO. 24 OF 13 JUNE 1969 CONCERNING PRIMARY AND LOWER SECONDARY EDUCATION with subsequent amendments" / Norway.


---

Nl1.gif

---

Lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen - grunnskoleloven -
med endringer, sist ved lov av 16. juni 1995 nr. 28,
samt tilføyde endringer ved lov av 9. september 1994 nr. 58 (ikke i kraft).

---

Grunnskoleloven / Lov om grunnskolen -
index:

Kapittel I. Føremål og skipnad -
§ 1. Føremål -
§ 2. Skoleskipnad -
§ 3. Krinsskipnad -
§ 4. Skyss og innhysing -
§ 5. Klasseskipnaden -
§ 6. Undervisningstida -
§ 7. Undervisninga -
§ 8. Spesialundervisning -
§ 9. Pedagogisk - psykologisk teneste -
§ 10. Skolerom og utstyr -
§ 11. Helsetilsyn og tannrøkt -
§ 12. Reglement og instruksar -

Kapittel II. Opplæringsplikt m.m. -
§ 13. Rett og plikt til opplæring -
§ 14. Private skolar -
§ 15. Plikt for arbeidsgjevar -
§ 16. Om arbeidsmiljøet og om rettar og plikter for elevane -

Kapittel III. Undervisningspersonalet m.m. -
§ 17. Undervisningsstillingar m.m. -
§ 18. Krav til utdanning m.m. -
§ 19. Lønn og lesetid m.m. -
§ 20. Utlysing av stillingar -
§ 21. Tilsetjing -
§ 22. Plikter for personalet -
§ 23. Oppseiingsfrist m.m. -
§ 24. Oppseiing, overføring til annan skole m.m. -

Kapittel IV. Styringsskipnaden -
§ 27. Oppgåver for kommunen -
§ 30. Foreldreråd -
§ 31. Fråsegn frå krinsen -
§ 32. Samarbeidsutvalet m.m. -
§ 33. Elevråd og klasseråd -
§ 34. Statens utdanningskontor -
§ 35. Foreldreutvalet -
§ 36. Statlege skolar -

Kapittel V. Utgiftene til skolen -
§ 37. Plikter for kommunen m.m. -
§ 38. Tilskott frå staten -

Kapittel VI. Ymse føresegner -
§ 39. Lærebøker -
§ 40. Målet i skolen -
§ 40 a. Samisk i opplæringa -
§ 41. Opplæringa i kristendomskunnskap -
§ 42. Teieplikt -
§ 42 a. Opplysningsplikt til sosialtenesta -
§ 42 b. Opplysningsplikt til barneverntenesta -

Kapittel VII. Overgangsføresegner -
§ 43. Iverksetjing av lova -
Lov om endringer i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen -
Lov om barnehager (barnehageloven) -

*


 INDEX | TIL TOPS | THE END ||  HUNs FRONT-SIDE / MENY |

---

13 juni 1969 nr. 24
Ajourført med endringer, senest 16.06. 1995 nr. 28

Lov om grunnskolen.

Sjå forskrift for grunnskolen, gjevne 17 nov 1989 nr. 1184 av Undervisnings- og forskningsdepartementet. - Jfr. lover 8 juli 1954 nr. 3, 8 juni 1973 nr. 49, 28 mai 1976 nr. 35 § 2 (vaksenopplæring). - Jfr. tidlegare forordning 23 jan 1739, plakat 5 mai 1741, lover 1 juli 1816 §§ 1 og 2, 14 juli 1827, 26 aug 1854, 16 mai 1860, 22 mai 1869, 22 mai 1869, 31 mai 1873, 19 juni 1878 nr. 2, 8 juni 1881 nr. 2 og 26 juni 1889 nr. 1 med tilleggslover 21 mars 1891, 6 juli 1892 nr. 1, 21 juli 1894 nr. 3, 9 mai 1896 nr. 1, 11 juni 1898 nr. 2, 31 mai 1900 nr. 1, 27 mars 1905, 15 aug 1908 nr. 3, 18 sep 1909 nr. 1, 2 julu 1910 nr. 2, 13 aug 1915 nr. 1, 19 mai 1917 nr. 1, 5 des 1917 nr. 2, 5 juli 1918 nr. 1, 25 feb 1921 nr. 1, 21 juli 1922 nr. 1, 1 aug 1924 nr. 1, 13 mai 1927 nr. 1, 1 juli 1927 nr. 5, 13 april 1928 nr. 1, 29 april 1932 nr. 1 og 21 juni 1935 nr. 5, 16 juli 1936 nr. 8 og 9 med tilleggslover 17 juni 1937 nr. 5, 8 nov 1946 nr. 1 § 25, 23 mai 1947 nr. 1, 4 juli 1947 nr. 1, 13 des 1948 nr. 2, 15 des 1950 nr. 8 § 14, 23 nov 1951 nr. 2 § 24, 17 juli 1953 nr. 14, 30 juni 1955 nr. 3, 14 des 1956 nr. 1, 28 juni 1957 nr. 6 og lov 10 april 1959 nr. 1.

Kapitel I. Føremål og skipnad.

§ 1. (* 1) Føremål.
          Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
          Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse, og leggje vinn på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim.
          (* 1: Jfr. § 7.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 2. (* 1) Skoleskipnad.
          1. Grunnskolen er 9-årig og har to steg:
          a) Barnesteget, som femner om 1.-6. årskull,
          b) ungdomssteget, som femner om 7.-9. årskull.
          Til ungdomssteget kan det leggjast eit 10. år med friviljug undervisning.
          2. Til vanleg bør det ikkje skipast skolar med meir enn 450 elevar.
          Ein skole med årgangstal mellom 20 og 60 elevar bør til vanleg ha alle 9 (10) årskulla. Dersom det elles ville bli urimeleg lang eller hard skyss, kan skolen ha ungdomssteg med mindre enn 20 elevar i årskullet.
          3. I tilknytning til grunnskolen kan det skipast friviljug undervisning i førskole i medhald av § 8 nr. 6.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 31 mai 1985 nr. 41. Endres ved lov 9 sep 1994 nr. 58 (fra den tid Kongen bestemmer).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 3. (* 1) Krinsskipnad.
          1. Det området som soknar til ein skole, er ein skolekrins. Ein krins kan femne om ulike steg eller årskull.
          2. Kommunen fastset krinsskipnaden, krinsgrensene, skolestader og namn på skolar, og kan og gjere vedtak om å sløyfe krinsgrensene i heile kommunen eller i delar av han.
          3. Vil ei endring i krinsskipnaden føre til at ein krins blir nedlagd eller slått saman med ein eller fleire andre krinsar, skal krinsen få seie si meining (* 2) dersom kommunen gjer vedtak om det. Det same gjeld i spørsmål om ny skolestad i ein krins.
          4. Etter at det er innhenta fråsegn frå heimen, kan kommunen i særhøve føre elevar mellombels over frå ein krins til grannekrinsen.
          5. To eller fleire kommunar kan skipa skolekrins i lag (interkommunal krins). Føresegnene i nr. 2 og 3 gjeld tilsvarande.
          Born frå ein kommune kan gå på skole i ein annan kommune når dette høver betre.
          Når foreldre i språkblandingsdistrikt krev det, skal det skipast eigen krins for barna deira. Foreldre kan ikkje krevje eigen krins for færre enn 10 elevar eller at krinsen skal haldast oppe med færre enn 6. (* 3)
          6. For spesialundervisning gjeld reglane i denne paragrafen så langt dei høver.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 31 mai 1985 nr. 41, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se den III).)
          (* 2: Jfr. § 31.)
          (* 3: Jfr. § 40 nr. 6.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 4. (* 1) Skyss og innhysing.
          1. For elevar som har meir enn 4 km veg frå heimen til skolen eller må nytte båt, skipar fylkeskomm unen dagleg skyss i samråd med kommunane. Kvar kommune dekkjer utgifter for sine elevar etter gjeldande persontakst. I særlege tilfelle har kommunen eit sjølvstendig ansvar for å skipe skyss sjølv om skolevegen er kortare enn 4 km.
          Kommunen har ansvaret for tilsyn med elevane når det vert ventetid, og for at elevar som ikkje kan reise åleine, får følgje.
          2. For funksjonshemma elevar skal fylkeskommunen, om det er turvande, syte for skyss utan omsyn til veglengda.
          3. For elevar som bur slik til eller har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen, skal kommunen syte for innhysing. Kommunen syter for forsvarleg tilsyn med elevar som er innhyste. Funksjons hemma elevar har rett til innhysing utan vilkår.
          4. For elevar ved eigne skolar for spesialundervisning som bur i elevheim på skolen, skal utgiftene til reiser, opphald m.m. berast av dei som driv skolane i samsvar med den utgiftsfordelinga som er fastsett i lov og reglement.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 31 mai 1985 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 5. (* 1) Klasseskipnaden.
          1. Elevtalet skal ikkje vere over 12 i udelt, 30 i todelt, 50 i tredelt og 84 i firedelt skole. I femdelt skole skal årgangstalet i regelen ikkje vere over 15.
          Elevtalet i klassen skal likevel ikkje i noko høve vere høgre enn 12 når det er fire årskull eller meir i klassen, 18 når det er tre årskull i klassen, 24 når det er to årskull i klassen og 28 på barnesteget og 30 på ungdomssteget når det er eitt årskull i klassen.
          2. Kommunen skal kvart år sende statens utdanningskontor (* 2) oppgåve over talet på klassar, grupper, elevtalet i desse og timetalet.
          (* 1: Endra med lover13 juni 1975 nr. 42, 31 mai 1985 nr. 41, 20 juli 1991 nr. 69, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III). - Jfr. § 3.)
          (* 2: Sjå § 34.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 6. (* 1) Undervisningstida.
          1. Den årlege undervisningstida for elevane skal vere minst 37 veker.
          2. Minste veketimetal gjennom dei 6 åra på barnesteget (* 2) og dei 3 åra på ungdomssteget (* 2) vert fastsette av departementet i samsvar med budsjettvedtak i Stortinget.
          3. Departementet (* 3) kan gje nærare reglar om den daglege undervisningstida.
          4. - - -
          5. - - -
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 31 mai 1985 nr. 41, 4 mai 1990 nr. 10, 20 juli 1991 nr. 69, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III). Endres ved lov 9 sep 1994 nr. 58 (fra den tid Kongen bestemmer).)
          (* 2: Sjå § 2.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 7 (* 1) Undervisninga.
          1. Alle elevar har rett til å få opplæring i samsvar med dei evnene og føresetnadene dei har.
          2. Læreplanen skal til vanleg femne om kristendomskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet, naturen og om opplæring estetisk, praktisk og sosialt.
          3. Ein del av undervisningstida kan nyttast til valfrie fag eller kurs, til leirskoleundervisning, til opplæring ved andre skolar eller leggjast til ein arbeidsplass utanfor skolen etter reglar som departementet (* 2) fastset.
          4. Departementet (* 2) fastset ein mønsterplan som skal gje nærmare utforming av dei mål som er sette for skolen, (* 3) fag- og timebyteplanar og undervisningsplanar for alle fag og klassesteg, for vanleg undervisning og spesialundervisning.
          Målet for opplæringa i kristendomskunnskap blir fastsett slik at elevane skal ha kjennskap til hovedinnhaldet i bibelsoga, til dei viktigaste hende i kyrkjesoga og til den kristne barnelærdommen etter den evangelisk-lutherske læra. (* 4)
          I samband med undervisninga i samfunnsfag skal det gjevast eit oversyn over andre religionar og livssyn og arbeidet for fred og skjønsemd mellom nasjonane.
          5. Fag- og timebyteplanane i mønsterplanen er bindande for alle skolar som ikkje har undervisning ut over det minstetimetalet som er fastset etter § 6, men på barnesteget kan opp til 5 veketimar av minstetimetalet nyttast til å styrkje einskilde fag etter vedtak av kommunen. Dersom ein kommune har høgre veketimetal enn minstetimetalet, vedtek kommunen korleis dei overskytande timane kan nyttast.
          Reglane i første lekken gjeld for spesialundervisninga så langt dei pedagogisk sett høver.
          6. I samråd med statens utdanningskontor (* 5) skal kommunane syte for utbygging av den pedagogiske rettleiingstenesta.
          7. Departementet (* 2) skal syte for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisninga og hjelpemiddel for rådgjevingstenesta.
          8. Etter rettningsliner frå departementet (* 2) kan statens utdanningskontor samtykkje i at kommunen gjer avvik frå gjeldande føresegner om fagsamansetjing, stoffval, omfanget og målet for undervisninga i dei einskilde fag, når kravet til heile opplæringa med dette ikkje blir mindre. Før statens utdanningskontor (* 5) tek stilling til slike søknader skal samarbeidsutvalet (* 6) seie si meining.
          9. - - -
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 11 juni 1982 nr. 51, 31 mai 1985 nr. 41, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 jan 1992 og 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Kirke, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 3: Jfr. § 1.)
          (* 4: Jfr. § 41.)
          (* 5: Sjå § 34.)
          (* 6: Sjå § 32.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 8. (* 1) Spesialundervisning.
          1. For born og ungdom som ut frå ei sakkundig vurdering treng serleg hjelp, skal det skipast spesialundervisning, i eller utanom skolen.
          Slik undervisning kan gjevast i vanleg skole eller i eigne skolar eller spesialklassar eller i medisinske og sosiale institusjonar m.v.
          2. Spesialundervisning for elevar i vanleg skole som får ekstra hjelp i eit eller fleire fag for kortare eller lengre tid, skal skipast av kommunen på grunnlag av planar som kommunen arbeider ut.           3. Spesialundervisning i eigne skolar eller i spesialklassar lagde til ein vanleg skole, kan skipast av ein kommune åleine, av fleire kommunar i lag, av ein fylkeskommune eller andre enn kommunar eller fylke. Statens utdanningskontor (* 2) har tilsyn med denne undervisninga. Departementet (* 3) kan gje nærare føresegner.
          4. Statens utdanningskontor (* 2) kan, i samarbeid med skole-, sosial- og helsestellet, arbeide ut planar for organiseringa av slik spesialundervisning som er nemnd i pkt. 3 for ein eller fleire kommunar eller for heile fylket.
          5. Staten kan drive slike skolar og institusjonar som er nemnde i nr. 3 og 6.
          6. Kommunen skal syte for at born under opplæringspliktig alder får høveleg spesialpedagogisk hjelp når det etter sakkundig tilråding er turvande. Slik hjelp kan knyttast til skolar, daginstitusjonar, medisinske og sosiale institusjonar m.m. eller organiserast som eigne tiltak. Hjelpa kan og gjevast av den pedagogisk- psykologiske tenesta eller av annen sakkundig instans og bør òg femne om foreldrerådgjeving.
          7. Departementet (* 3) fastset nærmare føresegner for dei tiltaka som er nemnde ovanfor.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 6 april 1979 nr. 11, 18 des 1987 nr. 99, 20 juli 1991 nr. 69, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).
          (* 2: Sjå § 34.)
          (*3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 9. (* 1) Pedagogisk-psykologisk teneste.
          1. Pedagogisk-psykologisk teneste skal skipast i høvelege distrikt og kan organiserast kommunalt eller interkommunalt. Statens utdanningskontor (* 2) kan gjere framlegg om inndeling av fylket i tenestedistrikt.
          Kommunen fastset distriktsgrenser og kontorstader. Vedtaka treng godkjenning av statens utdanningskontor. (* 2)
          2. Departementet (* 3) fastset nærare føresegner for dei tiltaka som er nemnd ovanfor.
          Dersom kommunane ikkje blir samde om korleis spesialundervisninga under § 8 nr. 3 skal organiserast, eller om inndelinga av den pedagogisk-psykologiske tenesta i tenestedistrikt, eller om vilkåra for samarbeid, skal saka leggjast fram for statens utdanningskontor (* 2) til avgjerd.
          (* 1: Tilføyd med lov 13 juni 1975 nr. 42, endra med lover 6 april 1979 nr. 11, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).
          (* 2: Sjå § 34.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 10. (* 1) Skolerom og utstyr.
          1. Kommunane skal syte for tenlege skolar.
          2. Alle skolar skal ha det innbu og dei læremiddel som trengst. Departementet (* 2) gjev retningsliner.
          Skolane skal ha eit bibliotek og ein som er ansvarleg for bibliotektenesta. Skolebiblioteka skal ha både ein pedagogisk og ein allmennkulturell funksjon og må ha eit fast samarbeid med folkebiblioteka i kommunen.
          3. Kommunane skal halde elevane med lære- og lesebøker, skrive- og teiknesaker og anna undervisningsmateriell.
          4. Skoleanlegga bør brukast til kulturelle og sosiale føremål utanom skoletida.
          Om reinhald gjeld lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane og forskriftar med heimel i lova.
          På skolar og i kombinerte anlegg for skole og andre føremål må det ikkje serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (tidlegare § 9), 31 mai 1985 nr. 41, 20 des 1985 nr. 108, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 11. (* 1) Helsetilsyn og tannrøkt.
          Om helsetilsyn gjeld føresegnene i lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane.
          Om tannhelsetilsyn gjeld føresegnene i lov om tannhelsetjenesten. (* 2)
          Departementet (* 3) kan gje nærare reglar om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 19 nov 1982 nr. 66, 3 juni 1983 nr. 54.)
          (* 2: Lov 3 juni 1983 nr, 54.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 12. (* 1) Reglement og instruksar.
          1. Departementet (* 2) fastset:
          a) føresegner og nærare retningsliner for dei gjeremål og ordningar som denne lova gjev heimel for,
          b) normalinstruksar for stillingar som kan skipast i samsvar med denne lova.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel II. Opplæringsplikt m.m.

§ 13. (* 1) Rett og plikt til opplæring.
          1. Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, (* 2) dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning. Dei skal skrivast inn ved skolen dei soknar til.
          For born og ungdom på sjukehus e.l. skal det skipast undervisning som svarar til den som blir gjeven i grunnskolen.
          2. Barnet skal til vanleg gå på skolen frå skoleåret tek til i det kalenderåret barnet fyller 7 år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen la eit barn ta til på skolen eitt år seinare, eller eitt år før når det innan 1 juli har fylt 6 år.
          3. Opplæringsplikta varer til eleven har gått niande skoleåret. I særlege tilfelle kan ein elev bli utskriven tidlegare, men likevel ikkje før han har gått åtte år på skolen.
          Born og ungdom kan likevel bli fritekne frå opplæringsplikt dersom dei ut frå ei sakkunnig vurdering har så alvorlege funksjonshemningar at opplæringsplikta verkar urimeleg.
          4. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld også før opplæringspliktig alder når den einskilde etter sakkunnig vurdering har behov for det.
          5. Kommunen skal føre oppgåve over alle som treng spesialpedagogisk hjelp.
          6. Nærare reglar om opptaking, oppflytting, flytting til annan skole, års- og avgangsprøver, karakterar og karaktergjeving, utskriving av avgangsvitnemål og om fritaking frå opplæringsplikt etter nr. 3, blir fastsette av departementet. (* 3).
          7. - - -
          8. Elevar som høyrer til eit religionssamfunn utanfor Den norske kyrkja, (* 4) har rett til å vere borte frå skolen dei dagane samfunnet deira held helg.
          9. Born av foreldre som ikkje høyrer til Den norske kyrkja, skal vere heil eller delvis fritekne for undervisning i kristendomskunnskap når foreldra krev det.
          10. Er ein elev borte frå den pliktige undervisninga, kan foreldra eller dei som er i staden, straffast med bøter (* 5) dersom dei er skuld i fråværet. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen gjer vedtak om det.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 17 des 1982 nr. 89, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III). Endres ved lov 9 sep 1994 nr. 58 (fra den tid Kongen bestemmer).)
          (* 2: Sjå § 2.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 4: Sjå lov 13 juni 1969 nr. 25.)
          (* 5: Jfr. strl. § 27.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 14. (* 1) Private skolar.
          1. For å kunne setje i gang ein privat skole, trengst det godkjenning frå departementet. (* 2) Departementet kan ta godkjenninga attende, dersom vilkåra ikkje blir oppfylte.
          2. Føresegner om skoletid, undervisningstid, avgangsprøver og avgangsvitnemål etter denne lova, gjeld og for private skolar.
          Undervisningsplanane og lærarane må vere godkjende av statens utdanningskontor. (* 3)
          Private skular som er skipa som eit fagleg / pedagogisk alternativ som søkjer tilskot etter lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, blir godkjende etter nemnde lov.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 13 til 14). 6 april 1979 nr. 11, 14 juni 1985 nr. 73, 20 des 1991 nr. 87, (i kraft 1 aug 1992).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 3: Sjå § 34.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 15. (* 1) Plikt for arbeidsgjevar.
          Ingen arbeidsgjevar må la ein elev arbeide i skoletida eller så nær innpå skoletida at eleven ikkje kan kome på skolen utkvild og i rett tid. Heller ikkje må ein arbeidsgjevar setje eleven i arbeid utanfor skoletida på ein slik måte at eleven ikkje får førebu seg til skolen. Arbeidsgjevaren må sjølv syte for at han kjenner skoletida til eleven. Den som bryt desse føresegnene med vilje eller av aktløyse kan ileggjast bot. (* 2)
          Elles gjeld lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. og dei føresegner som er fastsette i mdedfør av den lova.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 14 til 15), 17 des 1982 nr. 89.)
          (* 2: Jfr. strl. § 27.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 16. (* 1) Om arbeidsmiljøet og om rettar og pliktar for elevane.
          Det skal leggjast vinn på å skape eit triveleg arbeidsmiljø med gode samarbeidsformer for alle som er knytta til skolen som elevar, lærarar eller anna personale.
          Kvar skole skal ha eit reglement som blir godkjent av kommunen. Reglementet kan ha med føresegner om rettar og plikter for elevane, reglar for åtferd, kva tiltak som kan nyttast dersom elevar bryt føresegnene og om framgangsmåten ved behandlinga av slike saker. Bortvisning kan ikkje nyttast for meir enn 3 dagar.
          Departementet (* 2) kan gje nærare føresegner om innhaldet i reglementet.
          Kroppsleg refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel III. Undervisningspersonalet m.m.

§ 17. (* 1) Undervisningsstillingar m.m.
          1. Undervisninga i skolen skal i regelen leggjast til heile stillingar. Når det høver, kan det skipast timelærarstillingar.
          Det kan skipast stillingar med undervisning dels i grunnskolen (* 2) og dels i vidaregåande skole. (* 3).
          2/3 av dei heile stillingane skal vere faste og resten oppseielege.
          2. Når det trengst, kan det og nyttast mellombels tilsette lærarar og vikarar.
          3. Kommunen kan setje ein lærar til å føre tilsyn med undervisningsrom, innbu og læremiddel.
          4. Ved skole for ungdomssteget og ved fulldelt skole for barnesteget skal det vere rektor. Skole som femnar om både barnesteget og ungdomssteget skal til vanleg ha ein rektor sams for dei to stega.
          Det kan og vere rektor ved fådelt skole for barnesteget, når kommunestyret samtykkjer.
          Når minst to tredelar av dei tilsette og av foreldra ved skolen ønskjer det, og kommunen samtykkjer, kan ansvar og plikter som elles ligg til stillinga som rektor, takast over av lærarar. Departementet (* 3) gjev nærmare reglar.
          5. Departementet (* 4) tek avgjerd om kva for stillingar og kva for teneste som skal skipast for andre gjeremål. For stillingane gjeld det som er fastsett for undervisningspersonalet m.m. tilsvarande, når ikkje anna er sagt eller går fram av samanhengen.
          6. For undervisningsstillingar ved statlege skolar gjeld føresegnene i lov 10 juni 1977 nr. 65 (* 5) om statens tjenestemenn.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 10 juni 1977 nr. 65, 17 des 1982 nr. 89, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Sjå § 2.)
          (* 3: Sjå lov 21 juni 1974 nr. 55.)
          (* 4: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 5: Sjå no lov 4 mars 1983 nr. 3.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 18. (* 1) Krav til utdanning m.m.
          1. Om krav til utdanning for undervisningsstillingar og krav til utdanning og røynsle for rektor gjeld føresegner i lov om lærarutdanning. (* 2).
          2. Departementet (* 3) kan fastsetje særskilde krav til utdanning og røynsle for personale med særoppgåver i det kommunale skoleverket.
          3. Den som skal undervise i kristendomskunnskap må undervise i samsvar med den evangelisk- lutherske læra.
          Ein lærar som ikkje høyrer til Den norske kyrkja eller Den evangelisk-lutherske frikyrkja, skal ikkje ha plikt til å undervise i faget sjølv om han har kompetanse til det, jfr. § 22 nr. 2. (* 4)
          (*1: Endra med lover 8 juni 1973 nr. 49, 13 juni 1975 nr. 42, 17 des 1982 nr. 89, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III). )
          (* 2: Lov 8 juni 1973 nr. 49.)
          (*3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 4: Jfr. lov 17 des 1971 nr. 106 § 3.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 19. (*1) Lønn og lesetid m.m.
          1. For stillingar som går inn under denne lova blir lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i tariffavtale.
          2. Lærar som sluttar i stilling når sommerferien tek til, får lønn ut juli måned. Lærar som tek til i stilling når sommerferien er slutt, får lønn frå 1 august.
          3. Lærar som underviser ved meir enn ein skole, skal ha skyssgodtgjersle etter dei føresegner som gjeld for offentlege tenestemenn, for sine reiser til andre skolar enn den som ligg nærmast bustaden hans. Godtgjersle kan berre krevjast for reise med båt eller når avstanden til lands er minst 3 km kvar veg. Av standen blir rekna frå bustaden, men frå nærmaste skolestad dersom dette er stuttare.
          4. Lærar i fast eller oppseieleg stilling får flyttegodtgjersle etter dei reglar som gjeld for statsteneste menn.
          5. Under sjukdom får personale i stillingar som går inn under denne lova, lønn etter dei reglar som gjeld for offentlege tenestemenn.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 8 juni 1979 nr. 44, 18 des 1987 nr. 99.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 20. (*1) Utlysing av stillingar.
          1. Ledige stillingar for tenestemenn nemnde i § 21 nr. 1 skal lysast ut av kommunen. I utlysinga skal det seiast frå om vilkår og søknadsfrist. Søknadsfristen skal vera minst 3 veker.
          2. Stilling for adjunkt eller lektor med undervisning på barne- og ungdomssteget eller berre på ung domssteget eller både i grunnskolen og i videregående skole, skal lysast ut slik at dei fag det krevst under visningskompetanse i, er særskildt nemnde.
          3. Kommunen må ikkje krevje i utlysinga eller på annan måte at søkjarane skal gje opplysningar om korleis dei ser på politiske og kulturelle spørsmål. (*2)
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 19 til 20), 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Jfr. lov 4 feb 1977 nr. 4 § 55 A.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 21. (*1) Tilsetjing.
          1. Skal læraren stå for praktikantopplæring, har rektor ved vedkomande pedagogiske høgskole og / eller seminar rett til å gje tilråding. Blir kommunen og vedkomande ikkje samde, skal statens utdannings kontor (* 2) ta avgjerd.
          2. Den som blit tilsett, må innen 8 dagar frå han får melding, melde skriftleg frå om han tek stillinga. Kommunen kan lengje denne fristen.
          3. Kommunen kan gje ein lærar som er tilsett på oppseiing, fast tilsetjing i den same stillinga uten å lyse ho ut på nytt. Er statens utdaningskontor (* 2) ikkje samd i vedtaket, skal han leggja saka fram for departementet (* 3) til avgjerd.
          4. Departementet (* 3) gjev føresegner om tilsetjing i stillingar ved faste leirskolestader, i interko mmunale stillingar og i stillingar med teneste både i grunnskolen og i vidaregåande skole.
          (* 1: Endra med lover 8 juni 1973 nr. 49, 13 juni 1975 nr. 42, 17 des 1982 nr. 89, 14 juni 1985 nr. 72, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Sjå § 34.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 22. (* 1) Plikter for personalet.
          1. Personalet har, einskildsvis og samla, ansvar for at skolen blir driven i samsvar med dei mål som er sette for skolen. Personalet skal hjelpe til å skape eit godt skolesamfunn.
          2. Lærarane skal ha plikt til å undervise på dei læresteg og i dei fag som dei har kompetanse til. (* 2)
          3. Personalet har mot fastsett godtgjersle plikt til å rettleie praktikantae fra pedagogisk høgskole, seminar eller andre utdanningsinstitusjonar, dersom desse får si praksistid ved skolen.
          4. Undervisningspersonalet skal i samsvar med reglar fastsette i reglement og instruks ha plikt til å møte til etterutdanning, planlegging, samråding m.m., utanom undervisningstida, jfr. § 6.
          5. Personalet skal rette seg etter dei lover som gjeld for skolen og dei føresegner som er gjevne i skoleplanar, reglement og instruksar.
          6. Lærarane har plikt til å melde frå til rektor om elevar som dei meinar treng spesialundervisning.
          (* 1: Endra med lover 8 juni 1973 nr. 49, 13 juni 1975 nr. 42, 17 des 1982 nr. 89.)
          (* 2: Jfr. § 18 nr. 3.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 23. (* 1) Oppseiingsfrist m.m.
          1. Den som er tilsett, kan seie opp stillinga med 3 månaders varsel, når ikkje anna er avtala.
          2. Den som tek imot ny stilling, har plikt til straks å seie opp stilling som han ikkje kan halde fram i når han tek over den nye stillinga. Han har også plikt til straks å kalle attende søknader på slike ledige stillingar.
          (* 1: Endra med lov 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 22 til 23).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 24. (* 1) Oppseiing, overføring til annan skole m.m.
          1. Kommunen kan med 3 månaders varsel seie opp tenestemann nemnd i § 21 nr. 1 som ikkje er fast tilsett, når ei stilling fell bort ved omskiping av krinsar, ved inndraging av klassar eller av andre tvingande grunnar.
          I slike høve kan kommunen like eins krevje at lærar eller rektor som er tilsett fast eller på oppseiing, tek teneste ved ein annan grunnskole i kommunen, når han får noko så nær dei same arbeidsvilkår. Rektor, og lærar med særoppgåver, har likevel ikkje krav på å få tilsvarande stilling. Lønna må ikkje setjast ned.
          Dersom ikkje særlege omsyn gjer seg gjeldande skal samla tenestetid vere avgjerande ved oppseiing, slik at den som har stuttare samla tenestetid, må finne seg i oppseiing før ein som har lengre samla tenestetid.
          2. Ein lærar eller rektor i interkommunal stilling kan etter dei same reglar som er nemnde i nr. 1, førast over til stilling i berre ein av dei kommunar han arbeider.
          3. Syner ein tenestemann i stilling som nemnt i § 21 nr. 1 dugløyse eller er han av andre grunnar ikkje skikka for stillinga, kan kommunestyret gje han avskil. Den det gjeld skal ha hatt høve til fråsegn.
          Gjer nokon seg skuldig i grov misferd, kan kommunen straks setje han ut av arbeidet til han kan gjevast avskil eller han blir frådømd stillinga. (* 2) I mellomtida skal han ha utbetalt lønn som vanleg.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 23 til 24), 17 des 1982 nr. 89, 14 juni 1985 nr. 72, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Jfr. strl.ikrl. § 10 og lov 4 mars 1983 nr. 3 § 15.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 25. (Opphevd med lov 18 des 1987 nr. 99.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel IV. Styringsskipnaden.

§ 26. (Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 27. (* 1) Oppgåver for kommunen
          1. Kommunen syter for at skolen blir styrt i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og læreplan og ser til at undervisningspersonalet er samansett så formålstenleg for fagkrinsen som råd er, og at skolen er på høgd med dei krav som gjeld til kvar tid.
          Kommunen skal medverke til at lærarar, skoleleiarar og tenestemenn med særoppgåver i det kommunale skoleverket får høve til å halde kunnskapane sine ved like og følgje med på det faglege området.
          2. Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået.
          3. Kommunen fører tilsyn med pliktig opplæring for dei som ikkje går i den kommunale skolen og skal, om det er grunn til det, kalle dei inn til særskilde prøver.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 14 juni 1985 nr. 72, 18 des 1987 nr. 99, 20 juli 1991 nr. 69, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 28. (Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)

§ 29. (Opphevet ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 30. (* 1) Foreldreråd.
          1. Ved kvar skole skal det vere foreldreråd der alle foreldre, eller forsytarar som kjem i staden for foreldre, som har born på skolen, er medlemmer. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval som sjølv vel 2 medlemmer med personlege varamenn til samarbeidsutvalet. Leiaren i arbeidsutvalet skal vere den eine av medlemmene.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 31. (* 1) Fråsegn frå krinsen.
          1. Når ein krins skal gje fråsegn i saker som er nemnde i § 3 nr. 3 og i § 40 nr. 4, skal kommunen i samråd med leiaren i foreldrerådet fastsetje tid og stad for krinsmøte og syte for kunngjering med minst 4 vekers frist og på ein måte som er vanleg på staden. Så langt råd er, skal møtet haldast på ei tid som høver for alle røysteføre.
          2. Røysterett har alle som bur i krinsen, jfr. § 3 nr. 1, og fyller krava etter vallova 1. mars 1985 nr. 3 § 11. Røysterett i høve skriftleg opplæringsmål (* 2) har dessutan foreldre / forsytar til born på barne steget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.
          3. På møtet kan dei drøfta den saka som krinsen skal gje fråsegn om. Dei frammøtte avgjer når drøftingane skal slutta og røystinga ta til.
          Røystinga i saker etter § 40 nr. 4 skal vere skriftleg. Det same gjeld i saker etter § 3 nr. 3 dersom nokon av dei frammøtte krev det.
          4. Kommunen styrer møtet, har ansvaret for røysting og skal syte for at det blir sett opp liste over dei som har røysterett etter nr. 2, men som ikkje står i manntalet, og for at det i denne lista og i manntalslista blir merkt tydeleg av kven som har røysta.
          5. Departementet (* 3) kan gje nærmare føresegner om møteskipnaden og røystinga.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 14 juni 1985 nr. 72, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Sjå § 40.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 32. (* 1) Samarbeidsutvalet m.m.
          1. Ved kvar skole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet, og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant til utvalet. Rektor er sekretær for samarbeidsutvalet.
          2. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
          3. Dersom Samarbeidsutvalet får styringsoppgåver delegert frå kommunen, kan kommunen nemnde opp fleire representantar til utvalet.
          4. Dersom samarbeidsutvalet handsamar saker under teieplikt etter forvaltningslova, skal elevrepresentantane fråtre.
          5. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, jf kommunelova § 11, skal minst to representantar for foreldre vere med i styret. Rektor har rett til å vere til stades på møta, til å seie si meining og få henne ført i møteboka.
          6. Departementet (* 2) kan gje nærare retningsliner for råd og utval etter §§ 30, 32 og 33, og kan etter søknad frå kommunen i særskilde høve gjere unntak frå reglane om rådsorgana og fastsetje alternative ordningar.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 17 des 1982 nr. 89, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III), 16 juni 1995 nr. 28.)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 33. (* 1) Elevråd og klasseråd.
          1. Ved kvar skole for ungdomssteget (* 2) skal det vere eit elevråd. Til vanleg vel kvar klasse ein representant til elevrådet. Rådet vel leiar, nestleiar og sekretær. Ein lærar skal hjelpe elevrådet i arbeidet.
          2. Ved kvar skole for barnesteget (* 3) kan det vere eit elevråd.
          3. For kvar klasse kan det vere eit klasseråd der alle elevane er medlemmer.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 18 des 1987 nr. 99, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Sjå § 2 nr. 1 bokstav b.)
          (* 3: Sjå § 2 nr. 1 bokstav a.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 34. (* 1) Statens utdanningskontor.
          1. Statens utdanningskontor skal i samarbeid med kommunen og fylkeskommunen sjå til at grunnskolen er tidhøveleg, og at det elles er tenleg opplæring for born og ungdom som kjem innunder denne lova. Statens utdanningskontor ser til at alle føresegner for skolen blir følgde.
          2. Statens utdanningskontor skal syte for at det blir laga planar for spesialpedagogiske tiltak, pedagogisk utvilklingsarbeid og etterutdanning, og hjelpe til med å setje planane i verk.
          3. Ved klage over enkeltvedtak etter grunnskolelova er Statens utdanningskontor klageinstans.
          4. Departementet (* 2) kan gje nærmare føresegner om gjeremåla til Statens utdanningskontor.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§35. (* 1) Foreldreutvalet.
          Departementet (* 2) oppnemner Foreldreutvalet for grunnskolen. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og 5 andre medlemmer. Funksjonstida er 4 år.
          Nærare føresegner om gjeremål, arbeidsordning, bruk av konsulentar o.a. blir fastsette av departementet.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)



 TIL TOPS | INDEX |

§ 36. (* 1) Statlege skolar.
          1. Departementet (* 2) står for administrasjonen av dei skolane som staten driv.
          2. For kvar skole kan departementet oppnemne eit styre. Departementet (* 2) gjev nærare føresegner om samansetjing og arbeidsoppgåver for styret.
          3. Ved kvar skole skal det vere ein rektor som har den daglege leiinga. 4. Departementet (* 2) skal gje føresegner om kva for saker skolen, styret for skolen og statens utdanningskontor kan ta avgjerd i.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 6 april 1979 nr. 11, 17 des 1982 nr. 89, 18 des 1987 nr. 99, 20 des 1991 nr. 87 (i kraft 1 aug 1992).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel V. Utgiftene til skolen.

§ 37. (* 1) Plikter for kommunen m.m.
          1. Kvar kommune har ansvar for at alle born og all ungdom får høveleg opplæring, og pliktar å syta for at grunnskolen er skipa og blir driven i samsvar med denne lova.
          Når fylkeskommunen eig eller ved avtale har økonomisk ansvar for drifta av ein sosial eller medisinsk institusjon, har fylkeskommunen ansvaret for undervisning etter denne lova for klientane ved institusjonen. Ansvaret femner og om skolerom og utstyr.
          2. Kommunen ber utgiftene til grunnskolen etter reglane i lova.
          For elevar i sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen eig, eller ved avtale har driftsansvaret for, vert utgiftene dekte av fylkeskommunen.
          3. Kommunen der eleven har heimen sin, betaler for undervisninga i eller utanfor kommunen. For elevar i fylkeskommunal sosial eller medisinsk institusjon vert utgiftene dekte av fylkeskommunen. Departementet (* 2) gjev nærmare reglar.
          4. Undervisninga i grunnskolen er fri for alle som bur i kommunen og etter § 13 har rett til å gå på skolen.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 13 juni 1980 nr. 46, 17 des 1982 nr. 89, 31 mai 1985 nr. 41, 18 des 1987 nr. 99, 20 juli 1991 nr. 69.)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 38. (* 1) Tilskott frå staten.
          Staten yter årleg tilskott:
          1. Til delvis dekning av kommunane sine utgifter. Tilskottet blir gitt som rammetilskott gjennom inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane etter reglar gjeve av Kongen.
          2. Til særlege undervisningstilbod etter nærare regler fastsette av departementet.
          3. Til Statens Pensjonskasse (* 2) ein sum som svarar til pensjonsinnskotta.
          (* 1: Endra med lover 21 juni 1974 nr. 55, 13 juni 1975 nr. 42, 4 mars 1977 nr. 11, 18 des 1981 nr. 92, 3 juni 1983 nr. 54, 31 mars 1985 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 90 (i kraft 1 jan 1994 iflg. res. 24 sep 1993 nr. 904).)
          (* 2: Jfr. lov 28 juli 1949 nr. 26.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel VI. Ymse føresegner.

§ 39. (* 1) Lærebøker.
          1. Lærebøker som blir nytta i skolen, må vere godkjende av departementet. (* 2)
          Lærebokverk i andre fag enn norsk må liggje føre til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk. Departementet (* 2) kan gjere unntak frå denne regel.
          2. Når det ikkje gjeld lærebokverk i morsmålet, kan foreldra til kvar einskild elev velje om han skal nytte nynorsk- eller bokmålutgåve. (* 3)
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 6 april 1979 nr. 11, 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)
          (* 2: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 3: Jfr. § 40.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 40. (* 1) Målet i skolen.
          I opplæringa skal det nyttast norsk mål etter desse reglane:
          1. I den munnlege opplæringa kan elevane bruke det mål dei talar heime, og læraren skal i ordtilfang og uttrykksmåte ta omsyn til talemålet til elevane.
          2. Elevane skal lære å lese både nynorsk og bokmål. Derfor skal lesebøkene ha nok tilfang på begge mål.
          3. Kommunen fastset for kvar skole om det til skriftleg arbeid skal nyttast nynorsk eller bokmål.
          4. Når det gjeld skifte av skriftleg opplæringsmål, skal det haldast røysting i krinsen (* 2) eller det om rådet som elles soknar til skolen.
          Røysting om skriftleg opplæringsmål skal haldast når fleirtalet i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i krinsen krev det.
          Resultatet av røystinga kjem fram ved vanleg fleirtal, og skal vere rådgjevande for kommunen.
          Nytt vedtak om opplæringsmål kan ikkje gjerast før det er gått minst 5 år.
          Når krinsar med ulikt opplæringsmål blir slegne saman, skal det alltid haldast ny røysting.
          5. Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet (* 3) fastset dei nærmare føresegner for slik undervisning. Frå sjuande klassesteget avgjer elevane sjølve kva målform dei skal nytte.
          6. Foreldre for minst 10 elevar på eit av klassestega 1 - 6 som ønskjer at borna deira skal få nytte eit anna skriftleg opplæringsmål enn det som er vedteke for skolen, kan krevje klasedeling dersom det ikkje blir mindre enn 10 elevar i kvar klasse.
          Er dei elevane som er nemnde i første ledd spreidde på fleire skolar i kommunen, kan foreldra med vanleg fleirtal velje skole for klassen.
          Klasse som er oppretta etter deling, kan halde fram på barnesteget så lenge elevtalet ikkje går under 6.
          Gjer krinsskipnaden (* 4) at elevar etter 3. klasse blir førde over til ein skole med anna opplæringsmål og dette gjeld færre enn 10 elevar på klassesteget, kan foreldra krevje at dei får halde fram med det same skriftlege opplæringsmålet og skal ha undervisning i eiga gruppe i norsktimane.
          7. Reglane i denne paragrafen gjeld i spesialundervisning (* 5) så langt dei høver.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 6 april 1979 nr. 11, 14 juni 1985 nr. 72, 20 des 1985 nr. 105, 18 des 1987 nr. 99, 21 des 1990 nr. 78 (i kraft 1 jan 1992), 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III). - Jfr. § 39 siste leden.)
          (* 2: Sjå § 31.)
          (* 3: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet.)
          (* 4: Sjå § 3.)
          (* 5: Sjå § 8.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 40 a. (* 1) Samisk i opplæringa.
          1. Born i samiske distrikt har rett til å få opplæring i eller på samisk. Frå og med sjuande klassesteget er det elevane sjølve som tek avgjerd.
          Elevar med opplæring i eller på samisk blir fritekne for opplæring i ei av dei norske målformene på 8. og 9. klassesteg.
          2. Kommunen kan gjere vedtak om at barn med samisk talemål skal ha opplæring i samisk i alle ni år og at dei som har norsk som talemål skal ha samisk som fag.
          3. Opplæring i eller på samisk kan òg bli gitt til elevar med samisk bakgrunn utanom samiske distrikt.
          Dersom det er minst tre elevar med samisk talemål ved ein skole, kan dei krevje opplæring i samisk.
          (* 1: Tilføyd ved lov 21 des 1990 nr. 78 (i kraft 1 jan 1992), endret ved lov 11 juni 1993 nr. 85 (i kraft 1 jan 1994, se dens III).)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 41. (* 1) Opplæringa i kristendomskunnskap.
          Biskopen og soknepresten eller ein prest eller kateket (* 2) biskopen peikar ut har rett til å høyre på undervisninga i kristendomskunnskap og gje råd i saker som gjeld denne undervisninga.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42 (endra paragraftalet frå 42 til 41), 14 juni 1985 nr. 72.)
          (* 2: Jfr. lov 19 juni 1969 nr. 50.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 42. (* 1) Teieplikt.
          Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova har teieplikt etter reglane i forvaltningslova (* 2) §§ 13 til 13 e.
          (* 1: Endra med lover 13 juni 1975 nr. 42, 16 mai 1986 nr. 21 - Jfr. strl. § 121.) (* 2: Lov 10 feb 1967.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 42 a. (* 1) Opplysningsplikt til sosialtenesta.
          Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova skal gje råd og rettleiing til sosialtenesta (* 2) i klientsaker. Dei skal vera merksame på tilhøve som bør føre til tiltak frå sosialtenesta si side, og dei skal av eige tiltak gje sosialtenesta opplysningar om slike tilhøve. Av eige tiltak kan opplysninger berre gjevast med samtykke, eller så langt opplysningane ellers kan gjevast uten hinder av teieplikta.
          (* 1: Tilføyd ved lov 13 des 1991 nr. 81 (i kraft 1 jan 1993 iflg. res. 4 des 1992 nr. 880).) (* 2: Jfr. lov 13 des 1991 nr. 81 § 2 - 1.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 42 b. (* 1) Opplysningsplikt til barneverntenesta.
          Tilsette som arbeider innafor ramma av denne lova skal vere merksame på høve som kan føre til åtgjerder frå barneverntenesta (* 2) si side.
          Uten hinder av teieplikta skal dei tilsette av eige tiltak gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg svikt i omsuta, jf. lov om barneverntenester (* 3) § 4 - 10, § 4 - 11, § 4 - 12, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege atferdsvanskar, jf. same lov § 4 - 24. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for gjennomføringa av lov om barneverntenester, plikter dei tilsette å gje slike opplysningar.
          (* 1: Tilføyd ved lov 17 juli 1992 nr. 100 (i kraft 1 jan 1993 iflg. res. 11 des 1992 nr. 1048).)
          (* 2: Lov 17 juli 1992 nr. 100 § 2 - 1.)
          (* 3: Lov 17 juli 1992 nr. 100.)


 TIL TOPS | INDEX |

Kapittel VII. Overgangsføresegner.

§ 43. (* 1) Iverksetjing av lova.
          Denne lova tek til å gjelde frå den dag Kongen fastset. (* 1) Frå same tid fell lov frå 10 april 1959 om folkeskolen bort.
          Kongen kan fastsetje at reglane i § 25 nr. 2, bokstavane a og b, i lov av 10 april 1959 om folkeskolen førebels skal stå ved lag.
          Frå den dag lov om grunnskolen blir sett i verk, blir følgjande lover endra slik: - - - (* 1: Etter res. 11 des 1970 frå 1 juli 1971, med unntak av § 37 og § 39 nr. 3 bokstav a, som etter res. 13 feb 1970 vart gjeldande frå 1 jan 1971.)


 TIL TOPS | INDEX |

§ 44 - 46. (Opphevd med lov 13 juni 1975 nr. 42.)


 TIL TOPS | INDEX |

9 sep. 1994 nr. 58:

Lov om endringer i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

I.

I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgende endringer:

§ 2. Skoleskipnad.
          Nr. 1 og 2 skal lyde: 1. Obligatorisk opplæring er 10-årig. Til ungdomssteget kan det leggjast eit 11. år med friviljug undervisning. 2. Til vanleg bør det ikkje skipast skoler med meir enn 450 elevar. Ein skole med årgangstal mellom 20 og 60 elevar bør til vanleg ha alle 10 (11) årskulla. Dersom det elles ville bli urimeleg lang eller hard skyss, kan skolen ha ungdomssteg med mindre enn 20 elevar i årskullet.

§ 6. Undervisningstida. Nr. 2 skal lyde: 2. Minste veketimetal på alle steg i grunnskolen vert fastsette av departementet i samsvar med budsjettvedtak i Stortinget.

§ 13. Rett og plikt til opplæring. Nr. 2 og 3 skal lyde: 2. Barnet skal til vanleg starte opplæringa i det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen la eit barn starte eitt år seinare. 3. Opplæringsplikta varer til eleven har gått tiande skoleåret. I særlege tilfelle kan ein elev bli utskriven tidlegare, men likevel ikkje før han har gått ni år på skolen. Born og ungdom kan likevel bli fritekne frå opplæringsplikt dersom dei ut frå ei sakkunnig vurdering har så alvorlege funksjonshemmingar at opplæringsplikta verkar urimeleg.
          - I kraft fra 1 juli 1997 iflg. res. 23 juni 1995 nr. 568.

II.

          Denne lov trer i kraft fra den tid (* 1) Kongen bestemmer.
          (* 1: Fra 1 juli 1997 iflg. res. 23 juni 1995 nr. 568.)


 TIL TOPS | INDEX |

5 mai 1995 nr. 19:

Lov om barnehager (barnehageloven). 
- - -

Kapittel VIII. Ikrafttredelse og endringer i andre lover
          Ikke i kraft.

§ 27. Ikrafttredelse. Endringer i andre lover
I.
          Denne lov trer i kraft fra den dag Kongen bestemmer. Fra samme dag oppheves lov av 6. juni 1975 nr. 30 om barnehager m.v.
II.
Fra den tid loven trer i kraft gjøres følgende endringer i andre lover:

1. I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen gjøres følgende endring:
§ 32 nytt nr. 7 skal lyde:
          Kommunen kan gjere vedtak om at ein grunnskole og ein kommunal barnehage skal ha felles samarbeidsutval. Kommunen kan gjere avtale med eigar av privat barnehage om tilsvarande ordning, dersom begge partar ønskjer det.
          Samarbeidsutvalet skal i slike høve ha ein representant for lærarane, ein representant for andre tilsette i skolen, to representanter for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen, to representantar for foreldrerådet i barnehagen og rektor / styrar for skolen / barnehagen.
- - -
          Ikke i kraft.


 TIL TOPS | INDEX  ||  HUNs FRONT-SIDE / MENY |


Denne side er fra (This page is from):
HUNs Forlag, januar 1997 -

HUN / Hjemme Undervisningen i Norge,
N-5520 Sveio, Norge.
Tlf.: 52740864. Fax-modem: 52740435. Postgiro: 0826.0762.231.
E-mail: hunwww@online.no
HUN har Internett-adresse:

http://home.sol.no/hunwww
Hunl001.gif