--- 20090403-spesialistvurdering.html                     --- BREVENE ( ekstern ) ---

(Kopi / avskrift: RLH, 07.04. 2009.)



   
Dr. Hans Olav Tungesvik
Spesialist i psykiatri
Boks 25, 5594 SKÅNEVIK
e-post: hans.olav@tungesvik.net
Mobiltlf. 480 75 235                                              Skånevik, 03.04.09.


Spesialistvurdering


Vedrørande Rune Hansen, f.061255 *** **, adr.: 5568 VIKEBYGD    Vindafjord

Rune Hansen har i tida 15.10.08-26.03.09. vore til 3 samtalar på underskrivne psykiater sitt kontor.
Han fortel at han alt for 30 år sidan fekk diagnosen schizofreni, noko han sjølv heile tida har vore usamd i, og i tillegg til å søkja hjelp for aktuelle problem han har i familien, vart han tilvist til underskrivne for å få ei vurdering av nemnde diagnose.

Gjennom dei 3 samtalane underskrivne har hatt med Rune Hansen, har det ikkje vore mogeleg å påvisa psykotiske symptom eller trekk.  Rune Hansen har ein særeigen personlegdom, og han vil vel av mange lett bli vurdert som ein "bygdeoriginal". Han har spesielle interesser som ikkje er vanlege hos gjennomsnittsnordmannen, og han har ein livsstil og ei livsform for seg og familie som er avvikande frå folk flest.  Mellom anna har han i ei årrekkje drive heimeundervisning for borna, og dei har no i alt 10 born i alderen frå 22 til 1 år.
Etter at Rune Hansen hadde vore til første samtale 15.10.08, vart det avtala ny samtale ei veke etterpå. Denne dagen, som var 22.10.08, kom det imidlertid telefon frå Politivakta i Haugesund, som melde at Rune Hansen ikkje kunne koma til den avtalte samtalen, då han for tida sat i arresten i Haugesund.  Ved neste samtale 19.03.09, kunne han fortelja at han få dagar tidlegare var komen ut frå Åna fengsel, der han hadde sete i varetekt i 5 månadar, angiveleg på grunn av drapstruslar mot ektefellen. Sjølv benektar han at han har kome med slike truslar.
Underskrivne har ikkje hatt samtalar med andre familiemedlemer, bortsett frå at han hadde med seg døtrene Frøydis og Stauba på 14 og 12 år under samtale her 19.0309.  Det var to stillferdige og smilande jenter, som underskrivne berre helsa på utan å intervjua dei om heimesituasjonen.
For å kunna få eit nokolunde dekkande inntrykk av den reelle situasjonen i familien, ville ein samtale med ektefellen Trude vore på sin plass, men det har det til no ikkje vore høve til.
I samtalane med Rune Hansen har det til no ikkje vore mogeleg å påvisa psykotiske symptom. Karakteristiske trekk ved diagnosen schizofreni er hallusinasjonar, først og fremst på hørsel, der pasienten i mange tilfelle gir uttrykk for å høyra stemmer som ikkje er reelle. Mange med schizofreni-diagnosen gir også uttrykk for det ein på fagspråket vil kalla influens, oppleving av innverknad frå krefter utanfrå på tankegang og erfaring.  Vrangførestellingar, spesielt av paranoid type, er og eit vanleg symptom ved schizofreni. Andre familiemedlemer enn Rune Hansen sjølv, har det ikkje vore høve til å snakka med, men i samtalen med Rune har det så langt ikkje vore mogeleg å avdekka vrangførestellingar. For å få ei meir objektiv vurdering her, ville det vera behov for å snakka også med ektefellen. Umiddelbart gir Rune Hansen eit truverdig inntrykk.
Ei emosjonell avflating er vanleg ved fleire former for Schizofreni. Det har ikkje vore mogeleg å påvisa slike trekk. Tvert om er Rune Hansen kunnskapsrik, engasjert og ein vel orientert person, som har klåre oppfatningar og vurderingar av dei tema som kjem fram i samtalen.

Konklusjon:  Ut frå 3 samtalar med Rune Hansen åleine, kjem det ikkje fram openberre psykotiske symptom, verken av schizofren eller annan art. Det synest å vera grunnlag for å oppheva den tidlegare påførte schizofreni-diagnosen. Rune Hansen har derimot ei rekkje særeigne karaktertrekk som ikkje fell inn under psykoseomgrepet.


Skånevik 03.04.09.


Hans Olav Tungesvik
 spesialist i psykiatri

(+ underskrift)

---