--- Denne side:  20070210-Haugesunds_Avis-Barnevern.html  <----- saker-index.html ( ekstern )


----->> MERE OM DENNE SAKEN ( ekstern ) ----->>
- Ifra avisen Haugesunds Avis, lørdag 10. februar 2007, side 7:

(Kopi / avskrift pr. 19.02. 2007: Rune L. Hansen.)


Oppslag, omtrent halve side 7:

---


Filma tvangshenting av barn, la ut video på internett:

- Skadeleg for borna


Tekst: Arild Færaas

arild.feraas@haugesunds-avis.no


På internett ligg ein video som viser barnevern og politi idet dei hentar to born frå ein heim i Haugalandet. Nokon i familien filma episoden. Kommunen har no meldt video-publiseringa til politiet.


DATAJUS: - Det er krenkande for ungane det gjeld, og det kan skada dei psykisk både i notid og framtida. Dei som har lagt dette ut, har lagt eit tungt ansvar på seg sjølv, seier leiaren for barnevernet i kommunen om korfor dei melder saka til politiet. Leiaren seier at det ikkje går utover kommunen.

- Men det er kjempetrasig at ungar skal bli vist for heile verda når dei er i ei krise, seier barnevern-leiaren. Ho er redd for at barna blir attkjende på skulen etter at klasse-kameratar og vener har sett filmen.

I går ettermiddag var det rundt 5.000 som hadde sett den eine videoen som er lagt ut.


- Kan skada saka

Det er til saman seks video-snuttar som er lagde ut. Dei viser til saman snaue ti minuttar kor barnevernet og politiet kjem og skal henta to ungar frå ein heim. Det skjer etter eit vedtak som er gjort i fylkesnemnda. Overføringa av den daglige omsorga for barna frå mor til far og er ifølgje barnevern-leiaren ”siste utveg”. På videoen skrik borna og gjer motstand, så dei som hentar ungane må bruka makt. Det verkar likevel som om barnevernet og politiet opptrer roleg og korrekt.

- Dette skadar meir enn det gagnar. Det viser at nokon kan bruka ungane på den måten, seier barnevern-leiaren som sjølv kjenner godt til saka.

Etter det Haugesunds Avis erfarer, er det mora som eig videoen, men det skal vera eit anna familie-medlem som har lagt ut film-snuttane på internett. Det er personen som har lagt ut filmen på nettet som blir meldt til politiet.

Representanten for barnevernet seier vidare at dei håpar dei som har lagt ut videoane, også vil fjerna dei. Sidan materialet ligg på ei utanlandsk nettside, kan ikkje norske styresmakter gjera noko anna enn å be om at filmane blir fjerna.

- Me vil ikkje visa ungar som har det vondt og vanskeleg. Det kan bli misforstått både av andre ungar og vaksne som ikkje forstår samanhengen.


Tvil om straffeansvar

Jon Bing, professor i jus og ekspert på datajus ved Universitetet i Oslo, tvilar på om publiseringa er straffbar.

- Men i all hovudsak er det etisk tvilsamt, seier han.

Bing seier det går på fleire ting om dette er straffbart.

- Spørsmålet er om det skjedde med samtykke. Både av barna og dei offentlege personane som var involverte.

Han seier at det finst nokre unntak i lova, som er av aktuell og allmenn interesse, men det er tvilsamt om det gjeld i denne saka.

- Den lova som gjeld, blei laga i samband med at ein ikkje skulle offentleggjera fotografi utan samtykke. Som til dømes at fotografane selde bilde til reklame om du hadde blitt portrett-fotografert.

- Men lova er ikkje finslipt for å regulera det som har skjedd i dette tilfellet. Bing seier at kva måte det er offentleggjort på, ikkje har noko å seia på om det er straffbart eller ei.

- Men det kan ha noko å seia for straffeutmålinga dersom det blir dom, avsluttar han.


---

Adresser:


Haugesunds Avis, avisen,

Karmsundgt. 74,

Postboks 2024,

N-5504 Haugesund, Norge.

Tlf. sentralbord: 52 72 00 00.

---