--- Denne side:  20070215-Grannar-Barnevern.html  <----- saker-index.html ( ekstern )


----->> MERE OM DENNE SAKEN ( ekstern ) ----->>
- Ifra lokal-avisen Grannar Avis torsdag 15. februar 2007, side 8:
(Kopi / avskrift pr. 15.02. 2007: Rune L. Hansen.)


Oppslag, omtrent halve side 8:

--- 

Vondt verre for borna


Av Hanne R. Rosseland

hanne.r.rosseland@grannar.no


Det at ein film med barn som blir tvangs-henta, blir publisert på internett, er ei like traumatisk hending for borna som sjølve tvangs-hentinga, meinar fleire barne-psykologar.


Tvangs-hentinga skjedde for ei tid tilbake i Grannar-distriktet. Den dramatiske hendinga vart filma, og no har mora til borna lagt ut denne video-snutten på internett.

Ifølgje ein talsmann for familien, gjer mora dette for å visa barnevernets maktmisbruk. Fleire kjende barne-psykologar meinar at gjennom publiseringa av videoen gjer mora situasjonen langt verre for både borna og seg sjølv.


Traumatisk oppleving

- Det at mora legg dette klippet ut på nettet gjer at borna må gå igjennom eit ekstra og unødvendig traume. Borna får ikkje sjansen til å leggje dette bak seg. Ved å sjå på dette klippet, vil dei reaktivera den traumatiske tvangs-hentinga om att og om att, seier barne-psykolog Atle Dyregrov. Han fryktar denne moderne måten å spreia informasjon på.

- Dersom dette er noko som utviklar seg i framtida, er eg redd at barnevernet vil venta lenger enn dei bør gjera i slike situasjonar, i frykt for å bli filma og ”hengt ut”. Eg er heilt sikker på at barnevernet i denne kommunen hadde særs god grunn til å gjennomføra tvangs-hentinga. Ein gjer ikkje slikt utan at ein har god grunn til det. Eg trur ikkje denne mora greier å sjå sin situasjon utanfrå. Ho ser berre sin sine behov, og ikkje bornas langsiktige behov. Eg kjenner ikkje alle fakta i denne saka, men er redd desse borna ikkje vil få eit så fullgodt liv som dei kunne ha hatt, på grunn av vanskelege oppvekst-vilkår over tid – og på toppen av alt, filminga og publiseringa av denne filmen på nettet, seier Atle Dyregrov.


Sår i framtida

Barne-psykolog Karin Koch, er også bekymra for kva borna vil bli utsett for som følgje av video-publiseringa.

- Dette er ikkje bra for borna. Eg er redd borna vil få kommentarar frå både venner og andre born som ser dette klippet på nettet, og det blir å strø salt i eit allereie vondt sår. Eg er sikker på at desse borna har det vanskeleg nok frå før av. Dersom dei ikkje får snakka ut om det dei har vore igjennom på ein skikkeleg måte med ein gong, er eg redd at dei vil få vanskar på sikt. Det gjeld spesielt i det å kjenna tillit til menneske rundt seg. Mora har gjort dette utelukkande for sin egen del, fordi ho kjenner seg urettferdig behandla. Ho har berre tenkt sak og ikkje på borna sine, meiner ho.


Meldt til politiet

Kommunen har meldt internett-publiseringa til politiet. 6. februar vart også kommunen sjølv meldt til politiet. Meldinga kom frå den Nordiske Komiteen for Menneskerettar. Barneverns-leiaren i den aktuelle kommunen synes svært synd på borna som er hamna i denne situasjonen.

- Det er ei stor krenking for desse borna å bli vist fram i ein så vanskeleg situasjon. Eg synes svært synd på borna. Det er ein vanskeleg del av jobben vår å gjennomføra slike tvangshentingar, men av og til er det nødvendig, seier barneverns-leiaren.


Krisehjelp til naboane

Ein talsmann for familien til mora, seier at det var eit stort skritt å ta å leggja ut videoen på nettet.

- Mora til borna vil bruka videoen som ei åtvaring om kva som kan skje når barnevernet går i gong med sine aksjonar. For nokre dagar sidan var det 6.000 personar som hadde vore inne og sett videoen. Me har fått støtte frå heile landet, og er takksame for det, seier han.

Han fortel at det å bli meldt til politiet er svært tungt for mora, og at ho opplever eit stort press. Han legg vekt på at tvangs-hentinga gjorde stort inntrykk på fleire enn dei i familien.

- Denne handlinga skjedde midt i eit byggefelt, og det krydde av ungar omkring huset. Eg veit at naboane har sendt eit klageskriv til barnevernet på måten dei handterte hentinga av borna på.

Fleire av nabo-borna som stod og såg på dette dramaet, måtte få krise-hjelp etterpå, seier talsmannen for familien.


---

Adresser:


Grannar, avisen,

Pb 84,

N-5591 Etne,

Norge. Tlf. 53 77 11 00.

---