--- Denne side: 20061222-fra-Sosialtenesta-til-Trude-Hansen.html
--- Herværende brev-kopiering / avskrift / offentliggjøring: Rune L. Hansen pr. 14.01. 2007:
RLH: Angående dette falske saks-dokument henvises til mine Dagboks-notater, ( ekstern ), særlig for 200612 ( ekstern ) og 200701 ( ekstern ).
Til:
Hansen, Trude
Ikkje offentleg
Fra:
Vindafjord kommune,
Sosialtenesta,
Besøksadresse: Kommunehuset, Vikedal.
Postadresse: Postboks 70, 5586 Vikedal.
Telefon: 5276 42 00. Telefaks: 52 76 41 10.
Bankgiro: 3241.07.21154.
Org.nr.: 974 618 222.
Søknad av: 20.12. 2006. Arkiv: 06/320 - 3. Sakshandsamar: CAO. Dato: 22.12. 2006.
Melding om vedtak
Kriseutbetaling
Hansen, Trude, født 08.09. 1968, PersonID: 998
Bakgrunn for saka:
Søkjar tek kontakt med sosialtenesta via barneverntenesta og ynskjer økonomisk sosialhjelp. Ho og fem av barna hennar har flytta heime frå, og dei er utan pengar.
Vedtak:
Med heimel i Lov om sosiale tenester § 5.1 vert det vedteke følgjande:
1. Livsopphold med kr. 5.000,- per månad for perioden 22.12. 2006 til 31.12. 2006. Pengane vert utbetalt kontant til søkjar. Budsjettpost 14710 1410 2810.
Vilkår:
Det vert sett som vilkår at du sender meldekort når du er arbeidsledig, og at du tar imot arbeid / kurs som aetat tilbyr. Sosialavdelinga gjer krav i stønad frå aetat og / eller trygdeutbetalingar for same periode som det er utbetalt økonomisk sosialhjelp.
I følgje Lov om sosiale tjenester § 5-3 kan det stillast vilkår for ytingar. Desse vilkåra pliktar søkjar å følgje opp. Manglande oppfølging av vilkåra kan mellom anna få konsekvensar i form av stopp eller reduksjon av sosialhjelp.
Til søkjar vert det stilt følgjande vilkår:
* Ved endringar i inntekt, formue, butilhøve, sivil status og liknande, pliktar søkjar straks å gje melding til sosialtenesta.
* Søkjar pliktar å møte til avtalte samtalar ved sosialtenesta.
* Søkjar skal sette fram søknad om bustønad, samt skrive under på transporterklæring, jf. Husbankloven § 23.
Vurdering:
Sosialtenesta er kjend med søkjar sin vanskelege situasjon, og for å hjelpe ho og barna i ein vanskeleg periode i livet vel sosialtenesta å gje ho økonomisk sosialhjelp. Desse pengane skal gå til mat og klede til ho og barna. Sosialtenesta vil ta kontakt med søkjar etter nyttår for å høyre korleis det går med ho og barna.
Klagerett:
Dette vedtaket kan du klaga på. Klagefrist er tre veker. Klage vert å senda Vindafjord kommune, sosialavdelinga, postboks 70, 5586 Vikkedal. Klagen vert endeleg avgjort av Fylkesmannen dersom kommunen opprettheld sitt vedtak. Sosialavdelinga kan hjelpa deg å skriva klagen.
Vikedal, 22.12. 2006
Iren Konstance Hebnes,
Sosialleiar
Cathrine Ottesen,
Sakshandsamar
(underskrift)
---