--- Denne side:  Side-011-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 11 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Mor står som avsendar saman med mannen, og har ved ein del høve underteikna ulike skriv som mannen har skrive. I nokre samanhengar har ho motsagt mannen, ho har imidlertid fleire gonger gått tilbake på sine uttalelsar eller blitt stille dersom mannen har sagt henne imot.


Mor skal ha blitt utsatt for vold av far. Ho skal rundt juletider 2006 har blitt sparka "gul og blå" av far. I følgje mormor skal grunnen vera at ho hadde spist for mykje leverpostei. Denne valdsepisoden har mor i ettertid bagatellisert. Det skal på ny ha blitt utøvd vold mot mor i oktober 2007.


I samband med hendinga ved juletider 2006 flytta Trude ut av heimen ei kort tid. Ho tok då tilflukt hjå ei tidlegare nabo/kjenning som på det tidspunktet budde i Tysvær kommune. Denne kvinna hadde tidlegare vore nabo med familien. Barneverntenesta blei gjort kjent med at ho budde ute av heimen. Ho vart tilbydt økonomisk hjelp. Mor ville ikkje ha hjelp frå barneverntenesta. Ein valte då å formidla kontakt med sosialtenesta slik at ho ved dette høve fekk økonomisk hjelp gjennom julehelga. Vi er ikkje kjent med at mor deltek på noko sæleg med sosiale aktivitetar eller at ho har særleg kontakt utafor heimen.


Ho har og tidlegare budd ute av heimen i både 1992 og i 1995.


Dokumentasjon: 211206 Journalnotat

271206 Journalnotat

130893 Sakyndig utredning, Psykologisk barnevernteam S.Tr

261007 Melding/Journalnotat


Frå fleire som står familien nær har det blitt uttrykt bekymring for far sin påverknad overfor mor. Det er uttalt at ho er hjernevaska av Rune. Fleire som står familien nær har rådd familien til å ta imot veiledning eller prøvd å gje veiledning sjølv. Dei har ikkje nådd inn med dette.


Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

241007 Journalnotat/melding

261007 Journalnotat/melding

281007 Journalnotat/melding.


BARNA:


I denne saka føreligg det lite opplysningar om det einskilde barn. Ufordringa vår vil derfor vera at vi vanskeleg kan beskriva det einskilde barn godt, då med unntak av Gudmund som barneverntenesta har hatt noko kontakt med. Vi vil derfor her først beskriva nokre av dei fellesforholda som barna har vokse opp under. Vi vil seinare spesifisera opplysningar om dei barna vi har konkrete opplysningar om.


Ingen av barna har gått i barnehage eller i grunnskulen. Så langt vi kjenner til har dei heller ikkje deltatt i helsestasjonen sitt vaksinasjonsprogram eller fått anna oppfølging derfrå.


Med unntak av dei to yngste barna har alle barna opplevd ein eller fleire flyttingar. Flyttingar som i stor grad synes å ha vore lite planlagt samt at dei ber preg av at familien vil flytta vekk frå noko, jfr konfliktar med skulemyndigheter og barnevern.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---