--- Denne side:  Side-014-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 14 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

ein periode budd saman med ein alkoholikar. Har i periodar budd hjå tilfeldige venner og kjente. Fekk økonomiske problem, hadde ikkje rett til sosialhjelp. Har pådratt seg gjeld og inkassosaker. Har ikkje hatt erfaring med pengar før han flytta ut. Skal ha mottatt løn ein gong. Denne tok faren straks han hadde mottatt den.


Sommaren 2007 skifta Balder etternamn til Skjærvik-Hansen. Skjærvik er mor sitt fødenamn.


Tidleg i november 07 flyttar Balder til Trondheim. Bestemødrene skal vera involvert i flyttinga.


Dokumentasjon: 020695 Melding frå lensmannen i Skaun

180507 Journalnotat

230507 Journalnotat


Idun


Idun er nå 19 og eit halvt år. Ho flytta og ut av heimen sommaren 2006. Har vore elev ved Steinerskulen i Haugesund førre skuleår. Er nå elev ved økologisk landbruksskule i Aurland. Og Idun har klare ting å ta fatt i når det gjeld livet sitt. Ho har fortalt at ho slit med strukturane i kvardagen. Har tidlegare "levd om natta". Har vore vanskeleg å koma seg opp om morgonen og vidare på skule. Ho sov gjerne 4-5 timar etter skulen, og var så våken om natta igjen. Ho er til like med broren totalt avvist av far. I sine dagboksnotat siterar far hennar avskjedsbrev der ho er tydleg på at forholdet til eldstebroren som då er ute av familien er så viktig at ho og vel å reisa. Til søskena hennar seier far at ho er "død", jfr reaksjonar hjå mindre søsken. Når ho kom heim frå skulen i Aurland i haust og oppsøkte familien vart far rasande og stakk av frå heimen. Idun vart redd og ville ligga ute.



Dokumentasjon: Dagboksnotat 120706

271206 Journalnotat

241007 Melding/ Journalnotat


Gudmund Cusanus


Gudmund er den eldste av barna som denne saka omfattar. Han er nå 16 år. Han har vist seg å ha ein eigen sterk vilje til å starta i vidaregåande utdanning. I mai 2007 tok Gudmund sjølv kontakt med Steinerskulen med ønskje om å delta i undervisninga der. Han har sidan hospitert der. Skulen har kravd at foreldra underteiknar ein kontrakt om at dei vil samarbeida med skulen og barneverntenesta for at dei vil gje han tilbod om å halda fram der. Den er framleis ikkje underteikna. Bakgrunnen for at skulen stiller eit slikt krav er dei erfaringane dei har gjort med dei eldre søskena sin skulegang. Far har vist klar uvilje mot at han går der og har trua med at han ikkje får sjå sine søsken. Han overser han og har i periodar heller ikkje snakka med Gudmund. Han set søskena opp mot Gudmund i forhold til hans val om å gi på skule. Søskena "mobbar" Gudmund på bakgrann av hans val om å gå på skule. Far prøver å presse Gudmund vekk frå å gå på skulen. Gudmund møter framleis.


Gudmund har eit klart ønske om å gå på skule. Han er redd for å mista skuleplassen og har sjølv tatt kontakt med barneverntenesta for hjelp i forhold til dette. Han ønskjer heller ikkje å mista kontakten med familien, men skulegang betyr mykje.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---