--- Denne side:  Side-017-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 17 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Bam står i 6 årsalderen klar til å ta steg ut i verden på eigehand. Dersom dei ikkje har vore i barnehage vil møte med skulekvardagen vera den situasjonen der dei erfarer sosial omgang med andre og at dei får dei første møta med skulefag.


Urda Lillje


Ho er nå 4 år. Det føreligg lite opplysningar om henne. Når ho saman med mor var ute av heimen rundtjul 2006 trefte ho Idun. Mormor beskriv at Urda Lilja er sterkt knytt til henne. Ho nekta blant anna å gå ut av fanget til Idun for at andre skal fa sitja der. Far seier til Urda Lilje at Idun er død.


Ho er i ein alder der ho byrjar å forstå den nære verden utafor heimen. Verden treng gjerast forståeleg for barn gjennom bekreftelsar frå dei nære omsorgspersonane dei har rundt seg.


Dokumentasjon: 271206 Journalnotat


Solborg Sera


Solborg Sera er fødd våren 2006. Helsesøster var saman med mor på heimebesøk kort tid etter fødsel. Dei uttalar at jenta "var fin i huden, virket frisk og velbefinnende. Hun gåt friskt og tok brystet fint". Under heimebesøket vart det observert sikker blikkontakt. Samspel mellom mor og barn var fint.


Solborg Sera har vore med foreldra på møter vedkomande Gudmund sin skulegang. Det er då observert at Solborg Sera sit på armen til mor, ho er blid, er i samspel med mor, utforskar rommet og søkjer tilbake til mor. Det er ikkje observert samspel mellom far og Solborg Sera.


Til like, men kanskje enda meir enn dei eldre søskena vil barn på denne alderen vera avhengige av dei vaksne rundt seg. Ho står på trappa til å oppdaga verden rundt seg.


Dokumentasjon: 020806 Uttale Helsesøster



BARNEVERNTENESTA SITT ARBEID MED SAKA


Barneverntenesta i Vindafjord kom først i kontakt med denne familien i mars 2006. Familien har imidlertid vore i kontakt med barneverntenesta i andre kommunar tidlegare. Vi er kjent med kontakt med barneverntenesta i Sveio i 1997-98 og I Skaun kommune i Sør Trøndelag i perioden 1991-1993 og på ny i 1995.


Si langt vi kjenner til var første kontakt mellom barneverntenesta og familien rundt Gudmund sin fødsel. Kontakten mellom familien og barneverntenesta/ sosialkontoret i Skaun vart etterkvart vanskeleg og Sør Trøndelag fylkeskommune, psykologisk barnevernteam blei bedt om å gi inn i saka. Det vart sommaren 1993 utarbeid ein rapport om familien sin situasjon frå psykologisk barnevernteam. Den gang gjaldt det dei tre eldste barna, Balder, Idun og Gudmund. I rapporten vert det konkludert med at ungane sin totale omsorgssituasjon er tilfredstillande. Samtidig vert det peika på nokre områder som det må arbeidast med frå familien og hjelpeapparatet si side. Den eine gjeld å koma asjour økonomisk og få lagt inn vatn og bad, i tillegg gjeld det kommunikasjonsproblem foreldra i mellom samt at det vert





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---