--- Denne side:  Side-033-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 33 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Mor


Mor viser ved nokre høve at ho møter minste barnet ved blikkontakt etc. Vi veit mindre om korleis ho møter dei i andre situasjonar. I krisesituasjonar synes ho å ha lite syn for barna sin situasjon, jfr situasjonen i januar der barneverntenesta er tilstades og situasjonen ved julehelga 2006 der ho reiser frå fleire av barna. Vi kan ikkje sjå at ho greier å skjerma barna for det som skjer.


Mor kan i denne familien bli noko utydeleg. Til dels tar ho del i far sitt syn på omverda, i hans fiende bilete av offentlege instansar, t.d. i forhold til skule og kontakt med barnevern. Ved nokre høve som ved møte med barneverntenesta i januar 2007 overtek ho far sin rolle og er viser skepsis og angrip barneverntenesta. Dette har og vist seg i andre møter.


Til dels gjer ho mot far sin vilje, som ved å treffa dei eldste barna. Ho kan og seia i mot han. Det har og skjedd at ho har forlate heimen ved nokre høve, nå sist ved jul 2006 og i oktober 2007. Det som imidlertid gjentek seg er ho søkjer tilbake til mannen, ho flyttar tilbake etter kort tid, eller ho teier og seier ikkje lenger mot han. Barneverntenesta oppfattar det slik at mor klart er prega av å leva saman med ein mann som har dominert heile hennar vaksne liv, ein periode på over 20 år. Vi kjenner og til at far skal ha vore voldeleg mot henne.

Hersketeknikkar vert nytta til å ha kontroll over mor. Far seier at han får omsorga for barna dersom det vert skilsmisse. Det verkar som mor trur på dette.


Mor verkar ute av stand til å ta ansvar for sitt og barna sitt liv. Ho synes ikkje i stand til å bryte ut av det avhengighetsforholdet ho har til far. Historia viser og at det er lite sannsynleg at ho vil leve utan i samliv med far. Mor tek nokre av barna med seg og forlet heimen på nattetid nokre dagar for jul i 2006. Andre barn vert tatt ut av bilen til far utan hans viten. Dette er hendingar må opplevast traumatisk for barna. Nokre dagar seinare flyttar ho heim igjen.


Barneverntenesta kan ikkje sjå at mor ville vera i stand til å ta seg av barna om ho hadde den daglege omsorg for dei åleine.


Mor gøymer seg i skogen saman med barna dagen etter at barneverntenesta var ved heimen i januar. Dette sjølv om ho er blitt lova at kontakt med barneverntenesta skal skje gjennom advokat. Ho viser tydeleg mistillit til hjelpeinstansar. Familiemeldlemmar fortel at ho heller ikkje tek imot rettleiing frå familien sin.


Mor har ingen diagnose og er etter barneverntenesta sitt kjennskap ikkje vurdert av lege i forhold til psykisk helse ut frå ein kort samtale i samband med episoden i januar 2007. Vi kan imidlertid ikkje sjå at mor er betre i stand til å ta seg av barna enn far. Ho er like ansvarleg for at barna lever i den situasjonen dei har vore i ein periode på over 20 år. Ho hindrar dei like mykje som far frå å ta del i ein normal opplæringssituasjon. Ho tek ikkje eit steg ut av eit øydeleggjande samliv som og er skadeleg for barna. Ho viser aggresjon i møter med offentlege instansar. Vi veit lite om dette og skjer i forhold til barna, utover den aggresjon som vart vist ved situasjonen i januar.


Barna fortel lite om mor sin rolle i familien. Det kan synast som om dei prøver å beskytta mor, og vi kan ikkje ta det at dei fortel lite om mor som eit bevis på at ho kan gje dei tilfredstillande omsorg.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---