--- Denne side:  Side-136-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Det er derfor mor som brukar mesteparten av tida til å ta seg av barna. Ho steller hus og barn og held tøy i orden. Sjølv om far arbeider om natta deltek han så mykje som mogeleg. Det er han som undervis på data. Det er og han som lagar det meste av maten.


Det er sparsomt med møbler slik at både klede og bøker må stables på gulvet/bordet. Det er likevel ikkje rotete og skittent.


Familien driv økologisk gardsdrift.


Dei velje og ein klesstil som ikkje er avhengig av motar.


Ungane leiker med tre barn frå nabohuget. Idun leika med to jenter i nabolaget, foreldra likte ikkje dette då desse jentene var opptekne av at dersom gutar og jenter leike saman er dei kjærestar. Barna reagerar og på at dei lyg og kjem med ein del kommentarar på kleda deira.


Idun fekk ikkje gå i eit selskap som skulle feirast på ein hamburgarbar der dei skulle verta oppvarta der. Hadde det vert i heimen til dette barnet hadde ho fått gått.


Barna deltek ikkje i nokon organiserte aktivitetar. Men familien deltek på 17- mai feiring og har vert på Mostra-spelet. Familien nyttar og biblioteket i Sveio.


Vurdering frå Sveio bv. teneste:

Familien framstår som ein samansveisa families med lite nettvert i Sveio.


Dei store hjelp dei små og kor dei leiker med kvarandre på tvers av alderen. Balder viser omsorg for far som strever med å reise sak mot Skaun kommune. Balder deltek i samtalen på ei veslevoksen måte. Sjølv om Balder verkar veslevaksen framstår han ikkje som eit forstukkent barn.


Idun verkar som den som har mest kontakt med nabobarna , ho er open og fortel om ting ho og familien held på med. Ho viser ein utvikling som synes aldersadekvat.


Gudmund verkar stille og beskjeden, han er til stede og deltek men markerer seg ikkje slik som dei andre.


Sofie verkar blid og nøgd. Ho får mykje merksemd frå både foreldre og sysken. Ho koser seg og åleine på teppet sitt.


Syskenflokken framstår som trygge og harmoniske barn med aldersadekvat utvikling. Dei har eit naturleg samhald i kvarandre og foreldrene. Dette er eit forhold som det er viktig at foreldra klarer å styrke også vidare. Fordi foreldra har valgt ein alternativ livsstil, vil dei på enkelte områder skilje seg ut.


Det er og viktig at far samler krefter slik at han får reist saka dei må gjennon for å få ein sjanse til å flytte tilbake til Trøndelag. Det vil ikkje ver teneleg at familien skal bu mellombels over lang tid.


Det medfører stor psykisk belasting på far å gå gjennom denne prosessen og han treng å bli ferdig, slik at han igjen kan delta i de daglege aktivitetane som før.


Om det skulle foreslås hjelpetiltak i denne familien måtte det ver ein person som kunne stikke innom familien til jamleg samtale med foreldra. Slik at mor hadde andre vaksne å prate med og far fekk backup til å komme i gang med rettsaken.


Konklusjon frå Sveio barnevernteneste:


Det ligg ikkje grunn for hjelpetiltak etter barnevernlova etter forholda som er belyst i undersøkinga. Barna framstår som sunne og friske og i god relasjon mellom seg og foreldra.







---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---