--- Denne side:  Side-138-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

- 12.07.06, Svarbrev på barneverntenesten sitt ”oppklaringsbrev”: Brevsvar som

undrar og forskrekkar Hansen på mange slags vis. Hansen seier at

barneverntenesta kommer med nye frekkheitar og fordreiningar.

Hemmelegheitsstempla. Familien blir klar over barnevernets onde ønske og

hensikt. Barnevernets metodar er i følgje Rune Hansen forhasta slutningar,

løgn, usaklegheiter, ulovligheiter og trakassering. Alt er eigentleg ein

politisak.


Hansen informerer at heile saka sin dokumentasjon vil uansett, under ein kvar omstende, bli ytterlegare i sin heilhet (og fortsettelse) offentleggjort. Mellom anna i bokform og på internett.


Rune Hansen reagerer på at det har tatt langt tid å svara på brevet deira.


Han spør kva som er galt med familien Rune Hansen, kven skal bevise sin uskyld, eller skyld.


Barneverntenesta har i følgje far kosta familien dyrt og gjort forskrekkeleg mye skade.


Om klage seier Rune Hansen at det ikkje altid særleg viktig kven eller kva eller når ei klage i de første omgang kjem, men det kan være viktigare kva klagen inneheld.


Vurderinger:


Barneverntenesta i Vindafjord vurderer på bakgrunn av innkommen informasjon i undersøkingssaka, at det er grunn for bekymring for barna i familien Hansen.


Foreldra held barna borte frå skulen. Dei har heimeundervisning som frå skulen si side ikkje belysar om dette er tilstrekkeleg god nok læring. Tilsynsførar frå skulen gir skuleetaten ufulstendige og uklare rapportar om barnas skule- faglege kunnskapsnivå.


Då barneverntenesta hadde samtale med far og to av barna oppstod det konflikt då sakshandsamar informerte familien om at barneverntenesta ville fullføre undersøkinga i familien. Far gav utrykk for at han følte seg trua og kom med personleg motangrep på ein av sakshandsamarane. Samtalen blei då avbroten og barneverntenesta skulle ta opp kontakt med familien etter samtale med ledar. Efter dette foregjekk kontakt mellom barneverntenesta og familien pr. brev. Familien ville ikkje ta imot barneverntenesta i heimen og har heller ikkje møtt til inkallingar om viare samtalar.


Barneverntenesta vurderer far som mentalt ustabil på bakgrunn av den skriftlege kommunikasjonen og på bakgrunn av far sine tilsendte dagboknotat. Bekymringa ligg i korleis barna har det når far er i psykisk ubalanse. Han beskriv i dagboksnotat at han brukar så mykje krefter på å skrive dokumentasjon om saka på internett og i bokform at han ikkje klarar å hjelpe mor å stette barnas behov. Dokumentasjonen frå trygdekontoret stadfestar og at far er alvorleg sjuk.


Far kontakta Haugesund-avis og fortalde historia deira med førstesideoppslag. Barneverntenesta er bekymra for at far og mor ikkje skjermer barna meir for, det som er vanskeleg for foreldra i kvardagen, men dreg barna inn i dette utan omsyn til korleis barna opplev dette. mor skal ha gitt utrykk for at ho var skeptisk til å komme fram i media, men dette vart ikke teken hensyn til.


Barna blir halden borte frå alt som strider mot far sin overbevising, for eksempel. Skulekonsert m. inngongspenger, selskap på hamburgerbar, leik med nabojenter som snakkar om gutar og jenter som er kjærestar, og skule.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---