--- Denne side:  Side-178-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Brev 14.06. 2007 fra Øyvind Valen, rektor Skjold skole - side 1 av 1        
---
             
---

VINDAFJORD KOMMUNE Skjold  Skule

(((STEMPEL + PÅFØRT:)))

VINDAFJORD KOMMUNE

HELSE- OG SOS IADM.

Innk. 20 JUNI 2007

Saksnr. 07/666 L.nr. 2006000037 

Arkiv nr. Saksh. IN

Internt notat til rådmann i Vindafjod 

Skjold, 14.06.07

Skulegang for elevar med heimeundervisning

Som rektor i ungdomsskulekretsen som omfattar Vikebygd, og er kjent med at familien Hansen som bur på Tindeland i Vikebygd no har hatt tre ungdomar som har passert ungdomsskulealderen, og at dei i denne tida har hatt opplæringstilbod i form av heimeundervisning.


Ut i frå kva som har skjedd med dei tre ungdonimane som no er ferdig med ungdomsskulealderen, tenkjer her på bosituasjon, skule – og arbeidstilpasning, er eg bekymra for om det kommunale tilsynet er tilfredstillande når det gjeld ungdomsskuletida. Eg er også bekymra for om heimen klarer å fylgja opp den delen av læreplanen som omhandlar sosial kunnskap og førebuing til vidaregåande skule. Eg må presisera at eg ikkje kjenner til korleis kvalitetssikringa på tilsynet er, og heller ikkje har kontakt med familien eller ungdommane som har nådd 16-årsalderen.



Slik eg forstår Opplæringslova § 14-2, så har kommunen plikt til å krevja skulegong dersom tilbodet ikkje er godt nok heime, og kommunen har også eiga plikt til å sjå til at dette er godt nok. Kommunen har jo også rett til å be om eigne prøvar for å sjå til at lov med forskrifter er følgt


I min tid som rektor har familien ikkje hatt kontakt med skulen for t.d. å låna lærebøker. Dette treng sjølvsagt ikkje vera noko stort problem, mykje kan dei henta på nettet. Samstundes er også skulegong for ein ungdom ei trening i samspel med andre jamnaldringar, det skjer rådgiving og opplæring til vidaregåande skule og til arbeidslivet, og det er ein sosial møteplass kor ein blir brynt til d klara "unge vaksne- livet" og vaksenlivet saman med andre. Bekymringa mi går på om dette er tilstrekkeleg ivaretatt med ordninga i dag.


Reint konkret så skjønar eg at det no er ei jente som no normalt skulle starta på ungdomsskulen, og i den samanheng ber eg om at kommunen går gjennom tilsynsordninga som er i dag, og vurderer om ho er tilstrekkeleg.

Helsing


Øyvind Valen

Øyvind Valen

Rektor


Kopi til Stabsrådgjevar skule og til barnevernsleiar


Skjold skule Telefon: 53675740 e-post: skjold.skule@vindafjord.kommune.no
5574 Skjold Rektor: oyvind.valen@vindafjord.kommune.no






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---