--- Denne side:  Side-012-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 12 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Dokumentasjon: Desember 2001 Vedr. flyttingar & biografi etc, Rune Hansen


Alle barna har blitt fødd heime. Vi kjenner vidare ikkje til at det skal ha vore spesielle helseproblem hjå barna. I følgje melding mottatt i oktober 2001 skal barna nyleg ha vore sjuke. Far skal ha forklart dette med at barneverntenesta har hatt gift i maten deira.


Dokumentasjon: 241007 Melding /Journalnotat


Dei barna som er kome i vanleg skulealder har ikkje blitt oppmeldt som elevar i Grunnskulen. Foreldra har ønska å undervisa dei heime. Opplæringa vert gitt etter dei prinsippa som føreligg i den sakalla "Sveio-modellen". Læring skal skje naturleg utan noko fast oppsett timeplan. Læring skal i følgje tilsynsførar for heimeundervisninga skje ved at "borna deltek med vaksne og barn i arbeid og kvardagsliv ". Gjennomgåande vert det rapportert at barna har lært seg å lesa, og les mykje. Dei eldste bama har og lært seg å spela eit eller fleire instrument. Dei har gått på kulturskulen for å læra dette.


Tilsyn med heimeundervisning har etter flytting til Ølen/Vindafjord kommune blitt gjennomført av ein person som familien ønska. Skulemyndighetene har ved fleire høve bedt om meir utfyllande rapportar. Rapportane som føreligg er knappe og gjev ikkje tilstrekkeleg svar på dei spørsmålstillingane som ein tilsynsrapport skal innehalda. Rapport av 21.05.03 viser til nokre læreboker som vert nytta. Seinare rapportar viser ikkje til at det vert nytta læreverk som er brukt i skulen. Skulemyndighetene har vist til at bøker kan hentast ved skulen i Vikebygd/ ungdomsskulen i Ølen. Det har ikkje vore utført tilsyn sidan September 2005, jfr at tilsynsførar har sagt frå seg tilsynsansvaret. Rapportane gjev i liten grad svar på korleis barna fungerar i forhold til fagplanar etc for aktuelle alderstrinn. Dei seier heller ikkje noko om den sosiale utviklinga for barna. Skulemyndighetene har og fått henvendingar om bekymring for barna i familien. Det er hausten 2007 planlagt eit tilsynsbesøk frå skulemyndighetene si side.


Dei to eldste bama i familien som nå er over 18 år har ikkje gått på vidaregåande skule før etter at dei flytta ut av heimen. Foreldra har blitt informert om retten deira til å få vidaregåande opplæing. Idun og Balder vart informert om og byrja på vidaregåande opplæring etter at dei tok kontakt med sosialtenesta.


Dokumentasjon: 310706 Brev frå stabsrådgjevar,

Arne Borgemyr m/undervedlegg

- 260902 Momentliste for tilsyn med heimeundervisning,

Ølen kommune

-210503 Martha Straume, tilsynsrapport

-060905 Martha Straume, tilsynsbrev

191107 Brev frfi stabsradgjevar, Ame Borgemyr


I forhold til alle barna vert det opplyst at dei deltek i forskjellig arbeid på garden. Dette gjeld til dømes planting av buskar og tre. Mange av barna har og vore aktive i å gå på fjellturar, dei har og deltatt pi ein del fellesturar i bygda. Dei har då ofte vore dårleg kledd og ikkje hatt pengar til å betala for fellesutgifter. Dei har ikkje blitt henta etter slike arrangement sjølv om det gjerne har vore langt frå heimen. Ein del gonger er dei blitt kjørt heim av andre foreldre, eller dei har gått heim, ofte distansar på mange kilometer.


Dokumentasjon: 180107 Melding/Jurnalnotat






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---