--- Denne side:  Side-013-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 13 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Nokre av barna har deltatt på orienteringstrening gjennom Vikebygd Idrettslag. Dei er ikkje medlemmer i laget, men har fatt lov til å delta likevel. Idun skal ha fortalt at dei ikkje får lov til å delta i speidaren.


Barna er svært kontaktsøkande overfor andre vaksne. Dei skal vanlegvis ikkje visa teikn på skepsis eller utrygghet. Ein nabo observerte imidlertid i mai 2007 at dette hadde endra seg slik at barna sprang på kjøkkenet og gøymde seg når han kom, dette i motsetning til tidlegare.


Når barneverntenesta var ved heimen i januar 2007 opptrådde barna heilt roleg og utan teikn på redsel. Dette i motsetnad til mor som var svært uroleg. Dei eldre barna helste på dei som kom frå barneverntenesta, presenterte seg og spurte kva barneverntenesta ville.


Barna står fram som høflege, men kan og oppfattast som underdanige og kua. Det vert sett i samband med far si oppførsel overfor barna. Med unntak av dei yngste barna skal alle barna ha opplevd vold frå faren si side. Far skal og ha sett dei opp mot mora.


Dokumentasjon: 220206 Melding, Mattilsynet

070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye


Sjølv om Balder og Idun ikkje omfattas av denne saka vel vi og ta med litt inforrnasjon og om dei då det er viktig for å kasta lys over omsorgssituasjonen til søskena.


Balder


Balder er 21 år og har inntil han fylte 20 budd saman med familien. Han har vore med på alle flyttingar som familien har hatt gjennom hans oppvekst. I tillegg har han og dei eldste søskena vore berørt av at mor og barna har budd i "dekning" ein periode i 1995.


Han skal ha opplevd vold frå far allereie i tidleg alder. I følgje melding frå 1995 skal Balder ha fortalt til naboar at far sparkar barna. Seinast i mai 2007 har Balder opplevd vold og truslar frå far i samband med at far ville ha han ut av heimen etter at han kom på besøk dit. Vi kjenner ikkje til at Balder sjølv skal ha vore voldeleg mot andre. Han skal kun ha vist passiv motstand mot far. Balder flytta frå heimen i mai 2006 etter påtrykk frå far. Faren kjørte han då til kommunehuset der han sleppte han av. Balder har etter den tid blitt totalt avvist av far enten ved at far overser han eller aktivt ber han halda seg vekke frå heimen. Far har heller ikkje tillate andre i familien å ha kontakt med han. Balder vert av far omtalt som Satan, han er i ”dødsriket” og han skal ikkje få gjera ”vondt på søskena”. Ein kort periode etter at far var innlagt ved psykiatrisk avdeling var det noko kontakt mellom Balder og Idun og resten av familien, inkludert far.


Gjennom den kontakten barneverntenesta har hatt med Gudmund har ein og blitt kjent med Balder sin situasjon. Det viser seg at Balder har store problem med å tilpassa seg samfunnet sine krav, t.d. dette å møta på skulen, levera ting inn i rett tid, mat etc. Han har mista både skuleplass ved Steinerskulen og bustaden han har hatt i Haugesund. Barneverntenesta har stor bekymring for Balder sin vidare utvikling.


Balder har uttalt til barneverntenesta at han tidlegare trudde at alle var hans venner. Det har vist seg at det ikkje er slik. Han var ute av stand til å skilja mellom "gode". og "dårlege" venner. Han har etterkvart rusa seg mykje, og på anna enn alkohol. Han har i følgje Gudmund





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---