--- Denne side:  Side-020-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 20 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

offentlege instansar. Vert det derimot stilt kritiske spørsmål eller sett fram krav vert desse instansane stempla som farlege for familien.


Dokumentasjon: 041006 Adm.vedtak Konklusjon på undersøking


Spesialist i psykiatri, Kirsten Westlye vart engasjert som sakkyndig i oktober 2006 for å vurdera omsorgskompetansen til foreldra med utgangspunkt i føreliggande dokumenter. Det vart spesielt vist til far sin psykiske helse. Sakkyndig vart og bedt om å prøva å koma i kontakt med familien om det kunne la seg gjera. Sakkyndig gjorde ei rekkje forsøk på å koma i kontakt med familien men lukkast i liten grad med å koma i kontakt med familien. Rapport førelåg derfor først 7. September i 2007. Rapporten vert nærare beskriven nedanfor.


Dokumentasjon: 041006 Mandat til sakkyndigrapport


Barneverntenesta mottok ny bekyrnringsmelding i saka i månadsskiftet oktober/november 2006. Meldar hadde frå Hansen mottatt cd som omhandla barnevernsaka. Ho hadde lese gjennom deler av innhaldet og uttrykt stor bekymring for barna i familien.


Dokumentasjon: 311006 Melding, B. N. Tveit


Rundt juletider 2006 tok mor barna med seg til ein tidlegare nabokvinne som då hadde flytta til Førland i Tysvær. Barneverntenesta vart kjent med dette og tok kontakt med mor. Mor tilbydt økonomisk hjelp av barneverntenesta. Ho ville ikkje ta imot hjelp av barneverntenesta. Barneverntenesta valte då å formidla kontakt med sosialtenesta som gav tilbod om hjelp, som mor tok imot.


Dokumentasjon: 221206 Journalnotat


Ved dette høve vart og politiet tilkalla av kvinna mor hadde tatt tilflukt hjå då far kom tilstaden. Politiet rykka ut og situasjonen løyste seg ved at far reiste frå staden. Far hadde to av dei mindre barna, Mariel og Urda Lilje, med seg i bilen ved dette høve. Dei vart tatt inn i huset der mor opphaldt seg medan far samtalte med mor og hennar venninne.


Dokumentasjon: 260107 Uttale Politiet


Mor flytta heim igjen like over jul. Barneverntenesta fekk aukande bekymring for saka på bakgrunn av ulike henvendingar ein fekk om familien sin situasjon samt dagboksnotata til far som ein oppfatta som bekymringsfulle. Ein valte derfor i samråd med lege og politi og be om at far vart framstilt for psykiatrisk vurdering. Ein var svært usikker på korleis far ville reagera på dette. Han vart imidlertid med politiet til legekontoret og vidare til sjukehus utan dramatikk. Barneverntenesta oppsøkte mor like etter at far var dratt. Vil gjer eit forsøk på å drøfta situasjonen med mor. Det er umulig å koma i dialog med henne, ho spring rundt på tunet, skrik til barneverntenesta og barna, jagar barna inn i huset, vil gå frå staden med nokre av dei minste barna. Barneverntenesta ser at ho ikkje "ser" barna sine, og ber henne legen om å vurdera henne. Han vurderar henne til å ikkje vera psykotisk. Barneverntenesta vurderar å gjera eit akuttvedtak og ber politiet om bistand. Ein vurderar det som farleg å aksjonera på kveldstid då ein er redd for at mor og barn kan rømma til skogs. Det er mørkt og det er og ei elv like ved heimen. Barneverntenesta vel å trekkja seg tilbake. Det kjem og ein nabo til som mor har ringt og bedt om å koma. Han blir først bedt om å gå igjen av politiet. Når han kjem tilbake seinare på kvelden går han inn til mor og barna. Dette skjer i forståing med






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---