--- Denne side:  Side-025-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 25 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Dokumentasjon: 280806 Dagboksnotat


I samband med at mor forlet bustaden rundt jul 2006 skriv far om dette; ”At Trude gjorde og gjør det hun nå gjør, er vel å betrakle som hor? Eller hva? Hun går på sett og vis, også sin ektemann til tross, til selveste skjøgen Babylon - og at med seg noen av barna. Og forsøker å få med seg hele familien?! Er det Antikrist som har besatt henne? Og som har vunnet slaget om henne? Og er det definitivt og eiidelig?”

Beskrivingane i notata er til dels enkle beskrivingar av kva som vart sagt og kva som skjedde. Dei er vidare i spedd ein del bibelsitat som vidare blir dradd inn i den aktuelle situasjon; "Kanskje først straks når alle i omgivelsene har giennomskuet de onde gjerningane til Balder i dødsriket, og gråter over skammen, - Kanskje først da skjønner og fatter Balder selv hva forferdelig han har gjort for galt?” . "Den, lek med liv og død som Trude, og Balder, nu driver med, - er slikt noe tilgivelig?" Balder er den som saman med mor får skuld for det som har skjedd.


Desse ulike utsegnene til far i desse notata var noko av grunnlaget for at ein bad om at han vart framstilt for vurdering av sin psykiske helse i januar 2007.


Dokumentasjon: 201206 Dagboksnotat

231206 Dagboksnotat


SAKYNDIG SI UTGREIING


Barneverntenesta engasjerte hausten 2006 Kirsten Westlye som sakkyndig i saka. Westlye fekk aldri direkte kontakt med foreldra i denne saka. Jamfør blant anna at advokaten til foreldra frårådde foreldra å ha kontakt. Advokaten stilte og spørsmål med nødvendigheten av å få gjennomført ei sakkyndig utredning. Utredninga er derfor basert på dokument som er vist til ovanfor samt til samtalar sakkyndig har hatt med ulike personar som kjenner eller har hatt noko å gjera med familien.


Mandatet til Westlye var:

Barneverntenesta ber om ei vurdering av foreldra sin omsorgskompetanse basert på opplysningar som kjem fram av papira dykk får tilsendt. Ynskjer og ei vurdering om kva skadeverknader barna kan få ved å leva under dei forholda dei lever under. Barneverntenesta ber sakkyndig vera særskild merksam på far sin psykiske helse på bakgrunn av diagnose og far sin tolking av situasjonen med bakgrunn i hans utspel i undersøkinga. Korleis kan far sin psykiske helse påverka barnas kvardag?

Barneverntenesta ber sakkyndig om å prøve å komme i kontakt med familien for å få til ein samtale med far, mor og barna saman for å sjå på samspelet i familien.

Om sakkyndige ikkje kjem i direkte kontakt med familien må sakkyndighetsvurderinga baserast på bakgrunn av tilsendt materiell.


Sakkyndig har hatt samtale med Jens Tveit, ein pensjonert mann, som tidlegare blant anna har arbeida som rektor. Han har gjennom nokre år mott Hansen og familien ved nokre høve. Hansen tok kontakt med Tveit etter at barnevernsaka kom opp for å be om hjelp. Tveit har hatt ein del samtalar med Hansen i perioden frå våren 2006. Tveit beskriv ein mann som ønskjer å diskutera, særleg rundt barnevernet, men og religion og politikk. Religiøst blandar Hansen saman "Åsatru", indisk religion og forhold frå det gamle testamentet. Tveit beskriv







---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---