--- Denne side:  Side-028-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 28 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

VURDERINGAR


Denne saka har ein klar svakhet i at det er i avgrensa grad barneverntenesta har kome i direkte kontakt med barna i familien. Dette gjeld i sæleg grad barneverntenesta i Vindafjord, men det gjeld og andre barneverntenester tidlegare. Det kan likevel ikkje vera slik at foreldre kan hindre at barna får naudsynt hjelp ved at dei dreg seg unna kontakt med barneverntenesta. Denne saka gjeld ein familie som gjennom omtrent 20 år har hatt bustad i ei lang rekkje med kommunar over eit større geografisk område. Felles for situasjonen i alle kommunane er at andre har hatt avgrensa innsyn i barna sin situasjon. Det har vore avgrensa kontakt med helsestasjon, barna har ikkje gått i barnehage eller skule. Og i den grad barneverntenesta har vore inne har det vore avgrensa til nokre få heimebesøk i 93 og 98.


Gjennom den kontakten som familien, og då særleg far, har hatt med offentlege instansar samt gjennom andre privatpersonar som familien har hatt kontakt med har ein etterkvart fått danna seg eit klarare bilde av barna sin situasjon. Barneverntenesta meiner at ein nå har eit klart bilde av kva situasjon barna i denne familien lever under.


Begge foreldre har ansvaret for dei forholda barna lever under. Mor er like ansvarleg som far for at barna forblir i ein situasjon som er klart skadeleg for dei. Ho har levd i eit samliv med far i over 20 år dvs langt over halve livet hennar og det er grunnlag for å fastslå at ho er prega av den livssituasjonen familien har hatt i alle desse åra.


Barna i denne familien er i alderen eit og eit halvt år og opp til 16 år. Dei er i ulike fasar i livet, der dei minste er heilt avhengig av dei vaksne dei har rundt seg. Dei eldste er i ein fase der dei skal tilpassa seg eit storsamfunn dei i liten grad er kjent med. Barn som lever i omsorgsvikt situasjonar kan sjeldan gje uttrykk for korleis dei har det. Barn som veks opp i omsorgsvikt opplever dette som ein normal situasjon og har lite samanlikningsgrunnlag. Det er først når andre barn og vaksne viser reaksjonar på t.d. kler, hygiene, deira væremåte eller på mangel på oppfølging frå dei vaksne at barna kjenner seg annleis enn andre. Barn kan lett oppleve dette som at andre vaksne tar avstand og avviser. Men til og med litt større barn har små høve til å forstå samanhengar.


Barn som lever under varig omsorgsvikt vil ofte få større problem enn barn som opplever meir kortvarig foreldresvikt. Det varige vil setja spør i barna sin utvikling. Det som er av ytre forhold som t.d. manglar ved kler, reinhald og bustad kan i mange tilfelle forbetrast, i alle fall på kort sikt. Det er ofte verre å få til varige forbetringar.


Det som imidlertid er langt meir alvorleg er barn som ikkje får den naudsynte stimulering, opplæring og sosialisering med andre bam og vaksne.


Erfaringsmessig viser barn sine problem seg i samhandling med andre vaksne og bam. Den tydlegaste arenaen er då skulen, evt og barnehagen. I denne saka er det berre Gudmund som deltek på ein slik arena. Vi kan imidlertid og dra erfaringar frå dei eldre søskena.


Menneske fødes med ulik konstitusjon, slik er det og innan ein søskenflokk. Nokre tåle det andre ikkje tåler. Det at barn som lever i familiar med omsorgssvikt ikkje viser tydelege teikn på skade gjennom helseproblem etc kan vi ikkje ta som bevis på at den problemstillinga ikkje er tilstades i den familien.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---