Vurderingar knytt meir konkret opp mot familien Hansen.
Vi vil nedanfor prøva å knyta dei generelle skildringane av omsorgsvikt ovanfor til situasjonen til dei barna denne saka omhandlar. Vi vil først sjå på dei felles oppvekstvilkåra barna har hatt.
Barna i denne familien har heilt klart opplevd å ha fysiske oppvekstvilkår som er utafor det vi i dag tenkjer at barn treng. Barna har siste åra budd i eit hus som er svært lite sett i forhold til den store familien. Bustaden har i utgangspunktet innlagt vatn, men dette har ikkje vore i orden på lang tid. Vask etc må derfor skje i eit uthus. Det synes som at barna har hatt ei hygiene som stort sett har vore tilfredstillande, men likevel slik at andre har reagert på det ved fleire høve. Det same kan seiast om kler. Barna har stort sett vore tilfredstillande kledd, men ved nokre tilfeller slik at andre har reagert på skitne kler. Dei er ofte og kledd slik at dei vil bli oppfatta som "annleis" enn dei andre i bygda.
I tidlegare periodar er det og heilt klart at familien har levd under forhold som heller ikkje er tilfredstillande hygienisk. Dette kom særleg klart fram når dei budde i Skaun der barna måtte skritte over eit fleire månader gammalt grisekadaver og vidare over eit fjøsgolv dekka av skitt for dei kom til utedoen. Det skal og ha vore totalt utilfredstillande hygieniske forhold for dette. Vi kjenner lite til korleis forholda skal ha vore slik etter flytting til Vindafjord men melding mottatt i oktober 2007 tyder på at det framleis er uttilfredstilland forhold til tider då det vert rapportert om at besøkande ikkje ønskjer å ta av seg skorne ved besøk i heimen.
Det er ikkje, og det skal ikkje vera slik, at trangboddhet og bevisste val i forhold til å leva alternativt gjer folk uskikka til å ha omsorg for barn. I denne saka er det imidlertid eit fakta at over lang tid har barna levd under fysiske forhold som har vesentlege avvik i forhold til det andre barn veks opp under og som og kan vera problematiske i forhold til omgang med andre barn. Det synes og som det snarare er eit resultat av familien sin manglande evne til å ordna opp i desse forholda, enn eit bevisst val i forhold til å leva alternativ. Det å ikkje ha innlagt vatn eller ordna toalettforhold skaper avstand i forhold til det som vert sett på som vanleg i dagens samfunn. Sett i samanheng med andre forhold som vert vist til nedanfor vert dette derfor relevant i ei total vurdering av omsorgssituasjonen.
Fysisk og psykisk vald
Barneverntenesta vil nedanfor visa til at barna vert utsett for vald både aktivt og passivt. Aktivt i form av at dei sjølv vert utsett for fysisk eller psykisk vald, passivt i form av at dei er vitne til at mor og/eller søsken vert utsett for fysisk eller psykisk vald.
Barneverntenesta finn det sannsynleggjort og så langt som mulig bevist at barna i denne familien er utsett for fysisk vold frå far som ein del av oppdraginga. Om mulig med unntak av dei aller minste har alle opplevd slag og spark. Det å vera ulydig eller ueinig med far utløyser fysisk straff. Han skal og ha bete barna som ein mite å utøva kontroll på.
Barna har etter all sannsynlighet og vore vitne til at det er uført fysisk vold av far overfor mor. Det er ein kjensgjerning at mor er blitt slått av far. Det er vidare kjent at det har innverknad på barn når dei opplever vold mellom foreldra. Foreldre skal trygge barna sine. Når den eine forelderen utøve vold mot den andre er det ikkje lenger trygt for barna.
Den psykiske volden barna er utsett for i denne familien er klart skadeleg for barna. Dersom dei ikkje viser total lydighet til foreldra risikerer dei total avvising. Dei to eldste, og nå