--- Denne side:  Side-030-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 30 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

utflytta barna, har blitt totalt avvist av far. Gudmund har opplevd noko av det same når han har valt å starta på Steinerskulen utan far sin godkjenning. Avvisinga har vi sett gjennom at han ikkje snakkar til dei, at han nektar dei å treffa andre i familien og at han og reint fysisk går til angrep på Balder for å få han frå eigedommen når Balder har kome heim på besøk. Vi veit heller ikkje kva bilete dei andre barna får når far omtalar Balder som Satan.


I tillegg til at dette er alvorleg for dei barna dette gjeld, er det og alvorleg for dei yngre søskena. Korleis bama opplever å ikkje få ha kontakt med sine eldre søsken er vanskeleg å forestille seg utover at det må opplevast traumatisk. Vi kjenner til at for Idun sitt vedkomande var det å bli nekta kontakt med Balder utløysande for at ho sjølv flytta. Dei yngre barna har ikkje den muligheten. Vi kjenner til at Urda Lilje klamrar seg til Idun når dei treffes ved juletider. Ho skal ha blitt fortalt av far at Idun var død. Den sært ulike og usanne informasjonen barna får vil heilt klart vera skadeleg for deira uvikling.


Når far forinidlar til barna at barnevernet har gift i maten deira samt at det er barneverntenesta som har sett på storbrannen i Vikebygd våren 2006 vil dette vera ein stor psykisk påkjenning for barna og gjera dei utrygge. Denne frykta som far skaper veit vi ikkje kva mor gjer med. Ved heimebesøk i januar 2007 opplevde barneverntenesta at mor overtok far sin rolle. Ho skjelte og banna, ordra barna "som hundar". Barna er ofte med når far snakkar negativt om offentlege instansar. Dette må me og rekna med at skaper ein mistillit hjå barna.


Far og mor har heilt klart ulik haldning til kva kontakt dei og familien skal ha med dei utflytta barna. Mor har ved nokre høve trossa far sin vilje og oppretthalde kontakt med barna. Når far så har oppdaga dette har det ført til store konfliktar. Konfliktar som har ført til både fysisk mishandling av mor samt og at ho har flytta ut av heimen. Ein del av mønsteret har vore at mor etter ei tid har innretta seg etter far sin vilje og flytta heim igjen ved dei høve ho har vore ute av heimen.


Mor godtek slik valden ved å ikkje ta borna vekk frå situasjonen. Ho vel å ikkje ta ut skilsmisse og krevja dagleg omsorg for barna. Slik sett bidreg og mor til at barna vert verande i ein situasjon der dei vert utsett for fysisk og psykisk vald, både aktivt og passivt. Ho er av mor og naboar/vener råda til å søkja hjelp t.d. ved krisesenter utan at ho har fylgt desse råda.


Far knyter både det at barna skal lya sine foreldre samt at kvinna skal underordna seg mannen til religiøse førestillingar, blant anna det fjerde bod. Far sine førestillingar rundt dette er imidlertid av ei fastlåst art som ein ikkje berre kan forstå ut frå religiøse dimensjonar. Dette har lite med religion å gjera og må setjast i samanheng med far sin psyke og personlegdom. Far prøver etter barneverntenesta si oppfatning å gje si oppførsel legitimitet ved å knyta den opp mot den kristne religion.


Opplæring og sosialisering


Barna i familien Hansen har aldri fått oppretta noko nettverk utafor familien. På den måten vert omsorgsvikten i denne saka sæskilt alvorleg. Dei har berre sine foreldre og søsken.


Barna har aldri gått på skule, då bortsett frå Gudmund dei siste månadane. Dette må sjåast på i samanheng med foreldra, og då særleg far sitt ønske om å skjerma dei mot "uheldig påverknad". I forhold til skule har det blitt ført ein lang kamp for å få lov til å driva heimeundervisning for barna. Dette er etterkvart blitt godkjent. Det er ikkje barneverntenesta si oppgåve å vurdera om vilkåra for heimeundervisning er fylgt opp. Vi vil imidlertid stille spørsmål med om vilkåra er fylgt opp så lenge vi ikkje kjenner til at det er noko plan for







---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---