--- Denne side:  Side-031-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 31 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

opplæringa, vi kjenner ikkje til at det vert nytta læreverk som er i bruk i skuleverket utover det som er rapportert i ein tilsynsrapport frå 2003. Vi kjenner ikkje til at barna er vurdert opp mot forventa fagleg utvikling for sitt alderstrinn etc. Barneverntenesta konstaterer og at det ikkje er ført tilsyn med heimeundervisninga siste åra samt at det frå skulemyndighetene er stilt ei rekkje kritiske spørsmål til tilsynsførar sitt tilsyn og tidlegare. Barneverntenesta vil samtidig understreka at ein ikkje tvilar på at fleire av barna har framifrå evner på det musikalske omradet samt at dei tidleg har lært seg å lese. Barneverntenesta får eit bilete av at nokre av barna har tilegna seg mykje kunnskap innanfor musikken trass at dei har vore i ein uheldig omsorgssituasjon og hatt manglande skulegang.


Barneverntenesta oppfattar at det å hindre barna i å gå på vanleg skule er eit resultat av far sitt kontrollbehov like mykje som eit bevisst val om heimeskule. Dette viser seg blant anna gjennom far sin gjennomlesing av skulebøker etc før barna før nytta dei.


Når barna ikkje får arenaer der dei omgås andre barn mister dei heilt klart ein sosial læringsarena. Barna mister verdifull læring på vegen fram mot sin eigen identitet. Det at nokre av dei eldre barna har deltatt på trening saman med andre fri bygda kan ikkje kompensera den sosiale treninga ein får gjennom skule og barnehage. Når vi i tillegg veit at barna ved fleire høve er blitt nekta kontakt med andre barn er dette bekyrnringsfullt.


Barna vert omtalt som sterkt kontaktsøkande når dei er i kontakt med andre vaksne. Dei oppfører seg høfleg. Det at barna er høflege og oppfører seg ordentleg må imidlertid og sjåst i samanheng med at far forlangar total lydighet frå barna. At dei slik vert kua vil naturlegvis prega dei og i samvær med andre vaksne. Det kan og stillast sporsmål om vi som møter dei har forventningar til "normal" oppførsel eller om vi legg forventningane lågare.


For Gudmund sin del blir han skadelidande då foreldra ikkje vil bidra til at han får halda fram på vidaregåande skule. Det er forståeleg at Steinerskulen krev at det er vaksne ansvarlege å samarbeida med rundt Gudmund sin skulesituasjon. Det er derfor særs uheldig at foreldra nektar å samarbeida rundt dette i form av blant anna å underskriva ein samarbeidserklæring.


Det ein fryktar i denne familien er at barna skal bli "hjelpelause vaksne". Dette gjeld i forhold til å omgås andre, i forhold til skule og arbeid, det å bli sjølvberga/sjølvhjelpen. Balder sin situasjon har vist tydeleg kor hjelpelause barn som veks opp i ein slik situasjon kan bli som vaksne. Han har ingen vaksenstøtte, og har ikkje erfaringsgrunnlag frå eit vanleg oppvekstmiljø.


Rutinar


Barna lever i ein kvardag som manglar rutinar. Det er ikkje faste måltider, leggetider eller tider for skulearbeid. Ein slik kvardag med total mangel av denne type knaggar til å strukturera kvardagen gjer barna i liten grad klar for å møta samfunnet sine krav. Dette har kome tydlegast til syne hjå Balder som har vist seg å ha store problem med å forholda seg til krav frå skule, husvert og samfunnet elles. Og Idun rapporterar at ho slit med å fylgja "normalkrav". At familien ved ein del heimebesøk frå ulike offentlege instansar har greidd å framstå som ”ein samla familie i stova” er dessverre ikkje regelen, men heller unntaket frå det som pregar kvardagen.





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---