--- Denne side:  Side-032-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 32 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Far


Far er den personen som etter barneverntenesta sitt syn heilt klart pregar denne familien mest. Det vil derfor vera heilt naudsynt at det kjem fram korleis hans personlegdom er og korleis dette pregar familien sitt liv.


Far har fått diagnose schizofreni. Det er samtidig slik at han synes å ha storhetstankar om seg sjølv samt at han klare paranoids trekk. Han vert ikkje oppfatta som farleg for seg sjølv, men langt fleire enn barneverntenesta har stilt spørsmål med hans omsorgsevne.


Far sine paranoids trekk har gitt seg utslag i at han tar opp samtalar han har med ulike offentlege og private personar ved hjelp av mp3-spelar. Om dette er spesielt, og kanskje til dels tvilsamt når det ikkje er avtalt på førehand, er det imidlertid langt meir alvorleg at han og avlyttar sin eigen familie når han er ute av heimen. Kva band dette legg på dei andre familiemedlemmene er usikkert, men det er klart bekymringsfullt.


Far sine storhetstankar om nærast å bli ein leiar for sitt eige familiedynasti er klart prega av hans ønske om å ha kontroll og om å skapa seg ein verden for sin familie som ligg på sida av resten av samfunnet. I praktisk kvardag synes det imidlertid som far får lite gjort. Vasken går tett og vert ikkje reparert, planter vert kjøpt og langt frå alle kjem i jorda, tømmeret til husbygging er felt, men ligg og rotnar ned før det kjem på saga. Det som opptar tida hans eg kampen mot offentlege myndigheter. Nå er det barneverntenesta i Vindafjord som er hovudmotstandar, tidlegare var det kommunal myndigheter i Skaun. Dette bruker han svært mykje tid på. Han oppgir og sjølv at det er grunnen til at han ikkje kjem i gang med andre oppgåver.


Samtidig som far er ufor av psykiske årsaker kan vi ikkje sjå at han nokon stad stiller spørsmål med sin kompetanse til å følgje barna opp med undervisning eller på andre måtar.


Far skaper heilt klart eit bilde av "oss og dei". Familien sin kamp mot offentleg myndighet. Dei som er igjen i familien på den eine sida og på andre sida Balder og Idun som har gått ut og ikkje lenger høyrer til i familien. For han blir det svært sterke skilje her. Det er rimeleg klart at det å skapa så klare skiljelinjer i forholdet til samfunnet og i forhold til andre privatpersonar som far vert ueinig med må ha negativ verknad for barna dersom ein forutset at dei treng nærma seg samfunnet. Det å setje Idun og Balder så klart utafor familien må og få verknader for dei andre bama. Først i forhold til å mista kontakten med dei eldste søskena, men og i forhold til korleis dette kan skapa ein frykt hjå dei andre barna om at det og kan skje dei.


Barna får grunnleggande mistillit til alle. Far mistenke alle for å ha ein skjult agenda. T.d. viser dette seg når Balder får hjelp av sosialtenesta til å skaffe seg mobil og lurer på om denne er avlytta. Og når han lurer på kva gjenytingar han må gje for å ta i mot økonomisk sosialhjelp.


At far ved nokre høve kan framstå som roleg t.d. i møter med offentlege instansar som helsesøster må sjåast på ut frå at dette er ein situasjon der han ikkje vert pressa eller motsagt. Det finnes solid dokumentasjon på at han oppfører seg annarleis om han blir motsagt eller kjenner seg pressa av offentlege myndighetar og av dei eldre barna.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---