--- Denne side:  Side-034-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 34 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Vanlegvis til vi og i alvorlege omsorgssvikt saker ha foreldre som og har sterke sider. I denne saka har barneverntenesta ikkje på vanleg møte fått høve til å bli kjent med foreldra. Det er derfor vanskeleg å beskriva foreldra sine sterke sider.


BARNA SIN SITUASJON VURDERT OPP MOT LOVA


Barna i denne saka er i ein slik situasjon som beskrive i § 4-12. Barna har "alvorlige mangler i forhold til den personlige kontakt og trygghet som det trenger etter sin alder og utvikling" slik beskrive i § 4-12 a. Barneverntenesta vil visa til at foreldra ikkje greier å gje bama ein trygg oppvekstsituasjon. Barna har ein utrygg oppvekst i form av at foreldra har skapt eit fiendebilde av verda omkring, far avviser eldre søsken samt at far avlyttar familien når han ikkje er tilstades. Far sin voldsbruk overfor barna vil og undergrava den trygghet dei treng. Den same kan ein seia i forhold til far sin avvisning og til dels ignorering av dei eldste barna. Jamfør og verknader for dei yngre barna.


Sjølv om ein kan finne manglar ved korleis dei fysiske behova vert ivaretatt er ikkje dette kriteriet aleine grunnlag for å overta omsorga for desse barna. Men det er openbart svakheter ved både fysisk omsorg i form av plassmangel og manglande sanitærforhold samt og manglar i forhold til klær og hygiene.


Etter barneverntenesta si vurdering bør og nemnda ta opp til vurdering om vilkåra i 4-12 c er tilstades. Barneverntenesta finn det sannsynleggjort at far nyttar fysisk vold samt psykisk sjikane i oppdraginga av barna. Dei er vidare vitne til at mor vert utsett for både fysisk og psykisk vold. Dvs at barna vert utsett for vald både i direkte og indirekte forstand.


Vi kjenner ikkje til at mor nyttar fysisk vold. Ho er likevel delaktig i omsorgsvikten då ho let dette skje og ikkje får barna vekk frå far.


Det barneverntenesta i tillegg finn sannsynleggjort er at kriteria i 4-12 d er oppfylt. Det er dessverre slik at barna i denne familien står i fare for at deira helse og utvikling vil bli skada. Barneverntenesta finn dette gannsynleggjort gjennom å ha peika på korleis far sin psyke pregar oppvekstsituasjonen til barna. Barneverntenesta vil her peike på at det ikkje er hans diagnose, men det er korleis hans psykiske tilstand påverkar den daglege omsorg barna får som vert lagt til grunn.


Mor har vist at ho overtek mange av far sine vrangførestillingar. Ho dreg på den måten saman med mannen barna inn i ein verden som er full av vrangforestillingar.


Det vil alltid vera vanskeleg å foreta ei prognosevurdering i barnevernet. 4-12 d tilseier at ein må foreta ei slik vurdering. I denne saka er dei eldste barna blitt vaksne. Vi kjenner til deira situasjon. Korleis deira utvikling har vore vil i stor grad kunne vera ein peikepinn på korleis det kan gå med barna som denne saka gjeld. Individuelle forskjellar vil sjølvsagt spela inn, men det er grunn til å peika på korleis Balder har vist seg å vera ein "hjelpelaus" vaksen. Det er og grunn til å peika på Idun sine store utfrodringar i forhold til å forholda seg til "normalkrav" frå skule og øvrig samfunn.


Sjølv om myndighetene har godkjent at dei skal ha heimeundervisning finn vi ikkje at barna får tilfredstillande opplæring eller undervisning. Dei får heller ikkje tilstrekkeleg sosial trening i å omgås andre barn og vaksne. For Gudmund sin del vil det og dreia seg om at han ikkje får tatt vidaregåande utdanning pga manglande vilje til samarbeid frå foreldra si side. Dette i kombinasjon med far sin bruk av fysisk og psykisk vold, samt hans klare "oss og dei"





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---