haldning til verda utanfor vil på sikt klart gjera skade på barna. Mor deler fleire av desse haldningane og er heller ikkje i stand til å bryta ut av samlivet. Det viser seg dessverre at dei eldste barna i til dels stor grad viser tydelege skader, skader som må setjast i samanheng med oppveksten deira.
"Nødvendighetskriteriet"
Barneverntenesta registrerer at den situasjonen barna finn seg i nå er ein situasjon dei har hatt over lang tid. Barneverntenesta finn det dokumentert at allereie dei eldste barna sine småbarnsår var prega av omsorgsvikt. Barneverntenesta ser ikkje at det i nokon særleg grad er muligheter til å endra barna sin situasjon i heimen. Vi kan vanskeleg sjå for oss kva hjelpetiltak som kunne verka tilfredstillande i denne familien. Når vi i tillegg kjenner til korleis foreldra stiller seg til samarbeid med barneverntenesta eller andre offentlege instansar finn vi det utelukka å setje inn hjelpetiltak. For at ein skal setja inn hjelpetiltak i ein familie må det vera slik at det er mogleg å samarbeida med foreldra om tiltaka. Tiltaka må vera friviljuge, og det må og vera slik at familien må forstå kvifor ein set inn tiltak. Dersom dette er tiltak som skal gå på det einskilde barn er det viktig at foreldra gir barnet "tillatelse" til å delta i tiltaket. I denne familien er det mistenksame og paranoide foreldre som det er lite sannsynleg at vil gi barna slik "tillatelse". Å setje inn tiltak i ein slik situasjon kan gjera barna sin situasjon enda vanskelegare. Ein kan her peike på Gudmund sin situasjon når han vel å gå på skule mot foreldra sin vilje. Den som evt. faktisk skulle utføre hjelpetiltak inn i heimen ville vera i ein svært vanskeleg situasjon, dette må og tas med i vurderingane om det er grunn til å tru at barneverntenesta vil nå fram ved å setja inn hjelpetiltak. Lova sitt krav om at hjelpetiltak er vurdert er etter barneverntenesta sitt syn oppfylt. Vi ser imidlertid ikkje at det er ein situasjon der det må prøvast utover det som er gjort på tidlegare tidspunkt.
"Barnet sitt beste"
Sjølv om vilkåra i 4-12 er oppfylt skal dette vurderast opp mot ordlyden i § 4-1; "Ved anvendelse av bestemmelsene i dette kapitlet skal det legges avgjørende vekt på å finne tiltak som er til beste for barnet. Herunder skal legges vekt på å gi barnet stabil og god voksenkontakt og kontinuitet i omsorgen "
Ei kvar omsorgsovertaking medfører i prinsippet brot i stabiliteten for barnet. Det vil i ein del høve likevel vera behov for å bryta denne stabiliteten. Det gjeld i dei tilfella barna sine omsorgspersonar ikkje kan gje stabil og god omsorg. Vi finn det slik i denne familien. Det som kunne tala mot ei omsorgsovertaking er at det og vil medføra at barneflokken vert splitta opp. Dei vil derfor kunne mista noko av sin felles identitet. Samtidig er det slik at dette vil kunne letta på dei eldste barna sitt ansvar for dei andre søskena. Det er og slik at omsorgsovertaking vil medføra andre endringar i desse barna sitt liv. Dei vil få sin oppvekst i ein annan type heim der dagleglivet vil skilja seg vesentleg frå det dei er vant til. Det vil og vera aktuelt å starta i vanleg skule. Sjølv om dette er vesentlege endringar som vil vera utfordrande for barna, er det likevel slik at dette vil vera naudsynte endringar for å sikra deira vidare utvikling.
Barneverntenesta vil derfor konkludera med at ei omsorgsovertaking er til "barnas beste".