--- Denne side:  Side-036-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 36 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Samvær


Fylkesnemnda skal her ta stilling til samvær mellom barn og foreldre. I tillegg er det ein viktig problemstilling korleis kontakten mellom søsken skal ivaretas.


Barna i denne saka er i ulik alder. Dette vil og ha betydning for samværsspørsmålet. Det vil og vera naudsynt å ta stilling til om det er behov for tilsyn under samvær. Og her vil det vera av betydning kva alder barna er i.


Barneverntenesta går inn for å plassera barna i fosterheim utafor biologisk familie. Vi ser ikkje aktuelle altemativ i familie eller nettverk. Barneverntenesta legg og til grunn at det vil væra vanskeleg for biologisk familie og ev stå som fosterforeldre i denne saka.

Utgangspunktet for plasseringa er at den skal vera varig, dvs at dei skal veksa opp i fosterheimen. For dei mindre barna vil det bety at det skal opparbeidast ein ny foreldretilknyting til fosterforeldra. I barnevernsaker vert det ofte vist til i vedtak og tiltak skal vara til vaksen alder, dvs til dei er 18 år og i nokre høve opp mot 23 år. Formelt er dette rett då fosterbarnet kan velja sjølv kva tilknyting det vil ha til fosterfamilien etter passerte 18 år. Spørsmålet er om slik tenking er tilstrekkeleg eller om ein i nokre høve bør tenkja i eit lengre perspektiv, livet ut. Dersom ein tenkjer i desse banar vil grunngjevinga for samværet med biologiske foreldre vera at dei skal ha kjennskap til sine foreldre. Samværet vil då vera av kortare varighet enn om dei skal oppretthalda ei tilknyting til sine biologiske foreldre.


Barneverntenesta vurderar det som viktig at barna kan ha kjennskap til sine biologiske søsken og så langt som mulig behalda ei tilknyting her. Ved plassering av barna vil og dette elementet bli tillagt vekt.


Barneverntenesta vil derfor tilrå at det vert sett ei ramme for samla samvær mellom foreldre og alle barna på 6 gonger pr år og at samvtr varer inntil 4 timar. Dette er ei ramme som er slik at den bør kunne fyllast med aktivitetar som kan vera reiskap til å oppretthalda kontakt mellom søsken og mellom barn og foreldre.


For Gudmund sitt vedkomande kan det vera aktuelt å opna for meir samvær i samråd med han og foreldra. Det vert her lagt til grunn at har er i ein alder der han sjølv vil kunne ta sjølvstendige avgjerder meir uavhengig av press frå foreldre noko han allereie har vist seg i stand til å gjera. Vi finn imidlertid ikkje rett å fremja forslag til nenmda om dette. Frøydis er og i ein alder der det vil vera naturleg å leggja meir vekt på hennar ønskjer. Vi vil derfor vurdera omfanget av samvær med henne etter plassering og leggja vekt på kva som kjem fram i samtalar med henne.


Barneverntenesta vil samtidig be Fylkesnemnda om høve til å føra tilsyn. Barneverntenesta er kjent med far sin adferd overfor barna der han har utøvd på fysisk og psykisk vold mot barna. Barneverntenesta er og uroleg for om foreldra kan ta barna med seg dersom dei har samvær utan tilsyn, jfr at dei tidlegare har flytta unna vanskar samt levd i skjul. Vi finn det derfor rett at barneverntenesta skal ha høve til å utføra tilsyn om ein finn det naudsynt.


Om det skulle visa seg at nokre av barna ikkje har noko ønskje om å ha samvær med sine foreldre vil det bli prøvd lagt til rette at dei likevel kan ha samvær med sine andre søsken. Det er og ein kjensgjerning at far ikkje ønskjer å treffe dei eldste barna. Barneverntenesta finn det rett å arbeida for at kontakten mellom dei og dei yngre søskena vert ivaretatt. Vi finn det rimeleg at dette likevel ikkje vert tatt med som eit eige vedtakspunkt i nemnda. Det same vil vi anføra overfor mormor som synes som ein viktig person for barna.







---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---