--- Denne side:  Side-038-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 38 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

innan desse barna sitt tidsperspektiv. Skulle forhold over ein 10 årsperiode likevel endra seg vil det vera slik at dei mindre barna då har opparbeida seg ny tilknyting og det tilseier heller ikkje tilbakeføring for dei.


Plasseringsstad


Dette er ein stor barneflokk på 7 barn. Ein plassering i fosterheim vil medføra at søskenflokken vert delt. Det er derfor og vurdert om ein kan finna alternative løysingar til tradisjonell fosterheim. Vi har imidlertid lagt dette altemativet bort då det framleis vil medføra at barna i for liten grad vert ført inn i ein vanleg oppvekstsituasjon.


Ved val av fosterheim står vi og ovafor fleire val. Det er ønskeleg at barna skal plasserast slik at dei framleis kan ha noko kontakt med kvarandre. Det tilseier at barna burde plasserast nært kvarandre geografisk og om mulig fleire barn i same heim. Det er imidlertid utfordrande å få dette til. Det vil og vera krevjande å overta dagleg omsorg for barn som har levd under omsorgsvikt over lengretid. I denne samanhengen kan vi og snakka om kulturforskjellar i tillegg til det som er rein omsorgssvikt.


Det viktigaste vil derfor her vera at barna vert plassert i heimar som kan gje dei ein god oppvekst snarare enn at det vert sett krav om kor mange av barna som skal bu i same heim.


Det bør saman med Bufetat arbeidast for å organisera dei ulike heimane i ein "fosterforeldrering" som t.d. og kan ha felles veiledning og gjerne og gjer det lettare å organisera treffpunkt for barna. Det må og vurderast om det kan knytast opp ein ekstrafamilie til tiltaket som kan ta oppdrag med avlastning samt organisera og føra tilsyn ved samvær.


Det vil vera ei krevjande oppgåve å finna egna heimar til desse barna. Det kan derfor vera aktuelt å ha ei midlertidig plassering i institusjonsliknande tiltak for eit eller fleire av barna.


Fosterheimane bør vera forsterka den første tida. Første 6-12 månader vil det vera behov for at ein av dei vaksne ikkje er i full jobb. I kor stor grad heimen skal forsterkast på denne måten vil vera avhengig av om heimen tek i mot eit eller fleire barn. Det vil og vera naudsynt å hausta erfaringar med det einskilde barn då barneverntenesta ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å vurdera det einskilde barn sine spesielle omsorgsbehov. Behovet for forsterkning i form av frikjøp vil derfor måtta vurderast undervegs.


Oppfølging av fosterheimane


Oppfølging av fosterheimane vil gå fram av dei fosterheimsavtalane som vert inngått mellom fosterheim og barnevernteneste. Her vil spesielle forhold rundt det einskilde barn samt evt forsterkningar bli regulert. Når vedtaket i nemnda er kjent vil det og bli utarbeida ein detaljert tiltaksplan der oppfølging og veiledning til fosterheimen vil bli tatt med.


Oppfølging av barna


Barna vil bli fylgt opp slik lova krev med besøk i fosterheim, ved samtalar med barn og fosterforeldre samt ved samarbeidsmøte og anna samarbeid med skule osv. Barna vil få oppnemnd tilsynsførar.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---