--- Denne side:  Side-039-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 39 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Oppfølging av kontakt mellom barn og foreldre.


Kontakten vil bli fylgt opp ved samværsavtalar og ved at foreldre vert invitert til samtalar om barna og deira situasjon og utvikling. Foreldre vil ha tilgang til dokument som vedkjem barna. Barneverntenesta vil og sørgja for at det er ein person tilstades ved samvær som barna kjenner og som kan føra tilsyn. At dette er ein person barna kjenner vil vera særleg viktig for dei mindre barna. Barneverntenesta vil hevde at det er behov for å kunne føre tilsyn, særleg den første tida. Dette vil bli vurdert på ny seinare.


Oppfølging av kontakt mellom søsken og andre i familienettverket


Barneverntenesta har ansvar for å laga søskentreff. Det vert lagt til grunn at barna i denne familien kan ha ein sterkare gjensidig tilknyting til kvarandre enn dei faktisk har til sine foreldre. Det vert lagt til grunn at barna gjennom oppveksten har hatt kvarandre og deler erfaringar. Ein vil som nemnt og prøva å få til at barna vert plassert slik at dei kan ha tettare kontakt med nokre av sine søsken. I tillegg vil det bli lagt til rette for at barna og kan treffa sine søsken ved samvær med foreldra. Det kan og vera naturleg å invitera t.d. mormor og farmor til nokre av søskentreffa.


Oppfølging av foreldre


Foreldre vil bli invitert til møter med barneverntenesta. Barneverntenesta vil og bidra til at andre aktuelle instansar evt kan setja inn tiltak som kan avhjelpa eller lindra foreldra sin situasjon.


Foreløpig omsorgsplan


Barna er under omsorg av barneverntenesta i Vindafjord kommune


· Barna vert plassert i godkjent fosterheim

· Fosterheimane skal vera forsterka første 6-12 månader

· Det vert halde ope at det kan vera naudsynt med midlertidig plassering i

institusjonsliknande tiltak.

· Plasseringa skal vera langsiktig.

· Barn og foreldre skal ha samvær

· Barneverntenesta skal ha høve til å føra tilsyn under samvær

· Barna sine meir konkrete omsorgsbehov skal utgreiast og ein skal leggja dei til

grunn for meir langsiktig omsorgsplan.

. Barna skal ha kontakt med sine søsken.


Krav om utgiftsdekning


Det vert kravd utgiftsdekning etter § 9-2, i barnetillegget i far si uføretrygd.

Det vert sett som rimeleg at det vert kravd dekning i dette, då det er eit tillegg far har til å dekka utgifter til barna sitt underhand. Når barneverntenesta nå overtar omsorga for barna vil, ikkje far lenger ha denne utgifla. Dersom det ikkje vert kravd refusjon i dette vil dette tillegget falla vekk i far si trygd når barna er flytta ut av heimen. Det vert sett som rimeleg at lova vert fylgt og på dette punktet sjølv om at dette berre medfører at ein liten bit av kommunen sine totale utgifter vert dekka og slik sett har liten betydning for kommunen sine totale framtidige utgifter i denne saka. Barnetrygda føl som kjent barna.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---