--- Denne side:  Side-107-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

skal gjennomførast, vart drøfta under tilsynet, og i endeleg rapport frå utdanningsdir­ektoren heiter det:


Heimeundervisning

Kommunen har oppfølgingsansvar for tilsyn med heimeundervisning i ein familie i kommunen. Det blir lagt vekt på god dialog med dei foresette, m. a. i samanheng med engasjement av ekstern tilsynsperson. Samtidig er kommunen opptatt av å ta det formelle tilsynsansvaret sitt på alvor, i tråd med intensjonane i Opplæringslova.


TILSYNSRAPPORTAR OG KONTAKT MED TILSYNSLÆRAR

Vedlagt finn De eit oversyn over dei tilsynsrapportar som ligg føre som vedlegg i dette brevet. Rapportane gjev korte vurderingar av fagleg utvikling for dei barna det gjeld. Dei dokumenterer at barna er aktive i læring, har internett, les mykje, har ansvar for dyr, er aktive i musikk m.m. Av korrespondanse med tilsynslærar går det fram at kommunen har hatt ønskje om meir utfyllande rapport - utan, at det i særleg grad er blitt oppfylt.


VIDAREGÅANDE SKULE


Generelt

Rune Hansen har i samtaler med underteikna understreka sterkt at han ikkje har tillit til offentlege skular og at han derfor ikkje ønskjer at barna hans skal gå på slike. Det har verka som dette og gjeld vidaregåande skular.


I rapport frå Marta Straume står det (tilsynsdato 09.01.05): "Ved tilsynet opplyste eg på nytt om retten til vidareggånde skule. Dersom det trengs t kodenummer for å senda søknad om opptak vidaregåande skule på intenett, bed eg om at familien for tilsendt det, slik at dei kan nytta denne retten, om dei vil det."


Underteikna kan ikkje i dag stadfeste om -familien har fått slike koder eller søknadspapir til vidaregåande skole. Me er heller ikkje kjende med at nokon frå familien har tatt kontakt for å få informasjon om retten til å søkje vidareggånde skule. Kommunen har ikkje konkret meldt frå til Oppføljingstenesta om dei barna som har alder for å søkje vidaregåande skule utan å nytte seg av retten.


Balder

Då familien kom til Ølen kommune, var eldste guten i alder for å ta til på vidare­gåande skule. Underteikna orienterte då om dei moglegheiter som er i området. Lundeneset vidareggånde skole vart foreslatt då ein vurderte dette som eit høveleg tilbod for Balder. Men det vart ikkje til at Balder søkte då.


Idun

I tilsynsrapport frå Marta Straume står, det frå tilsynet 21.05.03: "Idun vart også informert om den retten ho har til vidaregåande opplæring..”


Idun har til no ikkje gått på vidaregåande skule.


Gudmund

Efter vanleg rekning har Gudmund alder for å søkje vidaregående skule våren 2007


OPPSUMMERING - SPØRSMÅL FRå BARNEVERNET


Side. 2 of 5






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---