--- Denne side:  Side-108-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Kva tilsyn og godkjenning har Vindafjord kommune rundt undervisninga i heimen?

Svar: Kommunen har tatt tilsynsrapportar frå Marta Straume til orientering.

Dei konkluderer med at føresetnadene for heimeundervisning er til stades.


Kor ofte vett det ført tilsyn med undervisninga?

Svar: I prinsippet 2 gonger per skuleår. I praksis har det vore eit tilsyn

2002/2003, to tilsyn skuleåret 2003/04, og eit tilsyn kvart av skuleåra

2004/05 og 2005/06.


Kva rapportar har kommunen om kvart enkelt barn?

Svar: Sjå vedlegg med oversyn over tilsynsrapportar.


Kva godkjenning får kvart barn etter grunnskulen?

Svar: Kommunen har ikkje fått førespurnad om noko godkjenningsdokument

og har heller ikkje på eige initiativ utstedt noko dokumentasjon. Idun har valt

å ikkje ha karakterar. I ettertid kan ein sjå at det burde bli utstedt eit

dokument som stadfester at barnet har gjennomført opplæringsplikta i

grunnskulen som heimeundervisning i Ølen kommune.


Kva hjelp får barna i forhold til vidareggånde opplæring?

Svar: Underteikna er ikkje kjent med at dei har fått anna hjelp enn den

orienteringa som vart gitt til dei av tilsynslærar Marta Straume (sjå

tilsynsrapportar.)


Er oppfølgingstenesta kopla inn rundt barna som er ferdig med grunnskulen?

Svar: Nei. Defte burde vore gjort.


Kva kontakt har skuleadministrasjonen i Vindafjord med foreldra og det einskilde barn i familien?

Svar: Skuleadministrasjonen har hatt eit par møte med Rune Hansen. Elles

har kontakten gåt via brev og vår tilsynslaerar, Marta Straume. Elles har

familien blitt oppmoda om å hente lærebøker og materiell ved Vik skule og

Ølen skule. Også rektor og lærarar i Ølen kulturskule har hatt direkte kontakt

med barna som elevar i kulturskulen.


Anna som de ser som relevant informasjon i ei undersøking?

Svar: Sjølv om kommunen kanskje kunne ønskt meir omfattande faglege

vurderingar i tilsynsrapportane, har ein ikkje vore så uroa over det reint

faglege. Mykje tyder på at barna er ressurssterke og at dei får mykje

kunnskap både gjennom praktisk arbeid i heimen og på garden og gjennom

bøker, film og internett. Dei uffaldar seg og gjennom song og musikk.


Det som er kome fram til administrasjonen, er meir uro over barna si sosiale

utvikling. Dei bur ganske isolert, og kontakten med jamaldringar har ikkje

vore så god. Difor vart også denne problematikken tatt opp i eit brev til

tilsyns­læraren.


Mot sluften av 2005 kom det ei konkret bekymringsmelding frå privatperson

i Vikebygd til Ølen kommune (skulefagleg). Denne vart fylgd opp av

rådmannen gjennom fleire kontaktar. Men då Ølen kommune vart avvikla,

vart dette arbeidet avbrote. Før det vart tatt opp att, kom det fram (bl.a.

gjennom avisreportasje) at det var opna barnevernssak om denne familien.

Side 3 of 5





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---