--- Denne side:  Side-127-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---


VINDAFJORD KOMMUNE

VlNDAFJORD KOMMUNE

HELSE- OG SOSIALADM


Barneverntenesta i Vindafjord, Innk. 12 SEPT 2006

Kommunehuset Saksnr. L.nr.

Postboks 70 Arkiv nr. Saksh. I.N.


5586 Vikedal



Pålegg om informasjon etter barneverntenestelova §6-4.


Viser til Dykkar hendvending og spørsmål vedrørbnde: Gudmund Hansen, Frøydis Hansen, Stauda Sofie Hansen og Alfredo Hansen. Barna det er spørsmål om her, er alle elevar ved Vindafjord kulturskule.


Kva kontakt har det vert mellom Anne Kristine Andersen, og barna nevnt over? Av borna som er nemnd over her, er det Gudmund eg kjenner best. Vi har hatt ein del fellestimar, og framføringar saman. Han spelar gitar, og er ein ivrig og talentfull elev. Dei andre barna møter eg meir tilfeldig i samband med at dei kjem og går til undervisning. Dei får undervisning på henholdsvis, Fiolin, piano/keyboard, og ”minifiolin”. Lærarane som underviser dei gjev svært positive tilbakemeldingar til rektor om tilhøvet og framgongen for kvart enkelt barn.


Beskriv relasjon og samarbeid mellom skule og foreldra.

Begge foreldre har vist stor interesse og engasjement i høve til å syta for at barna for opplæring i kulturskulen etter kvart som dei meiner dei er modne for det. I det daglege er det for det meste mor som har den direkte kontakt med rektor og lærarar i høve til barnas undervisningssituasjon i vår skule. Det er far som køyrer til og fra, men mor som er med på timane til dei yngste elevane. Ho følgjer barna opp på ein god og omsorgsfull måte. Kulturskulen arrangerer fleire konsertar i året og desse barna sine føresette (ofte inklusive tilreisande besteforeldre) er ivrige tilhøyrerar. I fjor oppstod der diverre ein lei situasjon i samband med "Den store" konserten som vart arrangert i Ølen samfunnshus. Borna var med på generalprøven, men kom inn att like etter at denne var slutt med melding om at dei ikkje kom til å vera med på konserten likevel. Årsaka til dette var då grunna i at dei hadde fått informasion om at det ville verta inngangspenger for vaksne, noko som vi fekk forståing for at far var prinsipielt mot. Dette opplevde vi i kulturskulen som svært trist, då barna var vel budd og motivert for konserten, og fordi det også ville få konsekvenser for andre elevar si framføring i og med at dei var med i fleire samspelsgrupper. Vi vende oss difor til heimen neste dag, og presenterte muligheten for at dei vaksne kunne få fribilett, men fekk til svar at dette diverre ikkje lot seg endre, då far alt hadde andre planar for kvelden, og med det ikkje høve til å køyre. Bortsett frå denne eine gongen, har borna delteke på samtlege store og små konsertar dei har vore oppsette på og møtt opp med tallrikt familiepublikum. Dette ser vi er svært viktig for barna.






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---