--- Denne side: 20060703-fra-BVT-til-Rune-og-Trude-Hansen.html
<--- saker-index.html ( ekstern ) <---- brevene-index.html ( ekstern ) <---- dbn.html ( ekstern ) <---- SiteMap-ekte-kristendom.html - ( ekstern )
--- BREV-KOPI, - brev datert 03.07. 2006 som ankom med posten fredag 07.07. 2006, poststemplet 06.07. 2006 ---
---------- Herværende brevkopiering, offentliggjort: Rune L. Hansen pr. 07.07. 2006:
Til:
Trude og Rune Hansen,
Tindeland,
5568 Vikebygd
Ikkje offentleg
Fra:
Vindafjord kommune,
Barneverntenesta,
Besøksadresse: Kommunehuset, Vikedal.
Postadresse: Postboks 70, 5586 Vikedal.
Telefon: 5276 42 00. Telefaks: 52 76 41 10.
Bankgiro: 3241.07.21154.
Org.nr.: 974 618 222.
Arkiv: 06/37 - 10. Sakshandsamar: INY. Dato: 03.07. 2006.
Oppklaringsbrev av undersøkelse.
Vi viser til dykkar siterte brev av 12.05.06 ( ekstern ) og til tidlegare korrespondanse ( ekstern ) kor barneverntenesta i Vindafjord har prøvd å komma i kontakt med familien i ei undersøkingssak på bakgrunn av bekymringsmelding frå Mattilsynet.
I brevet dykkar etterlyser dykk hensikta med møte. Barneverntenesta har gjennom første samtale med dykk ( ekstern ) fått ein del opplysningar om familien, men me treng ytterlegare opplysningar om familien som me håpa dykk kunne gje oss. Barneverntenesta ynskjer vidare opplysningar om mellom anna barnas og foreldra sin helsetilstand, familiens økonomiske tilhøve, oppvekst og bakgrunn til foreldra, familiens nettverk, undervisning for barna og planar etter godkjent grunnskole, og fritidsaktivitetar for barna. Me snakka litt om barnas fritidsaktivitetar på møte me hadde men det kom ikkje så klart fram kven av barna som deltok på desse.
Underteikna opplevde første del av møte som greit og informativt der far og barn fortalde litt om livet sitt på Tindeland nå, og om fortida si som dei betegnar som vanskeleg på grunn av trakassering og forfølging frå mellom anna skule etaten og barneverntenesta i andre kommunar.
Ingeborg leste opp bekymringsmeldinga frå Mattilsynet. ( ekstern ).
Barneverntenesta har forstått både ut frå telefonsamtale, brev ( ekstern ) og dagboksnotat ( ekstern ) at far opplevde meldinga frå Mattilsynet trakasserende og som ein hemnaksjon frå Mattilsynet si side. Han syns det var rart at barneverntenesta tok slike meldingar på alvor.
Bekymringar som kjem frå offentleg instans, som i dette tilfellet, tek barnevernet på alvor.
Barneverntenesta har rett og plikt til å gjennomføre ein undersøking når det kjem inn ein melding (Barnevernlova § 4-2, jfr. § 4-3). ( ekstern ). Barneverntenesta tek då kontakt med familien for å vurdere om det treng setjast inn hjelpetiltak i familien, eller om dei henlegg saka på bakgrunn av dei opplysningane dei får inn i form av samtale med familien, heimebesøk, samtale med barna i familien, innhenting av opplysningar utanfrå der barna ferdast (eks. skule, barnehage, helsestasjon m. fl.).
I dykkar tilfelle vil det ver naturleg å ta kontakt med dei som familien har, eller har hatt kontakt med dei siste åra, som te dømes helsesøster, jordmor, musikkskule, trygdekontor, barneverntenesta i Sveio og Skaun kommune og evt. andre kommunar dykk har budd i før, og Marta Straume, dykkar tilsynsperson for heimeundervisning.
Dette er foreløpig ikkje gjort enno då me håpa at me skulle få gjere undersøkinga i samarbeid med familien.
Barneverntenesta vil henta no opplysningar frå overnemnde instansar / personar. Jfr. Barnevernlova § 6-4. ( ekstern ).
Dykk kan og foreslå personar som dykk tenker at kjenner familien godt og som kan gje eit godt bilete av korleis familien lever.
Det blir og sagt i brev datert 12.05.06 ( ekstern ) at breva dykk har sendt ( ekstern ) ikkje er besvart eller bekreftet mottatt og videresendt. Det stemmer nok at brevene dykkar ikkje er svart på, då breva frå dykk har vert svar på møte-innkallingar frå barneverntenesta, og forsøk på frå vår side å få kontakt med familien til samtale og samarbeid.
Dykk viser til at me ikkje har fulgt dykkar ynskje om å viaresenda brevet som er ein klage. Dykk seier ”hvilken besynderlig formell håndtering av en klage er dette”.
Når det gjeld klage, kan foreldre / ungdommen klage på vedtak barneverntenesta har gjort. Barneverntenesta har enda ikkje fatta noko vedtak i denne saka då barneverntenesta er i ei undersøking.
Lov om barneverntenesta ( ekstern ) jfr. Forvaltningslova, opnar ikkje for å klage på undersøking.
Om barneverntenesta fattar vedtak som foreldra / ungdommen er ueinig i, d.v.s. ikkje har fått det ein har bede om, må klaga sendast til Fylkesmannen i Rogaland for handsaming der.
Dersom kommunen vurderer at barnet / ungdommen treng tiltak som ungdommen / foreldra ikkje ynskjer er det Fylkesnemda i Rogaland som fattar slike vedtak. Kommunen kan med andre ord ikkje setje i verk tiltak som den det gjeld motsett seg.
Me veit ikkje kven dykk siktar til når dykk ber om at me skal sende klagen vidare. Du seier og at ”all dokumentasjon frå underteikna sin side ønsket tilgjengeleg og belyst for alle og enhver”.
Barneverntenesta gjer ikkje ut opplysningane om personar dei arbeider med. Dette har bakgrunn i den teieplikta barnevernet arbeider under, men det har og eit etisk grunnlag. Barn skal etter vårt syn ikkje få bretta sitt privatliv ut i offentlegheita i ein konflikt mellom for eksempel foreldra og det offentlege.
Brevet dykkar datert 20.03. 2006, ( ekstern ) gjer oss oppmerksam på at dykk ikkje ynskjer at barneverntenesta skal ha nokon form for taushetsplikt i forhold til dykk eller dykkar familie. Barneverntenesta har mottat og forstått innhaldet, men vil ikkje bruka dette til å gje ut opplysningar om familien til uvedkommande.
Du seier og i brev datert 12.05.06 ( ekstern ) at, barnevernleiar Iren Konstance Hebnes fortalde til Jens Tveit at ”saka imot vår familie straks ble avslutta frå dykkar side og at hun kjente seg trygg på at forholdet i vår familie og for våre barn er trygge og gode”. Dette må ver ein misforståing. Iren K Hebnes seier i den saka at ho har snakka med Jens Tveit før påske og sagt at han kan helse familien å sei at barneverntenesta ikkje ville gjer noko i forhold til saka før etter påskehelga. Dette sa ho fordi ho ynskte å gje familien ro i påsken til kvile seg og kose seg med det nye familiemedlemmet.
Ein konklusjon om å legge bort saka gis berre på bakgrunn av ei undersøking, som me ikkje har fått gjennomført.
Eg kunne kanskje svara på fleire av dei punkta som kom fram gjennom brev og dagboksnotat, men eg vonar eg har svara på dei tinga som eg tolkar far har lagt spesiell vekt på.
Eg vil med dette brevet igjen oppmoda til direkte kontakt med familien og underteikna. Eg tykjer at me og i første samtale ( ekstern ) hadde ein grei dialog. Vonar at me kan få den attende.
Barneverntenesta beklager om familien opplevere seg trakassert av barneverntenesta. Det er ikkje vår hensikt. Vår hensikt er å få til ein dialog med familien og et samarbeid i gjensidig respekt i undersøkingssaka.
Om dykk framleis ikkje skulle ynskje kontakt med barneverntenesta v. Underteikna, vil undersøkelsen bli gjennomført kun med kontakt med personar / og overnevnte etatar.
Barnevernleiar Iren K Hebnes og Ingeborg Nyland ynskjer å møte dykk ein dag som passar for dykk i veke 28, det er opp til dykk om me skal møtast heime hjå dykk eller her på kontoret i Vikedal.
Me er å nå på telefon nr. 53 655601.
Med helsing
Ingeborg Nyland,
Barnevernkonsulent.
Underskrevet.
---