--- Denne side:  20080116-fra-BVT-BAS-til-RogTHansen.html  


<---- saker–index.html  ( intern )  <---- brevene-index.html  ( ekstern )  <---- dbn.html  ( ekstern )  
<---- SiteMap-ekte-kristendom.html - ( ekstern ) 

BREV, post-stemplet 16.01. 2008 - som ankom i posten fredag 18.01. 2008: 

(Kopi / avskrift: rlh 18.01. 2008. Iøvrig, rlh: 

Alle brev, dokumenter og annet i hele denne saken er ment offentliggjort.)


Fra:

Ottar Krakk, Barnevernkurator, 

BAS, Haugaland Interkommunale Barnevernsamarbeid -

Kommunane Bokn, Etne, Sveio, Tysvær, Utsira, Vindafjord.

Kontor-adresse: Tysvær Rådhus, Pb 94, 5575 Aksdal.

Tlf. 52 75 70 69. Mobil-tlf. 932 16644. 

E-post: ottar.krakk@tysver.kommune.no 


Til:

Rune og Trude Hansen

Tindeland,

5568 Vikebygd


         Ikkje offentleg, jfr. Off.l. § 5a


         Aksdal, 16.01. 2008


VEDKOMANDE TILBAKEMELDING FRÅ UNDERSØKELSESSAK OG 

SAKKYNDIG UTGREIING 


Vi viser til invitasjon til møte ( ekstern ) i dag 16. januar. Som vi i brev orienterte om hadde vi der eit ønske om å leggja fram konklusjonane i sakkyndig sin rapport og barneverntenesta sine egne konklusjonar. 

Barneverntenesta ønska å leggja desse fram i møte for å orientera nærare om dei, samt at vi då kunne ta i mot synspunkt frå dykk, og evt svara på spørsmål De måtte ha. Vi beklagar derfor at De ikkje møtte.

Vi vil på bakgrunn av dette derfor informera Dykk skriftleg om at saka vert oversendt Fylkesnemnda i Rogaland for behandling der. Barneverntenesta fremjar der forslag for nemnda om at barneverntenesta overtar omsorga for barna, jfr. § 4-12 i lov om barneverntjenester. ( ekstern ).

Vi er kjent med at nemnda har mange saker til behandling. Vi ser det derfor som truleg at saka ikkje vert beramma (behandla) før i mai 2008.

Når ei sak vert sendt Fylkesnemnda har foreldra rett til å la seg bistå av advokat. Vi er kjent med at De tidlegare har nytta adv. Kvilhaug. Vi vil be Dykk om å gje melding til underteikna om det er Kvilhaug som skal bistå Dykk i denne saka eller om De vil nytta annan advokat.
Når vi får melding om kva advokat De vil nytta vil vi senda over saksframstillinga og andre sakspapir til denne advokaten. Vil vil be om tilbakemelding på val av advokat innan 25. januar. Tilbakemelding kan gis til underteikna.

Barneverntenesta ønskjer å snakke med både Dykk og barna for å forklara kva vårt syn i saka er og for å få fram foreldra og barn sine synspunkt. Vi vil derfor gjerne ha ein samtale med barna og dykk. Om ønskeleg kjem vi gjerne på heimebesøk.

I påvente av at ei sak skal behandlast i Fylkesnemnda er det vanleg å drøfte med familien om det er aktuelle hjelpetiltak som skal setjast i gang i perioden fram til behandling. Vi vil igjen understreka at vi gjerne drøftar dette med dykk.

Vær vennleg å ta kontakt med underteikna på telefon 52 75 70 69 eller mobil 932 16644 om det skulle vera spørsmål til innhaldet i dette brevet eller om De ønskjer å avtala eit nytt tidspunkt for samtale. Tilbakemelding om val av advokat kan gis pr telefon eller skriftleg, enten direkte frå dykk eller frå advokaten.

Ottar Krakk

(+ signatur)

Barnevernkurator


--- 

***