--- Denne side: 20080125-rapport-huv-staben.html
<---- saker–index.html ( intern ) <---- brevene-index.html ( ekstern ) <---- dbn.html ( ekstern ) <---- SiteMap-ekte-kristendom.html - ( ekstern )
- Kopi / avskrift: rlh, 29.01. 2008.
(((RLH: Konvolutt post-stemplet 28.01. 2008 ankom tirsdag 29.01. 2008, med brev datert 25.01. 2008, ( ekstern ), samt nedenstående som vedlagt Rapport.)))
Rapport etter tilsynsbesøk hos Trude og Rune L. Hansen 23. november 2007
med heimel i opplæringslova §14-2 ( ekstern )
Fredag den 23. november 2007 var Arne Borgemyr og Per Ivar Ertresvåg frå Vindafjord kommune etter oppnemning frå rådmannen på tilsynsbesøk hos familien Hansen i Vikebygd i samband med heimeundervisning for 4 barn i grunnskulealder. Tilsynsbesøket er heimla i Opplæringslova § 14-2.
Familien har heimeundervisning for fire barn:
Mariell Rose 1. årssteg
Alfredo Ao 3. årssteg
Sofie 5. årssteg
Frøydis 9. årssteg
Tilsynet varte ca. 2 ½ time og føregjekk som samtale / intervju kor begge foreldra og dei fire barna var saman med oss.
Følgjande kom fram frå foreldra:
Til vanleg har barna undervisning to timar om morgonen, kor mor tilrettelegg undervisninga. Far opplyser at han for tida ikkje deltek så mykje i undervisninga då han brukar mykje av kreftene sine på ein stadig pågåande kamp med barnevernet i kommunen. Etter dei to første timane er barna ute. Seinare på dagen har dei og ofte undervisning, men det er etter kva barna har lyst til.
Undervisninga er ikkje lagt opp med fag / timar etter eit fast mønster. Dei har lærebøker i både norsk, matematikk og andre fag. Læreverka er ikkje av nyare dato i alle fag. Alle dei fire barna les. I matematikk vert det arbeidd mykje med dei fire rekneartane. I samfunnsfaga vert det nytta mykje film, kor dei har samtalar etterpå. Barna les og mykje litteratur. Det blir lagt stor vekt på kunst / teikning og musikk. Far peiker og på at barna har kreative evner då særleg i musikk og maling. I besøket fekk me sjå fleire døme på teikne- og målarstykke. Tre av barna driv med fiolinspeling i regi av Vindafjord kulturskule.
Medan barna er ute driv dei med leik, bygging av hytter, fisking osb.
Foreldra meiner at opplæringa skal vera lystprega, at dei skal bli trygge menneske og at all opplæring skal tuftast på at dei skal bli «gagns menneske». Barn lærer ikkje berre ved å lesa men og ved t.d. å reisa. Foreldra meiner barna er robuste og at dei har god påverknad på andre barn dei er i lag med. Far presiserer at i familien er det «kjærleikens band og tillit» som er det avgjerande.
Våre vurderingar etter samtalane med foreldra og barna:
1. Undervisningssituasjonen for barna verkar noko ustrukturert og ikkje etter noko fastlagd mønster. Likevel ser det ut som om barna får med seg det grunnleggjande i faga: norsk, matematikk, engelsk og kunst og handverk. Barna lærer truleg mykje gjennom den undervisninga dei får, men kanskje like mykje ved at dei les mykje litteratur.
2. Generelle vurderingar
a. Om barna si sosiale trening
Under tilsynet kom me inn på kva fellesskap barna har med andre barn. Vårt inntrykk er at barna berre har sporadisk kontakt med andre, t.d. medan dei går på speling i regi av kulturskulen. Frøydis, som no er på 9. trinn, seier t.d. at ho ikkje kan tenkja seg å gå på vidaregåande skule. Ut i frå besøket kan me ikkje trekkja nokon endeleg konklusjon, men me er generelt uroa når det gjeld spørsmålet om barna si sosiale trening og utvikling gjennom fellesskap med andre barn utanfor familien.
b. Under tilsynet kom me og inn på ein del andre tema som ligg noko utanfor vårt mandat. Men desse tilhøva kan i stor grad påverka barna si utvikling og læring. Me fekk noko innsikt i tilhøvet mellom foreldra og dei tre eldste barna som no ikkje bur heime, om grensesetjing og bruk av makt ovafor store barn, om usemje m.m. Mellom foreldra som kan føre til skilsmål og om tilhøvet mellom familien og barnevernet i kommunen m.m. Ut i frå samtalane kan me heller ikkje trekkja bastante konklusjonar, men me er generelt usikre når det gjeld utviklinga og framtida til barna i familien.
3. GRUNNLEGGANDE FERDIGHETER
Me såg gjennom tilsynet at alle barna kan lese og skrive. I samtale kom det fram at dei har lett for å lære, og at fleire har lært å lese før det er vanleg for barn i skulen.
Når det gjeld matematikk, var og vårt inntrykk at dette vart vektlagt i opplæringa. Vidare fekk me informasjon om at barna kan nytte IKT som verktøy i sitt læringsarbeid.
4. Lærebøker og materiell som vert nytta er i stor grad av eldre dato. Dette treng ikkje vere avgjerande. Men dei ønskte å få nyare bøker, og dette har kommunen no syt for. Dei har og fått meir materiell av type kladdebøker, teiknepapir, blyantar m.m. i samsvar med ønskje som kom fram i samtalen.
NYTT TILSYNSBESØK
Det vart avtalt eit nytt tilsynsbesøk våren 2007. Ved neste tilsynsbesøk ønskjer me meir samtale med det einskilde barnet. Me ser og føre oss at me då vil nytta ein del standardiserte testar for å finna ut kva dei kan i ein del sentrale fag.
KONKLUSJON
A. Me er ganske trygge på at barna lærer å lese, skrive og rekne.
B. Me ønskjer at foreldra i større grad kan dokumentere plan, struktur og framdrift i undervisninga for det einskilde barnet.
C. Ut frå ei samla vurdering vert heimeundervisninga for Mariell Rose, Alfredo Ao, Sofie og Frøydis godkjent.
Ølen, den 22. januar 2008
Per Ivar Ertresvåg
(sign.)
Arne Borgemyr
(sign.)
---
***