-- 20090706-fra-NAV-avslag-frasigelse-trygd-rlh.html           --- BREVENE ( ekstern ) ---

Kopi / avskrift - RLH: Se iøvrig f.eks.
20090904-til-NAV-ang-frasigelse-trygd-rlh.html ( ekstern ).

 

Fra:
NAV,
Postadresse: Postboks 2011, 5504 Haugesund.
Kontoradresse: Møt på NAV lokalt. 5542 Karmøy. Åpningstid: 09:00 - 15:00.
Telefon: 81581000. Telefax: 52048021.
Internettadresse:  www.nav.no  

Til:
HANSEN, RUNE LEANDER
5568 VIKEBYGD

Dato:  060709

AVSLAG UFØREPENSJON - MELDING OM VEDTAK
F.nr. 061255*****  (Oppgi f.nr. ved henvendelser til oss)

   Kravet i ditt brev av 28.05. 09 om å sei frå deg uførepensjon er avgjort den 06.07.09.

   Kravet er avslått, fordi vilkåra ikkje er oppfylt i ditt tilfelle.

   GRUNNGJEVINGA FOR VEDTAKET:
   Vedtaket er gjort etter folketrygdlova paragraf 12-12 første ledd. Paragraf 12-12 første ledd fastslår at dersom det skjer ei vesentleg endring i tilhøve som har innverknad på inntektsevna / arbeidsevna til ein person som mottar uførepensjon, skal uføregraden revurderast.

   Du har i brev av 28.05.09 opplyst at "Eg ønskjer at min uførepensjon m / barnetillegg, skal opphøyra frå 01.06.09."

   I telefonsamtale 09.06.09 opplyste du at du ikkje har konkrete planar om å ta deg arbeid, men at kravet har samanheng med ein konflikt om omsorg for borna.

   I denne saka er det ikkje lagt fram dokumentasjon på endringar i høve til sjukdom eller endringar i høve til auka inntektsevne, til dømes arbeid.

   Vilkåra for å ta retten til uførepensjon opp til ny vurdering er dermed ikkje oppfylt.

   Kravet om å få sei frå deg uførepensjonen frå 01.06.09 får avslag.

   VEILEDNING OG KLAGE:  
   Dersom du har spørsmål til vedtaket, kan du ta kontakt med NAV lokalt. Meir generelle opplysningar finn du på vår internettside, eller på vår servicetelefon: 810 33 810.

   Du kan klaga på dette vedtaket. Klagefristen er seks veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til NAV lokalt.
   Du har saman med dette vedtaket mottatt eit skriv som inneheld generell informasjon om klage- og ankebehandling. Dersom du har fleire spørsmål knytta til reglane som gjeld for klagebehandling, kan du kontakta NAV lokalt.

   Vi gjer merksam på at du etter forvaltningslova paragraf 18 har rett til å sjå dokumenta i saka.


   Venleg helsing

   NAV FORVALTNING KARMØY

   MARIT JOHANSEN (+ underskrift) / ARNT HEGGØY (+ underskrift)



---