--- Denne side:  Side-003-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 3 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---


PROSESSUALIA


Bama denne saka gjeld er Gudmund på 16 år, Frøydis på 14, Sofie(også omtalt som Stauda) på 10, Alfredo på 8, Mariel Rose på 6, Urda Lilje på 4 og Solborg Sera på 1,5 år. Alle bama er felles barn av Rune Leander Hansen og Trude Monica Hansen. Foreldra er gift.


Gudmund Cusanus Hansen er 16 år og har eigne partsrettar i saka i den delen av saka som vedkjem han.


Barneverntenesta vil be om at det vert oppnemnd eigen talsperson for Frøydis, Sofie og Alfredo Hansen.


Det føreligg ikkje samtykke frå foreldra til dei tiltak som her er foreslått.


Barneverntenesta ser det som naudsynt at saka vert behandla i fulltalig nemnd. Saka omhandlar 7 barn, kor av det eine har eigne partsrettar. Det vil vidare bli naudsynt med å føra ei rekkje vitne i saka i tillegg til skriftleg dokumentasjon. Barneverntenesta ber om at det blir sett av 3 - 4 dagar til saka.


Frh barneverntenesta si side ser ein ikkje at det er naudsynt med ytterlegare sakkyndig utgreiing utover det som er giort frå barneverntenesta si side, inkludert foreliggande sakkyndig utgreiing. Skulle nemnda eller dei private partar ha ein annan oppfatning av dette spørsmålet vil barneverntenesta påpeika at det eventuelt er naudsynt med ein sakkyndig som har naudsynt kompetanse til å utgreie konsekvensar for barn som veks opp under forhold prega av at foreldre har alvorleg og ubehandla psykisk sjukdom. Jfr oppdraget til Westlye; "Barneverntenesta ber sakkyndig væra særskild merksam på far sin psykiske helse på bakgrunn av diagnose og far sin tolkning av situasjonen med bakgrunn i hans utspel i undersøkinga. " "Ynskjer og ei vurdering om kva skadeverknader barna kan få ved å leva under dei forholda dei lever under"


Vi vil gjera nemnda merksam på at Westlye ikkje har oppnådd direkte kontakt med foreldra og derfor har fått utført sitt mandat i noko avgrensa grad.


UTFORDRINGAR KNYTT TIL UTFORMING OG OPPBYGGING AV SAKSFRAMLEGGET. BARNEVERNTENESTA SINE OPPGÅVER.


§ 1-1 Lovens formål

Formålet med denne loven er

. Å sikre at barn og unge som lever underforhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid,

. Å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.”


Barneverntenesta skal i samråd med foreldra setja i gang naudsynte hjelpetiltak når det er behov for det, slik at barn fortrinnsvis kan vekse opp saman med sine foreldre. Når hjelpetiltak vert sett på som nyttelaust er det barneverntenesta si plikt og fremja sak for Fylkesnemnda.


Barneverntenesta i Vindafjord fekk først kontakt med familien Hansen gjennom melding frå Mattilsynet i februar 2006. Etter ein første samtale med far og nokre av barna har






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---