--- Denne side:  Side-004-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

barneverntenesta i svært liten grad oppnådd direkte kontakt med familien. Dette har samanheng med at foreldra i stor grad har motsett seg kontakt med barneverntenesta. Saka må derfor byggast på den avgrensa kontakten ein har hatt med foreldra samt dei 3 eldste bama, (Gudmund + dei vaksne barna Idun og Balder) samt på opplysningar frå andre personar og instansar som har hatt kontakt med familien. Sidan våren 2007 har det vore nokre møter mellom Gudmund, foreldre, barneverntenesta og Steinerskulen i samband med Gudmund sin skulegang der. Dette har gitt bamevemtenesta noko direkte kontakt med omsorgspersonane. Vidare må den byggast på dokument frå tidlegare kommunar der barneverntenesta har hatt kontakt med familien. Heller ikkje sakkyndig har fått kome i direkte kontakt med familien forutan samtale med Gudmund og Balder.


Barneverntenesta meiner at ein har tilstrekkeleg grunnlag for å fremja sak for nemnda til trass for at familien har unndratt seg kontakt med familien. Forvaltningslova sine krav om at ei sak skal vera fullt opplyst for avgjerd er derfor berre delvis oppfylt i denne saka. Vi finn det likevel rett å fremja sak på bakgrunn av føreliggande opplysningar då barneverntenesta er av den oppfatning at det ikkje kan vera slik at eit foreldrepar kan hindra barneverntenesta i å føreslå nødvendige tiltak for barna ved å trekkja seg frå kontakt med barneverntenesta. Barneverntenesta har ikkje funne det hensiktsmessig å be om politibistand til å få gjennomført heimebesøk og/eller einesamtalar med barna. Barneverntenesta har vurdert saka slik at å be om politibistand til å oppnå kontakt med barna ville gjort barna sin livssituasjon ytterlegare vanskeleg. Jamfør likevel at ein såg det som naudsynt med politibistand i ein samband med far sin innlegging i januar 2007.


Far har i periodar produsert omfattande dagboksnotat. Desse har han distribuert til fleire forskjellige personar og instansar. Barneverntenesta har mottatt ein del av desse notata og vil i noko grad bruka dei i saksframstillinga.


Ved eit høve i januar møtte mor på barneverntenesta med advokat. Advokaten rådde mor til å takka nei til førebyggande tiltak. Men ville be foreldra tenkje på om det var aktuelt å be barneverntenesta stilla opp økonomisk slik at dei kunne bygga seg nytt hus. Advokat Kvilhaug har opplyst til sakkyndig at han har råda familien til å ikkje samarbeida ("stilla opp") i denne undersøkinga.


Barneverntenesta har brukt lang tid med denne saka. Fylkesmann og Bufetat har blitt orientert og bedt om råd korleis ein skulle arbeida med saka. Dei har ikkje hatt gode rid å koma med då heller ikkje dei har hatt erfaring med denne type sak. Sakkyndig har gjort ein rekkje forsøk på å koma i kontakt med familien utan å lukkast. Dette har og medført at det har tatt lang tid.


BAKGRUNN FOR SAKA


Dette er ei sak som dreier seg om 7 barn som lever i ein svært spesiell omsorgsituasjon, der dei har hatt mange flyttingar og ingen skulegang, med den betydning det har for fagleg og sosial utvikling. I tillegg har dei levd i ein situasjon med ein far som har alvorleg psykisk sjukdom, diagnostisert schizofreni, og med ei mor som aksepterer denne situasjonen og til dels støttar opp om den.


Barneverntenesta mottok melding frå mattilsynet på Haugalandet datert 22. februar 2006. Av meldinga går det fram at ungane verka tynne og tynnkledde. Våningshuset vart oppfatta til å vera lite til å romme 11 personar. Vidare uttalar meldar at barna verka høflege men openbart kua av faren. Vidare uttrykkjer dei bekymring for Rune Hansen si haldning til dei som






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---