--- Denne side:  Side-005-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 5 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

offentlege personar og at han viste liten vilje til å følgja pålegg om dyrehald. Og vidare "Han oppførte seg som han var hevet over i gjeldene regler og normer i samfunnet" Bakgrunnen for heimebesøket til mattilsynet var familien sitt dyrehald og evt. tiltak mot fugleinfluensa.


Dokumentasjon: 220206 Melding frå mattilsynet


Barneverntenesta kalla foreldra inn til samtale. I samtalen møter far saman med Balder og dottera Sofie. I samtalen legg far fram korleis dei lever og grunngir kvifor dei har valt sin livsform. Samtalen vert tatt opp med ein Mp3 opptakar som vart lagt på bordet. Denne opptakaren hadde far opplyst om på førehand. Ved avslutning av samtalen viste far fram at han i tillegg hadde hatt ein opptakar til under genseren. Sonen Balder har seinare skrive ut referat frå dette opptaket. Når barneverntenesta i samtalen var klar på at undersøkinga må gjennomførast evt. og mot deira vilje endrar samtalen karakter. Far avviste at barneverntenesta hadde grunnlag til å gjennomføra undersøkinga og var ikkje villig til å gå inn i samtale då barneverntenesta kom med spørsmal som kunne oppfattas som kritikk av familien sin måte å leva livet på.


Barneverntenesta prøvde å få avtale om å koma p heimebesøk men vart avvist. Utover våren 2006 vart det gjort ei rekkje forsøk å få koma i dialog med familien. Barneverntenesta tok ei avgjerd om å innhenta opplysningar frå andre instansar utan samtykke frå foreldra. I brev frå foreldra, og ved eit høve og frå dei to eldste barna, vart det opplyst at dei ikkje ønska at nokon papir som vedkjem dei vart halden vekke frå offentligheten. Barneverntenesta påpeikte skriftleg at den ikkje kunne forholda seg til dette av omsyn til barna. Opplysningar vart innhenta og barneverntenesta konkluderte i rapport av 5.9.2006 med at saka sendes over til sakkyndig for å vurdera omsorgssituasjonen til barna. Barneverntenesta ber særskilt sakkyndig vera merksam på far si psykiske helse, jfr diagnose og far sin tolking av situasjonen, jfr utspel i samband med undersøkinga samt dagboksnotat.


Dokumentasjon: 200306 Brev frå fam. Hansen

030706 Oppklaringsbrev frå barneverntenesta

050906 Administrativt vedtak - barneverntenesta


I løpet av 2006 valgte både Balder og Idun å flytta frå heimen. Dette førte til konfliktar i heimen då far ønska å avvisa dei heilt etter dette, medan mor ønska å oppretthalda kontakt med desse bama. Særleg var dette tilspissa rundt jul 2006 då mor og budde utafor heimen ein kort periode.


Dette er ei sak der barneverntenesta har mottatt ei lang rekkje med bekymringsmeldingar sidan den første kom i februar 2006. Bekymringane dreier seg om korleis foreldra avsondrar seg frå samfunnet utafor, korleis dei skaper eit fiendebilete av samfunnet utafor, korleis barna vert tatt med inn i konfliktane i heimen og mellom foteldra og andre t.d. offentlege instansar.


Barneverntenesta har sett med bekymring på korleis far bl.a. i sine dagboksnotat ( ekstern ) omtalar Balder som Satan, at Idun er død, at det var betre at dei hadde blitt fysisk voldtatt enn at dei flytta ut av heimen og at han er villig til å ofra barna i sin kamp mot barneverntenesta. Barneverntenesta si bekymring vart etterkvart så sterk at ein fekk far framstilt for vurdering hjå lege for vurdering av hans psykiske tilstand i januar 2007. Far vart vurdert til å ha klare psykotiske forestillingar og fekk stilt diagnose Paranoid Schizofreni. Både frå allmennlege og frå lege ved Haugesund sjukehus kom det fram klar bekymring for barna sin omsorgssituasjon. I samband med far sin innlegging prøvde barneverntenesta å koma i dialog






---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---