--- Denne side:  Side-131-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 1 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---


Telefonsamtale m. Rune Hansen



Rune Hansen ringte til barneverntenesta og ønsket å skifte tid for møtedato. Han gav i samtalen med sakshandsamar utrykk for at familien ikkje ynskte å møte barneverntenesta då meldinga frå mattilsynet var en trakassering og hemnaksjon. Sakshandsamar forklarte då at familien ikkje kunne undra seg undersøking. Det blei avtala møtedato på kommunehuset i Vikedal. Mor hadde nettopp født parets yngste barn og barneverntenesta sa at det var greit at mor ikkje var til stades ved denne avtalen. Far sa at han ville ta med dei to eldste barna til denne samtalen. Han vart då informert om at dei eldste borna ikkje var ein del av undersøkinga då dei hadde passert 18 år. Han stod likevel fritt til å ta dei med om han ynskte det. Far informerte om at samtalen ville bli tatt opp på band.


1. gangs samtale med Rune Hansen


(til stades: Rune Hansen, Balder Hansen , Sofie Hansen, og sakshandsamarane i barneverntenesta Berit Moldesæter og Ingeborg Nyland)


Rune Hansen kjem som avtalt på møte i Vikedal. Han har med seg eldste son på 20 år og ei dotter på 9 år. Dottera på 18 år som etter avtale skulle ver med hadde ikkje ynskt å delta og var derfor blitt igjen heitne.


Dei har med seg to opptakarar, den eine ligg på bordet og den andre drar far fram frå genseren sin etter at samtalen er slutt og seier at dei har to opptakarar, med klokkeklar lydopptak.


Både far og barna svarar på spørsmåla me stiller og fortel om korleis dei lever og noko om den forfølginga dei har opplevd tidlegare frå mellom anna barnevern og skuloetat. Far refererer til barneverntenesta i Skaun kommune med ein "tullerusk sosialsjefsom hadde med seg ei "nyutdanna feministdame". Det familien Hansen opplevde der var et "skrekkabinett, av løgnaktighet og smålighet og simpelthet". Far fortel at de ikkje bare måtte flykte frå barnevern men og "frå statsadvokat, politi, frå alt egentlig". Far seier at barna har så mye kunnskap innan alt at de kan komme inn kvar de vil. Barna har i følgje far meir kunnskap enn barn som går på offentleg skule.


Far seier at barna må lære seg å ver ærlege og flittige. Han meiner at måten dei lev på gir barna langt fleire mogelegheiter enn andre born. Undervisninga er ikkje etter timeplan. Dei prøver å gjere læringa skjult i alt det dei gjer ute og inne.


Fleire av barna går på kulturskulen der dei lærer å spele på forskjellige instrument. Dei eldste barna spring og orientering i det lokale idrettslaget.


Familien har sett seg nødd tif å flytta frå heimkommunen i Skaun kommune. Dei flykta derifra då del vart forfulgt av det offentlege. Far gjer utrykk for at han føler at det offentlege vil ta knekken på han og familien hans.


Buforholda til familien er tronge, men far seier at så lenge det er hjerterom er det husrom. Dei har ikkje innlagt vann til huset men har eldhus der dei badar seg og vaskar klede. Dei har utedo med kompost.


Barna har ikkje vert til lege, dei har aldri vert sjuke med anna enn ein og annan forkjølelse.


Barna er ikkje vaksinerte.




---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---