--- Denne side:  Side-130-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Adminstrativt vedtak Barnevern, Vindafjord kommune, dato 05.09. 2006 ---> Side 2 av 11:  
        

<--- 

Bakgrunn for saka:

Barneverntenesta i Vindafjord fekk kjennskap til familien då dei fekk melding frå mattilsynet.
Meldinga var av ein slik karakter at det vart beslutta å opne undersøking. Familien representert av far gav beskjed at familien ikkje ville at barneverntenesta skulle undersøke forholda hjå familien og sa at meldinga var ein trakassering av familien. Far og to barn møtte likevel til førsetgangs -samtale med to sakshandsamarar i barneverntenesta. Det oppstod ueinighet då barneverntenesta ville undersøke saka vidare etter samtalen. Familien har etter dette berre korrespondert med barneverntenesta pr. brev. Dei har motsett seg vidare kontakt og ynskjer ikkje å samtykke eller samarbeide med barneverntenesta i undersøkinga.

Familien bur på eit småbruk på Tindeland i Vikebygd i Vindafjord kommune. Dei har 9 barn i alderen 0 - 20 år.

 Barna blir fødd i heimen med far som Jordmor.

Ingen av barna går på offentleg skule. Dei har ein tilsynsførar i skulesaken, som besøk familien en til to ganger i året for å sjå til at borna tilegnar seg den kunnskap som er krevd av familer som har heimeundervisning.

 Dei har hatt kontakt med helsesyster og jordmor i slutten av svangerskap og etter fødsel til yngste barnet. Dei ønskjer ikkje å følgje helsestasjonen sitt program og foreldra ynskjer ikkje vaksinar til barna.

Dei eldste barna går på kultur-skulen der dei lærer å spele på forskjellige instrument. Nokre av barna deltek og på orienteringsløp. Barna har begrensa kontakt med andre barn ut over kulturskulen og det lokale idrettslaget.

Familien har tilgang på internett, tv og radio. Dei nyttar mykje biblioteket og skal ha stor kunnskap om naturen m.v.

Familien lev hovudsakleg av fars uføretrygd og barnetrygd.

Familien ved Rune og Trude Hansen ga uttrykk for at de ikkje ønsket at taushetsplikta skulle overheldast i saka. Dei gav uttrykk for at alt matriale i saka skulle kunne lesast av alle og ein kvar. Dei gjekk til Haugesunds Avis og fekk ein reportasje i avisa ( ekstern ) om at barneverntenesta uroa familiens livsform.

På bakgrunn av dette har barneverntenesta henta inn opplysningar uten familien sitt samtykke.



Barnevernet sitt arbeid i undersøkinga:

1.  1. gangs-samtale m. Rune Hansen

2.  innhenting av informasjon hjå: Skuleataten v. Borgmyr

3.  innhenting av informasjon hjå: Heldsesøster / jordmor v. Liv Siiri Hoika

4.  innhenting av informasjon hjå:  Jordmor v Wenche Strand Hauge

5.  innhenting av informasjon hjå: Trygdekontoret

6.  innhenting av informasjon hjå: Kulturskulen

7.  innhenting av informasjon hjå: Skaun kommune, Barneverntenesta

8.  innhenting av informasjon hjå: Sveio kommune, barneverntenesta  

9.  korrespondanse med far pr. brev  

10. telefonsamtale med Rune Hansen
 

 
--->     
 
---

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---