--- Denne side:  Side-234-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

---------
------        
<---
             
 

VINDAFJORD KOMMUNE


Staben

Haugaland interkommunale barnevernsamarbeid - Saksh: Arne J. Borgemyr

BAS

Tysvær Rådhus Tlf: 53 65 65 37

Postboks 94 Dato : 19.11.2007

5575 AKSDAL Vår ref: 07/14104

Dykkar ref:

Arkiv: Kl-

Ikkje offentleg

Off.lova § 5a, fvl. § 13



UNDERSØKING ETTER LOV OM BARNEVERNSTJENESTER - FAM. RUNE OG TRUDE HANSEN


Me viser til Dykkar brev av 13.11.2007, Nedanfor har me forsøkt å svare på dei spørsmåla som vert tatt opp i brevet.


1. TILSYN ETTER 12.08.05?

Kommunen har ikkje gjennomført noko tilsyn etter nemnde dato. Vår

tilsynsførar, Marta Straume, var sjukemeld ein periode, og dette vart så

lenge at engasjementet med henne vart avslutta våren 2007.

Rådmannen i Vindafjord nemnde då opp Per Ivar Ertresvåg –og

underteikna, Arne Borgemyr, til å gjennomføre tilsyn saman då ein

ikkie såg føre seg kven andre ein kunne få til å gå inn i oppgåva.


Rådmannen si oppnemning vart meddelt Rune og Trude Hansen i brev av

03.08.2007 der dei og vart inviterte til å foreslå dato for tilsyn. Som svar på

dette brevet mottok kommunen eit langt skriv frå Rune og Trude Hansen den

26.08. om deira synspunkt på mangt og mykje. Brevet følgjer svaret vårt som

vedlegg 1.


Ertresvåg og Borgemyr var på besøk hos fam. Hansen den 5. oktober kl.12-00

ca 14:30. Premissene for dette møtet var at det skulle vere eit formøte for å

drøfte opplegget for sjølve tilsynsbesøket. Underteikna hadde og avtalt at dei

då skulle gjere noko greie for korleis dei la opp heimeundervisninga.


Me vart møtt med ein del skepsis på førehand og i starten av møtet, særleg

fordi me kom frå same organisasjon som barnevernet der dei føler seg veldig

dårleg behandla. I løpet av møtet vart det ei god tone, noko som resulterte i

avtale om eit tilsynsbesøk om ein månads tid.


Det vart ikkje skreve referat frå dette møtet, men Borgemyr skulle etter

avtalen kome med framlegg til dato for tilsynsmøte og nokre innspel til

moment for tilsynsbesøket. Tidlegare har den såkalla Sveiomodellen

vore eit grunnlag. Denne vert lagt ved (datert




Postadr.: Telefon: Telefax: http://www.vindafjord.kommune.no

5580 ØLEN 53 65 65 65 53 65 65 66 postmottak@vindafjord.kommune.no



---> 

---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---