-- 20021107-Storfamilie-hjemmeskole-Grannar.html   <----- brevene-index.html ( ekstern )  <---- saker–index.html  ( ekstern )  <---- dbn.html  ( ekstern )

Kopi / avskrift, RLH:  

  Fra avisen Grannar, torsdag 7.11. 2002, s. 10 og 11 (dvs. hele begge midt-sidene):

   Storfamilie driv heimeskule i Vikebygd

   Av Jonas Jørstad

   Det er uansvarleg å sende borna på offentleg skule, meiner Rune Leander Hansen. Han og familien kjøpte seg eit småbruk på Årvik i Vikebygd i sommar. Fire av dei sju ungane er i grunnskulealder, men Rune og kona Trude har valt å undervisa alle dei sju borna sine heime.

   5 farge-bilder. Tekst til bildene:
   Foto 1 av 5:  Ein pause i skuledagen hjå familien Hansen. Frå venstre Trude, Alfredo Ao og Rune L. Hansen. Under bordet Gudmund Cusanus med hunden Bobby.
   Foto 2 av 5:  Både folk og fugl stortrivst på Årvik. / Gudmund Cusanus Hansen matar hønene og endene.
   Foto 3 av 5:  Tre år gamle Alfredo skal også gå i heimeskule hjå far Rune L. Hansen.
   Foto 4 av 5:  Skuledrift og gartneridrift på Årvik i Vikebygd.
   Foto 5 av 5:  Også barnehagen er heime i stova. Mor Trude Hansen hjelper yngste sonen Alfredo Ao med teiknestiftene. 


   Rune L. Hansen og kona Trude meiner heimeskule er det aller beste dei kan gje borna sine.
   - Det heiter i formålsparagrafen at skulen skal gjera borna til gagns menneske. Det er det motsatte som skjer, seier Rune, som ikkje skjønar at til og med kristne menneske sender borna sine til offentleg skule.
   - Det er kanskje mange som ikkje har så mykje val, skyt Trude inn. Både ho og mannen gjekk sjølve i vanleg skule. Dessverre, seier dei med ettertrykk.
   - Me har erfart den offentleg skulen. Ein heimeundervisande familie har mykje større fridom og sterkare samhald, seier Rune, og Trude er samd.

   Steinerskule var aktuelt
   Eldste sonen, Balder, er seksten år gamal. Han har gått gjennom heile grunnskulen som heimeundervisning.
   - Når eg er litt sint på Balder, seier eg at nå sender me han på vidaregåande, så er me kvitt han, spøker faren. Balder sjølv er godt tilfreds med undervisninga han har fått heime. Nå vil han begynne med laftingsarbeid saman med faren.
   Då Balder nærma seg skulealder, var den kommunale barneskulen aldri aktuell.
   - Borna får ikkje lov til å vera born i den offentlege skulen. Dei får ikkje lov til å vera dei menneska dei er per i dag.
   Rune svarar alvorleg og ettertenksamt når me spør korleis dei to undervisningsmåtane skil seg frå einannan.
   - Å stoppe nysgjerrigheita og tiltakslysta hjå barnet, det må vel nesten ein offentleg skule til for å greia!
   For familien Hansen stod valet mellom Steinerskule og heimeundervisning. Trude og Rune kom fram til at eiga undervisning er det beste dei kan gje barna sine, det overgår også opplegget ved Steinerskulen. Etter kvart som ungene vaks, var det aldri lenger nokon tvil om undervisningsforma.

   Kvifor Vikebygd?
   Familien Hansen budde i Høylandet i Nord-Trøndelag i mange år. Dei treivst godt der, men i ein familie der sjølvberging står høgt på dagsordenen kom draumen om eit eige gardsbruk svært høgt på ønskelista. Først såg dei seg om etter småbruk som var til sals i Nordland, men dei grøne fingrane fekk dei raskt til å innsjå at om dei først skulle flytta, så burde dei nytta sjansen til å reisa til et mildare klima med lenger vekstsesong.
   - Me ville ha oss ein gard! Då fann me ut at me kunna flytta til varmare strok. Her kan me dyrka plommer!
   Trude lyser av iver over dei nye dyrkingsmoglegheitene som har opna seg for dei utflytte trønderane. Rune finn fra Hageselskapet sine klimasonekart, og forklarer at dei bevisst såg etter småbruk som var til sals i den milde klimasona på Sørvestlandet.
   Garden som dei har kjøpt er på 143 mål. Som på så mange andre gardar hadde det ikkje budd folk fast der dei siste tjue-tretti åra. Det meste av garden er tettvaksen med skog, men dei har også tilgjenge til fjorden og eit fiskevatn.

   Eksotisk
   - Eg stortrivst her, fortel Balder oppglødd.
   - Det er fin natur, og mykje nærare sjøen enn der me budde i Namdalen. Og så er her så frodig!
   Foreldra sluttar seg til begeistringa over Haugalandsnaturen.
   - Det er beint fram eksotisk for oss å koma hit!
   Einaste skår i gleda er planane om søppelforbrenning lengre sør i fjorden. Meldinga om dette kom som lyn frå klar himmel for Trude og Rune L. Hansen. Sjølv om dei trivest aldri så godt, så vil bygginga av eit slikt anlegg tvinga familien til å flytta.
   Grannar spør om ikkje skuleforma gjer det vanskeleg for familien å bli kjent med andre i bygda. Hansen familien føler at dei har blitt godt mottekne av naboane, og dei tenkjer ikkje å isolera seg. Nå gler heile familien seg til å gå julebukk, kanskje med unntak av sekstenåringen Balder som ikkje er viss på om dette er noko for han.

   Skulle hatt ei ku
   Den dagen Grannar var framom var det akkurat hundre dagar sidan trønderane gjorde vikebuar av seg. Dei har sanneleg ikkje lege på latsida. Sju born og heimeskule krev sitt. Familien har ruska opp rundt tunet, og nå ligg veden klar for vinteren. Dei har skaffa seg høns, slik at dei kan halda seg sjølve med egg. Gjæser har dei også.
   Sjølvbergingsprinsippet står sentralt hjå familien Hansen. Balder understrekar at dette ikkje berre gjeld mat. Det gjeld tømmer og verkty også. Han forklarer at han har tenkt å laga seg ei smie ved sida av eldhuset.
   Sjølvberginga har også ei økonomisk side. Familen brukar seks liter mjølk til dagen, og reknestykket er enkelt.
   - Me skulle hatt ei ku! Då kunne me spara 1800 kroner i månaden, seier Rune. Dei har hatt ku tidligare, men nett nå er det ikkje plass. Fjøset er fullt av bøker som dei ikkje veit kvar dei skal plassera.
   - Eg blir snart ferdig med gravinga. Etterpå får me begynna å snikra bokhyller, forklarer Rune.

   Reiste frå sofaen
   - Rune ville heller ha med seg planter enn sofaen. Me måtte settja att sofaen i Namdalen, smiler Trude.
   - Det er viktig med gode mor- og farplanter, meiner Rune. Når ein brenn for noko, så kan det gå slik, meiner han, sjølv om han er samd med kona om at det var ein fin sofa som måtte vika plassen på flyttelasset. Han forklarer at dei har planta mellom ti og hundre plantar kvar dag desse tre månadene i Vikebygd. I fjøset ligg tjue hyllemeter nedpakka plantebøker.
   - Me har apoteket rundt oss, forklarer Rune oppglødd, og kikkar bortover dei lange rekkene med småplanter. Me brukar helst berre plantar som medisin.
   - Eit par gonger har me brukt antibiotika når me har vore sjuke, forklarer Trude. Elles brukar dei helst berre naturmedisin. Ho legg til at dei var rimeleg sjølvberga med grønsaker i Namdalen. Det reknar dei med å greia i det mildare klimaet i Vikebygd også.

   Diktarplassen
   - Gartneriet vårt skal me kalla for Dikterplassen, forklarer Rune. Han har sjølv skrive dikt så lenge han kan minnast. Ikkje så mykje med tanke på å gi dei ut, men han syslar med tankane om å setja dei om til engelsk. På internett har han eigne sider om heimeskuleverksemd, og han har lagt ut fire hundre av dikta sine.
   Sjølvberging på eit lite småbruk og heimeundervisning kunne få ein til å tru at dette er ein familie som mest av alt skulle ønskja å gå i Isak Sallanrå sine fotspor og melda seg ut or verda. Slik er det slett ikkje.
   Plantene som står på rekkje og rad i tunet, og oppslagsbøkene som har vokse ut or stova, syner at dette er ein ressurssterk familie. Satelittfjernsyn og datamaskinar stadfestar inntrykket. Norsk Hagetidend og Sjølberger'n vitnar om eit sterkt ønske om eit liv i samarbeid med naturen. Med dei føremoner og ulemper det måtte ha. Familien Hansen er moderne menneske som heilt medvite har valt ein annan livsstil enn kva som er gjengs i vår tid.
   I Vikebygd har dei fått draumen oppfylt. Berre forbrenningsanlegget på Dommersnes kan øydeleggja for dei.


---