--- Denne side:  20060518-Haugesunds-Avis-torsdag-18-mai.html  <----- brevene-index.html ( ekstern )  <---- saker–index.html  ( ekstern )  <---- dbn.html  ( ekstern )  
 <---- 
SiteMap-ekte-kristendom.html - ( ekstern )    

---

- Ifra Haugesunds Avis lørdag 18. mai 2006, side 44:

(Kopi / avskrift pr. 29.05. 2006: Rune L. Hansen.)

Oppslag mere enn halve side 44, med 3 fargebilder – om 17. mai-feiringen:

---

Fargebilde (stort) nr. 1 av 3, med teksten:

TIL TOPPS: Idun Hansen heiser flagget på Trodlanibbå. Frå venstre Gudmund Hansen, Frøydis Hansen, Tobias Steinsvik og Stauda Hansen. FOTO: PRIVAT.

Fargebilde (lite) nr. 2 av 3, med teksten:

Idun Hansen. 

Fargebilde nr. 3 av 3, med teksten:

SAMHALD: Bygdefolket slutta sterkt opp om årets 17. mai-tog i Vikebygd. FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN.

--- 

- Ropte ekstra høgt hurra!


Nasjonaldagen starta tidleg for mange. Men sprekast var nok Idun Hansen (18) med følgje, som måtte gå heimanfrå kl. 05.30 for å heisa flagget på Trodlanibbå.


Tekst: Irene Mæland Haraldsen


VINDAFJORD: I år kunne bygdefolket i Vikebygd ropa eit ekstra høgt hurra både for nasjonaldagen og for at den slitsame kampen mot skogbrannen var over.

For berre litt over ei veke sidan måtte Idun Hansen rømma frå flammane som truga heimen hennar. Igår hadde 18-åringen fått i oppgåve å føre den 19 år gamle tradisjonen med flaggheising på Trodlanibbå vidare.


Søsken og kameratar

- Turen opp til fjelltoppen tek rundt ein times tid til fots. På toppen står ei flaggstong og der blei flaget heist klokka sju på morgonen. Me måtte gå heimanfrå i halv femtida, for å gå den seks kilometer lange vegen inn til bygda og så vidare, fortel Idun Hansen.

Med seg i regnværet hadde ho tre yngre søsken og to andre turkameratar. Dei to siste åra har Idun hatt ansvar for flaggheisinga på toppen, som ligg rundt 500 m.o.h. I godt vær er flagget synleg frå bygda.

- Eg ser det som ei stor æra å få lov til å ha ansvar for flaggheisinga. Eg er veldig glad i 17. mai og så likar eg godt å springa i fjellet, seier den spreke kvinna.

Den irrgrøne skogen danna ein flott bakgrunn til det folkerike toget og stod i sterk kontrast til dei utbrende trestammene berre nokre få kilometer unna.


Samhold

Sjølv om folk var slitne, stilte dei opp og feira 17-mai som vanleg. samhald er viktig for folk i Vikebygd.

Årets talar, seniorrådgjevar i Vindafjord kommune Peder Lundegård, la også vekt på det sterke samholdet og viljen til å ta ansvar.

- Den omsut som vart vist under katastrofen som råka bygda er eksempel på dei verdiar me i Vindafjord kommune ynskjer å fokusera på i den nye kommunen. Me har så lett for å seia at det ikkje er mitt bord. Her i Vikebygd har bygdefolket nettopp vist at dei tek ansvar og ryddar opp, seier han og skryt av innsatsen til folket og viljen til å mobilisera under katastrofen som rørde ved heile lokalsamfunnet.


---

***